Presentasjon av Hotellet

Transcription

Presentasjon av Hotellet
VESTLANDSNYTT
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
17
Viktigmed
identitet ogomdøme
Presentasjon
av Hotellet
Per Sævik kjem på romjuls­
treffet for å orientere om det
planlagde hotellet i Fosnavåg
sentrum.
– Vi skal presentere forpros­
jektet til hotellet og orientere
om framdrifta, seier Sævik, som
håper dei vil kome i mål med
innhenting av kostnadar til ho­
tellprosjektet i løpet av januar.
– Det vil gi oss eit bes­
lutningsgrunnlag for å kome
oss vidare, informerer hovudin­
vestoren. Fosnavåg vekst står
bak hotellplanane der Per Sæ­
vik er styreleiar og Stig Remøy
dagleg leiar.
Olaug Andreassen og
Camilla Storøy Hermansen
meiner mykje står att før
Herøyløftet kan avsluttast.
Ein fast del av prosjektet
er blitt romjulstreffet, som
vert halde neste onsdag.
Bakgrunnen for Herøyløftet
var at Trude Teige ville gjere
noko for å få fram kvinnene si
betydning i Herøy si historie.
Ho meinte kvinnene vart lite
nemnt i historiebøkene og
ønskte å setje meir fokus på dei.
Ho starta eit prosjekt ho kalla
for Kvinneløftet. Etterkvart som
prosjektet har forma seg, var
det meir naturleg å kalle det for
Herøyløftet, der ein jobbar for
å få fram vekst i kommunen. I
dag er Olaug Andreassen leiar
og Camilla Storøy Hermansen
nestleiar.
– Herøyløftet går ut på å
styrke identiteten og omdømet
vårt. Den historiske biten var
grunnlaget, men vel så viktig
er det å vere klar over notida,
meiner ho. Herøyløftet har
etablert tre viktige arrangement
i prosjektet: Nettverkssamling,
tilflyttardag og romjulssam­
linga.
kommunen kan gjere enno
meir for å bli ein god tilretteleg­
gar for næringsliv og kultur, og
at regionen samla sett er eit
attraktivt område.
Må jobbe med
omdømebygging
- Alle kommunar må jobbe
med omdømebygging. Vi er ein
utkant og må jobbe for å halde
oppe folketalet. Som lokalpoliti­
kar er eg oppteken kva som blir
sagt om Herøy som kommune,
seier Andreassen som sit i kom­
munestyret for Ap.
Prosjektperioden med
Herøyløftet skal vere ferdig til
våren, men Andreassen føler dei
enno har einlang veg å gå.
– Om vi skal få ein god og
positiv auke i innbyggjarta­
let framover mot 2020, er vi
nøydde til å jobbe for å få på
plass bustadar framover mot
2020, seier Andreassen.
Herøyløftet er også igang
med den historiske biten. Nina
– Romjulssamlinga er ein viktig
del av Herøyløftet der både
innbyggjarar og herøyværingar
som er heime på julebesøk kan
kome, informerer Andreassen.
Fleire firma frå Ytre Søre nyttar
sjansen til å vise seg fram og sjå
etter potensielle nye å tilsette.
Samlinga er også meint å vere
ein treffstad for både utflyttarar
og heimebuande.
– Gjennom heile dagen vil
vi syne fram både lokale talent
og lage ei hyggjeleg rame der
vi sett fokus på det positive
med Herøy, seier Camilla Storøy
Hermansen. Sjølv meiner ho
Må jobbe med omdøme
Bøe og tre andre skodespela­
rar planlegg ei dramatisering
av livet på Sunnmøre under
okkupasjonen. Den tek ut­
gangspunkt i forfattaren Ellen
Ryssevik Ytrebø si bok «Dei
harde åra». Guri Aasen førebuer
ei kvinnehistorisk forteljarfram­
syning, Arve Voldsund lagar
filmarkiv, og Åshild vil vise kvin­
nekulturen gjennom ei utstil­
ling. Meir om kvart av desse
prosjekta vil verte presenterte
seinare.
* Camilla Storøy Hermansen
(t.v) og Olaug Andreassen er
leiarane bak Herøyløftet.
VESTLANDSNYTT
18
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
V ille ik k je
budd nok on
annan stad
i heile verda!
For første gong på nærare 50
år vert det bygd nytt hus inst
og høgt i Jøsokbakken. – Det
finst ikkje finare plass, meiner
Kristin Myrvågnes og Jon Ingvald Worren.
– Vi håper vi får behalde
skulen, trass i at vi ser tendensar
til at
dei vil sentralisere skulene, seier
Kristin, som meiner noko av
grunnen til at ho ikkje byggjer i
Myrvåg, er skulenedlegginga.
Bratt og svingete. Snirklete grusveg
over ei bru og inn i skogen. Oppover, oppover. Men så, plutseleg,
opnar landskapet seg og byr på ei
fantastisk utsikt over fjord og fjell.
Då sig forståinga over at nokon vil
busetje seg her, inn.
– Eg er vant til å bu landleg og
å ha utsikt, fortel Kristin med eit
strålande smil. Ho er opphavleg frå
Myrvåg, og hadde i grunnen sett for
seg at det var der ho skulle bu. Men
verken ho eller mannen ønskte å bu
i eit byggjefelt. Med travle jobbar i
Ulsteinvik, drøymte dei om ein bustad i naturen der dei kunne trekkje
seg tilbake og finne roa.
Byggefelttomter
Fredeleg heimeliv
John Ingvald er frå Indre Jøsok, og
før han rakk å foreslå å byggje på
tomta ved sidan av faren, var Kristin
allereie med på planane. Bygginga
starta i oktober i år, etter nokre månader med venting på at alle papir
skulle bli klare. Dei har ikkje sett nokon dato for innflytting, og Kristin
er oppteken av at byggjeprosessen
skal vere så positiv og lystbetont
som muleg. Men håpet er at huset i
alle fall står ferdig til neste jul.
– Eg veit allereie kvar juletreet
skal stå, smiler ho.
Faren til John Ingvald er pensjonert snikkar, og hjelper til med
bygginga. Han hadde ikkje trudd at
nokon kom til å bygge her.
– Det er kjekt. Og eg trur ikkje dei
kjem til å angre, seier han bestemt,
og viser til den flotte utsikta og den
landlege beliggenheita.
Men å bu i byggjefelt var aldri
aktuelt.
– Alt i kvardagen er stress.
Det var viktig for oss å ha ein
heim der vi føler vi kunne trekkje oss litt tilbake, seier Kristin,
som har blitt møtt med overrasking av vener og familie.
– Eg hadde besøk av ei
veninne frå Bergen som såg
fareskiltet om sauer. Då brest
ho saman i latter og kunne ikkje
forstå at eg ville bu her, smiler
Kristin. Også farfaren hennar
var skeptisk då han første gong
var med opp vegen til tomta.
Han spurde: «Er du sikker på
dette, då, Kristin?»
Men då han steig ut av bilen og såg den
flotte utsikta forsto han at barnebarnet handla
rett.
– Eg kunne ikkje tenkje meg å bu nokon
annan stad i heile verda, slår Kristin fast, og
legg ikkje skjul på at ho gler seg til å sitje saman med Per Ingvald på altanen og nyte sola,
utsikta og stilla.
Fritt og vilt
For det unge paret var det ikkje
minst viktig å bu i ei bygd i vekst.
- Det er mykje som skjer her på
Leikong, med eit aktivt idrettslag og
ein levande skule. Jøsok har også
sitt eige vel, som mellom anna samlar folk til jonsok i fjøra, fortel John
Ingvald.
Sæleg er skulen viktig for nybyggjarane. Dei ønskjer seg barn
etterkvart, og meiner skulen er
avgjerande for om folk vil busetje
seg i bygdene.
RKristin Myrvågnes og John Ingvald
Worren har valt å byggje hus i Jøsokbakken. Det er 50 år sidan sist det vart
bygt her.
Leikong ei bygd i vekst
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
VESTLANDSNYTT
19
Fann
draumeplassen på
Leik ong
Det gamle huset og tomta
ved sjøen gjorde at Are
Pilskog og Siv Midtlien vade
å busetje seg på Leikong.
Begge er biologar, og likar
seg i vêr og vind. Ei levande
bygd kom på kjøpet.
Are Pilskog er frå Hjørungavåg
og Siv frå Aurskog/Høland.
Begge er glade i naturen og likar
seg i ruskete vêr. Sjølv om Siv er
frå det indre Austlandet, trivst ho
med klimaet på Sunnmøre.
– Eg likar at det er litt vêr og
vind, og er veldig glad i sjøen,
seier Siv.
Begge har kajakkar og kan dra
til havs rett frå strandlinja på
eigdomen sin om dei vil. Det var
avgjerande kvalitetar for kvar dei
skulle busetje seg.
Gokart, lysløype, kor og revyar. Det er mykje
som skjer på Leikong, ei bygd med nærare 600
innbyggjarar i Indre Herøy.
Leikong var den bygda i Herøy som hadde flest
fødde per innbyggjar i fjor 13 nykommarar.
På Leikanger skule er dei per i dag nærare 50
elevar. Men rektor Jan Helge Langberg meiner
talet vil kome opp i 60 elevar om få år.
– Vi har sett at fleire yngre har etablert seg
i bygda vår dei siste åra, noko som gir utslag
på barnehage- og skulestatistikken, stadfestar
Langberg.
Han er glad for den nye tilveksten i bygda,
og registrerer med glede at både nye bustadar
vert bygt, og at nokre set i stand dei eldre husa
som sto her frå før.
Frå feriehus
til draumeheim
Stilt og nesten umerkeleg ligg
det der, det gamle trehuset med
sprossa vindauge. Treet ved
sidan av ser nesten ut til å ha
som oppgåve å passe på det.
Då det vart lagt ut for sal var det
svært mange som var interes-
serte. Det var regulert til feriehus,
og kjøparane såg nok for seg ein
flott feriestad ved sjøen. Men Siv
og Are ville bu der permanent.
– Då eg såg huset visste eg at
det var dette eg ville ha, seier Siv,
som Saman med Are leita etter
fleire aktuelle buplassar på Ytre
Søre frå Landbrukshøgskulen på
Ås der dei studerte. Begge tok
sjansen på at dei fekk det vesle
huset ved sjøen på Leikong godkjent som bustadhus. Og etter
litt fram og tilbake med Herøy
kommune, kunne dei i fjor haust
endeleg flytte inn.
Ville ta i bruk
eit gamalt hus
– Det var litt greia vår – at vi ville
ta i bruk eit gamalt hus, fortel
Are. Han er i tillegg til å vere biolog, også naturfotograf. Saman
med broren Sturla driv han filmselskapet ”Blåst”. Are har fleire
oppdrag i regionen, no held han
mellom anna på med eit prosjekt
om silda, som har gyteområde
ved Runde. Han meiner Leikong
er eit perfekt utgangspunkt for
arbeidet sitt, sjølv om han gjerne
skulle sett at det fanst endå meir
aude naturområde i regionen.
Siv har brukt biologiutdanninga si til å undervise på vidaregåande skule. Ho vedgår at det
kanskje ikkje er flust av arbeid
for universitetsutdanna her ute,
sjølv om Miljøsenteret på Runde
har opna nye mulegheiter. Likevel kunne ho ikkje tenkje seg å
bu nokon annan stad.
Godt mottekne
Både Herøy kommune og bygdafolket har møtt det unge paret
med velvilje og hjelpsemd. Då
dei flytta inn, låg det fem sekkar
med ved utanfor døra.
- Folk er veldig hyggjelege og vi
kjenner oss godt mottekne, seier
Siv, som framhever Leikong som
ei bygd der det er mykje som
skjer. Revy, søndagskaffi, basar,
Leikongdagar og julegrantenning. Ho må tenkje seg om då
vestlandsnytt spør om det er
noko ho saknar.
- Litt snø, kanskje…
* Eit hus ved sjøen og strandlinje på Ytre Søre, det var det
Are Pilskog og Siv Midtlien drøymde om då dei studerte ved
Landbrukshøyskolen på Ås. På Leikong låg draumeplassen.
Saman med Linnea på 8 månadar er dei med på den positive veksten for Leikongbygda.
VESTLANDSNYTT
20
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
* Karstein Sund er mellom dei
større private utbyggjarane
i Herøy. På dette området
på Teige skal det kome 21
leilegheiter. Sund håper på
byggjeoppstart i løpet av våren.
Olaus-Jon Kopperstad og Robert Myklebust frå kommunen
ser med glede på prosjektet.
men understrekar at kommunen skal gjere sitt for å halde
framdrifta oppe. Dei ser med
glede på at mange private
utbyggjarar sjølve tek initiativet for å byggje. Ein av dei er
Karstein Sund på Nerlandsøy.
Ting tek tid
Satsar på bustader i 2010
Herøy kommune rettar fokuset
på å skaffe nok ledige tomter og
bustader til folk i 2010. Det må til
om målet på 10 000 innbyggarar
innan 2020 skal bli innfridd.
21 leilegheiter på Teige, 11 leilegheiter i Mohamarbygget, 28 på
Myklebust og 12 i Huldalen, kan
nemnast av konkrete prosjekt
som er i sving. I tillegg finst ei
rekkje bustadtomter i dei kommunale byggjefelta og nokre hos
private utbyggjarar. Mange byggfirma er i sving for å etterkome
behova til eldre og yngre i Herøy.
Kommunen meiner dei gjer sitt
beste for å tilretteleggje, og skal
mellom anna kjøpe 10 nye leileg-
heiter årleg av ulike byggfirma.
I tillegg byr dei på gratis tomter.
I Kvalsvika er det framleis tre
gratistomter igjen, på Remøya
fire. I Feirelia er alle gratistomter
opptekne.
– Men det er framleis ledige
tomter både i Feirelia og på
Remøya, men då til vanleg pris,
informerer eigedomsleiar Robert
Myklebust. Saman med Jarl
Martin Møller frå utviklingsavdelinga, ordførar Arnulf Goksøyr og
assisterande rådmann Olaus-Jon
Kopparstad orienterer han om
bustadsituasjonen i kommunen.
Vil bu sjønært
Målet er at mange fleire skal
få bu der dei vil. Mange vil bu
i byggjefelt, men det er også
fleire som ønskjer å nytte seg av
mulegheita til å bu landleg og
sjønært. Men dyrka mark ned til
sjøen, mykje funn etter arkeologiske undersøkingar og forbud
mot bygging i 100-meterssona
vanskeleggjer ofte byggeprosessen og gir langvarig handsaming.
Mange instansar må inn i prosessen, og Goksøyr presiserer at
Herøy er den kommunen i fylket
som søkjer mest om dispensasjon frå dette.
- Vi vil gjerne hjelpe, men det
er fylket som er siste instans. Vi
prøver å leggje til rette så godt
vi kan – men fylket avgjer, slår
Goksøyr fast.
Det lettaste er å bestemme seg
for å byggje i eit område som er
regulert frå før. Goksøyr meiner
folk nærast kan få byggjeløyve
på dagen om dei bestemmer seg
for å byggje i eit slikt område.
Han meiner sakshandsamingane
stort sett går rimeleg raskt og
greitt, men vedgår at han har
døme på det motsette.
– Det er berre å beklage, men
nokre gonger er det rett og slett
andre instansar inne i biletet, eller andre forhold vi ikkje rår over,
seier Goksøyr, som presiserer at
kommunen har stort trykk på å få
på plass fleire bustader i 2010.
Satsar kraftig
Indre Bergsøy er eit område som
skal byggast ut, og her er det
naturleg å sjå føre seg 150-200
potensielle bustadar. Indre Leine,
Kopparstad og Eggesbø er døme
på andre område som skal huse
mange bustader. Kommunen set
alle klutar til for å få på plass nok
bustadar for å nå målet om 10
000 innbyggjarar innan 2020.
– Når vi no satsar kraftig på å
tilretteleggje tomter må folk vere
klar over at det kan gå utover
noko anna. Vi er nøydde til å prioritere, understrekar ordføraren.
Han presiserer også at kommunen ikkje kan gjere jobben
åleine, men er avhengig av at
byggfirmaa kan byggje til ein
fornuftig pris.
– Vi ønskjer å leggje til rette for
alle som kan tenkje seg å byggje, seier assisterande rådmann
Olaus-Jon Kopperstad.
Eigedomsleiar Robert Myklebust
legg ikkje skjul på at eigedomsutvikling kan vere ein langdryg
prosess.
- Det er ulike myndigheiter som
skal inn, og så kjem det eksterne
faktorar som ikkje vi rår over, slik
som finanskrisa, seier Myklebust,
Saman med fem andre grunneigarar er Karstein Sund etter
fleire år med tilrettelegging
klar til å starte bygging av 21
leilegheiter på Teige. Området ligg flott til, med utsyn
til sjø og fjell. Og fem minutt
unna ligg Fosnavåg. Nedanfor
bustadfeltet er Karstein i ferd
med å lage til eit flott uteområde, og har nett kjøpt eit
ekstra stykke der han ser føre
seg ein badestrand. ønskjer
også å lage til ein fin sandstrand etterkvart. Han trur
mange eldre herøyværingar
vil setje pris på å kunne flytte
inn i lettbudde leilegheiter
nær sjøen.
– Her er sol heile året og ei
fantastisk beliggenheit, seier
Sund som sjølv har vakse
opp her og driv den lokale
Spar-butikken. Det er også ein
grunn til at han vil ha fleire
bustader i området, ønsket
om at nærbutikken skal overleve. Ovanfor leilegheitskomplekset planlegg han også
fleire einebustader.
Status
reguleringsplanar
Leine 1
9 nye tomter
Ferdigstilling: Vinteren 2010?
Eggesbøjorda
15 bustadeiningar konsentrert, 9 einebustader
Ferdigstilling: vår/sommar
2010?
Sentrumsteigen
20 leilegheiter i nytt bygg,
7 leilegheiter i eksisterande
bygg
Ferdigstilling: vår/sommar
2010?
Vågsholmen
Leilegheiter og einebustader
Ferdigstilling: Kystverket har
trekt motsegn
Indre Bergsøy
150 einebustader, 75 bueiningar konsentrert
Ferdigstilling: Arkeologisk
utgraving vår/sommar 2010
Indre Leine
46 nye tomter og 9 bueiningar konsentrert
Ferdigstilling: 1. halvår 2010?
Hjelmeseth
5-7 tomter for einebustad
Ferdigstilling: våren 2011?
Myklebust
4 bueiningar konsentrert
Ferdigstilling: vår 2011?
Frøystad
30 tomter nye tomter
Ferdigstilling: vår 2011?
Dragsund
10 nye tomter
Ferdigstilling: vinter 2011?
VESTLANDSNYTT
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
21
Bustader til sals i Herøy og Ulstein
Dragsund, HERØY
Leilegheiter i firemannsbustad,
1 ledig!
70 m²
Med garasje
Pris kr 1.320.000
Arbeidet har starta
Frøystad 23, HERØY
Leilegheiter i tomannsbustad,
1 ledig
130 m²
Med garasje
Pris kr 2.025.000
Arbeidet har starta
For fleire prosjekt ta kontakt med oss
Vi kan også treffast på messa på Herøy
kulturhus tysdag 29. desember frå kl 14.00.
Langereina 17, ULSTEIN
Vi ynskjer alle
ei God Jul
og eit
Godt Nytt År!
Salssjef Odd Martin Velsvik, tlf 982 36 760
Tlf 70 05 59 10, [email protected]
For meir informasjon sjå
www.mesterhussunnmore.no
Johanmarka, EIKSUND
Leilegheiter i tomannsbustad
130 m² med garasje
med garasje
Pris kr 2.065.000
Arbeidet har starta
Flott tomannsbustad med garasje
125 m²
Med garasje
Pris kr 1.920.000,-
Opningstider i jula:
Onsdag 23. desember
Måndag 28. desember
Tysdag 29. desember
Onsdag 30. desember
Frå måndag 4. januar
08.00 – 13.00
10.00 – 14.00
10.00 – 14.00
10.00 – 14.00
08.00 – 16.00
www.mesterhussunnmore.no
KVADRATBYGG AS
vil stå for sal av leilegheiter for
to utbyggingsselskap i Herøy.
Alle leilegheiter har heis og garasjekjellar.
Kvadratbygg UTBYGGING AS vil bygge 12
leilegheiter i HULDALEN. Storleik frå ca 50-80 m2.
Forventa oppstart påske 2010.
FOSNAVÅG utbygging as er igang med
byggesteg 1 på MYKLEBUSTVATNET VEST.
Bygg B har 12 leilegheiter frå ca 50 til ca 80 m2.
Ferdigstilling av Bygg A mars 2011. Ferdigstilling av
Bygg B sommaren/hausten 2011.
Be om prospekt:
Tlf. 700 82 700. E-post [email protected]
Kontaktperson Idar Warholm
www.kvadratbygg.no
22
VESTLANDSNYTT
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
VIL DU JOBBE INNAN OFFSHORENÆRINGA?
MØT OSS PÅ STAND PÅ KULTURHUSET
29.DESEMBER KL 14.00 - 18.00
VESTLANDSNYTT
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
23
Det spirer og gror i Torvika
For fem, seks år sidan tok noko til å
skje i Torvika. Bygda som folk flytta
frå fordi dei var redde den skulle
bli fråflytta, fekk plutselig nye, unge
innbyggjarar.
I det sparsamelege desemberlyset ligg
Torvik gråkald og tilsynelatande forlete.
Hurtigruta har gått og sola er borte. Men
om ein ser seg litt rundt får ein auge på
fleire nye hus, og ut av dei myldrar det
unge familiar. Dei fleste mellom 28 og 36
år.
– Det var viktig for oss å sleppe å bu
i byggjefelt og kunne bu landleg, seier
Per Hugo Torvik, som ønskte å ha det
fritt rundt bustaden sin. Viss ikkje, kunne
han like gjerne ha budd i ein by. Han og
sambuaren bur i eit hus han bygde om til
tomannsbustad. No ser dei etter tomt for å
byggje einebustad.
– Vi vurderer å byggje her, sidan så mange på vår alder har valt å kome tilbake og
vil bu her, stadfestar han.
Til saman har 10 familiar etablert seg
her dei siste fem åra.
ste si oppgåve og hugse at det faktisk
er folk bak søknadane, understrekar
Margareth Kvalsvik Jensen. Saman med
ektemannen opplevde ho at saka hennar
stoppa opp i planutvalet. Løysinga vart å
ta over garden til faren, i staden for å skilje
ut ei tomt. No har dei slått seg til og trivst
i Torvik, men presiserer at når ein snakkar
om «Herøyløft» bør kommunen leggje til
rette for der ein vil bu og ikkje til bratte
byggjefelt.
* I løpet av dei siste åra har det kome fleire
nye tilflyttarar til Torvik. Frå venstre: Kjartan
Sundnes, Kine Båtevik Sundnes og Daniel,
Endre Notø, Torill Steinsvik Notø, med Tor
Isak i vogna, Monica Frantzen Steinsvik,
Margareth Kvalsvik Jensen, Vidar Hungnes
med Mille, Marte Vike Hungnes med Olea, Per
Hugo Torvik, Asgeir Djupvik og Margrethe
Djupvik. Barna framme (f.v) Odin Steinsvik,
Eskil Steinsvik, Andreas Remøy Torvik,Elvira
Remøy Torvik.
Kjenner seg priviligerte
– Vi kjenner oss priviligerte som får bu så
nær sjøen og familien. Slike ting som å sjå
hurtigruta gjennom stovevindauga er fantastisk, seier Torill Steinsvik Notø, som sjølv
vaks opp i fjøresteinane her ute. Mange
oppgir det å ikkje vere redd for ungane
sine som ein vektig grunn for å busetje
seg i Torvika.
– Det er fritt og nært, og det einaste vi
ønskjer oss no er gangveg til og frå bygda,
samstemmar familiane.
Seks nybygg har kome opp dei siste åra,
medan tre gamle hus er restaurert eller
under restaurering.
Vanskeleg med tomt
Fleire av familiane ønskte å bu utanom
byggjefelt. Men å få attraktive tomter var,
og er vanskeleg å få tak i. Dyrka mark er
ofte hinderet. Nokre har opplevd sein
sakshandsaming frå kommuna si side,
andre har ikkje noko å utsetje.
– Uansett bør dei folkevalde vere bevis-
då dei vaks opp. Berre i løpet av dei
siste tre månadene har det blitt fødd
tre barn. Og til saman har familiane 15
barn.
Også dei eldre setter pris på at ungdomen kjem tilbake.
– Vi får positive tilbakemeldingar
frå dei eldre i bygda som synest det er
kjekt med nybygg og unge tilflyttarar,
seier Kine Båtevik Sundnes.
Fjøra naturleg
samlingsplass
Familiane har vore så opptekne med å
etablere seg at dei ikkje har hatt tid til å
vere særleg sosiale. Men møteplassen vert
naturleg nok fjøra – som i gamle dagar
Kvalsund & Teige Byggefelt As
6098 Nerlandsøy - Tlf. 70 08 85 14
v/ Karstein Sund
LEDIGE BUSTADTOMTER
Flotte utsiktstomter!
Oppstart av feltet 4. januar 2010.
VESTLANDSNYTT
24
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
* Inger-Anne Almestad (t.v) og Lene Moen Karlsen har flytta heim etter mange år i Oslo.
Stilla veg opp for bylivet
Etter fleire år i Oslo, og ein
rekkje tilfeldigheiter, bestemte Inger-Anne Almestad og Lene Moen Karlsen
for å ta med seg familien og
flytte heim. Det har dei ikkje
angra på.
- Sjå himmelen då, Mamma!
Sånn hadde vi ikkje i Oslo! Kommentaren frå 5-åringen til Lene
Moen Karlsen er skildrande for
korleis familien opplever veret
i Herøy. Foreldra er vokse opp i
fjøresteinane med ver og vind,
medan dei to barna har gått sine
første barnesko i Ålesund og
Oslo. At dei valde å flytte heim
var nærast ein tilfeldigheit. Lene
var informasjonsansvarleg i eit
internasjonalt selskap i Oslo,
men kjente at ho ville gi ungane
noko av den same oppveksten
som ho sjølv hadde hatt. Etter
nokre år i Oslo var dei på tur til
å busetje seg i Ålesund. Men
før det skjedde var dei innom
Fosnavåg på julebesøk, og
romjulssamlinga på Kulturhuset i
Fosnavåg baud på andre mulegheiter.
Romjulssamlinga gav jobb
– Eg vurderte ikkje Fosnavåg
som ein mulegheit, då det dei
siste åra har vore lite passande
stillingar, seier Lene, som stakk
innom romjulssamlinga for å sjå
kva bedriftene hadde å tilby og
treffe gamle kjente. Der låg det
ei stilling ho kunne tenkje seg.
Ei stilling som ho sjølv kunne
vere med på å forme. Knappe
fem måndader seinare var ho
nytilsett som reiseliv- og sentrumskoordinator for Fosnavåg
sentrum. Sidan har ho vore med
på å forme to nye festivalar, og
har ein aktiv rolle med i det som
skjer rundt om og i sentrum.
Likevel likar ho seg aller best på
søndagane - då alt er stengt.
– Det beste med å kome heim­
att til Herøy er stillheita. Stillheita
og vêret, meiner Lene.
Inger-Anne Almestad nikkar.
Begge sit på kafeen Kalimera og
fortel om kvifor dei valde å flytte
heim. Inger-Anne er opphavleg
frå Almestad i Sande, og var den
som eigentleg skulle ta over
garden. Men allereie i 1987 flytte
ho heimefrå. Først til Trondheim,
så til Oslo.
Tenkte på Ulsteinvik
Inger-Anne arbeidde og treivst
som lærar på Bryn i Oslo, men ho
hadde planar om å starte butikk
på Nordstrand. Ein draum ho
lenge hadde sysla med. Alt var
klart, det einaste som mangla var
lokalar. Då det ho hadde sett seg
ut vart selt, måtte ho tenkje i nye
baner. Tanken om ein butikk i Ulsteinvik, eller kanskje Fosnavåg,
dukka opp, og ho følgte med på
Internett og i avisene om det
dukka opp passande lokalitetar.
Ho var i grunn mest innstilt på
Ulsteinvik.
– Det var ein pågåande prosess som vart styrt av fleire tilfeldigheiter, seier Inger-Anne, som
legg til at presset frå svigerinne
og herøyværing Laila Kvalsund
Solhaug hjelpte på. Og då ho
bad om eit møte med Næringsforumet som berre møtte ho
med velvilje og iver, bestemte
ho seg tilslutt for å satse i Herøy
og starte livsstilsbutikken Bella
Blå. Lene nærast hopper av iver i
sofaen.
– Fosnavåg sitt særpreg er jo
akkurat nisjebutikkane, så vi ville
veldig gjerne få ho hit, stadfester
Lene. I dag er Inger-Anne glad
for at det vart akkurat Herøy.
Større ektheit
– Eg kjente at eg var ønskt hit, og
det positive møtet med
Næringsforumet hadde nok ein
avgjerande betydning for at det
vart Herøy, stadfestar IngerAnne. Ho meiner å oppleve ein
større ektheit mellom innbyggjarane i Herøy enn i Oslo. For
Lene var dei mange voldsepisodane ho dagleg høyrde om på
radio noko av grunnen til at ho
ville flytte. Tanken på å sleppe
ungane ned fire etasjer for å
leike åleine ute var ikkje noko
ho ønskte. Men hovudgrunnen
for både Inger-Anne og Lene var
familien og naturen. Dessutan
hjelpte det at kommunen hadde
ledige barnehageplassar.
Ikkje heilt problemfritt
- I Oslo er det nærast umuleg
å få seg barnehageplass, seier
Inger-Anne og Lene, som begge
har to barn kvar. Dei meiner den
gode barnehagedekninga er
med på å gjere Herøy til ein attraktiv bustadkommune.
– Og i tillegg er det fantastiske
barnehagar, seier Inger-Anne.
Lene si jente, Emilia, slo om frå
Oslo-dialekt til kav fosnavågar
etter eit par månader.
Inger Anne vedgår at ho var
meir betenkt med tanken på å
flytte heim. Ho og mannen har to
adopterte barn frå Sør-Afrika, og
ho var spent på korleis samfunnet ville møte den særskilte
familiesamansettinga deira.
Overgangen har ikkje vore heilt
problemfri.
– Barn er direkte og seier gjerne det dei tenkjer utan å meine å
såre, seier Inger-Anne, som fortel
at eldstemann nok har fått meir
fokus på eiga hudfarge enn han
hadde før. Inger-Anne underviste
på ein skule der over 50 prosent
var minoritetsspråklege. Der var
ikkje slikt eit tema. Sjølv om der
har kome mange fleire nasjonalitetar til i Herøy etterkvart, er det
framleis eit punkt tilsette i oppveksteiningar og andre vaksne
bør vere merksame på. Det beste
hadde vore om vi var fargeblinde slik at ulik hudfarge ikkje var
eit tema, og alle heller kunne sjå
kvarandre som menneske.
Frisk sjøluft
betre enn kafé
Både Inger-Anne og Lene meiner
dei korte avstandane i Herøy
er befriande. Også den friske
sjølufta, stormane og stillheita
trekkjer dei fram.
– Eg kan gå og smile for meg
sjølv når eg går langs kaia, seier
Lene, og Inger-Anne kompletterar:
– Same her. Kvar veke når eg
parkerer på Almenningen tek eg
eit bilete av havgapet og sender
nedover til venane mine i Oslo,
smiler ho. Som kanskje aller mest
saknar det livlege kafélivet om
søndagane, når ho hadde fri.
– No har eg høve til å nyte dei
deilige lefsene til mamma i staden, seier Inger-Anne, og Lene
legg til:
– Eg saknar søndagane i Oslo,
men stillheita i Herøy veg opp
for alt.
Med utsyn over fjord og fjell
ligg kontora til Sunnmøre
Seafood på Moltustranda.
Her går daglegspråket på
engelsk.
Sverige, Estland, Litauen, Polen,
Frankrike og Russland. Det er nokre av nasjonalitetane til dei som
jobbar på Sunnmøre Seafood
(Sunsea). I administrasjonen vert
ein først møtt av Catherine frå
Normandie. Deretter kjem Paula
frå Sverige og ønskjer varmt «Velkömmen». I krokane sit Sveinung
Bergh og Bente Krumsvik, rotnorske og trygt skjerma for blitzen,
medan Julia Li, eller Xinxia som
ho kallast i heimlandet, gjerne
fortel om kvifor ho kom til Norge
og jobbar på akkurat Moltustranda.
Reker og kjærleik
For fire år sidan importerte Julia
reker for eit stort firma i Kina. Ho
vart då kjent med fleire norske
firma, mellom anna Friomar i
Fosnavåg som eksporterer blåkveitehovud til Kina. Etterkvart
fekk Julia seg kontor i Ålesund
gjennom det kinesiske firmaet.
Ho likte vestkysten av Norge,
VESTLANDSNYTT
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
TUSSAFIBER
få verDa HeiM Til DeG. når du Vil.
*
Internasjonalt
på Moltustranda
naturen, den friske lufta og at
gatene var reine. Sjølv er ho frå
Nantong, ikkje så langt frå milliardbyen Shanghai.
- Eg likar å reise og treffe folk, og
hadde lyst til å reise til Norge,
forklarar Julia, som møtte kjærleiken i fiskeindustrien. I 2005
flytta ho til Fosnavåg og gifta
seg med Sveinung året etter. I
dag jobbar dei saman på Sunsea.
Møtte Remøy i Kina
Første gong Julia høyrde om
Herøy og Fosnavåg, var for fleire
år sidan då ho arbeidde med
rekeimport. Då trefte ho Fredrik
Remøy gjennom forretningar
i Shanghai. Han fortalde om
staden han kom frå og kva for
rolle fisket hadde for innbyggjarane på heimplassen sin. Julia
såg for seg ein bitteliten plass
med mange reketrålarar. Då ho
flytte hit sjølv for tre år sidan,
syntest ho Fosnavåg var veldig
interessant.
– Det er ein liten, men veldig
internasjonal stad med alle slags
mulegheiter, seier Julia, som
meiner internasjonal forretning
er den same overalt, berre teknologien er til stades. Og vedgår
at det er noko av grunnen til
at ho kunne bu her. I 2007 vart
ho tilsett i Sunsea for å utvikle
marknaden i Asia. Det er ein jobb
ho trivst godt med.
Fransk opning
Alle dei ulike nasjonalitetane
gjer det spennande for fleire enn
Julia å jobbe på Sunsea. Cath-
erine Fournier trivst i eit internasjonalt miljø. Ho har budd i Paris
sidan ho var 14 år, og studerte i
Barcelona. Deretter reiste ho rett
til Trondheim i Norge. Ho vart
fortalt at ho måtte vere budd på
at nordmenn kunne vere kalde
og sjenerte. Men Catherine vart
positivt overraska.
– Folk er snille og greie, stadfestar ho, som no bur i Ålesund
og pendlar til Moltustranda kvar
dag.
Paula Sandanger er frå Jung­
kile i Sverige, og fungerer både
som kvalitetsikringssjef og
plassjef. På årets julebord heldt
ho tale både på norsk/svensk og
russisk.
Heldt tale på russisk
– Eg fekk hjelp av to tilsette, éin
polsk og éin russisk, til å formulere det eg ville seie, smiler Paula,
som fekk fram bodskapen på
ein forståeleg måte. Bedrifta har
33 fast tilsette og 19 innleigde
arbeidarar, mange av dei frå
Aust-Europa. Oppe i administrasjonen er det panaromautsyn
mot Herøyleden og Mjølstadneset. Det er ope kontorlandskap
og mange slags språk vert nytta i
kvardagen. Sveinung sit i telefon
og handlar fisk på flytande
engelsk, Catherine på fransk. På
andre sida sit Julia og svitsjar frå
norsk til kinesisk på brøkdelen av
eit sekund.
– Det er ein miks av språk
her, men humoren vår er felles,
smiler Paula.
Tussafiber på roMjulssaMlinG
Du treff oss på Herøy Kulturhus tysdag 29. desember frå kl. 14.00
Kva får du med Tussafiber?
Med Tussafiber kan du velje den delen av medieverda du likar best.
Akkurat når du vil. Du får betre underhaldning, enklare kommunikasjon
og raskare informasjon – alt i ein pakke, rett heim til deg.
Tussafiber gjer framtida kjekkare.
Tussafiber
•
TV/radio – spennande kanalpakkar frå Get
•
inTerakTiVT TV – sjå det du vil når du vil
•
Filmleige – når du vil
•
Programguide – program ei veke fram i tid
•
TeleFon – telefon til betre pris
•
inTerneTT – internett med superhastigheit (10/10, 20/20, 50/50 Mb)
status for utbygging i Herøy:
• bøe/sande - utbygging vedteke
• røyra - utbygging vedteke.
fleire felt under planlegging i 2010.
tussafiber.no
25
VESTLANDSNYTT
26
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
Aktiv fritid i
havlandet Herøy!
Vil du bu
i Fosnavåg
sentrum?
Nye
attraktive
leilegheiter
i sjøkanten
Med fri tilgong til hav og fjell er Herøy eit
eldorado for friluftsmenneske. Her kan ein
planleggje ulike fjellturar, både barnevenlege og dei meir utfordrande der du må ta
i bruk klatreutstyr. Det finst fleire klatrefelt,
og i Mulevika kan du nesten bruke havet
som eit sikkerheitsnett.
– Både kajakk-klubben og dykkarklubben
har svært aktive medlemer, fordi Herøy er
akkurat like vakker over som under vatn,
fortel Lene Moen Karlsen. Faktisk er havet
i Herøy rangert som eit av verdas vakraste
dykkarparadis. Det klare, reine vatnet og
omfanget av fisk er eventyrleg, vitnar
dykkarane om. I tillegg er Herøy gode på
sport. Både når det gjeld fotball, handball
og friidrett.
Herøy kommune har eit rikt og aktivt
kulturliv med fleire aktive og dyktige kor,
Janitsjarkorps og Brasskorps, skulekorps i
Geir Åge Flø
Kundeansvarleg næringsliv
Totalrenovering
av «Mohamarbygget» i Fosnavåg
sentrum er igang.
Kulturtilbod
For dei som trivst betre med scenetepper
og teatersminke, har Herøy også fleire
kulturelle evenement å by på. Kulturskulen er ein av dei beste i landet, med svært
dyktige lærarar. Kvart år syner barn og
ungdom fram noko av det ypparste innan
Laila Sivertstøl
Kundeansvarleg personmarknad
Du treff oss på Herøyløftet si
romjulssamling på kulturhuset.
11 nye leilegheiter
vert lagt ut for salg
våren 2010.
Leilegheitene er i
størrelsen 63,7 m2
til 110 m2 fordelt
på 4 etasjar.
mange av bygdene, fleire aktive idrettslag,
fleire ungdomsklubbar, ein av dei største
og mest aktive kulturskulane i fylket og ei
rekkje barneforeiningar, søndagsskular og
ymse andre organisasjonar.
I tillegg har kommunen fått Fritidsbadet
med symjeskule og eit rikt tilbod for dei
fleste. Her er det som kjent store utbyggingsplanar som ein håper å få sette ut
i livet i løpet av komande år, og som vil
verte presenterte på romjulssamlinga
neste onsdag.
Besøk heimesida vår www.
eiksundeiendom.no , for meir
informasjon om prosjektet, eller ta kontakt på
tlf: 41206594
VESTLANDSNYTT
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
dans, musikk og teater. I 2010 skal
mellom anna utandørs-teatret
Runde-Lunde-spelet visast for
tredje gong. Alle rollene av barn.
”Storesystera” er Herøy-spelet,
som nærast har blitt ein institusjon i Herøy. Over 200 er med i
spelet, anten som hird, vikingbarn eller herjunger. I dei leiande
rollene speler kjente skodespelarar. Dei siste åra har Agnes Kittelsen tolka hovudrolla som «Unn
den fagre». Regissør er Gerald
Pettersen, opphavleg herøyværing og med føtene godt planta i
norsk kulturliv.
Kjende artistar
Kulturhuset har fleire spennande
prosjekt utover våren. Kulturleiar
Andreas Kvalsund arbeider med
å få på plass artistar som Anne
Kat Hærland, Dagfinn Lyngbø,
Great garlic girls (GP Show),
Henning Kvitnes og Jonas Fjeld,
Tango for to, Onger er rare, Breivik & Hope, Ole Paus, Jan Teigen
& Anita Skorgan. - - Framunder jul
til neste år håper vi på Oslo Gospel Choir og Jul i Skomakargata.
Kva vi får av desse , er framleis litt
uklart, informerer Kvalsund.
trigge til enno fleire lokale
band. I front går Black Age,
som kom langt i UKM-finalen
tidlegare i år, og som blir
brukt flittig på arrangement
på heile Ytre Søre. Herøy er
også kjend for jazz-miljøet
sitt, og har fostra fleire gode
musikarar, som til dømes
Norvald Dahl og Elise Nærø.
Elise kjem til romjulstreffet
og underheld.
Noko av det som skjer
i løpet av våren:
• UKM laurdag 6. februar. •
• Stort MOT-arrangement 9. april. •
• Ongar er rare fredag 16. april. •
• Amcar-show 1. mai. •
• Vårkonsert m/ Bergsøy blkor søndag 6. juni. •
• Maritim sommarfestival 17.-20. juni. •
• PIR-fesival for dei unge 4. sept.
• Makrellfestival 3.-5. sept.
Band i knopp
Dei siste åra har også band- og
musikkmiljøa knoppa seg i Herøy.
Både yngre og godt vaksne har
samla seg i kjellerlokaer, garasjar
og øvingsrom på skulane, og
levert varene sine på festivalar og
andre arrangement. Det einaste
som manglar for at banda verkeleg skal bløme, er om kommunen
kan kan leggje til rette med skikkelege bandlokaler. Det ville nok
ikkje berre inspirerere, men også
Herøyhorn med Herøyfestival laurdag 13. mars.
Herøy Janitsjar med Rockemusikalen Jesus Christ
Superstar i Herøy kyrkje laurdag 10. april.
Vårkonsertar kulturskulen 24.-25. april.
Danseshowa til Kulturskule 20. mai.
Danseshow kulturskulen 12. juni.
Herøyspelet 2.-4. juli.
Vi tek vare på lokale verdiar
Søknadsfrist
31.01.2010
- og hjelper deg på vegen
Les meir på
www.sparebanken.no
Søk talentstipend
Talentstipend skal gi unge personar med talent
høve til å utvikle evna sine og vere med på å byggje
idretts- og kulturlivet innan sitt område, regionalt
og nasjonalt. Talentstipend vert gitt til inntil 4
personar i alderen 15 til 25 år. Tildeling skjer etter
søknad, tilråding frå andre eller ved at SpareBank 1
kjem med eigne vurderingar.
Stipendet er på:
Søknadsfrist:
Ein handfull kultur
Vidare finst her kino, eit velassortert og aktivt bibliotek og fleire
festivalar. Sommarfestivalen har
blitt ein av Sunnmøre sine største
festivalar, med besøkande båtar
frå fjern og nær, eit rikt kulturtilbod og mykje, mykje musikk.
Makrellfestivalen og Pirfestivalen
såg sitt lys i år, og slo enormt
an. Makrellfestivalen var ein
kjærkoma hyllest til makrellen
i herøyfolket si historie. Fiskerihistoria til Herøy, som er ein av
dei største fiskerikommunane i
Norge, er sentral under Makrellfestivalen. Under festivalen vert
det lagt vekt på smak av kysten,
der publikum får smakebitar av
både tradisjonelle og lokale rettar, samt lokale råvarar tilreidd på
utradisjonelle vis. Festivalen har
særleg fokus på blå mat & musikk, medan Pir-festivalen er eit
spennande prosjekt for ungdom
med aktive, ungdomsretta aktivitetar. I tillegg er det underhaldning med nasjonalt kaliber på
scena om kvelden.
27
kr 25 000,31.01.10
Les også om andre gåver på www.sparebanken.no
Bank. Forsikring. Og deg.
Ny bolig? Ta oss med i planleggingen
Snakk med oss før du går på visning. Våre kunderådgivere hjelper deg å finne den finansierings-
løsningen som passer for deg og din økonomi.
Ta kontakt med oss.
Gjør det mulig
Vågsgata
Fosnavåg
Tlf.: 06001
nordea.no
Møt oss på romjulssamlinga.
Vi har stand på kulturhuset.
VESTLANDSNYTT
28
TYSDAG 22. DESEMBER 2009
* Bindeleddet til omverda: Olaus-Jon Kopparstad frå Herøy kommune
og Ivar Driveklepp frå Tussa IKT meiner framtida er lysteknologi. Her
med fiberkablane på Rådhuset som teknologisk knyter dei saman med
resten av verda.
Herøy - ei fiberlengdføre
Herøy er ein føregangskom­
mune når det gjeld å tenkje
nettbasert infrastruktur. Det
stadfestar administrerande
direktør i Tussa IKT, Ivar
Driveklepp.
Tussa og Herøy samarbeider om
utbygging av fleire fiberstreknin­
gar i kommunen. Samarbeidet
gir fiber til ulike kommunale
lokasjonar, og til private bustader
og næringsliv i Herøy. Det vil seie
raskare nettilgang, betre sikker­
heit mot brot, og gode under­
haldningspakkar til husstandane.
Bakgrunnen for utbygginga er at
Herøy ønskte å knyte saman dei
kommunale bygga sine. Samtidig
ville dei at både innbyggjarar og
næringslivet i kommunen skulle
få ta del i den framtidsretta tek­
nologien.
Føregangskommune
– I staden for å løyse små nett­
verksproblem først, valde Herøy
å sjå framover og arbeide for å
byggje ut bakkenettet med fiber
til mesteparten av kommunen.
Dei ser framover og har hatt ei
offensiv vinkling på å få dette til,
seier Driveklepp.
Offensiven til Herøy er ein vinnvinn-situasjon både for kom­
munen og Tussa. Resultatet av
initiativet til Herøy er at kommu­
nen har fått 7-8 millionar i såkalla
Høykom-midlar, noko som gjer at
Tussa kan investere.
Samanfallande interesser
– Vi har hatt felles interesser.
Førsteprioriteten vår låg i å
knyte saman dei kommu­
nale bygga våre. Vi såg også at
framtida var fiber og prøvde
difor å tenkje heilheitleg, seier
assisterande rådmann Olaus-Jon
Kopperstad, som er oppteken
av at alle innbyggjarane skal ha
problemfri netttilgong.
– Kommunen har tenkt
fiber og kvalitet, med fokus på
regional nettilgong, stadfestar
Driveklepp.
Samarbeidet omfattar ein
sjøkabel mellom Ulsteinvik og
Arhaug. Resultatet er ein redun­
dant fiberring mellom Ulstein og
Herøy.
– Det betyr at dersom det
skulle bli brot i fiberkabelen, kan
vi snu trafikken andre vegen
utan ventetid for kundane, seier
Driveklepp. Frå før har Tussa
ved hjelp av Eiksundsambandet
realisert ein fiberring mellom
Ørsta og Ulsteinvik. Begge desse
ringane vil sikre eit stabilt fiber­
nett i Herøy med høg oppetid.
Kvar og når?
Samarbeidet så langt er knytt
til fiberstrekningar i området
frå Nerlandsøya, over Bergsøya,
Mjølstaneset, Leinøya, Nautøya,
Tjørvåg og Dragsund til Leikong.
Ein del strekningar er under
utbygging, medan andre skal
byggjast i 2010. Tussa har som
mål at 1000 nye hustandar i ned­
slagsfeltet på Sunnmøre skal få
fiber kvart år. Røyra, Bø og Sande
er dei bustadområa som først får
tilgong til fiberkablar.
– Det er område som har vist
stor interesse, og det har avgje­
rande verknad på at Tussa faktisk
byggjer ut, vedgår Driveklepp,
som er avhengig av at minimum
60 prosent teiknar kontrakt før
gravemaskinene kjem. Under
romjulstreffet vil Tussa IKT vere
til stades, slik at innbyggjarar frå
kvar krins kan melde si interesse.
– Summen av dette vil avgjere
rekkjefølgja på utbygginga, slår
Driveklepp fast.
5-årsplan
Runde, Remøy, Sandvika og
Moltustranda er ikkje tekne med
i 5-årsplanen, men vil kome et­
terkvart. Først vert sentrum bygt
ut, deretter bevegar arbeidet
seg gradvis ut mot krinsane.
Driveklepp presiserer likevel at
om kundar er villige til å gjere
dugnadsbasert arbeid for å få
fiberkablar, slik dei gjorde på
Runde for å få ADSL, vil Tussa
vurdere området.
– Dess fleire som er villige til å
gjere dugnadsbasert arbeid slik
som å grave grøfter, dess meir er
Tussa villige til å leggje ned fiber,
stadfestar Driveklepp.
Dei neste åra vil Tussa satse
200 millionar kroner på å byggje
ut fiber i ulike felt på heile Søre
Sunnmøre. Sande kommune skal
vurderast i løpet av 2010.