Retningslinjer og rettleiing nynorsk 2015
Transcription
Retningslinjer og rettleiing nynorsk 2015
Kartleggingsprøver 2015 Retningslinjer og rettleiing til skoleeigarar og skoleleiarar Sist oppdatert 20. januar 2015 Nynorsk Innhald 1. OM KARTLEGGINGSPRØVER ........................................................................................... 2 1.1 Formål: Kvifor kartleggingsprøver på 1.-4. trinn? ..................................................... 3 1.2 Kven skal gjennomføre kartleggingsprøver? ............................................................ 3 1.2.1 Ansvarleg for gjennomføringa – obligatoriske kartleggingsprøver ................... 3 1.2.2 Skolar med alternative læreplanar .................................................................... 3 1.2.3 Internasjonale og utanlandske skolar ............................................................... 4 1.2.4 Elevar som får opplæring på ein mellombels opplæringsstad .......................... 4 1.3 Informasjon og spørsmål om prøvene ..................................................................... 4 2. FØR GJENNOMFØRINGA ..................................................................................................5 2.1 Prøvetidspunkt (med fristar) i 2015 ......................................................................... 6 2.2 Individuelt fritak ...................................................................................................... 6 2.2.1 Enkeltvedtak ..................................................................................................... 7 2.3 Hjelpemiddel ........................................................................................................... 7 2.4 Tilrettelegging ......................................................................................................... 7 2.5 Kartleggingsprøver for samiske elevar .................................................................... 8 2.6 Eksempeloppgåver ................................................................................................. 8 2.7 Informasjon til foreldra ........................................................................................... 8 2.8 Bestilling av prøvemateriell..................................................................................... 9 3. UNDER GJENNOMFØRINGA ........................................................................................... 10 3.1 Informasjon om gjennomføring av prøvene ........................................................... 10 3.1.1 Gjennomføring av papirbaserte prøver i lesing og rekning ............................. 10 3.1.2 Gjennomføring av den papirbaserte prøva i engelsk ...................................... 11 3.1.3 Gjennomføring av den elektroniske prøva i digitale ferdigheiter ................... 11 4. ETTER GJENNOMFØRINGA ............................................................................................ 13 4.1 Om oppbevaring og bruk av prøvemateriellet ....................................................... 13 4.2 Resultata i PAS (gjeld berre kartleggingsprøvene i engelsk og i digitale ferdigheiter) ..................................................................................................................... 13 4.3.1 4.3.2 Oppfølging av resultata på skolenivå ............................................................. 14 Oppfølging av resultata på skoleeigarnivå ..................................................... 14 Nytt i 2015 Våren 2015 er det tilbod om ei ny elektronisk kartleggingsprøve i engelsk for 3. trinn. Prøva er frivillig for skolen, men dersom skolen vel å gjennomføre prøva, må alle elevane delta. For å gjennomføre prøva må skolen ha klassesett med hovudtelefonar. Side 2 av 15 1. OM KARTLEGGINGSPRØVER Denne rettleiinga er til skoleeigaren og skoleleiaren. Dokumentet inneheld krav og tips til planlegging, gjennomføring og oppfølging av kartleggingsprøvene på 1.-4. trinn. Det er publisert eigne lærarrettleiingar til kvar av prøvene. 1.1 Formål: Kvifor kartleggingsprøver på 1.-4. trinn? Kartleggingsprøvene på 1.-4. trinn skal gjennomførast for å avdekkje kva for elevar som treng ekstra oppfølging. Det er viktig at desse elevane blir sett tidleg i løpet slik at dei kan få tilbod om den tilrettelegginga dei har krav på. Kartleggingsprøvene er dermed også eit verktøy for å hindre at elevar fell frå seinare i opplæringsløpet. Kartleggingsprøvene på 1.-4. trinn gir ikkje informasjon om alle elevane. Resultata frå prøvene gir berre informasjon om elevar som er rundt eller under ei definert bekymringsgrense. Elevar som har alt rett eller nesten alt rett, er ikkje nødvendigvis spesielt flinke elevar. Derimot treng elevane som hamnar like over eller under bekymringsgrensa, ekstra tilrettelegging. Det er skoleeigaren sitt ansvar at tiltak blir sette i verk for dei elevane som treng ekstra oppfølging og støtte. Skoleeigaren skal spørje etter kva for tiltak som er sette i verk og grunngivinga for dei. Eigenarten ved prøvene inneber at det gir lita meining for skoleeigaren å målstyre etter skolane sine resultat frå kartleggingsprøvene. Kartleggingsprøvene er utvikla i tråd med mål i læreplanen etter 2. og 4. trinn. Dei skal gjennomførast om våren på 1.-4. trinn. Kartleggingsprøvene er utvikla etter føringar i eit rammeverk for prøvene. Det beskriv korleis prøvene blir utvikla, kva slags innhald dei skal ha, og korleis bekymringsgrensene blir fastsette. Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene blir gjennomførte i samsvar med rammeverket. Prøvene blir utvikla av ulike fagmiljø ved universitet og nasjonale senter, og dei blir kvalitetssikra av eksterne forskarar. 1.2 Kven skal gjennomføre kartleggingsprøver? 1.2.1 Ansvarleg for gjennomføringa – obligatoriske kartleggingsprøver Ved offentlege skolar er det skoleeigaren som har det overordna ansvaret for gjennomføringa av kartleggingsprøver i sin kommune. For private skolar med rett til statsstøtte etter privatskolelova har skolestyret det tilsvarande ansvaret for gjennomføringa. Dette følgjer av forskrift til opplæringslova § 2-4 og forskrift til privatskolelova § 2-4. Skoleleiaren er ansvarleg for gjennomføringa av kartleggingsprøver på sin skole etter dei retningslinjene som er gitt i denne rettleiinga. 1.2.2 Skolar med alternative læreplanar Skolar med alternative læreplanar kan søkje Utdanningsdirektoratet om anten å leggje prøvene på eit anna trinn enn det fastsette, eller søkje om fritak frå dei obligatoriske Side 3 av 15 kartleggingsprøvene. Det same gjeld skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning. Ordlyden ”skal kunne søkje” gir ingen automatisk rett til fritak. Skolen må grunngi søknaden ut frå læreplanane. Vi viser til forskrift til opplæringslova § 2-4 tredje ledd og forskrift til privatskolelova § 2-4 tredje ledd. 1.2.3 Internasjonale og utanlandske skolar Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak frå dei obligatoriske kartleggingsprøvene. Vilkåret for å gi fritak er at ”… det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.” Dette kan komme av at dei obligatoriske kartleggingsprøvene vil vere formålslause til dømes på grunn av at elevane ikkje har fått opplæring i aktuelle læreplanar/kompetansemål som kartleggingsprøvene testar. Vi viser til forskrift til opplæringslova § 2-4 fjerde ledd. 1.2.4 Elevar som får opplæring på ein mellombels opplæringsstad Elevar som er på ein mellombels opplæringsstad eller ein institusjon når prøvene blir gjennomførte, skal gjennomføre prøvene på den mellombelse opplæringsstaden. Skolen der eleven eigentleg høyrer heime, skal syte for at opplæringsstaden eller institusjonsskolen får tilgang til prøvene. Opplæringsstaden eller institusjonsskolen er ansvarleg for gjennomføringa og for at prøvesvaret og prøveresultatet blir tilgjengeleg for skolen der eleven høyrer til. 1.3 Informasjon og spørsmål om prøvene Skoleeigaren og skoleleiaren skal gjere seg kjende med informasjon om kartleggingsprøver i denne rettleiinga og ha kjennskap til innhaldet på Utdanningsdirektoratets nettside om kartleggingsprøver (www.udir.no). I tillegg skal skoleeigaren og skoleleiaren kjenne til rettleiingane til lærarane for dei ulike prøvene. Her finst det informasjon om kva prøva måler, og korleis resultata pedagogisk kan følgjast opp etter gjennomføringa. Spørsmål om gjennomføringa av kartleggingsprøver skal rettast tenesteveg. Det vil seie at skoleleiaren skal ta kontakt med sin skoleeigar, og skoleeigaren skal rette spørsmål til utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i sitt fylke. Side 4 av 15 2. FØR GJENNOMFØRINGA I denne delen finn du ei oversikt over ansvaret til skoleeigaren og skoleleiaren før gjennomføringa av obligatoriske og frivillige kartleggingsprøver. Skoleeigaren skal Skoleleiaren skal ha lese denne rettleiinga og sidene om kartleggingsprøver på www.udir.no ha lese denne rettleiinga og vere kjend med rettleiingane til lærarane syte for at skolane kjenner til denne rettleiinga og lærarrettleiingane syte for at lærarane på skolen kjenner innhaldet i lærarrettleiingane syte for at gjennomføringa av kartleggingsprøver i kommunen er i tråd med dei retningslinjene som er gitt i denne rettleiinga syte for at gjennomføringa av kartleggingsprøver på skolen er i tråd med dei retningslinjene som er gitt i denne rettleiinga syte for at skolane har tilstrekkelege tekniske og menneskelege ressursar til å kunne gjennomføre kartleggingsprøvene etter føringane i denne rettleiinga syte for at foreldra er informerte om gjennomføringa, og at foreldrebrosjyren eller infoskriv om frivillige prøver blir delte ut i god tid før gjennomføringa vere tilgjengeleg for skolar i kommunen når dei treng rettleiing og støtte til å førebu gjennomføringa vere tilgjengeleg for lærarane når dei treng hjelp og støtte til å førebu gjennomføringa ha lese brukarrettleiinga til PAS/PGS for gjennomføring av den frivillige prøva i digitale ferdigheiter ha lese brukarrettleiinga til PAS/PGS ved gjennomføring av den frivillige prøva i digitale ferdigheiter ha god kjennskap til PAS/PGS og yte brukarstøtte til sine skolar ved gjennomføring av den frivillige prøva i digitale ferdigheiter ha god kjennskap til PAS/PGS og yte brukarstøtte til sine lærarar ved gjennomføring av den frivillige prøva i digitale ferdigheiter syte for at skolane har fått pakker med prøvehefta og sjekke at tal og målform stemmer halde seg oppdatert på «viktige meldingar» på www.udir.no Side 5 av 15 2.1 Prøvetidspunkt (med fristar) i 2015 I denne tabellen finn du datoar for gjennomføring og fristar. Kartleggingsprøve Gjennomføringstidspunkt Obligatorisk Opnar for eller frivillig påmelding eller bestilling Lesing 1. trinn (papirprøve) Lesing 2. trinn (papirprøve) Lesing 3. trinn (papirprøve) 13. april – 30. april Obligatorisk 13. april – 30. april Obligatorisk 13. april – 30. april Obligatorisk Rekning 1. trinn (papirprøve) 13. april – 30. april Frivillig Rekning 2. trinn (papirprøve) 13. april – 30. april Obligatorisk Rekning 3. trinn (papirprøve) Engelsk 3. trinn (elektronisk prøve med lyttedel) Digitale ferdigheiter 4. trinn (elektronisk prøve) Bestilling frå 2. mars til og med 10. april 2015 13. april – 30. april Frivillig Bestilling frå 2. mars til og med 10. april 2015 2. mars – 20. mars Frivillig Påmelding frå 9. februar 2015 2. mars – 20. mars Frivillig Påmelding frå 9. februar 2015 2.2 Individuelt fritak Kartleggingsprøvene i lesing 1.-3. trinn og rekning 2. trinn er obligatoriske for alle elevar. Høve til fritak er derfor avgrensa. Viss skolen har bestemt at dei skal gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, er prøva obligatorisk for alle elevane på det aktuelle trinnet. Det er berre to kategoriar elevar som skoleleiaren kan vurdere for fritak frå kartleggingsprøvene: elevar som allereie har enkeltvedtak om rett til spesialundervisning etter § 5-1 i opplæringslova, og der det også er klart at resultatet frå prøva som eleven blir friteken frå, ikkje vil ha noko å seie for eleven si opplæring elevar som allereie har enkeltvedtak om rett til særskild språkopplæring for språklege minoritetar etter § 2-8 i opplæringslova, og der det også er klart at resultatet frå prøva som eleven blir friteken frå, ikkje vil ha noko å seie for eleven si opplæring Side 6 av 15 Dette inneber at elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning eller særskild språkopplæring ikkje automatisk skal få fritak frå kartleggingsprøvene. Skoleleiaren skal i samråd med læraren gjere ei særskild og individuell vurdering av om resultata til elevar med enkeltvedtak kan vere nyttige når læraren skal leggje til rette for opplæringa. Fritak skal skje etter alminnelege krav til forvaltninga, mellom anna kravet til likebehandling og klagerett. Skolen kan gjere vedtak om fritak utan ein formell søknad frå eleven/foreldra, men dei skal få høve til å uttale seg før eit slikt vedtak blir gjort. Sjølv om ein elev oppfyller vilkåra for fritak, kan eleven sjølv eller foreldra likevel bestemme at eleven skal gjennomføre prøva. Denne avgjerda kan ikkje skolen eller kommunen overprøve eller klage på. Dette står i § 2-4 første og andre ledd i forskrift til opplæringslova og privatskolelova. Elever som er sjuke på prøvedagen, eller som har anna fråvær, skal få høve til å ta prøva i ettertid. 2.2.1 Enkeltvedtak Avgjerda om fritak frå kartleggingsprøver er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette inneber mellom anna at vedtaket skal komme i god tid før prøva vere skriftleg og grunngitt gi informasjon om høve til å klage seie kva for prøve det er gitt fritak frå vise til heimel i lovverket 2.3 Hjelpemiddel Ved alle kartleggingsprøvene – med unnatak av kartleggingsprøva i digitale ferdigheiter på 4. trinn - skal elevane ha penn og papir tilgjengeleg. Dette er dei einaste hjelpemidla elevane kan ha under gjennomføringa. 2.4 Tilrettelegging Enkelte elevar kan ha behov for spesiell tilrettelegging i samband med gjennomføringa av ei kartleggingsprøve. Skolen skal syte for all slik tilrettelegging. Skolen må leggje behovet til den enkelte eleven til grunn for spesielle ordningar. Det er viktig at tilrettelegginga ikkje har ei form eller eit omfang som påverkar resultatet og gjer det mindre reelt. Punktskriftbrukarar Kartleggingsprøver i lesing og rekning finst i punktskriftversjonar på papir. Skolar med elevar som treng punktskriftversjonar, kan bestille prøvene frå: Statped midt, [email protected], telefon 02196 Teiknspråkbrukarar Kartleggingsprøver i lesing og rekning er tilrettelagde for teiknspråkbrukarar. Skolar som ønskjer å bestille instruksjonsvideoar til prøvene, kan bestille dei frå: Statped midt, [email protected], telefon 02196 Side 7 av 15 2.5 Kartleggingsprøver for samiske elevar Kartleggingsprøvene i rekning og lesing er omsette og tilpassa nord-, sør- og lulesamisk. Dei obligatoriske prøvene blir sende direkte til skolane, men skolane må sjølve bestille dei frivillige prøvene. Sjå informasjon om bestilling under punkt 2.8. 2.6 Eksempeloppgåver Eksempeloppgåver viser oppgåvetypar som blir brukte i prøvene. Formålet med at elevane skal gjennomgå desse oppgåvene, er at dei skal bli kjende med oppgåveformatet og bli trygge på prøvesituasjonen før dei gjennomfører prøva. Eksempeloppgåver som er tilgjengelege på nettsidene våre (www.udir.no): Frivillig elektronisk kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter på 4. trinn. Frivillig elektronisk kartleggingsprøve i engelsk på 3. trinn, lyttedel og lesedel. Frivillig kartleggingsprøve i rekning på 1. trinn. Formålet med eksempeloppgåvene er at både elevar og lærarar skal få moglegheit til å øve på å gjennomføre oppgåver etter ein bestemt instruks og på tid. Kartleggingsprøvene i lesing på 1.-3. trinn og i rekning på 2. og 3. trinn har ikkje eksempeloppgåver. Inne i sjølve prøvehefta er det eksempel til alle oppgåvetypane slik at elevane får høve til å sjå korleis dei blir løyste før dei skal jobbe sjølvstendig. Det er oppgåva til læraren å forsikre seg om at alle elevane har forstått instruksen før elevane set i gang med oppgåvene på eiga hand. 2.7 Informasjon til foreldra Utdanningsdirektoratet publiserer kvart år ein informasjonsbrosjyre om kartleggingsprøvene i lesing og rekning til foreldra. Brosjyren finst i trykt versjon på bokmål og nynorsk og blir send til skolane automatisk saman med prøvehefta i lesing og rekning. Brosjyren er omsett til samisk (nord-, sør- og lulesamisk) og engelsk. Dei kan lastast ned som pdf-filer frå Utdanningsdirektoratets nettside. Brosjyren blir publisert i god tid før prøvegjennomføringa av kartleggingsprøvene i lesing og rekning. Skolene kan få mer informasjon om de frivillige prøvene i engelsk og digitale ferdigheter fra våre nettsider (www.udir.no). Side 8 av 15 2.8 Bestilling av prøvemateriell Dei obligatoriske prøvene blir sende automatisk, og dei frivillige prøvene må bestillast av skolen via eit bestillingsskjema på Utdanningsdirektoratets nettsider. Skolen bestiller dei frivillige prøvene på nettskjema som du finn her: http://www.udir.no/Vurdering/Kartlegging-gs/#Bestilling-av-prover Dersom skolen… ikkje har fått prøvehefta to veker før gjennomføringa, har fått for få prøvehefte, eller fått prøvehefte på feil målform, skal skolen sende ei etterbestilling via nettskjemaet. Side 9 av 15 3. UNDER GJENNOMFØRINGA I denne delen finn du ei oversikt over det ansvaret skoleeigaren og skoleleiaren har under gjennomføringa av kartleggingsprøvene. Skoleeigaren har ansvar for gjennomføringa Skoleleiaren har ansvar for at av kartleggingsprøver i sin kommune. Dette inneber: å syte for at skoleleiarane får viktig informasjon i god tid før gjennomføringa å syte for at alle skolane har tilstrekkeleg med teknisk utstyr og tekniske og menneskelege ressursar for å kunne gjennomføre prøvene å ha eit velfungerande system for brukarstøtte for den elektroniske prøva gjennomføringa går som ho skal på skolen. Dette inneber: å syte for at det er sett av tid i timeplanen til gjennomføringa å vere tilgjengeleg for lærarane og støtte dei under gjennomføringa å syte for at alle elevane som skal gjennomføre den elektroniske prøva på eigen skole, er registrerte i PAS å ha testa datamaskiner og nettverk på skolen, og ha eit system for brukarstøtte – sjå eigne punkt i brukarrettleiinga til PAS/PGS 3.1 Informasjon om gjennomføring av prøvene Kartleggingsprøva i digitale ferdigheiter på 4. trinn er ei elektronisk prøve, mens prøvene i lesing, rekning og engelsk er papirbaserte. Her kan du lese meir om dei ulike prøvene. 3.1.1 Gjennomføring av papirbaserte prøver i lesing og rekning Kartleggingsprøvene i lesing og rekning er papirbaserte. Dei obligatoriske prøvene blir sende til skolen automatisk. Prøvene blir sende til skolen om lag to veker før prøvegjennomføringa. Skoleleiaren er mottakar av pakka. Talet på prøver og målform står utanpå konvolutten. Talet på prøver i pakka er basert på tal frå GSI. Skoleleiaren må kontrollere at talet på prøvehefte er rett, og at dei er på rett målform. Hvis noe mangler i prøvesendingen, skal skolelederen sende bestilling via nettskjema på http://www.udir.no/Vurdering/Kartlegging-gs/#Bestilling-av-prover De frivillige prøvene i regning på 1. og 3. trinn må skolen selv bestille. Se punkt 2.8. Lærerne som er ansvarlige for prøvegjennomføringen, må ha satt seg godt inn i veiledningsmateriellet som er publisert på www.udir.no og Instruksjon for gjennomføring som er publisert i PAS (https://pas.udir.no) i forkant av prøvegjennomføringen. Kartleggingsprøvene i lesing på 1. -3. trinn måler ferdigheiter som dannar grunnlaget for god lese- og skriveutvikling. Prøvene speglar av progresjonen i utviklinga av leseferdigheit: frå språkleg bevisstheit, via bokstavkunnskap og ordlesing, til å lese ulike typar tekstar med samanheng og forståing. Side 10 av 15 Det bør setjast av ca. 60 minutt til gjennomføringa av kartleggingsprøvene i lesing. Nokre av delprøvene skal gjennomførast innafor ei tidsramme, og det er viktig å følgje denne ramma. Kartleggingsprøvene i rekning på 1. – 3. trinn måler i kva grad omgrepsforståing og rekneferdigheiter hos elevane er i samsvar med læreplanen sine mål for grunnleggjande ferdigheiter i rekning. Prøvene inneheld oppgåver innafor fire tema: teljeferdigheiter, talomgrep, talrekkja og tallinja og rekneferdigheiter. Det skal setjast av ca. 60 minutt til gjennomføringa av kartleggingsprøvene i rekning. Prøvene bør gjennomførast med ein pause på minst 10 minutt, men kan gjerne gjennomførast over to dagar. I instruksjonsdelen står det når ein bør ta pause. Alle delprøvene i rekning skal gjennomførast innafor ei gitt tidsramme, og det er viktig å følgje denne ramma. 3.1.2 Gjennomføring av den papirbaserte prøva i engelsk Kartleggingsprøva i engelsk på 3. trinn måler hovudsakleg elevane sine ferdigheiter i å kjenne att og forstå kjende og daglegdagse ord og uttrykk, munnleg eller skriftleg. Dette er det første trinnet i utviklinga av lese- og lytteferdigheiter på eit framandspråk. Prøva består av to delar: ein lyttedel og ein lesedel. Det skal settes av ca. 45 minutter til gjennomføringen av kartleggingsprøven i engelsk. Lytteprøven tar ca. 15 minutter, mens lesedelen tar ca. 30 minutter. Lytte- og lesedelen kan gjennomføres hver for seg på forskjellige dager eller på samme dag, med en pause mellom de to delene. For å gjennomføre lyttedelen trenger skolen hodetelefoner til hver datamaskin. 3.1.3 Gjennomføring av den elektroniske prøva i digitale ferdigheiter Den elektroniske kartleggingsprøva i digitale ferdigheiter på 4. trinn skal gjennomførast i Utdanningsdirektoratets prøvegjennomføringssystem (PGS-C). Detaljert informasjon om gjennomføring av prøver i PGS-C finn ein i brukarrettleiinga til PAS/PGS som er publisert på våre nettsider. Elevane skal logge seg på den elektroniske prøva på https://pgsc.udir.no Pålogginga føreset at brukarnamn og passord som elevane skal bruke for å gjennomføre dei elektroniske prøvene, er henta frå PAS. I tillegg treng eleven eit dagspassord. Dette er nærmare omtalt i brukarrettleiinga for PAS/PGS. Prøva må gjennomførast innanfor dei fastsette vekene, sjå punkt 2.1 oversikt over prøvetidspunkt. Den elektroniske prøva er open for gjennomføring mellom klokka 08.00 og 17.00. Innafor denne tidsramma kan skolen sjølv velje tidspunkt for prøvegjennomføringa. Skolen bør planleggje gjennomføringa av den elektroniske prøva, der det mellom anna blir teke omsyn til kapasiteten i det lokale nettverket og hos skoleeigaren som skal gi brukarstøtte. Det er skoleeigaren som har ansvar for å gi skolane brukarstøtte. Skoleeigaren kan kontakte Fylkesmannen i sitt fylke dersom det er nødvendig. Side 11 av 15 Skolen skal organisere avviklinga slik at elevane ikkje kan sjå på prøvene til kvarandre under gjennomføringa. Prøvetida for digitale ferdigheiter på 4. trinn er 45 minutt. Side 12 av 15 4. ETTER GJENNOMFØRINGA I denne delen finn du ei oversikt over ansvaret til skoleeigaren og skoleleiaren etter gjennomføringa av kartleggingsprøvene. Skoleeigaren skal Vurdere om enkelte skolar treng særskild støtte til å følgje opp resultata. Sjå til at skolane bruker resultata formålstenleg. Skoleleiaren skal Følgje opp resultata på skolenivå i det lokale utviklingsarbeidet. Leggje til rette for at lærarar følgjer opp elevar som kjem under bekymringsgrensa. Syte for at foreldra til dei elevane som kjem under bekymringsgrensa, får tilbakemelding om resultata og informasjon om vidare tiltak, og at dette blir sett i samanheng med annan relevant vurderingsinformasjon som læraren har frå før. 4.1 Om oppbevaring og bruk av prøvemateriellet Skolane kan sjølve bestemme om elevane sine svar skal arkiverast eller makulerast etter at det pedagogiske arbeidet med prøva er avslutta. Skolane kan ikkje publisere oppgåver, tekstar eller illustrasjonar frå prøvene fordi prøvene inneheld rettsbeskytta materiell. Prøvene har ei levetid på ca. fem år før dei blir reviderte. Det er derfor dei same prøvene som blir gjennomførte fleire år på rad. Tidlegare gjennomførte prøver må ikkje brukast til å øve på årets gjennomføring da formålet med prøvene ville falle bort. 4.2 Resultata i PAS (gjeld berre kartleggingsprøvene i engelsk og i digitale ferdigheiter) Dagen etter gjennomføringa av den elektroniske kartleggingsprøva i engelsk og den elektroniske kartleggingsprøva i digitale ferdigheiter kan læraren hente ut ulike resultat for å kunne jobbe pedagogisk og fagleg med prøvene. Læraren kan også klikke seg gjennom elevsvara. Sjå lærarrettleiinga for ytterlegare informasjon om korleis dette skal gjerast. 4.3 Oppfølging av resultata Resultata frå kartleggingsprøvene skal ikkje rapporterast til Utdanningsdirektoratet. Prøvene er ikkje utvikla for å samanstille resultata på høgare nivå. Prøvene skal brukes i klasserommet og på skolen slik at enkeltelever med ekstra utfordringer oppdages tidlig i opplæringen og oppfølging/tiltak kan iverksettes. Side 13 av 15 NB! Resultata på kartleggingsprøvene på 1.-4. trinn gir berre informasjon om elevane hamnar over eller under ei bekymringsgrense. Prøvene er utvikla spesielt for å finne dei elevane som treng ekstra oppfølging, og ikkje for å gi informasjon om heile elevgruppa. 4.3.1 Oppfølging av resultata på skolenivå I lærarrettleiinga som er laga til kvar prøve, er det ein eigen del om oppfølging av resultata og spesielt om oppfølging av dei elevane som hamnar under bekymringsgrensa. Foreldra til elevar som treng ekstra oppfølging, skal få tilbakemelding om resultata frå kartleggingsprøva og informasjon om kva tiltak skolen set i verk. 4.3.2 Oppfølging av resultata på skoleeigarnivå Det er skoleeigaren sitt ansvar at kartleggingsprøvene blir gjennomførte i tråd med fastsette retningslinjer. Skoleeigaren skal også sjå til at resultata blir følgde opp, og at elevar som hamnar under bekymringsgrensa på kartleggingsprøver, får nødvendig og tilpassa oppfølging. Skoleeigaren skal/bør spørje etter kva for tiltak/kva for oppfølging skolen har sett i verk på bakgrunn av resultata frå kartleggingsprøvene. Side 14 av 15 ø Schweigaards gate 15 Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Telefon 23 30 12 00 utdanningsdirektoratet.no e2