Møtereferat
Transcription
Møtereferat
Møtereferat Dato: 24.11.2015 Emne: Referat frå regional planforum 24.11.2015 - kommunedelplan for E16 Slæn - Tvinno - Statens vegvesen og Voss kommune Christian Alstad Fylkesmannen i Hordaland Bente Øyre Statens vegvesen, prosjektleiar Hildegunn Stenseth Statens vegvesen Gunhild Raddum Fylkeskommunen, samferdselsavdelinga Kari Veseth Kinden Til stades: Statens vegvesen Jostein Aksdal Fylkeskommunen, fylkeskonservatoren Berit Marie Galaaen Voss kommune Kjersti Næss Finne Voss kommune Marit Rødseth Fylkeskommunen, planseksjonen Per Nordmark Fylkeskommunen, planseksjonen Forfall: NVE Møtetid: 24.11.2015 Kl 1300 - 1500 Sak: 2014/13624-84 Møtestad: Fylkeshuset, møterom Vestlandet Møteleiar: Marit Rødseth, plansjef Referent: Per Nordmark Marit Rødseth ønskte velkomen og deltakarane presenterte seg. NVE vart vurdert som ein viktig etat i regionalt planforum i denne saka, men hadde ikkje høve til å delta. Statens vegvesen (SVV) tar direkte kontakt med NVE. INTRODUKSJON Bente Øyre, prosjektleiar SVV presenterte saka. Forslag til planprogram vart sendt på høyring i juni 2015, men høyringsfrist i august. Det kom ein del innspel. På grunnlag av innspel frå SVV regionalt nivå fann ein grunn til å ta inn nye alternativ, og deretter leggja planprogrammet ut på ny høyring. Planområdet vert uendra. Føremålet med møtet i regionalt planforum var å presentera innspel til oppstartsvarsel og planprogrammet, og å presentera nytt forslag til planprogram med tidlegare og nye alternative vegtrasear. BAKGRUNN FOR PLANEN, SUMMARISK Det er utarbeidd planar for opprusting av E16 både aust og vest for den aktuelle traseen. Planen vert utarbeidd som ein kommunedelplan i samarbeid mellom Statens vegvesen og Voss kommune. Gjennom planområdet har E16 variabel og smal vegbane, dårleg kurvatur, mange avkøyrsler, smale grøfter, er utsett for flaum, steinnedfall og stengt veg. Og her har vore mange trafikkulukker. Vegen har ikkje den standard hovudtransportåra mellom aust og vest bør ha. MOMENT FRÅ INNSPEL OG OPPFØLGING NVE peikar på at planområdet ligg i tilknyting til det verna Vossovassdraget og at det må takast omsyn til dett. Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Hordaland peikar i sine fråsegner til planprogrammet på ei rad moment som må vektleggjast. SVV har i nytt planprogram lagt vekt på å konkretisera målformuleringane betre. Viktige mål er redusert reisetid i regionen og mellom landsdelar, reduserte reisekostnader, lågare ulukkefrekvens, betre og tryggare forhold for gåande og syklande, universelt utforma vegnett m.m. Endra planprogram vert på nyåret sendt på ny høyring. Det vil bli arrangert eit nytt informasjonsmøte i høyringsperioden. Dei høyringsfråsegner som er sendt inn under fyrste høyring vert tatt med vidare. Dersom høyringspartar ikkje har nye moment å koma med treng dei difor ikkje senda ny fråsegn. Dette må koma fram i høyringsbrev og annonsar. Eit viktig føremål med utgreiing av ulike alternativ er å få ei god samanlikning av dagalternativ og tunnel. I prosessane for å få realisert prosjektet er det viktig at planen viser ulike realistiske alternativ. Mellom anna er dette viktig som grunnlag for finansiering. SVV vil ha med ulike alternativ i prosessen til og med KU. Oppheimsvatnet skrår ned til opptil 70 m. Dette gir stabilitetsproblem. Veg langs vatnet gjev og problem med å ha trafikk på traseen samtidig som ein arbeider. Det er to alternativ som går på utfylling i Oppheimsvatnet, og ein har her sett på to standardklassar. Det er krav til avkøyrslefri veg, men SVV vil og utgreia veg med reduserte avkøyrsler, men med gang- og sykkelveg. Det er naudsynt å sjå på korleis ein kan gå inn i bakken, og kor mykje som kan fyllast ut i vatnet. Det er venta ein rapport om dette i løpet av eit par månader. På sørsida av Oppheimsvatnet går det tett i tett med sørpeskred. Dette må handterast ved dagløysingar på sørsida. Alternativa med lang tunnel, og då med to løp gjev store mengder massar. Deponering av massane er ei stor utfordring. To lokale entreprenørar har vist interesse for større mengder masse. SVV opplyser at det er store mengder overskotsmassar. Massane må i tilfelle mellomlagrast i fleire år, og dette vil krevja store areal. Oppsummering: Planprogrammet vil ved ny høyring presentera fleire alternativ. Det er eit ønskje å samanlikna alternativ med lange tunnellar med alternativ med mest mogeleg dagsone. Det skal så gjerast ein silingsprosess som gjer at ein kan avgrensa talet på alternativ som skal konsekvensutgreiast. PRESENTASJON AV ULIKE ALTERNATIV Alt. 5-1. Har gjort seismiske undersøkingar av område for påhogg for tunnelar ved Åsbrekkegjelet. Rapport om dette er venta om kort tid. Det er «kulturminneproblimatikk» omkring kryss mot Vinje. Trafikkmengda er noko usikker, men det skal gjerast trafikkteljingar og dette skal bereknast. Det vert kryss i plan med venstresvingelt eller planfritt kryss. Innspel: Voss kommune har politisk signalisert at dette er ønske trase. Uansett er det viktig å få ny veg til Vinje for Myrkdalen. Om det ikkje vert kryss ved Neland må eksisterande veg oppgraderast. E16 er ikkje berre ei transportåre, det er og andre ting ein skal løysast. Denne løysingar går ut over landbruksareal ved Neland/Vinje. Alt. 5-2. Påkopling nærare Slæn enn 5-1. Dette er eit forslag frå kommunen. Gamal veg vert for blanda trafikk. Men med særlege tiltak på visse strekningar for gåande og syklande. Alt 5.3. Lenger tunnel enn 5-1 og 5-2 mot Tvinno. Alt 6. Tunnelen vert over 10 km, noko som krev to løp med fluktsamband mellom desse. Det vert to tunnlar 3 med to ordinære køyrebaner, ein tunnel for kvar fartsretning. Løysinga gjev omlag 2 mill m masse. Det er venta endringar i regelverket som gjer at og kortare tunnelar kan få krav om to løp. Side 3/4 Alt. 8-1. Utfylling i Oppheimsvatnet og fullgod vegstandard. Dette vert utfordrande både når det gjeld ras og å få til kryss ved Vetleteigen. Ved Vetleteigen er det djupaste området i vatnet, og her er rasfarleg. Området ved Vetleteigen kjem og i konflikt med kulturminne. Alt. 8-2. Vegtrase med noko redusert standard. Vegen kan ha avkøyrsler, men med same krav til kurvatur som 8-1. Her vert veg både på land og på fylling i vatnet. Merknad: Retninga på vegen gjer at motlys om hausten vert ei utfordring. Dette vert truleg ikkje vektlagt i utgreiinga, sjølv om lysforhold vert vurdert i vegsaker, særleg ved lokalisering av tunnellpåhogg. Alt. 11-1. Lang tunnel. Ikkje noko nytt med denne traseen. Alt. 11-2. Lang tunnel med direkte påkopling på ny trase/tunnel i Nærøydalen. Denne koplinga er ny. Alt. 12. To tunnelar med dagsone på sørsida av Oppheimsvatnet. Dagsona er i strandsona. Alternativet må reknast som konfliktfull. Her må ein og handtera sørpeskred i dagsona. Alt. 13. To tunnelar med dagsone på sørsida, høgare oppe i lia enn alt. 12, ca 50 meter over vatnet. Her vert stigninga over 5 % som er maksgrensa. Alternativ 14. Lang dagsone på sørsida av oppheimsvatnet. Dette alternativet tar mest strandlinje. Konflikt med strandsone, og landbruksareal, og må handtera mange område for sørpeskred. INNSPEL OG MERKNADER Ved ny høyring bør dei nye alternativa gjerast tydelege i planprogrammet, slik at dei kan skiljast frå alternativa som vart presentert i fyrste høyring. Om alternativ 8-1 og 8-2 er realistiske alternativ vert truleg avklart når det ligg føre ein rapport som utgreiar desse alternativa med omsyn til fylling i Oppheimsvatnet m.m. Rapporten er venta ferdig i løpet av 1 – 2 mnd. Det er også venta ein geolograpport som vil avklare mogelegheiter for tunnelpåhogg ved Åsbrekke. Det vert tilrådd å venta med utsending av nytt planprogram til desse rapportane ligg føre, og ein kan avgjera om alternativ 8-1 og 8-2 og alternativ med utløp ved Åsbrekke skal vera med eller utgå frå planprogrammet. Øyanedelta litt sør for Tvinno er ein viktig naturtype. Denne kan bli påverka av utfylling og det er viktig å ha fokus på dette. Det vart peika på at E16 er ei hovudtransportåre mellom aust og vest, og at det bør vera framtidsretta og einsarta vegstandard. Forbikøyringsmogelegheiter er viktig, og dette vert innarbeidd i planen i samsvar med vegnormalane. Kollektivtransport: Ved høyring av planprogrammet må Skyss oma med merknader om samlepunkt og/eller stopp på E 16. Alternativ 8-1 og 8-2 er i konflikt med kulturminne. Alle som deltok på møte i regionalt planforum Hordaland 24.11.2015, og NVE får informasjon om rapporten som omhandlar alternativ 8-1 og 8-2, og rapport om påhogg ved Åsbrekke. SVV sender ut rapporten. KONKLUSJON Rapport om alt. 8-1 og 8-2 og om påhogg ved Åsbrekkegjelet vert sendt deltakarane i regionalt planforum 24.11.2015, og til NVE. SVV tilpassar planprogrammet med alternative trasear til konklusjonar i rapportane og sender planprogrammet på formell høyring. Høyringspartar gjev tydelege innspel til planprogrammet med faglege argument for og imot dei ulike alternativa. Høyringsinnspela vil vera viktige delar av grunnlaget for siling av alternativ. Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 PB 7900 5020 Bergen Tlf: 55 23 90 00 e-post: [email protected] www.hordaland.no Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. Kontonr. [xxxx xx xxxxxx]