junibrev 15.docx - Osterøy kommune

Transcription

junibrev 15.docx - Osterøy kommune
Hauge, 1. juni 2015.
Til føresette!
Vel overstått 17. mai og pinse!
Det har blitt juni og om 3 veker startar skuleferien. Difor som vanleg eit sommarbrev, som blir det
siste dette skuleåret. Først litt tilbake i tid:
Den 19. mai var dei 10 4. klassingane våre på førskuledag til hhv Lonevåg og Valestrand skule der dei
fekk helse på dei dei skal gå i lag med neste skuleår. Dei kom alle tilbake med positive intrykk 
Dei er nok ein super gjeng som vil bli sakna på Hauge og som vanleg blir det ei spesiell markering for
4. klassen på sommaravslutninga vår.
Også vi skal ha førskuledagar; den 10. og 12. juni tek vi imot dei 10 nye 1. klassingane våre. Brev til
dei det gjeld har gått ut. Ny 1. klasse-lærar blir Arnhild Hjellvik som vi ønsker hjarteleg velkomen
tilbake til Hauge! Øvrige kontaktlærarar blir:
Anne Dalland Coldwell i 2. klasse,
Siri Vevle Lavik i 3. klasse og
Jannicke Bosåen og Ann-Margareth Frotjold i 4. klasse.
Inger Liabø er timelærar og
Marianne Hjelmeland er SFO-leiar.
Øvrige assistentar er ikkje avklart enno.
Dessverre måtte vi avlyse Tirevollsturen 27. mai pga. veret, men vi planlegg ny tur med det første!
Sommaravslutning for elevar m/føresette blir 18. juni kl. 17.30. Då vil de få høve til å sjå
programmet som elevane hadde på besteforeldredagen. Borna er i gang med øving igjen og gler seg
til ny forestilling! Eige skriv om dette vil som vanleg kome frå FAU.
Neste år blir det endringar i personalet på Hauge;
Eg har takka ja til ny rektorstilling i heimfylket mitt, Sogn og Fjordane. Hauge skule er som kjent
vedtatt nedlagt (2013), og eg har difor vore på leit etter ein tilsvarande stilling. Eg begynner i ny jobb
1. august, og nyttar høvet til å takke for samarbeid gjennom 5 år her på Hauge. Det blir trist å forlate
gode kolleger og ikkje minst alle «gullungane» her!!
I skrivande stund veit eg fortsatt ikkje noko om tilsettings-prosessen, men eg reknar med at det vil bli
ei intern utlysing slik at ny rektor kjem på plass til skulestart. Så er det sjølvsagt å håpe at skulen blir
«liv laga» i meir enn 1 skuleår til! Det er ingen tvil om at ungane trivast, særleg etter at vi vart ein
fulldelt 1-4 skule, og samarbeidet blant dei tilsette er svært godt!
Dessverre er det også slik at Erla Bøe og Ingebjørg Refsnes skal gå av til sommaren, så begge dei
takkar og for seg. Dei vil bli sakna på skulen!
Etter politisk vedtak nyleg, blir det kun gitt tilbod om leksehjelp for 4.-7. trinn på Osterøy neste
skuleår. Det betyr at for vår del skal kun 4. klasse ha dette tilbodet. Minner og om at dei som ønskjer
SFO plass neste år må søke via heimesida til kommunen! Heimesida til Hauge skule finn de på
osteroy.kommune.no, gå via «tenester» og «skulane våre». De kan elles allereie no gå inn på
skolefrukt.no og skolemelk.no og bestille frukt og mjølk for neste skuleår.
Siste skuledag, 23. juni, er elevane ferdige kl. 11, men SFO vil vere ope som vanleg. Første dag etter
skuleferien er 17. august.
Eg ønsker dykk alle lykke til vidare på borna sin skuleveg og nok ein gong: takk for
samarbeidet her på Hauge!
RIKTIG GOD SOMMAR!
Med venleg helsing,
Marit Aamodt, rektor.