GJERSTAD - kulturnett.no

Transcription

GJERSTAD - kulturnett.no
GJERSTAD
KULTURSTI I GARDSLANDSKAPET / A PATH THROUGH THE CULTURAL LANDSCAPE AT GJERSTAD / EIN WANDERPFAD DURCH DIE KULTURLANDSCHAFT VON GJERSTAD
N
Garden Gjerstad er utgangspunkt for kulturstien du no står ved
byrjinga av. Sjølve turen tek ein snau time. Ver venleg og lat att grinder
og ha hunden i band.
Gjerstad er ein gamal gard. Gravhaugane frå eldre jernalder vitnar om
dette. Truleg er sjølve garden endå eldre. Den første kyrkja på staden
vart reist på 1200-talet, og me må tru at ho i utgangspunktet var ei
privatkyrkje bygd nær det gamle klyngetunet. På det meste var det
heile åtte bruk og eit par husmannsplassar på Gjerstad.
GARDSLANDSKAPET FORTEL HISTORIE
Velkommen til ei vandring bakover i historia! Gardslandskapet ber i seg spor frå heile den tida
folk har budd og arbeidd på jorda. Gjerstad er rik på kulturminne frå førhistorisk tid. Innafor
ein radius på éin kilometer frå tun og kyrkje, ligg graver både frå førhistorisk og historisk tid
– dei yngste nær tunet, dei eldste lengst borte.
Kulturstien startar her ved kyrkja (1). På gravhaugen er det reist ein
minnebauta etter falne i Napoleonskrigane (1807-1814)(2). Vegen tek
deg vidare gjennom restane av klyngetunet. På veg opp mot gravfeltet
på Grønbakkjen (4) er det restar av bøgarden (3). På veg opp mot
gravfeltet på Vedlene kan du sjå korleis isen og avsmeltinga har
forma landskapet (5). Frå den øverste gravrøysa på Vedlene (6) er det
vidt utsyn over Gjerstad. Osterøy museum (7) er siste post på turen.
Her er bygningar i tunet og ein kan sjå utstillingar inne i
museumsbygget. God tur!
GB
The path starts at the present day church, which was built on top
of the ruins of the earlier church (1). Here you can also see a grave
mound and a stone monument commemorating soldiers that died
during the Napoleonic Wars (1807-1814)(2). The path continues past
the area where the cluster of farmhouses from the Middle Ages once
stood (marked with black on the map). Only a few of these remain
today. On your way up towards the grave mounds at Grønbakkjen (4)
you can see the remains of the stone fence (3) that separated the home
fields from the grazing fields. Further on towards the grave mounds at
Vedlene (6) you can see how the melting glaciers formed the landscape
(5). From the grave mounds at Vedlene (6) there is a good view of
Gjerstad. Osterøy museum (7) is the last stop on the trip. Welcome to
the exhibits!
D
Kyrkja på Gjerstad er den einaste av dei
mange kyrkjene på Osterøy som ikkje
ligg ved sjøen. Ho er nemnd første gong
i 1329, men ei stavkyrkje var reist alt på
1200-talet. Denne vart skifta ut med ei
tømmerkyrkje i 1622. Dei kvite kyrkjene
kom i siste helvta av 1800-talet; på Gjerstad sto ho ferdig i 1870. Kyrkja er teikna
og oppført av O. Vangberg i lafta plank.
Den første kyrkja vart bygd like ved
tunstaden, som enno er lett synleg.
Nærleiken mellom garden og kyrkja førte
til at noko av den sentrale Storåkeren vart
teken i bruk då kyrkjegarden vart utvida
mot nord. Etter utskiftingane i 1905 vart
tre av husa på bruka verande att om lag
på same staden; dei andre vart flytta. To
av våningshusa står enno på opphavleg
stad.
You are now standing at the beginning of a path that will take you
through the cultural landscape of Gjerstad, a large farm (3800 acres) in
the municipality of Osterøy in western Norway. The trip takes about
an hour. Please close all gates behind you and keep dogs on a leash.
Farming probably started in this area during the Bronze Age (1800
– 500 BC). The grave mounds indicate that settlement in this area was
well established by the Early Iron Age (500 BC-600 AD). The farm at
Gjerstad had at the most 8 holdings and a couple of cotters farms. A
stave church was built here in the 13th century near the old cluster of
farmhouses. It was most likely a private church for the local farms.
1. KYRKJE OG KLYNGETUN
SOLBJØRG
BYRKJELAND
gravfelt
SKISTAD
6
Osterøy museum
GJERSTAD
i
2. BAUTA OG GRAVHAUG
Gjerstad sett frå sør-aust. Framfor kyrkja kan ein sjå delar av det gamle klyngetunet (1). Bilete truleg frå 1920.
GJERSTAD OG GARDANE KRING
Gjerstad ligg i ein av dei grøderike dalane som kryssar Osterøy. Her har jegerar teke seg opp frå
sjøen på leit etter vilt. Seinare slo folk seg ned som heldt husdyr og var fastbuande åkerdyrkarar.
Ein gong har truleg alle gardane i området vore del av eit større ressursområde. Gjerstad må vera
mellom dei eldste av desse.
På det meste var her åtte bruk og eit par husmannsplassar. Folketalet var på sitt høgaste i 1900.
Då budde det 60 menneske her. På slutten av 1900-talet skjedde ei gradvis nedbygging av
gardsdrifta. I 2005 gjekk siste heildagsbonden ut i lønsarbeid, men jorda vert framleis beitt og
slege. Med kyrkje, butikk, bedehus, gamleheim og skule like ved, var Gjerstad eit bygdesentrum
på 1900-talet. I 2008 bur her 35 menneske i 14 hus.
VEGAR
Dei eldste vegane gjekk tunimellom. Den gamle almannavegen kom frå gardane oppe i sør,
møttest i tunet med vegar frå fjellet, og gjekk vidare nordetter mot sjøen i Lonevåg. Enno finst
det spor etter vegar som kan vera mange hundre, om ikkje tusen år gamle. Førkristne graver,
haugar og røyser vart lagde der folk ferdast.
Sie stehen jetzt am Ausgangspunkt einer Wanderung durch die
Kulturlandschaft von Gjerstad, einem rund 1500 ha großen Gehöft in
der Gemeinde Osterøy. Die Wanderung dauert etwa eine Stunde. Bitte
machen Sie alle Gatter wieder zu und halten Sie Hunde an der Leine.
1
Ved parkeringsplassen er det reist ein
stein etter dei som fall i Napoleonskrigane
(1807–1814). Steinen er plassert oppe på
ein gravhaug. Truleg har her vore ei grav
frå vikingtida (800–1000).
Brukarane fann ein spydodd her då dei
rydda i haugen ein gong før 1900. Han
vart brukt i vatnet dei gav kyrne når det
var utrivnad i floren. Spyd var del av
vikingmannen sitt våpensett, saman med
øks, sverd og skjold, boge og pilespissar.
3
4
gravfelt
HOVDEN
3. BØGARDEN OG VEG
På retteleg gamle gardar går den
HARTVEIT
steinbygde geila – fegata – frå tunet ut
mot beitet. Geila held fram i bøgarden
som gjerder inn den gamle innmarka
og heldt dyra borte frå åker og eng. Slike Kart over kulturstien på Gjerstad. Det gamle klyngetunet ved kyrkja er markert med svart, sjå og serkartet nede til venstre. Berre eit par av bygningane står att.
geilar kan vera frå dei første hundreåra
Ei mektig kvinne vart gravlagd lengst vest på høgdedraget for kring 1700 år sidan. I grava hennar
e.Kr. Murane i geila på Gjerstad er borte, men retninga er den same som bygdevegen til Hovden
låg mellom anna ein betalingsring i gull og eit fint dekorert spinnehjul i bronse. Av personleg
og fjellet innafor. Frå flata gjekk geila opp stølabrekka til stølen. Her svingar bøgarden av, og litt
utstyr elles var ein kam og ei nål laga av bein. Gravurna av leire var forseggjort. Grava er plassert
lenger oppe t.v. ligg restar av vårflorar bygd inn i bøgarden. Bøgarden viser også at nokre av dei
nær det gamle skiljet mellom inn- og utmark. Gravleggingane på Grønbakkjen ligg ved den gamle
eldste åkrane låg i dalsida.
ferdslevegen. Me finn ei tilsvarande markering med graver på nabogarden Hartveit i sør.
5. NATUR OG LANDSKAP
Dalane på den søraustlege delen av Osterøy er skapt av brear som skura og grov i dei skifrige,
mjuke laga i Bergensbogane. Dei hardaste steinartane vart ståande att som åsar mellom dalane, som
vart grovne ut i fleire etappar. Vedlene, som ligg som ein hjell i åssida, høyrer truleg til den eldste
etappen. Under isavsmeltinga førte breelvar med seg lausmassar til sjøen der det bygde seg opp
grusbakkar. For 10 000 år sidan gjekk havet inn over Gjerstad (60 moh.). Området er difor
gamal havbotn med god jord. Ikkje alt vatnet vart borte frå dalbotnen då elva grov seg nytt far.
6. GRAVFELTET PÅ VEDLENE
På vegen opp mot Vedlene kryssar du den gamle bøgarden. Her er Bølia, og bratte bakkar med
spor etter åkerrydding og steinlad. Vedlene ligg som ei hylle i dalsida. Her er god jord. Det skal ha
vore åkerbruk her alt frå bronsealderen (1800–500 f.Kr.), seier den heimlege tradisjonen.
Over: Spannforma leirkar, spinnehjul av bronse og betalingsring i gull, funne i
kvinnegrav på gravfeltet Grønbakkjen (4).
4. GRAVFELTET PÅ GRØNBAKKJEN
Det gamle klyngetunet og kyrkja på Gjerstad (1). Etter utskiftingskartet frå 1901. Bygningane farga etter
funksjon. Ljos farge er våningshus. Mørk farge er driftsbygningar.
Eldre steinalder
GJERSTAD ER EIT KULTURMINNE AV HØG VERDI
VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR VÅR FELLES NATUR- OG KULTURARV.
HORDALAND FYLKESKOMMUNE OG OSTERØY KOMMUNE.
2
5
PRESTTUN
Die Anfänge der Landwirtschaft in Westnorwegen liegen
wahrscheinlich in der Bronzezeit (1800-500 v.Chr.). Die Grabhügel
deuten an, dass diese Gegend bereits in der frühen Eisenzeit (500 v.Chr.
-600 n.Chr.) besiedelt war. Zum Gehöft Gjerstad gehörten in seiner
Blütezeit acht Höfe und merere Häuslerstellen. In der Nähe der als
Haufendorf angelegten Siedlung wurde im 13. Jahrhundert eine Stabkirche errichtet. Höchstwahrscheinlich war sie das Gotteshaus für die
Höfe von Gjerstad.
Die Wanderung beginnt an der Kirche, die auf den Resten der früheren
Kirche (1) erbaut wurde. Hier befinden sich auch ein Grabhügel und
auf diesem das steinerne Monument zur Erinnerung an die während
der Napoleonischen Kriege 1807-1814 gefallenen norwegischen
Soldaten (2). Der Pfad verläuft an den Resten des mittelalterlichen
Haufendorfes entlang (auf der Karte schwarz markiert), von dem heute
nur noch wenige Gebäude erhalten sind. Auf dem Weg bergan in
Richtung der Grabhügel von Grønbakkjen (4) sieht man die Reste der
Steinwälle (3), die die Hofweiden von den umliegenden Kulturflächen
trennten. Weiter bergan stößt man auf die Grabhügel von Vedlene (6),
wo man sehr gut erkennt, wie die schmelzenden Gletscher die
Landschaft formten. Von den Grabhügeln in Vedlene (6) hat man einen
sehr schönen Blick über Gjerstad. Letzter Halt auf dieser Wanderung ist
das Osterøy Museum (7). Sie sind herzlich eingeladen, sich die
Ausstellungen näher anzusehen.
7
Yngre steinalder
Bronsealder
Eldre jernalder
Før-romersk jernalder
0
Eldre jernalder
Romertid
Eldre jernalder
Folkevandringstid
På 300–400-talet e.Kr. brukte folka på Gjerstad Grønbakkjen
som gravfelt for dei gjævaste, dei som dei bygde haug over.
Grønbakkjen ligg oppå ein liten rygg som endar i Varhaugen. Me
Spydodden
er i heimeutmarka, litt utanfor bøgarden. Her er gamalt vegskilje
mot Hovden og Hartveit, med utsikt mot tunet og gardane Solbjørg, som vart
funnen nær
Skistad og Presttun i nord og vest.
gravhaugen
ved kyrkja (2)
I dette området ligg tre utgrovne haugar med i alt fire
har truleg sett
gravleggingar. Dessutan ein haug som ikkje er utgraven litt
nedanfor mot Hartveit, og på andre sida av Hovdevegen i nord – ei slik ut.
låg og rund steinsetjing. Denne er heller ikkje undersøkt.
Yngre jernalder
Merovingertid
Yngre jernalder
Vikingtid
Mellomalder
I overkant av Vedlene møtest gamle vegar frå Gjerstad, Solbjørg og Byrkjeland. I vegskiljet på ein
bergnabb ligg ei stor røys, eller kanskje er det to røyser tett i kvarandre. Herifrå er vidt utsyn.
Røysa eller røysene har endra seg sidan den gongen dei vart bygde, mellom anna er steinar brukt
både til å mura veg opp gjennom den bratte lia, og til utløa like ved. Ingen av gravene og røysane
på Vedlene er undersøkte, men dei er truleg bygde i eldre jernalder.
7. OSTERØY MUSEUM
Osterøy museum vart skipa i 1920, og har ei rik samling av gjenstandar knytt til gardsdrift,
handverk, husflid og småindustri. Bygningane i tunet viser breidda i byggjeskikken i Nordhordland gjennom 400 år, med lafta stover og loft, eldhus mura i stein og grindbygd løe med
brakekledning på éin vegg. Det yngste huset er ei skulestove frå 1920-åra. Museet har faste og
skiftande utstillingar.
For meir informasjon om Osterøy museum og turar vidare, sjå www.museumsnett.no/osteroymuseum, eller tlf. 56 19 34 40
Tekst og redaksjon:
Foto og teikning:
Kart og grafisk formgjeving:
9000 f.Kr - 4000 f.Kr.
4000 f.Kr - 1800 f.Kr.
1800 f.Kr - 500 f.Kr.
500 f.Kr - Kristi fødsel
0
Kristi fødsel - 400 e.Kr.
400 e.Kr - 550 e.Kr.
550 e.Kr - 800 e.Kr.
800 e.Kr - 1050 e.Kr.
1050 e.Kr - 1537 e.Kr.
Randi Andersen, Osterøy Museum, Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga
Oversikt Gjerstad: Ukjend fotograf. Gjenstandar: Copyright Bergen Museum. Teikning:
Spydspiss frå Rygh: “Norske Oldsager” 1885.
Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga