ÅRSPLAN FOR STARDALEN BARNEHAGE

Transcription

ÅRSPLAN FOR STARDALEN BARNEHAGE
ÅRSPLAN FOR STARDALEN
BARNEHAGE
2012/2013
INNHALD
• PRESENTASJON AV BARNEHAGEN
• ÅRSPLANEN SITT FØREMÅL
• MÅLSETJING FOR DET PEDAGOGISKE ARBEIDET I
STARDALEN BARNEHAGE
• FAGOMRÅDA
• DOKUMENTASJON
• BARN SIN MEDVERKNAD
• FORELDRESAMARBEID
• OVERGANG BARNEHAGE- SKULE
• TRADISJONAR I STARDALEN BARNEHAGE
• MØTEVERKSEMD I STARDALEN BARNEHAGE
• SATSINGSOMRÅDE FOR STARDALEN BARNEHAGE
2012/2013
• DRIFTSPLAN FOR BARNEHAGEÅRET 2012/2013
PRESENTASJON AV STARDALEN BARNEHAGE
Stardalen barnehage er ein privat, foreldreeigd barnehage for barn i alderen 1 til
6 år. Barnehagen har 16 plassar og held til i Stardalen Bygdetun, 15 min frå Skei
i Jølster kommune.
Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med kort veg til blåbærtuene,
fotballbana, skogen, akebakkane og grova, noko som innbyr til leik og moro
gjennom heile året. I tillegg har barnehagen eit nært og godt samarbeid med
lokalmiljøet og blir ofte invitert på gardsbesøk.
Barnehagen er viktig for både små og store i lokalmiljøet. Det er ein trygg plass
å vere, og er ein viktig arena for sosialisering. Barnehagen er ein organisasjon
som er med på å påverke og oppdra dei som er her kvar enkelt dag. For foreldra
og barna kan det vere eit viktig knytepunkt, der ein blir kjend med nye
menneske og knyter nye nettverk.
Kontaktinformasjon:
Tlf: 57 72 89 94
Styrar (mobil ): 90 83 35 85
E-post:
[email protected]
Nettside:
http://barnehagen.stardalen.no/
Presentasjon av personalet
Norunn Osen 100% – styrar og pedagogisk leiar
Malene Heggheim 100%- assistent, fram til sommar 2013
Inger – Lise Lillemo 60%- assistent, er i fødselspermisjon frå november 2012
fram til september 2013
Ann Elise Mære 80%- assistent
Inger –Anita Veiteberg 40%- assistent
Ann Kristin Bruland- ringevikar
Britt- Jannicke Sunde Lundal- ringevikar
Tage Årdal- ringevikar
Litt om barnehagen
Kjernetida i barnehagen er mellom 1000-1400 kvar dag. Vi ynskjer difor at
barna er i barnehagen i dette tidsrommet. Dette fordi vi har turar og aktivitetar
som skal følgjast. Ring innan kl. 0930 om De blir forsinka eller for å melde om
sjukt barn. Vi har fast turdag på måndagar. Då ynskjer vi at barna skal vere
komne i barnehagen innan kl.0930. Opningstida er 0730-1630.
Dagsrytme i Stardalen barnehage
0730: Barnehagen opnar
0730- 0900: Fri leik på avdelinga. Barn har moglegheit til å ete frukost.
0900-0915: Ryddetid. Vaksne og barn ryddar på plass leikar.
0915-0930: Samling.
0930: Do/ bleieskift før aktivitet.
0930- 1100: Aktivitet. Ute/inne.
1100: Vaske hender før lunsj. Tar fram matpakke. Ordensbarn hjelper ein voksen med tralla
og dekke bord.
1100-1130: Lunsj
1130- 1230: Roligtid på avdelinga. Vi vaksne set oss ned med barna i kosekroken og les
bøker.
1230- 1630 : Utetid/ frileik. Bleieskift og do.
1415: Ein vaksen tek med seg nokre barn og deler opp frukt.
1430: Ete frukt.
1630: Barnehagen stengjer.
Ved sjukdom hos personalet og barna
For å hindre smitte og beskytte vaksne og barn mot sjukdom, ber vi foreldre og
personalet halde seg heime i 48 timar ved oppkast/diare. Ved influensa hald
barnet heime inntil det er feberfri. Barn med feber treng ro og kvile, og har ikkje
ei positivt og god oppleving av å være i barnehagen. Dette gjeld også personalet.
Måltid i barnehagen
Barna har mellom 0730- 0900 moglegheit til å ete frukost, som De foreldre tek
med til barna. Lunsj tek De også med til barna. De foreldre betalar matpengar
kvar månad. Dette går til at barna får mjølk til frukost / lunsj og frukt kvardag.
Annakvar veke, har vi 1 dag med middag. Matpengane dekkjer også dette. Vi
varierar middagane kvar gong. Målet vårt er at barna skal få forskjellige
opplevingar av mat, smak og deltaking av matlaging.
ÅRSPLANEN SITT FØREMÅL
Årsplanen er eit arbeidsdokument tilpassa Stardalen barnehage. Den vert nytta
som arbeidsverktøy for personalet i barnehagen, og skal samstundes gje foreldre
og andre interesserte innsikt og informasjon om mål og innhald i barnehagen.
Årsplanen baserer seg på barnehagelova og rammeplanen. Stardalen barnehage
sin årsplan gjeld frå 01.08.12 – 01.08.13.
Stardalen barnehage er opptatt av ”her og no” opplevingar. Desse er ofte
impulsive. Det kan vere glade, triste og spanande ting som skjer med barna,
familie og nærmiljøet kring oss. ”Her og no” opplevingar gjev ofte barna glede
og læring. Det vil derfor vere viktig å ta seg tid til dette, sjølv om det ikkje er
nedfelt i skrivne planar. Det kjem informasjon i hyllene i tilfelle store
forandringar. Barnehagen har vekeplanar og månadsplanar som er basert på
årsplanen, fagområda i rammeplanen, barna sine interesser og barna sitt
nærmiljø. I vår dokumentasjon vil du kunne følgje med på korleis vi nærmar oss
desse hovudområda på ulike måtar gjennom kvardagen. Det vil bli lagt vekt på
eit heilskapleg læringssyn.
MÅLSETJINGA FOR DET PEDAGOGISKE ARBEIDET I
STARDALEN BARNEHAGE
Personalet i Stardalen barnehage skal saman med foreldre og barn skape ein
kvardag som fremjar fellesskap, leik , trivsel og læring. Vi vil gjennom bevisst
observasjon av handlingar, samspel, utsagn og gjenstandar, synleggjere tankar
og teori som i sin tur skal bidra til et nytt syn på praksisen vår.
Vi prøver å
 Leggje til rette slik at foreldre og born medverkar i planlegging, vurdering
og utvikling av tilbodet.
 Sjå på barn som unike, kompetente og aktive i eiga læring og utvikling.
 Skape eit miljø der barna skal føle seg trygge, føle tilhøyring til gruppa og
lære/bidra til å utføre positive normer for samhandling.
 Ha eit innhald som gjev barna relevant kompetanse gjennom leik, læring
og opplevingar.
 Vere innom alle dei 7 fagområda i rammeplanen.
 Leggje til rette for at barna skal få moglegheit til å verte sjølvstendige, ha
omsorg for kvarandre, vise toleranse og ta omsyn til sine medmenneske
Dette skal vi gjere ved å
 Involvere foreldre og barn i den daglege drifta av barnehagen.
 Legge opp til at store barn hjelper små barn.
 Fremje leik, både frileik og vaksenstyrt leik.
 Gje barna moglegheit til aktiv læring.
 Gje barna arbeidsoppgåver dei kan meistre.
 Gjere barna kjent med vår kultur og tradisjon ved å bruke drama, musikk,
song, lesing, turar og fysisk aktivitet.
 La det vere rom for ”her og no opplevingar”
FAGOMRÅDA
Målet for Stardalen barnehage er at barna skal oppleve gjennom varierte
vaksenstyrte aktivitetar, leik og i relasjonar/samhandling med vaksne og barn ,ei
utvikling og læring på alle desse områda. I Stardalen barnehage møter barn dei
sju fagområda gjennom arbeid med månadstema, som blir synleggjort i
månadsplanar.
RAMMEPLANEN SINE SJU FAGOMRÅDER
1. Kommunikasjon, språk og tekst
2. Kropp, rørsle og helse
3. Kunst, kultur og kreativitet
4. Natur, miljø og teknikk
5. Etikk, religion og filosofi
6. Nærmiljø og samfunn
7. Tal, rom og form
«Barnehagen
skal gi barn
grunnleggende kunnskap på
sentrale og aktuelle områder.
Barnehagen skal støtte barns
nysgjerrighet, kreativitet og
vitebegjær og gi utfordringer
med utgangspunkt i barnets
interesser, kunnskaper og
ferdigheter. «
(Barnehagelova §2 ,
barnehagens innhold)
DOKUMENTASJON
I Stardalen barnehage dokumenterer vi kva barna opplever, lærer og gjer i
barnehagen. Barna sin kvardag skal synast.
Dette gjere vi ved å:
• Ta mange digitale bilete. Foreldre får desse bildene sendt ut på mail i lag
med månadsbrevet.
• Kvart barn har si eiga skuffe i barnehagen. Her tek vi vare på kunstverk
barna lagar.
• Dagleg prat i hente/bringe situasjon. Vi fortel om kva som har hendt
gjennom dagen. Dette prøver vi få til kvar dag
• Vi synleggjer arbeid med månadstema ved å henge opp og stille ut det vi
lagar, og skifter ut dette kvar månad.
Kva betyr dokumentasjonen for barna, dei tilsette og føresette?
• Dokumentasjon er, for barna, ein måte å kunne gjenkalle sine opplevingar
med eit tema / prosjektarbeid. Barna kan følgje ein prosess, hugse tilbake til,
og samtale om det de har erfart på vegen.
• For dei tilsette er dokumentasjon nyttig i sporingsarbeidet etter nye
prosjekter/tema. Det gjev oss høve til å reflektere over vår rolle i høve til
arbeidet med barna, samt å kunne følgje barna si utvikling og aktivitetsnivå.
Barnehagen sin dokumentasjon gjev dykk føresette og andre som er i kontakt
med oss, høve til å få eit innblikk i kva barna faktisk opplever, lærer og gjer
når dei er i barnehagen
•
Ta kontakt om de lurer på noko!
BARN SIN MEDVERKNAD
Barna i Stardalen barnehage skal ha medverknad på eigen barnehagekvardag.
Med medverknad meiner vi at barna i fellesskap med andre barn og vaksne skal
planlegge og vurdere barnehagekvardagen. Vaksenrolla vert her viktig.
Dei vaksne må vise at det barnet seier og gjer er viktig. For at barna skal få høve
til å vere med å forme eigen barnehagekvardag må personalet gje ifrå seg makt.
Vi må difor arbeide med våre haldningar og veremåtar, slik at barna forstår at
det dei ynskjer å gjere vert sett. Det er personalet som har ansvar for innhaldet i
barnehagen.
Barna får medverke i sin barnehage kvardag i Stardalen gjennom
⟣Månadstema, songar, samling, bøker , middag, leik og aktivitetar i
barnehagekvardagen er basert på og inspirert av barna sin leik, innspel og
interesser.
⟣Dette gjere vi mogleg ved at barna
blir møtt av vaksne som tek dei på
alvor, og har respekt, anerkjenner og har
ei forståing av barna som gruppe,
enkeltindivid og barndommen sin
eigenverdi.
FORELDRESAMARBEID
Samarbeidet mellom føresette og barnehagen er grunnleggande for at vi skal
oppnå gode vilkår for barnehagen sin formålsparagraf: ”barnehagen skal gi barn
under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheter i nær
forståelse med barnas heim”.
Dette ønskjer vi å sikre gjennom:
Foreldreråd
⇨Foreldrerådet består av alle foreldre i barnehagen.
Samarbeidsutvalg
⇨ Ut i frå foreldrerådet vel ein 1 representant til
samarbeidsutvalget. Utvalget fremste oppgåve er å skape eit rådgjevande,
kontaktskapande og samordnande organ for alle de partar som har ansvar for
drift og innhold.
Foreldremøte
⇨Det vert sett opp eit møte der hovudoppgåvene er informasjon frå barnehagen
og val av foreldrerepresentant til samarbeidsutvalet.
Dagleg kontakt
⇨Her utvekslar vi daglege og korte beskjeder slik at foreldre kan ha ein kjensle
av korleis dagen har vore. Viktig del av denne informasjonen finn de i på
vekeplan / månadsplan som heng i garderoben.
Foreldresamtaler
⇨Det vert lagt til rette for to foreldresamtaler pr. barn pr. år frå barnehagen side,
det er ingen ting i vegen for å setje opp fleire ved behov/ønskje
Brukerundersøkelser
⇨En gang pr. år har vi ein brukarundersøking for å få en kjensle av korleis vårt
tilbod blir opplevd.
OVERGANG BARNEHAGE- SKULE
Det er laga eigneretningslinjer for overgang barnehage – skule, desse
gjeld for alle barn i Jølster kommune:
• Innan 15 september året før barna tek til i skulen, sender barnehagen ut
nytt samtykkeskjema som gjeld overføring av informasjon frå barnehage
til skule.
• Ved vurdering av forseinka skule start må dette meldast til kommunen
innan 15 februar.
• I mars er det innskriving på skulen, de får tilsendt eit skjema som de skal
fylle ut og levere på skulen.
• Det er anledning å be om individuell samtale, dette bør avtalast på
førehand.
• Det skal gjennomførast foreldresamtale i mars/april, her skal det avklarast
kva skriftleg informasjon som skal overførast til skulen. ”Skule barna” i
barnhagen besøker skulen i april/mai.
• Kontaktlærar, eller ein annan frå skulen besøker barnehagen i Mai.
• Barnhagen har overføringsmøte med skulen i mai/juni.
• Dei kommande elevane er på ” Bli-kjendag” i juni.
• Skulle du har barn som treng ekstra hjelp/støtte i barnehage og skule,
verdt det drøftingar med PPT i januar/februar.
• Søknaden om tileggsressurs vert sendt frå barnehagen innan 15. februar.
TRADISJONAR I
STARDALEN BARNEHAGE
• Foreldrefrukost påske
• Påske
Årshjul 2012-2013
• 17.mai
Tema:
• Avsluttningstur /
• Lucia
overnattingstur til Alværa
• Advent / jul
for førskulegruppa
• Nissefest
• Sommaravsluttning /
• Karneval
Dugnad for barn og
• Barnehagedagen 15. mars
vaksne i bhg
Lucia
Karneval
MØTEVERKSEMD I STARDALEN BARNEHAGE
Møteverksemd i barnehagen:
• 5 planleggingsdagar i barnehagen. Informasjon blir gitt i god tid på
førehand.
• Personalmøter ca 1 gang i mnd. på kveld
• Foreldremøte 1 til 2 gongar i året.
• Styremøte ca 2-4 gongar pr.år
• Samarbeidsutvalsmøte ca 2-4 gongar pr. år
Satsingsområde for Stardalen barnehage
2012/2013
⟣ Språk, tekst og kommunikasjon
1. Barna skal få moglegheit til og aktivt bruke språk til å fortelje om sine
opplevingar, ytre sine meiningar og synspunkt.
2. Barnehagen skal gjennom barnelitteratur, rim og regler, song,
dramatisering av eventyr og forteljingar auke barn si lyst , kreativitet og
fantasi, og skape rom for at barn kan skape sine forteljingar og
forteljarglede.
3. Barna skal bli presenterte for fleire typar barnelitteratur. Blant anna
bildebøker, eventyr og bøker med tema.
4. Bøker, bilder, dramtisering av eventyr gir barna sin leik nye tema og
rollefigurar som dei kan gjennom sin fantasi utforske og utvikle.
5. Å bli lest for saman med andre vaksne og barn aukar interessa for tekst og
bilde.
6. Barna får gjennom aktivt bruk av språk og læring i setje ord på sine
følelsar, intensjonar og vilje, auka ferdigheiter i samarbeid med andre
barn og vaksne.
7. Barna skal oppleve glede og meistringskjensle ved å bruke språk aktivt.
⟣ Sosial kompetanse
Saman har vi det kjekt!
1. Barna skal ha erfaring med kva det vil seie å være ein venn og ha
vennskap i barnehagen.
2. Barna skal auke sine sosiale ferdigheiter i å ta omsyn til og ha respekt for
kvarnadre.
3. Vaksne skal gjennom å være gode rollemodellar syne og gjennom
samtalar med barna;
- Korleis er vi med kvarandre
- Korleis snakkar vi til/med kvarandre
- « Kan du….»
- «Takk»
- Vaksne er tilstades saman med barna, og veileder barna i sosiale
ferdigheiter.
- Vaksne som gir meir positive tilbakemeldingar enn negative
tilbakemeldingar til barna.
4. Barn og vaksne skal saman skape eit inkulderande miljø i Stardalen
barnehage.
5. Barna skal oppleve ein barnehagekvardag som er prega av glede, humor,
meistringskjensle og «eg er god nok»
Driftsplan for Stardalen barnehage 2012/2013
Juli/August
30. juli
31. juli
Planleggingsdag for personalet
Oppstart for borna
September
23. sept
Planleggingsdag for personalet i barnehagen, i lag
med dei andre barnehagane i Jølster
Oktober
Høstferie mån.8.- fr.12 – skulen
November
16.november planleggingsdag
Desember
21. des
Januar
2. jan
3. jan
Siste barnehagedag før jul
I romjula er barnehagen open dersom det er behov for
det torsdag 27 og fredag 28. des
Planleggingsdag for personalet
Første dag for borna etter nyttår
Februar
18-22. feb
Vinterferie på skulen
Mars
27. mars
28. mars 1.april
Påske, barnehagen er stengt frå torsdag 28. mars til
og med måndag 1. april
April
2. april
Fyste dag for borna etter påske
Mai
1. mai
9. mai
10. mai
17. mai
20. mai
Arbeidarane sin dag, offentleg høgtidsdag,
Kr. Himmelfart, barnehagen stengt.
Planleggingsdag for personalet
Grunnlovsdagen
2. pinsedag
12. juli
Veke 29,
30,31
Siste dag før sommarferie
Sommarferie
5.august er planleggingsdag
Juni
Juli
Riv av og lever til avdelinga
TIL FORELDRE/FØRESETTE I STARDALEN BARNEHAGE
Sett kryss for det som passar!
I løpet av barnehageåret vil det bli teke ein del bilete og det vil bli filma små videosnuttar i barnehagen. Dette
materiellet vil bli brukt til eige bruk; presentasjon til foreldre/føresette, etter kvart på eigen heimeside og til
observasjonar.
For å gjennomføre dette, må vi ha løyve frå deg/dykk på ulike område:
Løyve til turar utanfor barnehagen sitt område; Ja:________ Nei:_______
Skogen, kafé og andre stader…
Løyve for å ta barnet med i buss og taxi: Ja:_____Nei:_____;
Gardsbesøk, skituren, heimebesøk…
Løyve for fotografering av barnet; Ja:________ Nei:_______
Til bruke internt, - album og liknande…
Løyve for filming av barnet; Ja:________ Nei:_______
Brukast internt i forhold til observasjonar, framvising til foreldre og barn…
Løyve til at barnet kan bli henta av andre (evt. søsken) som er under 18 år; Ja:____Nei:_____
Dette er tryggleik i høve til ansvar og forsikring i høve eventuelle ulykker på vegen heim frå barnehagen…
Løyve til at personale kan skrive ned gullkorn og nytte desse til sitat i pedagogisk dokumentasjon og
referat i
månadsplanar: Ja_________ Nei_________
Løyve til å gå i kyrkja Ja_________ Nei_________
Løyve til å nytte skjema ”ALLE MED”, TRAS og ASKELADDEN som karteggingsskjema Ja_________
Nei_________.
TRAS vert nytta på barn frå 2år, og ASKELADDEN ved 4år og ved behov.
Jølster ……/…... 201…
Underskrift:…………………………………………