Referat frå SU/SMU Gol ungdomsskule 13.11.14
Transcription
Referat frå SU/SMU Gol ungdomsskule 13.11.14
Medlemer i Samarbeidsutvalet/Skulemiljøutvalet ved Gol ungdomsskule Dykkar ref. Vår ref. 14/03726-1 Gol kommune Dato 26.11.2014 Referat frå SU/SMU Gol ungdomsskule 13.11.14 SAMARBEIDSUTVALET/SKULEMILJØUTVALET VED GOL UNGDOMSSKULE 2014 -2015 Foreldrerepresentant: Trude Børtnes Foreldrerepresentant: Erik Steinbråten Foreldrerepresentant/SMU medl: Sonja Ingebrigtsen Vara/foreldrerep: Eva D. Rust Gol kommune, politikar: Kristin Bakke Haugen Elevrepresentant: Jørgen Hesla Berget Pedagogisk pers: Camilla Larsen Hoftun Andre tilsette: Ingrid Espedokken Gol kommune: Svein Hesla Gol kommune/rektor: Britt Vikane Saker: 1. 2. 3. 4. 5. Konstituere SU/SMU utvalet 2014 - 2015 Handlingsplan og økonomiplan 2015 - 2016 Psykososiale arbeidsmiljøet ved skulen Satsing på MOT og Kjærlighet og grenser Eventuelt Referat frå SMU-møtet 13.11.14. Til stades: Jørgen Hesla Berget, Erik Steinbråten, Kristin B. Haugen, Camilla Larsen Hoftun, Trude A. Børtnes, Ingrid M. Espedokken, Svein Hesla, Sonja Ingebrigtsen, Britt Vikane Gamlevegen 4, 3550 Gol www.gol.kommune.no [email protected] Tlf.: Faks: 32 02 90 00 32 02 90 10 Bankgiro: 2324 05 00051 Orgnr: 00964952612 Sak 1 -2014 -2015 Val Konstituering Leiar SU/SMU skuleåret 2014 -2015: Trude A. Børtnes Nestleiar: Erik Steinbråten SMU representant: Sonja Ingebrigtsen Vara SMU: Eva D. Rust Sak 2 – 2014 -2015 Handlingsprogram og økonomiplan 2015/2016 Det vil frå og med august 2015 vere 1 klasse mindre ved skulen. Etter planen sparar dette skulen for om lag 1.1 mill kroner i lønsutgifter – frå august 2015 – til august 2016. Desse midlane må inn i budsjettet att frå 2016, då det vil auke med ein klasse. Skulen investerer lite i inventar og utstyr elles og prøver å spare der det er mogleg. Rektor har utarbeidd ein tenestekatalog for GUS, med ei oversikt over alle tenester skulen gir tilbod om, både lovpålagte og ikkje lovpålagte tenester. Når det gjeld behovet for spesialundervisning er det til dels uførutsigbart med omsyn til utgifter. Sak 3 og 4 – 2014 -2015 Psykososialt arbeidsmiljø ved skulen Rektor gjer greie for mobbestatistikk og omtale i Hallingdølen. Statistikken det er referert til i Hallingdølen er basert på dei siste 5 åra. Trass i tilbakegang dei siste åra er det naudsynt med tiltak. Det blir iverkatt tiltak for redusere mobbeproblematikken. Rektor orienterer om eit nytt program, Kjærlighet og Grenser. Programmet skal styrke ungdommen sin sosiale kompetanse, bygge gode foreldrenettverk og bidra til eit godt samarbeid heim/skule. Dette er ei kommunal satsing der Gol ungdomsskule samarbeider med helsepersonell i kommunen. Programmet vil bli sett i gang på 8. trinnet januar 2015. MOT- arbeidet vil halde fram. Nye Mot informatørar er Finn Terje Bøe og Anette Black. Gøran Bråten held fram som Mot informatør. Det skal setjast i gang med ART –grupper på dei ulike trinna. Gol ungdomsskule har jamlege tverrfaglege møter der vi diskuterer kva vi som skule kan gjere for å redusere problemåtferd, og korleis vi kan skape eit trygt skulemiljø ved gol ungdomsskule. I haust har vi hatt fleire tilfelle av tjuveri ved skulen, sakene er meldt til politiet. På neste møte vil tala frå elevundersøkinga 2014 vere klare Sak 5 -2014 -2015 Eventuelt Elevrådet Elevrådet er eit viktig organ for å få uttalt seg om ting dei er opptekne av. Elevrådet har jamlege møter og møter med rektor etter behov. Elevane ved skulen saknar fruktordninga, og har no ei prøveordning med sal av frukt i kantina. Med helsing Britt Vikane rektor Med helsing Britt Vikane rektor Godkjent og ekspedert uten underskrift Kopi til: