Valkomiteens innstilling til nytt sentralstyre

Transcription

Valkomiteens innstilling til nytt sentralstyre
 Valkomiteens innstilling til nytt sentralstyre,
landsstyre, medlemmer til Nei til EUs råd og kontrollkomite for
2015
Valkomiteen har i perioden vore Mads Opheim (leiar), Veronika Olsen, Espen
Volden, Runa Fjellanger og Simen André Knutssøn. Erlend Johan Myrhaug og Signe
Boye var varamedlemmer. Begge varaane måtte trekkje seg midtvegs i perioden.
Valkomiteen har jobba bevisst for å finne dyktige kandidatar til Ungdom mot EUs
nasjonale verv, og vi har gjennomført intervju med sittande landsstyre, og fleire
intervju med sittande og potensielle sentralstyremedlemmer. Vi har hatt god kontakt
med samarbeidsorganisasjonar, og med landsstyre og lokallag i organisasjonen.
Ungdom mot EUs vedtekter slår fast at valkomiteen skal innstille
● leiar
● politisk nestleiar
● organisatorisk nestleiar
● generalsekretær
● eit sentralstyre med 4-9 medlemar utanom leiar, nestleiarar og
generalsekretær
● eit landsstyre med 14-16 medlemar,
● inntil 6 vara til landsstyret,
● representantar og vararepresentantar til Nei til EU sitt råd,
● kontrollkomité med 3 medlemar,
● revisor
Vi har komme fram til ei innstilling vi har full tru på, og eit sentralstyre vi trur vil
gjera ein sterk innsats for organisasjonen. Vi har prioritert innstillinga vår ut frå dei
tilbakemeldingane og ønskjene vi har fått frå organisasjonen. Organisasjonen har
vore tydelege på at det som trengs i sentralstyret er arbeidskraft og folk med
arbeidskapasitet. Dette har vi tatt omsyn til når vi har sett saman innstillinga, og vi er
overtydde om at vi no innstiller på eit sentralstyre som kan få gjort mykje. Vi trur
også sentralstyret er sterkt både politisk og organisatorisk.
Valkomiteen gjer merksam på at vi foreslår å halde fram ordninga med eit
desentralisert sentralstyre, med tre-fire sentralstyremedlemmer busette utanfor Oslo.
To av desse har allereie erfaring med å jobbe som desentralisert, og dei to nye er
sjølvstendige og sjølvgåande folk som vi har full tillit til at kan arbeide godt
desentralisert.
1 Komiteens forslag til sentralstyre for Ungdom mot EU:
Leiar: Åsa Kjerstine Kjølberg Moen
Åsa Kjerstine er 22, og kjem frå Trondheim. Ho har to periodar bak seg i
sentralstyret, og sitt no som generalsekretær. Åsa har også sete i landsstyret. Åsa bur i
Oslo.
Politisk nestleiar: Bjørn Ola Opsahl
Bjørn Ola er 21, og kjem frå Mysen. Han har sete to periodar i sentralstyret, som
henhaldsvis sentralstyremedlem og no i den siste perioden som leiar. Bjørn Ola bur i
Oslo.
Organisatorisk nestleiar: Elise Hammari
Elise er 22, og kjem frå Kvæfjord. Ho har sete ein periode i sentralstyret. Elise bur i
Oslo.
Generalsekretær: Maren Holthe Hedne
Maren er 19, og kjem frå Trondheim. Ho har nettopp gått av som reisesekretær.
Maren bur i Oslo.
Sentralstyremedlem: Ole Kvadsheim
Ole er 20, og bur i Stavanger. Han har vore ei drivkraft i lokallaget i Stavanger. Ole
jobbar i barnehage. Han flyttar til Oslo til hausten.
Sentralstyremedlem: Sofie Brunvoll
Sofie er 19, og kjem frå Moss. Ho har ein periode bak seg i landsstyret, og har mykje
erfaring frå både Ungdom mot EU og andre organisasjonar. Sofie bur i Oslo.
Sentralstyremedlem: Per Alexander Fossheim Johansen
Per Alexander er 20 år, og kom inn i sentralstyret på forrige landsmøte. Han har også
bakgrunn frå landsstyret. Per Alexander bur på Gjøvik.
Sentralstyremedlem: Ingrid Marie Sylte Isachsen
Ingrid Marie er 17, og har sete i sentralstyret det siste året. Ho har bakgrunn frå
landsstyret. Ho går på vidaregåande og jobbar i Norfakta. Ingrid Marie bur i
Trondheim.
Sentralstyremedlem: Aleksander Dyrnes
Aleksander er 22, frå Toten, men bur og studerer i Trondheim.
2 Komiteens forslag til landsstyre for Ungdom mot EU:
Namn
Bustad
Ny/gjenval?
Natalie Hansen
Lillehammer
Gjenval
Neema Cihiluka
Halden
Gjenval
Ole Berg
Bergen
Gjenval
Karianne Hagen Wendt
Stavanger
Gjenval
Bendik Storvik Nilsen
Tromsø
Gjenval
Erlend Sørli
Trondheim
Gjenval
Joakim Hagen
Molde
Ny
Sofie Figenschou
Finnsnes
Ny (LS i 2013)
Håkon Brimsø
Stavanger
Ny
Linn Nessemo
Verdal
Ny
Mali Nessemo
Verdal
Ny
Martin Egge
Gjøvik
Gjenval
Antoinette Fossdal Johnsen
Tønsberg
Ny (LS i 2013)
Karoline Randa
Bodø
Gjenval
Dina Owren
Stavanger
Ny
Andreas Korstvedt
Gjøvik
Ny (LS i 2013)
Maria Melve Kvåle
Bergen
Ny
Simen André Knutssøn
Trondheim
Gjenval
Faste medlemmer
Varamedlemmer
3 Komiteens forslag til medlemmer til Nei til EUs råd
Representant
Vara
Pål Trautmann Olerud (ny)
Jonas Wenberg (gjenval)
Erlend Sørli (ny)
Per Alexander Fossheim Johansen (ny)
Sofie Brunvoll (ny)
Ingrid Marie Sylte Isachsen (ny)
Komiteens forslag til kontrollkomite
Jonas Wenberg (gjenval)
Jenny Dahl Bakken (ny)
Jørgen Bikset (ny)
Komiteen konstituerer seg sjølv.
Komiteens forslag til revisor
Beckman Lundevall Revisjon (gjenval)
4 

Similar documents