Prospekt som PDF

Transcription

Prospekt som PDF
Bygarden
69 nye leilegheiter
vis-à-vis Myrkdalen Hotel
Med Bygarden ynskjer me å
vidareføra den karakteristiske
Myrkdalen-arkitekturen som
hotellet etablerte.
EINAR JARMUND, ARKITEKT
© Sverre F. Hjørnevik
Eig din del av opplevinga
– nyt livet i Bygarden
Myrkdalen er ein av dei mest snøsikre stadane
i landet. No har me nesten dobla løype- og heiskapasiteten med ein ny stolheis. Men her finn du
meir enn snø: eit rikt tilbod av opplevingar lokkar
stadig fleire til Myrkdalen. Både barnefamiliar og
dei som vil testa grenser i flotte fjell. Både sommar
og vinter.
Bygarden blir vårt mest sentrale leilegheitsbygg,
vis-à-vis Myrkdalen Hotel og tett på skianlegget.
Bygget har sju etasjar, ein underetasje der det er
planlagt velværeavdeling med behandlingsrom,
badstover og treningsrom, skistallar og næringsareal. I fyrste etasje er det planlagt servering,
butikk og skiutleige. I andre til sjette etasje vert
det 69 flotte leilegheiter med gode og moderne
planløysingar.
Bygarden er teikna av Jarmund Vigsnæs
Arkitekter, arkitekten bak Myrkdalen Hotel.
Hotellet vart heidra med årets eigedomspris
i 2013 og har fått mykje positiv omtale for
spenstig og funksjonell arkitektur.
Leilegheitene i Bygarden eignar seg godt for
familiar, men også for skientusiastar som ynskjer
å koma seg inn på marknaden. Her kan du gjera
ei rimeleg investering og samtidig sikra deg
gode utleigemoglegheiter. Kjøper du leilegheit i
Bygarden er du midt i opplevinga. Bygget er kopla
saman med Myrkdalen Hotel via kulvert, så du kan
nyta godt av hotellfasilitetane, samstundes som
du kan trekka deg attende og nyta livet i din andre
heim.
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
1
© Kyrre Wangen
© Kyrre Wangen
Det er ei spesiell kjensle å koma
her tidleg om morgonen. Ein
kjem ned i skogen og blir møtt
av utrulege mengder pudder og
køyrer så mykje ein maktar.
KJETIL ISAKSEN, RÅSKINN PÅ SKI
en
Wa
ng
Ky
rre
©
©
ka
Mi
el S
©
Sv
err
eF
.H
jør
ne
vik
d
un
Bygarden
Plassert tett på Myrkdalen Hotel og Myrkdalsstovo
vil Myrkdalen Fjellandsby med Bygarden få sitt
tredje destinasjonsbygg. Samspelet mellom desse
tre bygga er starten på det som i framtida vil bli
ein kompakt fjellandsby. Inspirasjon er henta frå
­Alpane, samstundes som ein har teke omsyn til
norske solforhold og vinklar.
Med Bygarden ynskjer me å vidareføra den
­karakteristiske Myrkdalen-arkitekturen ­hotellet
­etablerte, som er både alpin og vestlandsk.
Material­bruken er tilsvarande, med mørkt treverk
komplementert med okergult panel og raude
innslag. Balkongkonstruksjonen lagar ein beskytta
arkade på bakkeplan. Bygget vil sjå slankt ut og
bli oppfatta mindre enn det er, slik som hotellet.
Bygarden sin underetasje og 1. etasje er ­fleksibelt
planlagt for ulike fellesfunksjonar og næringsareal.
På sikt kan det bli både badebasseng, butikkar
og restaurantar her. Denne delen skil seg difor
ut frå leilegheitsdelen i fasadeutforming. Dei fem
­etasjane med leilegheiter er effektivt planløyst med
til saman 69 leilegheiter i ulik storleik. Garderobe
og bad har flislagde golv og badet har flislagde
veggar. Stove, kjøkken og soverom har parkett på
golvet og ­veggane har beisa trepanel i lune fargar.
Alle leilegheitene har eit lite, men effektivt kjøkken
utstyrt med kvitevarer, balkong under tak og bod.
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
3
© Myrkdalen Skiskule
©
nja
Be
rt
Hjo
min
Vinterparadiset Myrkdalen
Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss
­Kommune, heilt opp mot grensa til Sogn og
­Fjordane. Fjellandsbyen ligg ein halvtimes køyring
frå Voss via Vinje og vidare mot Vikafjellet. Bergen
er to små timar unna med bil, og du treng verken
kryssa fjell eller fjord for å koma fram. Avstanden
er kort både til Sognefjorden og Hardangerfjorden.
Myrkdalen byr på fantastisk skikøyring og har noko
for ein kvar smak – velpreparerte løyper, fine barne­
bakkar, store frikøyringsområde, toppturterreng og
preparerte langrennsløyper.
Skisenter
Myrkdalen har dei siste åra vore på lista over dei
mest snøsikre skisentra i Europa. Pudderalarmen
går titt og ofte – det er berre å nyta – på ski eller
brett. I januar 2014 opna me ein ny sekssetar
stolheis, Storhaugekspressen, som har dobla
­kapasiteten i skianlegget. Myrkdalen ­Fjellheiser
­består av to sekssetar ekspressheisar, tre
­t-krokheisar, to tallerkentrekk og eit saktegåande
rulleband for dei minste. Totalt har me 20 løyper
i ulik vanskegrad, barnebakkar og terrengparkar
for både store og små.
Skiutleige
I Myrkdalen kan ein leiga alpinski, snowboard,
­telemark- og langrennski. Har du gløymt hjelm?
Her får du låna gratis!
Skiskule
Skiskulen i Myrkdalen tilbyr alt av aktivitetar og
opplæring på ski. Her kan du få instruksjon på
alle nivå i alpint, langrenn, snowboard og telemark.
4
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
© Daniel Rönnbäck
I ­tillegg til tradisjonell skiundervisning kan ein bli
med på barnerenn, jibbecamp, ulike skredkurs,
coaching, langrennskurs og guida turar.
Til topps i Myrkdalen
Plassert midt blant dei vakre Vestlandsfjella, er
Myrkdalen eit fint utgangspunkt om du likar å
­leggja feller under skia. Finnbunuten og Bjørndals­
kamben er flotte turar rett frå døra di. Om du set
deg i bilen, opnar det seg eit mangfald av ­nydelege
turar – Skreieggi, Kaldanuten, Brekkedalen og
­Bakkanosi for å nemna nokre.
Frikøyring
Myrkdalen har blitt ein favoritt for frikøyrarar. Det
er ikkje rart. Snø i store mengder, herleg terreng og
effektive heisar er oppskrifta på gode pudderdagar.
Langrenn
I Årmotslia, rett over vegen frå skisenteret, kan
du gå langrenn i preparerte løyper. Fem kilometer
er lysløype – perfekt for dei som ynskjer å ta ut
den siste energien med ein tur etter at mørket har
senka seg.
Fjellski
På Vikafjellet er det gode forhold for flotte fjellskiturar i dei vakre fjellområda – Stølsheimen mot vest
eller fjellstroka ned mot Stalheimssida mot aust.
Her finn du både toppar og slake vidder – området
er godt eigna både for den vande fjellskiløpar og
barnefamiliar som vil på pulktur og nyta snøen.
© Smith Foto, Silvano Zeiter
Myrkdalen – eit kvitt
eventyr om vinteren
©
äck
nb
ön
lR
nie
Da
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
5
t
Hj
or
Be
n ja
mi
n
©
© Kyrre Wangen
Myrkdalen i sommardrakt
– eit aktivitetseldorado
Myrkdalen i sommardrakt byr på turstiar i alle
­utgåver og kort veg til fjordidyll. Eit vakkert kultur­
landskap eller opplevingar av det adrenalinfylte
slaget.
Fiske
Likar du å fiska er Myrkdalen eit ideelt utgangspunkt, med Myrkdalselva, Myrkdalsvatnet og
Vikafjellet i nærleiken.
Vandring
Området rundt Myrkdalen byr på turstiar i alle
­utgåver – rett utanfor døra di. Her er korte turar
som eignar seg for heile familien, samt lengre
toppturar med fantastisk utsikt. Dette er også ein
perfekt innfallsport for fleirdagsturar i Stølsheimen
og fjella rundt Sognefjorden.
Rafting
Voss Rafting tilbyr turar på Strandaelva ­eller
Raundals­elva – begge elvene held topp
­internasjonal klasse med spanande stryk. Voss
Rafting har også familierafting på Vosso – her kan
alle over 5 år vera med.
Opplev fjorden
Frå Myrkdalen er det kort veg til fjordidyll. Berre
ein halvtimes køyretur unna ligg Nærøyfjorden,
som er på UNESCO si verdsarvliste. Her er fjord­
opplevingane mange – bli med på fjordcruise,
gå den kongelege postvegen mellom Bleiklindi
og Styvi, eller nyt fjorden frå havkajakk.
Sykling
Frå Myrkdalen kan du sykla, på landeveg og
i ­terreng. Smale vegar, hårnålsvingar, fossefall,
­høgfjell og fjord – på ein og same tur.
6
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
Klatrepark
Voss Klatrepark byr på spanande og utfordrande
aktivitetar der ein tek seg frå tre til tre ved hjelp
av ulike klatre- og balanseelement. Klatreparken
har ei løype for born og ei for vaksne.
Voss Vind
I den nye vindtunnelen på Voss kan ein ­oppfylla
draumen om å fly og få eit minne for livet. Eit
­vèrsikkert og unikt aktivitetstilbod for alle over 5 år!
Tandemturar
Om du er ute etter opplevingar av det
­adrenalin­fylte slaget kan du prøva tandem
­fallskjerm, ­paragliding og elvekajakk på Voss.
© Benjamin Hjort
Myrkdalen – eit grønt
paradis om sommaren
©
äck
nb
ön
lR
nie
Da
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
7
© Daniel Rönnbäck
© Mikael Sund
Myrkdalen Hotel – velkomen inn
Myrkdalen Hotel, som opna i 2012, er eit moderne
fjellhotell med tre restaurantar, to barar, gode
konferansefasilitetar og leikerom for dei minste.
Bygarden ligg ved sida av hotellet og bygga er
kopla saman med ein kulvert slik at du kan bevega
deg tørrskodd mellom dei. Kulverten gir direkte
tilkomst til heis i begge bygg og sikrar rask ferdsel
mellom bygga.
Kjøper du leilegheit i Bygarden har du sikra deg
ein del midt i opplevinga. Her kan du nyta godt
av hotellfasilitetane, samstundes som du kan
trekka deg attende og nyta livet i din andre heim.
Restaurantar
På Myrkdalen Hotel får du matopplevingar på heile
tre restaurantar. Maten smakar som landskapet,
vilt og reint – med innslag av friske overraskingar.
Nuten Dette er hovudrestauranten på hotellet.
Menyen vert komponert ut ifrå tilgangen på ferske
og kortreiste råvarer slik at du kan nyta dei ulike
­smakane av Myrkdalen – kvar dag.
Nuten Fondue I Fondue-avdelinga skreddarsyr
me ei sosial og spanande matoppleving for deg
og dine vener!
8
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
Tunet Dette er restauranten for heile familien.
Her serverer me god, heimelaga pizza og pasta
til både lunsj og middag.
For borna
På hotellet lagar me mat som borna likar og etter
ein god middag føreslår me ein tur til leikerommet
Nobbe – eller til Sendo, spelerommet der borna kan
ha det moro med Wii, Xbox og Playstation.
Pudder Afterski
Når du spenner av deg ski­utstyret etter ein innhaldsrik dag i bakken inviterer me på fest og moro
i Pudder Afterski.
Salto Lobby Bar
Baren i fyrste etasje er ein ­hyggeleg samlingsstad
der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta
nye krefter til ­morgondagen.
Konferanseavdelinga
På Myrkdalen Hotel legg me til rette for ei optimal
kursoppleving. Konferanseavdelinga er moderne
og ligg strategisk plassert – tett på resepsjonen.
Alt er sjølvsagt flunkande nytt og møteromma er
fullt utstyrt med alt du treng. I pausen kan ein nyta
naturen og henta inspirasjon til neste arbeidsøkt.
© Nils Petter Dale
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
9
© Silvano Zeiter
10
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
11
Bygarden har 69 leilegheiter
og ligg vis-à-vis Myrkdalen Hotel
Bygarden ligg rett aust for hotellet, på andre sida av den 20 meter breie gå- og skigata som går gjennom
fjellandsbyen. Bygarden har sju etasjar, ein underetasje der det er planlagt velværeavdeling med behandlingsrom,
badstover og treningsrom, samt skistall og næringsareal. I fyrste etasje (gågate-plan) er det planlagt servering,
butikk og skiutleige. I andre til sjette etasje vert det 69 leilegheiter.
MYRKDALSSTO
MYRKDALSS
OV
VA
A
MYRKDALEN HOTELL
EKSISTERENDE VEI
C+452,5
BYGARDEN
C+448,7
12
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
© Simen Berg
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
13
ETASJEPLAN
2.–5. ETASJE
Mot vest og hotellet
ETASJEPLAN
6. ETASJE
Mot aust og riksveg RV13
14
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
15
LEILEGHEITSTYPE A
Areal:
40,6 m2 BRA
Soverom: 1 stk med vindu + 1 stk innvendig med innvendig vindu
16
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
Bad:
1 stk
Bod:
1 stk (2,5 m2)
Altan:
1 stk (4,6 m2)
LEILEGHEITSTYPE C
Areal:
47,3 m2 BRA
Soverom: 2 stk med vindu + 1 stk innvendig med innvendig vindu
Bad:
1 stk
Bod:
1 stk (2,5 m2)
Altan:
2 stk (4,6 m2 + 3,5 m2)
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
17
LEILEGHEITSTYPE E
Areal:
60,1 m2 BRA
Soverom: 2 stk med vindu
18
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
Bad:
1 stk
Bod:
1 stk (2,0 m2)
Altan:
1 stk (3,6 m2)
LEILEGHEITSTYPE F
Areal:
39,7 m2 BRA
Soverom: 2 stk med vindu
Bad:
1 stk
Bod:
1 stk (2,2 m2)
Altan:
1 stk (4,0m2) i 2. og 4. etg
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
19
LEILEGHEITSTYPE G
Areal:
37,8 m2 BRA
Soverom: 1 stk med vindu
20
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
Bad:
1 stk
Bod:
1 stk (2,5 m2)
Altan:
1 stk (3,6 m2)
Framleige gjennom Myrkdalen
Hotel – ei god investering
Om du vil leiga ut leilegheita di i periodar kan
­Myrkdalen Hotel hjelpa deg. Via hotellet er du
sikra eit profesjonelt sals- og marknadsapparat,
handtering av inn- og utsjekk og reingjering. Som
eigar treng du ikkje tenka på kontraktar, betaling
og andre utfordringar. Du mottek avrekning frå oss
ein gong i månaden. Det skal vera enkelt og trygt
å leiga ut via oss.
Inngår du avtale der du leiger ut eininga di meir
enn halvparten av tida, vil me kopla opp ­hotell-TV
og installera TV med nødvendige lisensar. Med
k­ ulvert som tek deg og andre hotellgjester
­tørrskodd mellom Myrkdalen Hotel og Bygarden,
og hotell-TV vert leilegheita ein integrert del av
Myrkdalen Hotel.
Avrekning for utleige vil skje etter ein modell
der eigar mottek 65% av brutto leigeinntekter,
og Myrkdalen Hotel 35%. Hotellet sine ­inntekter
vil dekka kostnadar for sengetøy, reingjering,
booking, handtering av inn- og utsjekk,
­marknadsføring mm.
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
21
Storhaugen
950
Kråni 955
19
20
18
H
19
M
7
860
17
6
A
16
sen
pres
eks
augs
B
h
Stor
Til Voss / Vinje
Løypekart
Leilegheitene i Bygarden eignar seg godt for familiar, men også unge skientusiastar som ynskjer å
koma seg inn på marknaden. Her får du ei rimeleg
leilegheit som passar godt for utleige. Og best av
alt: du kjem deg garantert fyrst i bakken.
Anlegget vert stadig utvida og i januar 2014 opna
ein ny 6-setars ekspressheis. Skisenteret byr no på
20 løyper av ulik vanskegrad og har store planar for
utviding i åra som kjem.
Skiheisane tek deg opp til 1060 meter over havet.
I det nye barneområdet kan dei minste læra seg
kunsten å stå på ski, og for våghalsar i alle aldrar er
det rike moglegheiter til å prøva seg på utfordrande
aktivitetar i parken og i endelaus puddersnø.
22
I
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
S
Vossestrand Hotell
HEISAR OG TREKK/LIFTS:
A.
B.
C.
D.
E.
F.
G.
H.
Myrkdalsekspressen
Landsbytrekket
Helgatuntrekket
Kari Traa-trekket
Kråni-trekket
Badnabandet
Badnatrekket
Storhaugekspressen
Type:
6-setar stolheis/Chair lift
Tallerkentrekk/Disc lift
T-krok/T-bar lift
T-krok/T-bar lift
T-krok/T-bar lift
Skiband/Magic carpet
Tallerkentrekk/Disc lift
6-setar stolheis/Chair lift
Lengd: Pers/t:
1500 m
1000 m
1500 m
1350 m
1050 m
50 m
300 m
1650 m
2600
750
800
800
1000
600
800
2600
ANDRE ANLEGG:
I.
J.
K.
L.
M.
Terrengpark/Terrain park
Årmotslia lysløype og skiskyttararena/Cross country skiing slope, flood-light
Hoppbakke/Ski jumping hill
Freestyle arenaområde/Freestyle skiing arena
Skredsøkarbane/Avalanche tranceivers training area
Svært lett/Very easy
Lett/Easy
Middels/Medium
Krevande/Difficult
Turløype, Transportløype/
Cross country, Transfer
Logolink
Finnbunuten 1358
Kaldavassnuten
1135
1060
9
8
10
D
E
1
R
720
Vetlebotn Kafé
2
3
Turlø
ype t
C
L
il Ve
tlebo
t
n
12
K
1
5
Helgatun Fjellpensjonat
I
T
U
15
4
G 13
11
O
N
P
Årmotslia Skiarena
14
F
450
SERVICE:
N. Myrkdalsstovo
– billettkontor, butikk og kafé
– main ticket office, shop and café
O. Myrkdalen Hotel
– restaurantar, bar, afterski og
kurs/konferanse
– restaurants, bar and après ski
P. Skipatrulje, skiskule og skiutleige
Ski patrol, ski school and ski hire
R. Vetlebotn kafé/café
S. Vossestrand Hotell
T. Helgatun Fjellpensjonat
U. Ekstra billettkontor
v/Helgatuntrekket
Ticket office at Helgatun
LØYPER/SLOPES:
1. Myrkdalsløypo
2. Bygardsløypo
3. Strandaløypo
4. Landsbybakken
5. Helgatunløypo
6. Botnaløypo
7. Kråniløypo
8. Fessarholeløypo
9. Finnbuløypo
10. Kari Traa-løypo
11. Badnabakken
12. Myrkdalscrossen
13. Huldreskogen
14. Skogscrossen
15. Storesvingen
16. Leinevegen
17. Ondrahaugen
18. Overland
19. Hyrtamyra
20. Skaret
Lengd:
Høgd:
2000 m
1500 m
1600 m
300 m
1500 m
800 m
1100 m
1200 m
1400 m
1350 m
300 m
1600 m
400 m
500 m
600 m
1800 m
1200 m
1800 m
2800 m
800 m
400 m
400 m
400 m
60 m
275 m
210 m
240 m
240 m
340 m
340 m
45 m
290 m
45 m
45 m
45 m
400 m
355 m
440 m
440 m
150 m
Kategori:
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
23
© Sverre F. Hjørnevik
24
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
Myrkdalen Fjellandsby – Bygarden
25
CREUNA / TRYKK: RK GRAFISK
Kontakt meklar for meir informasjon
Tone Ravnanger
Eiendomsmegler Prosjekt MNEF
Mobil +47 952 65 824
e-post: [email protected]
www.emvest.no
Myrkdalen Fjellandsby AS
PB 14, 5701 Voss
Tlf 56 53 10 30
www.myrkdalen.no