PROTOKOLL - Vest kontroll

Transcription

PROTOKOLL - Vest kontroll
ØRSTA KOMMUNE
PROTOKOLL
Utval:
Møtestad:
Dato:
Møtet starta
Møtet slutta
Ørsta kontrollutval
Ørsta rådhus, Møterom Hjørundfjord
08.01.2015
13.00
15.45
Faste medlemar som møtte:
Namn
Funksjon
Anne Stine Foldal Aam
Leiar
Stig Vinjevoll
Bjørn Støylen
Medlem
Medlem
Faste medlemar som ikkje møtte:
Namn
Funksjon
Kari Janne Myklebust
Stina Aasen Lødmel
Varamedlemar som møtte:
Namn
Aase Iren Aarskog for Kari Janne Myklebust
Bjarte Roth for Stina Aasen Lødemel
Frå Vest kontroll møtte:
Namn
Stilling
Jostein Støylen
Dagleg leiar
Frå Søre Sunnmøre kommunerevisjon IKS møtte:
Namn
Stilling
Bodill Skeide
Revisjonssjef/dagleg leiar
Frå kommuneadministrasjonen:
Namn
Stilling
Wenche Solheim
Rådmann I sak 4.
Andrea Fivelstad
Økonomileiar. I sak 4
Frå politisk hald møtte:
Namn
Verv
Representerer
Representerer
Sak nr
01
02
03
04
05
06
Tittel
Godkjenning av innkalling og sakliste. Møteprotokollen
Godkjenning av møteprotokollen frå siste møte
Meldingar
Oppfølging av Tertialrapport 2. rapport 2014
Byggerekneskap av paviljong Velle skule
Gjennomgang orienteringsbesøk
Arkivkode
033
049
033&18
212
212
033
SAK 01/15
GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE.
MØTEPROTOKOLLEN
Samrøystes vedtak:
1. Innkalling og sakliste vert godkjent. Sak 4 vert teken etter sak 1.
2. Til å skrive under møteprotokollen saman med leiaren vert vald Stig Vinjevoll.
SAK 02/15
GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLLEN FRÅ SISTE MØTE
Vedlegg:
Møteprotokollen frå møtet den 21.10.2014.
Samrøystes vedtak:
Møteprotokollen frå møtet den 21.10.2014 vert godkjent.
SAK 03/15
MELDINGAR
Vedlegg:
1. Avisa Møre. Fylkesmannen varslar tilsyn i barnevernstenesta.
2. Avisa Møre-Nytt. Varslar tilsyn med barnevernet.
3. Avisa Møre-Nytt. Manglar røykvarslarar.
Samrøystes vedtak:
Meldingane 1 – 3 vert tekne til orientering.
SAK 04/15
OPPFØLGING AV TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL 2014
Vedlegg:
Tertialrapport 2. tertial 2014
Saksopplysningar/saksutgreiing:
Kontrollutvalet gjorde i sak 49/14 slikt vedtak:
1. Kontrollutvalet tek tertialrapport 2. tertial 2014 til orientering.
2. Kontrollutvalet meiner tertialrapporten inneheld mykje informasjon, men er lite
oversiktleg. Rapporten bør innehalde informasjon om prognosar for
rekneskapsresultat.
3. Kontrollutvalet ber rådmann og økonomileiar kome i neste møte for å orientere.
…………….
Kontrollutvalet registrerer at tertialrapporteringa har blitt mykje betre. Utvalet har eit ynskje
om å gjere tertialrapporteringa endå meir klar og forståeleg. Ulike tiltak for å få dette til vart
teke opp med rådmann og økonomileiar.
Rådmann og økonomileiar orienterte og svare på spørsmål.
Seksjonsleiarane og einingsleiarane vert etter kvart trekt endå meir inn i arbeidet med
budsjettarbeidet, økonomi- rapportering og økonomistyring generelt.
Usikre faktorar for budsjettprognosane bør klart gå fram i rapporteringa.
Lønskostnader, finanskostnader viktige faktorar.
Samrøystes vedtak:
Kontrollutvalet tek informasjonen som kom fram i møtet til vitande.
SAK 05/15
BYGGEREKNESKAP NY PAVILJONG VELLE SKULE
Vedlegg:
1.
Frå Søre Sunnmøre kommunerevisjon IKS: Uttale i høve byggerekneskap Paviljong
Velle skule, dat. 04.11.2014.
2.
Prosjektrekneskap Ny paviljong Velle skule (rekneark - utskrift frå
kommunerekneskapen.
3.
Saksframlegg til formannskapet/kommunestyret. V/sakshandsamar/Prosjektleiar
Øystein Mårstøl.
4.
Frå investeringar i økonomiplanen. Vedteken i kommunestyret 19.12.2013, sak
111/13.
Saksopplysningar/saksutgreiing:
Kontrollutvalet skal uttale seg før byggerekneskapen vert ferdig behandla i formannskapet og
kommunestyret.
Revisor har gjort ein avgrensa revisjon av byggerekneskapen for Paviljong Velle skule.
Rekneskapen viser ein totalkostnad på kr 2.787.759, inkl. mva. Beløpet er inklusiv intern
prosjektleiing med kr 204.789.
Det går fram av uttalen og økonomiplanen at budsjettvedtaket viser kr 2.800.000. Det er då eit
mindreforbruk på kr 12.241.
Bygningsarbeidet vart gjennomført innafor avtalt tidramme og budsjetter.
I tillegg til revisor sin uttale i høve byggerekneskapen, samt prosjektrekneskapen, vert det til
rådmannen si saksutgreiing med vedlegg for formannskapet/kommunestyret som ligg ved
saka.
Samrøystes uttale:
1.
Kontrollutvalet viser til uttale frå revisor datert 04.11.2014, i høve byggjerekneskapen
for Paviljong Velle skule.
2.
Kontrollutvalet meiner at totalkostnaden for Ny paviljong Velle skule på kr 2.787.759
inkl. mva kan godkjennast.
SAK 06/15
GJENNOMGANG ORIENTERINGSBESØK
Saksopplysningar:
Det var ein gjennomgang/oppsummering av orienteringsbesøk på Vartdal skule og
fleirbrukshall og Vartdal helsetun. Rapportane vert oversendt skulen og helsetunet før
endeleg behandling.
Det vart ikkje gjort vedtak i saka.
Møtet avslutta.
Anne Stine Foldal Aam
Møteprotokollen går til:
Stig Vinjevoll
Kommunestyret som melding.
Kontrollutvalet for godkjenning i neste møte.
Medlemer og varamedlemer i kontrollutvalet.
Revisjonen.