GAMALTNYTT.Gamle ting får nytt liv hos Hege Sørdal i

Transcription

GAMALTNYTT.Gamle ting får nytt liv hos Hege Sørdal i
30 HELG
SUNNMØRSPOSTEN
Lørdag 23. februar 2013
FOSNAVÅG. Familien på seks personar trivst godt i bustaden på Eggesbønes i Fosnavåg. Her er Hege Sørdal og Hogne Longva med barna Kaisa
og Lauritz. Teodor og Jonas var ikkje til stades når biletet vart teke.
STIL. Kjøkenet har ein sval, blå farge og moderne handtak i rustfritt stål.
Porselensvasken og blandebatteriet i koppar gir kjøkenet ein landleg stil.
ÅRGANG. Den gamle stova er blitt lys og moderne med ein blanding av nytt og gamalt. Stovebordet og sofaen er av eldre
saman.
GAMALT NYTT. Gamle ting får nytt liv hos Hege Sørdal i Fosnavåg.
INTERIØR. – «Bruk blått og
Det er sjel i
gamle saker
brukt». Kaisa Sørdal på 12 år er
ikkje i tvil om kva mora Hege vil
svare på spørsmålet om kva
hennar beste interiørstips er.
Heimen deira på Eggesbønes i
Fosnavåg er lys og triveleg, og
for det meste innreien med
gamle møblar. Og dottera i
huset har rett: her er det
gjennomgåande brukt ein lys
blå farge på vegger, gardiner,
kjøkenskap og utvalde møblar.
Det gir bustaden eit lyst og luftig inntrykk.
Opphavleg hadde huset frå
50-talet mange små rom og dårleg planløysing då familien
flytta inn for ni år sida. Saman
har dei skapt om bustaden til
ein kreativ, varm og innbydande
heim, der kjøken, spisestove og
stove glir over i kvarandre.
– Finstove har vi verken lyst
på eller bruk for, smiler Hege,
som elskar å finne gamle ting ho
kan pusse opp og gi nytt liv.
Ungdomsskulelæraren frå
Herøy synest nemleg det er
meir sjarmerande med gamle
ting som har ei historie å fortelle, framfor nye og masseproduserte ting.
Gjenbrukt. – Det er sjel i gamle
saker. Nye ting gir ikkje like
mykje sjarme og varme til omgjevandene, sjøl om eg ikkje er
heilt konsekvent og kjøper noko
nytt innimellom også, vedgår
Hege. Ofte finn ho nye «skattar»
på butikkane i nærområdet.
Men stort sett er heimen hennar innreien med gamle ting ho
har arva, fått eller funne. Fleire
av dei er kjære eigendeler som
har gått i arv i generasjonar.
Andre ting er praktiske bruks-
gjenstandar som kanskje har
sett sine beste dagar, men som
Hege likevel ser verdien i. Ektemannen Hogne Longva har
ikkje alltid det same synet på
tinga som frua, men er fornøgd
med at heimen både er blitt moderne og heimekoseleg. Ofte
lagar dei ting saman, som «peisen» i stova, som er laga av drivved, gamalt plankemateriale og
ein spegel. Med tjukke, tente
kubbelys gir det ei lun og hyggeleg stemning i stova.
Hege meiner at gamalt handverk er i ferd med å gå i gløymeboka, og ho er fascinert av evna
dei hadde i gamle dagar til å
skape noko nytt av omtrent ingenting.
Gull av gråstein. – Tidlegare
vart ein kreativ av å ha dårleg
råd og lite tilgang til ting ein
trong. Då var ein som regel
nøydd til å lage det sjølv. Eg trur
mykje kunnskap om gamalt
handverk er i ferd med å gå tapt
i samfunnet i dag, seier Hege.
Det er noko av grunnen til at
ho også syr ting til heimen og
familien sjølv. 70-talet var det
siste året heimesydde klede var
like vanleg som fabrikksydde,
og det er ein arv Hege sjølv har
vakse opp med. Under merkenamnet ”Resirkuline” lagar ho
puter, veske, dame- og barneklede. Ofte med fine stoff ho finn
på loppemarknad eller på Internett. Ho ser gjerne etter mønster og trykk som minner om
hennar eigen barndom, og miksar det med meir moderne element til si eiga stil. Dei florale
mønstra frå 70-talet fanst også
som tapet på veggane i huset då
familien flytta inn. Eit av
SUNNMØRSPOSTEN
Lørdag 23. februar 2013
HELG 31
Asfalt
for alt
S vårt er ein av landets
iste vegstubben til huset
MÅLERI. Den lyse veggen er ein
fin base for kunsten som heng
over peisinnraminga. Biletet øvst
er det minsteguten i familien, Lauritz (6) som har teikna. Det er ein
sekvens med Angry Bird. Under eit
måleri av Laila Kvalsund Solhaug.
VESKER. Hege syr vesker og klede
under namnet «Resirkuline».
Denne veska er laga av fløyel frå
50-talet og er fôra med gamalt kinesisk lintøy. Bildet er av et smilande skjelett, som lagar ein fin
kontrast til det vakre. Veska ligger
på ein gamal fransk Louis Seizestol.
siste grusvegar. 40-50
meter. Ikkje meir enn både
eg, postbilen, bossbilen og
naboane greit klarer å leve
med. Dei siste 25 åra har vi
levd godt i den trua at når
berre reguleringsplanen vert
vedteken så skal også denne
vegstubben få sin del av velstandsamfunnet.
Og for all del. Det kjem
sikkert til å skje. Men både
naboen og eg er over puberteten så det blir neppe i vår
tid.
Diskusjonar om vegstubbar kjem vi til å ha for all
framtid, og min lille stubb er
slett ikkje mellom dei viktige. Og den får all den omsorg ein vegstubb skal ha.
Slik er det dessverre ikkje
med alle vegar her til lands.
D meste av vegar i landet
å staten ga bort det
til fylkeskommunene var
det jubel – hjå begge partar.
Staten vart kvitt ei utgiftsbombe – fylkestingspolitikarane fekk noko å snakke om
på møta i Geiranger og Loen.
For det er kanskje ikkje heilt
det same å drive politikk når
du ikkje har noko å styre
over.
Så vart det altså vegane.
For staten ser ingen grunn
til å eige noko som ikkje
medfører snorklipping. Og
med 55 milliardar kroner i
manglande vedlikehald er
det vel heller ikkje grunn til
å ha for å sole seg i fram
mot valet.
O dei nye linjene for E39
g der er vi altså. No skal
årgang, medan sjeselongen fra Ikea er ny. Legg merke til den originale peisinnraminga som Hege og Hogne har laga
FARGER. Blått er brukt med hell i
denne heimen.
Med kjærleik syt ho for at historia til tinga kan leve vidare.
romma var sågar dekorert med
plakatar av nakne damer. Delar
av både tapetet og plakatane
har Hege teke vare på.
– Eg må jo gjenbruke det til
noko, ler Hege, som likar litt
humor i interiøret og meiner
det gir ei avslappa atmosfære i
heimen. Ho er heller ikkje redd
for å eksperimentere, noko som
har gitt den eine veggen i stova
eit særeiege uttrykk.
Gamle måleteknikkar. Bestefaren til Hege var nemleg målarmeister, og hadde fleire ulike
reiskap til å hjelpe seg med.
Nokre av dei har Hege teke vare
på, og prøvde seg fram med på
stoveveggen.
– Eg har brukt ein teknikk
der eg nyttar gummirullar som
gir blomstermønster på veggen
når ein målar, forklarar Hege,
og legg til at det var eit triks dei
nytta i gamle dagar når dei ikkje
hadde råd til tapet. I dag vert
det som ein eksklusiv måleteknikk som gir særpreg til ei moderne stove. Sjølvsagt er
blomstermønsteret trykt på ein
fin, lyseblå farge på veggen. Ein
farger som er med på å forsterke inntrykket frå havet og
himmelen utanfor.
Men dottera Kaisa synest
mora godt kan tenkje litt på
andre farger òg. Blått og brukt
kan lett bli einsformig, meiner
ho.
- Eg likar det meir moderne,
eg. Gjerne med nokre knallfargar.
HEGE NORMAN
ANNA-MA OLSSON (FOTO)
LYS. Kaisa Sørdal (12) i kjole som mamma Hege har sydd. Lysfatet er eit
gamalt punsjbollebrett i sink. Den handlaga klokka i bakgrunnen fekk
Hege til konfirmasjonen av bestefaren sin.
vurderast langs heile Vestlandet. Lyntogtraseane skal
utgreiast og kor mange felt
vi skal planlegge mellom
grendene på Austlandet skal
vere usagt. Dette er snorklipping og statsrådsmat.
Innimellom desse nye storprosjekta går altså slitne asfaltstripene med hjulspor
som gjennomsnittlege norske vassdrag og bruer som
knapt held vekta av ein lastebil frå Statens Vegvesen.
Det siste er vel eit mindre
problem. Slike syn høyrer
fortida til.
Tenk å få gitt frå seg ein
kostnad på 55 milliardar.
Flytting og pulverisering av
ansvar. Er det lurt, eller
burde vi kjøp asfalt for alt?
Og blir det 50 meter til
overs, så har
eg ein vegstubb.
VENTILEN
KÅRE SÆTER
[email protected]