møteboka.
Transcription
møteboka.
EID KOMMUNE Teknisk-og samfunnsutval HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.04.2016 Møtetid: Kl. 10:00 – 12:20 Møtestad: Hertugen, Operahuset Saksnr.: 037/16 - 046/16 Forfall meldt frå følgjande medl. Sigrunn Stokkenes Grethe Dahl Sandven Parti Krf V Følgjande varamedl. møtte Petter Bakke Jon Martin Holmøy Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Parti Krf V Alf Reidar Myrstad Kommunalsjef Elin Leikanger, plan- og utviklingssjef Kristine Dahl Nikolai Åshamar var fråverande i sak 37 - 41. Underskrifter: Kirsti Orvik Olsen Alf Reidar Myrstad Torbjørn Leivdal Sakliste Sak nr. Saktittel 037/16 Godkjenning av innkalling og saksliste 038/16 Godkjenning av møteprotokoll 039/16 Referatsaker 040/16 Orienteringssaker til teknisk- og samfunnsutvalet 2015-2019 13.04.2016 041/16 Reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor Endring ved Nor bru - Vedtak 042/16 Endring - Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket og næringsog miljøtiltak i skogbruket 2013-2016 043/16 Årsrapport 2015 Eid kommune 044/16 Namnsetjing på friluftsområde Nordøyrane 045/16 Finansiering kryss Fossevegen - Skulevegen 046/16 Endring i føresegner til reguleringsplan for Nordfjordeid sentrum Område F/K/B1 EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Saksnr 037/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Innkalling og sakliste 13.04.2016 vert godkjent. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL TSU-037/16 VEDTAK: Som tilrådinga. Samrøystes. Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/843 EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 Saksnr 038/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/844 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Møteprotokollen frå møte 18.03.2016 vert godkjent. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL TSU-038/16 VEDTAK: Møteprotokollen frå møte 18.03.2016 vert godkjent, med korrigering av møtestad til Valhall. EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 Saksnr 039/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/842 REFERATSAKER Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/3939 I 16.03.2016 Volda kommune 2 16/2860 U 02.03.2016 3 16/4289 I 31.03.2016 Sogn og Fjordane Skogselskap Stryn kommune 4 16/4723 U 11.04.2016 Teknisk- og samfunnsutvalet 5 16/4354 U 08.04.2016 Direktoratet for mineralforvaltning RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Volda - Samfunnsdelplan for Offentleg ettersyn Årsmelding for skogbruket i Eid kommune 2015 Stryn kommune - Melding om oppstart av kommunal planstrategi 2016-2020 Oppfølging av vedtak i teknisk- og samfunnsutvalet 2015-2019 - 13.04.2016 Uttale - Høyring av søknadom driftskonsesjon Lund i Eid kommune 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL TSU-039/16 VEDTAK: Som tilrådinga. Samrøystes. EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 Åslaug Krogsæter Saksnr 040/16 Arkiv: 033 Objekt: Saksansv. ÅKR Arkivsaknr 15/1867 Orienteringssaker til teknisk- og samfunnsutvalet 2015-2019 - 13.04.2016 RÅDMANNEN SI TILRÅDING: ……. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL Det vart ikkje lagt fram orienteringssaker. TSU-040/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Asbjørn Tverberg Arkiv: Objekt: Saksnr 041/16 L12 Saksansv. ATV ATV Arkivsaknr 14/1990 Reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor Endring ved Nor bru - Vedtak Prenta vedlegg: 1. Planomtale med føresegner 2. Plankart 3. Samandrag og vurdering/oppfølging av merknadar i planarbeidet 4. Uttaler til planforslaget: a. NVE b. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane c. Eid elveeigarlag d. Grunneigarar og naboar e. Statens vegvesen Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova (pbl.) Kva saka gjeld: Vedtak av forslag til endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru. Bakgrunn for saka: Reguleringsplanen for gang- og sykkelveg langs rv15 Mogrenda – Nor skal sikre trygg ferdsel for gåande og syklande i dette trafikkfarlege området. Gjennom vidare prosjektering etter at reguleringsplanen var vedteken, synte det seg at fundamenteringsmåten som var føresett ville vera usikker når det gjeld konstruksjonsstyrken, og det ville vera fare for at det gamle brukaret måtte rivast for å kunne byggje gangbrua. Målet med endra trasé for gangbrua er såleis å få ei sikrare fundamentering og å få betre avstand mellom ny gangbru og det gamle verneverdige brukaret. Med bakgrunn i dette varsla Asplan Viak AS endring av reguleringsplanen på vegne av Statens Vegvesen. Planforslaget har vore ute til offentleg ettersyn i perioden 14. januar 2016 til 25. februar 2016, jf. teknisk- og samfunnsutvalet sitt vedtak i møtet 13. januar 2016, i TSU-sak 005/16. Sjå samandrag av uttaler og vurdering av uttalene under saksutgreiinga. Saksutgreiing: Planområdet er utvida austover i høve til gjeldande plan. Dette for å få med naudsynt areal til eventuell flytting av gytebekken som er omtala i planen. (Planomtalen er noko misvisande på dette punktet, og omtalar berre ei lita utviding sør for fv 663) I kommuneplanen sin arealdel er delar av området sett av til område der reguleringsplan skal gjelde før arealdelen, resten av området er sett av til veg og LNF-område. Forslaget til endring omfattar veg med tilhøyrande anlegg, og samsvarar såleis med vedteken overordna arealbruk for Eid kommune. Detaljreguleringsplanen skal regulere bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader, jf. plan- og bygningslova § 12-1 første ledd. Forslag til endring av reguleringsplanen Sjå vedlagt planomtale med føresegner og plankart for meir informasjon om planforslaget. Detaljreguleringsplanen som har vore til offentleg ettersyn ser slik ut, jf. vedlagt plankart: Innkomne uttaler ved offentleg ettersyn I samband med offentleg ettersyn kom det inn fem uttaler til planforslaget. Uttalene ligg i sin heilskap ved saksutgreiinga, og under er det gitt eit kort samandrag av relevante merknadar til planforslaget og vurdering av planforslaget opp i mot uttalene. 1. NVE, 10.02.2016: NVE ber om at konklusjonen, konkrete råd knytt til kotehøgd og føresetnadar for dette, frå SWECO sin rapport vert innarbeidd i føresegnene til planen. Utover dette meiner NVE at planforslaget i det alt vesentlege har følgt opp dei omsyna som NVE tidlegare har spelt inn. Kommentar: NVE sin merknad vert teken til følgje. 2. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 24.02.2016: Fylkesmannen tilrår at SFE Nett sin kabel vert flytta til den nye brua. Fylkesmannen har ikkje fått høve til å vurdere samfunnstryggleik og beredskap i samband med planforslaget. Utover dette har fylkesmannen ingen avgjerande merknadar til planforslaget. Kommentar: Reguleringsplanen tek ikkje stilling til plassering av kabel og innspelet vert difor sendt vidare til Statens vegvesen, som må vurdere dette i samband med gjennomføringa av reguleringsplanen. 3. Eid elveeigarlag v/Per Ingvar Langeland, 23.02.2016: Eid elveeigarlag ber om at all graving vert gjort på ei tid av året som gjev minst mogeleg skade for fisk og gyteplassar og at SFE Nett sin kabel vert flytta til den nye brua Kommentar: Elveeigarlaget sin merknad vedk. tid for anlegg er allereie teken i vare, jf. A.2 i føresegnene. 4. Grunneigarar og naboar, 24.02.2016: Dei har merknad til fleire punkt i planframlegget: Gangbruplanane Merknadar frå grunneigarane/naboar: I merknaden vert det vist til planomtalen, der det står at søre landkaret til gangbrua skal plasserast 8 m frå elvebreidda. Dei meinar at landkaret på flyttast sørover til parkeringsplassen. Dette fordi dei meinar at det er mogleg å byggje eit flaumgjennomløp gjennom riksvegfyllinga sør for kanalen til Meieri-åda, og ei ny bru nedstraums den eksisterande ikkje må kome i vegen for ekstra opning og flaumføring. Dei viser til at slik riksvegbrua er konstruert, med fyllingar fram mot eit bruspenn på 20 m, er gjennomstrøymingsarealet sterkt redusert i høve til opphavleg – naturleg – gjennomstrøymingsareal, og at dette fører til flaumproblem for busetnaden kring Hornindalsvatnet, t.d. på Grodås i Hornindal kommune. Dei ønskjer også at skadar på kanalen til Meieri-åda i samband med bruarbeid i 1963 må rettast opp i samband med arbeid i/ved elva, og før ny gangbru gjer tilkomst problematisk. Landkar og parkeringsplass må utførast i tørrmur eller forblendast med naturstein. Dette for å harmonere med murane på riksvegbrua. Kommentar til merknad til gangbruplanane: Tryggleik mot flaum er ei problemstilling som er vorte veldig aktuell den siste tida. Tidlegare tiders tiltak langs vassdrag rundt om i landet har medført at skadane ved flaum har vorte større enn dersom oppfløyming hadde vore teke omsyn til ved planlegging og bygging. Det er difor viktig at ein ved nye tiltak ikkje forsterkar eventuelle flaumproblem som eksisterande tiltak måtte føre med seg. Dersom det er teknisk mogleg, bør ein også søkje å utbetre eksisterande inngrep, slik at ein kan dempe skadeverknadane av flaum så godt som råd. Så vidt Rådmannen kan sjå, kan etablering av eit flaumgjennomløp i riksvegfyllinga ikkje gjennomførast utan inngrep i den verneverdige muren. Dette kan difor vanskeleg gjennomførast. Det er likevel eit poeng at dersom Hornindalsvatnet skulle vekse såpass at vatn strøymer over både bru og fylling, så bør ikkje vatnet møte endå ei hindring like nedanfor. Planframlegget er nokså uklart m.o.t. utforminga av rasteplassen. Det går ikkje fram av dokumenta om rasteplassen skal vere på nivå med parkeringsplassen, eller om den skal leggast på eksisterande terreng. Dersom det siste er tilfelle, vil Rådmannen tilrå at brua vert lagt på pilar der landkaret er foreslått plassert, og med eit nytt spenn inn til landkar i flukt med parkeringsplassen, slik som grunneigarane foreslår. Planframlegget viser ikkje plassering av brukar verken i elva eller på elvebreidda. Brukar kan visast på plankart som juridisk punkt med RpJurPunkt = 1251 – Brukar. Dette medfører at plassering av brukara er juridisk bindande, slik at ei eventuell flytting av brukar må handsamast som endring av plan. Dette er nok årsaka til at brukar ikkje er vist i planframlegget, men det medfører også at ein ved utbygging står friare m.o.t. plassering av brukara. Rådmannen tilrår difor ikkje noko endring i planframlegget, men at signalet vert sendt til vegvesenet om at dei søkjer ei så stor gjennomstrøymingsopning som råd under Busslomma Merknadar frå grunneigarane/naboar: Dei meinar vidare at plasseringa av busslomma i svingen medfører fare for dei som står og ventar på bussen. Dei viser til at erfarne sjåførar av tyngre køyrety meinar at dette vegstykket er eit utsett område der tyngre køyrety kan kome ut av kontroll på veg austover. Dei meinar at busslomma må plasserast annan stad, eventuelt i område vist på skisse vedlagd til brevet. Kommentar til merknad til busslomma: Den føreslegne løysinga til grunneigarane medfører at bussjåføren må svinge av riksvegen og inn på busstoppet for i heile teke å sjå om der er folk som skal vere med bussen. Rådmannen legg til grunn at vald løysing bygger på vegnormalen til Statens vegvesen og kan såleis vanskelig tilrå noko endring på dette punktet. Rådmannen vil be vegvesenet om å sjå på om dei kan få til ei betre løysing på busstoppet, og handsame dette som ei endring av planen ved eit seinare høve. Gardsvegane SKV3 og SKV4 Merknadar frå grunneigarane/naboar: Dei ber om at gardsveg SKV3 får maks stigning 3 %. Dette medfører at vegen vert liggande på fylling store delar av strekninga. Dei meiner også at vegen bør trekkast nærare eksisterande veg der den passerar busslomma, og ved å fjerne busslomma kan gardsvegen knyttast til eksisterande veg tidlegare. Avkøyrsla til SKV4 meinar dei må dimensjonerast for store bilar, SP. Kommentar til merknad til gardsvegane SKV3 og SKV4: Rådmannen legg til grunn at SKV3 er lagt slik for å gi plass til fylling. Det vert difor ikkje foreslått noko endring her. Rådmannen finn ikkje noko dimensjonerande køyrety SP i Statens vegvesen si handbok N100 – Veg- og gateutforming. Tilkomst til Eidselva Merknadar frå grunneigarane/naboar: Denne er ein gammal sedvanerett og einaste tilkomst til den stilleflytande delen av vassdraget for ein del av grunneigarane, og er brukt både til sjøsetting og ilandhaling av båtar og anna flytande. Dei meinar difor at den må oppretthaldast som køyrbar. Kommentar til merknad til tilkomst til Eidselva Ein reguleringsplan regulerer ikkje privatrettslege tilhøve, men arealbruk. Ut frå trafikktryggleiksomsyn kan ein ikkje tilrå ei avkøyrsle slik grunneigarane ynskjer. Grunneigarane må eventuelt gå i dialog med Statens vegvesen om å få etablert ein tilkomst til Eidselva annan stad, som erstatning for den dei har hatt til no. Dette vert som nemnt privatrettsleg og vert ikkje ein del av reguleringssaka. Fartsskilting Merknadar frå grunneigarane/naboar: Meinar at det må takast omsyn til fartsskilting også frå vegkrysset og langs fv 663. Trafikken har dei siste åra auka på denne vegen med etablering av betongfabrikk og elles auka gjennomgangstrafikk av ukjende som brukar GPS-navigering. Kommentar til merknad til fartsskilting: Skilting er ikkje tema i reguleringsplan. Merknaden vert sendt til Statens vegvesen for vurdering av fartsgrenser i området. 5. Statens vegvesen, 25.02.2016: Statens vegvesen ber om at det i planarbeidet vert teke stilling til tiltaka som er fremja i TSrapporten dersom dette ikkje er gjort. Det bør vurderast krav om konkrete tiltak i føresegnene § 5.2.2. Vegvesenet syner til at gangtilkomst til Hornindalsvatnet ikkje treng å visast på plankartet og at den bør vurderast nærare då den kan vere uheldig i forhold til trafikktryggleik/kryssing av køyreveg. Siktforholda i avkøyrsler må i planen sikrast å vere i samsvar med gjeldande krav. Tilfredsstillande rekkverk må omtalast og innarbeidast i planforslaget. Også andre merknadar nemnt i TS-rapporten må følgjast opp dersom det ikkje er gjort. Kommentar: Det er Statens vegvesen som fremjar planendringa. Dei må sjølve vurdere om planen tek nok omsyn til TS-rapporten, og kome med konkrete framlegg til endringar dersom dei finn det naudsynt. Økonomiske konsekvensar: Dette er Statens vegvesen sitt forslag til endring av reguleringsplan og vedtaket inneber difor ikkje økonomiske konsekvensar for kommunen. Vurdering: Rådmannen meiner at Statens vegvesen sitt planforslag er utarbeidd i samsvar med overordna plan, plan- og bygningslova og at naudsynte vurderingar er gjort. Ved utarbeiding av reguleringsplanar vil mange og til dels motstridande interesser gjere seg gjeldande. Reguleringsplanen legg til rette for gang- og sykkelveg for ålmenta og private eigeninteresser må få av og til vike. Rådmannen kan ikkje sjå at det ligg føre avgjerande moment for at reguleringsplanen ikkje kan godkjennast slik den ligg føre, men vil som nemnt ta vidare innkomne innspel og argument til Statens vegvesen. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru, vedteken slik den ligg føre med følgjande endring: 1. Følgjande vert føya til i § 5.2.2 i føresegnene: «Underkant brudekke skal vere minimum 0,5 m over nivå på 200-årsflaum.» 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL TSU-041/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru, vedteken slik den ligg føre med følgjande endring: 1. Følgjande vert føya til i § 5.2.2 i føresegnene: «Underkant brudekke skal vere minimum 0,5 m over nivå på 200-årsflaum.» Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 Stanislawa Voldsund Arkiv: Objekt: Saksnr 042/16 V72 Saksansv. STV Arkivsaknr 13/600 Endring - Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket og næringsog miljøtiltak i skogbruket 2013-2016 Prenta vedlegg: Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket Eid kommune 2013 – 2016 Overordna retningslinjer og rammeløyvingar NMSK-skogkultur og andre tilskotsordningar 2016 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Forskrift av 4. februar 2004 nr. 447 om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket Retningsliner for revisjon av kommunal tiltaksstrategi Kva saka gjeld: Endring av maksimal prosentsats for nyplanting av skog i Eid kommune fastsett i Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket Eid kommune 2013 – 2016 Bakgrunn for saka: Tiltaksstrategien er fireårig, og siste revisjon av tiltaksstrategien vart vedteken i mars 2013. Oppstart med revisjon av tiltaksstrategien er planlagt hausten 2016. Endring av tilskotsprosenten for nyplanting av skog kan ikkje vente, og vert difor lagt fram som eiga sak. I strategien har kommunen vedteke ein maks tilskotsprosenten for nyplanting skog på 75 %. I ettertid har Fylkesmannen informert kommunane om at vi kan auke maks tilskotsprosenten til planting til 80 %, med maks kostnad kr. 1500 per daa. Sak om endring av tilskotssats vert no lagt fram for politisk handsaming. Saksutgreiing: I rammeløyvinga til kommunen for skogkultur i 2013, datert 5.mars 2013, peikar Fylkesmannen på at aktiviteten i skogkulturen må aukast. Som virkemiddel tilrår Fylkesmannen at tilskotsprosenten blir auka til inntil 80 % av maks kostnad kr. 1500 per daa. Fylkesmannen både tildeler midlar og gjev overordna retningslinjer for prioritering og behandling av søknader om tilskot til skogkultur. Det er eit mål at midlane først og fremst skal brukast til å sikre tilfredstillande forynging. Det skal fokuserast på at avverka areal vert forynga. Økonomiske konsekvensar: Kommunen får tildelt midlar frå fylkespotten som tildelast vidare. Vurdering: Skogkulturaktiviteten både i fylket og i Eid kommune har vore svak dei siste åra og før orkanen Dagmar. Kommunane har eit ansvar for å sjå til at alt avverka areal vert tilplanta. Auke av tilskotsprosent er seit motiverande virkemiddel for skogeigar. Dei fleste kommunane i fylket vil innføre nye satsar i skogbruket etter tilrådinga frå Fylkesmannen. Tømmerprisane til orkanvelta skog høge drifts- og transportkostnadar gjer skogdrifta vanskeleg og til dels lønnsamt. Det er difor viktig med tiltak, for å nå målet med å forynge avverka areal. Dei aller fleste av dei store hogstflatene er likevel tilplanta i Eid kommune. Dei siste kursa i skogfond som vart gjennomført i Eid kommune i 2015 viste at det er ikkje naudsynt med ein stor tilskotsprosent til planting av dei mindre areala. Fylkesmannen tilrår difor ein tilskotssats på 50 % etter hogst, medan tilskotet på 80 % berre skal nyttast til skogkultur etter naturskader, slik som orkan, brann og tørke. Maksimalt kostnad per daa på kr. 1500,- per daa. Blir uendra. Punkt 6.4 i gjeldande tiltaksstrategi gjev følgjande tilskotssatsar: Rådmannen tilrår at tilskotssatsar NMSK i tiltakskategori – vert endra slik: Tilskot til skogkultur etter hogst- 50 % Tilskot til skogkultur etter naturskadar inntil 80 % RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Tiltaksstrategi for 2013 – 2016 for spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket Eid kommune vert godkjent med følgjande endringar i pkt. 6.4 om tilskotssatsar: Tilskot til skogkultur etter hogst- 50 % Tilskot til skogkultur etter naturskadar inntil 80 % Maks. kostnad kr. 1500 per daa. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL TSU-042/16 VEDTAK: Tiltaksstrategi for 2013 – 2016 for spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket Eid kommune vert godkjent med følgjande endringar i pkt. 6.4 om tilskotssatsar: Tilskot til skogkultur etter hogst- 50 % Tilskot til skogkultur etter naturskadar inntil 80 % Maks. kostnad kr. 1500 per daa. Maks. kostnad kr. 1500 per daa. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Eid ungdomsråd Oppvekst- og kulturutvalet Eid Eldreråd Eid råd for funksjonshemma Helse-og sosialutval Teknisk-og samfunnsutval Arbeidsmiljøutvalet Finansutvalet Formannskapet Administrasjonsutvalet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 12.04.2016 12.04.2016 12.04.2016 13.04.2016 13.04.2016 13.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Ole Starheim Årsrapport 2015 Eid kommune Prenta vedlegg: Årsrapport 2015 – kommunal tenesteyting Årsrapport investeringsprosjekt pr 31.12.15 Saksnr 012/16 023/16 016/16 006/16 019/16 043/16 Arkiv: 004 Objekt: Saksansv. OST OST OST OST OST OST OST OST OST OST OST Arkivsaknr 16/793 Saksutgreiing: Rådmann viser til vedlagde årsrapportar for 2015. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. 12.04.2016 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET OK-023/16 VEDTAK: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. Samrøystes vedteke. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL Utvalet merkar seg det auka sjukefråveret, og ber om at dette vert drøfta i relevante organ.. TSU-043/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Kommunestyret Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Elin Paulsen SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 28.04.2016 Arkiv: Objekt: Saksnr 044/16 Saksansv. EPA EPA Arkivsaknr 16/827 Namnsetjing på friluftsområde Nordøyrane Kva saka gjeld: Namnsetjing på det nye friluftsområdet på Nordøyrane. Bakgrunn for saka: I samband med utfylling og opparbeiding av nytt friluftsområde på Nordøyrane har namnenemda jobba fram og vurdert alternative namn for det nye området. Namna er vurdert på bakgrunn av; ● Stadnamn, eigennamn, historie, eigenskapar/funksjon/innhald og sentrale og beskrivande omgrep/ord. ● Funksjonelle kvalitetar: Relevans, uttale, oppfatning (almen tyding), intellekt- og sanseorientert oppfatning. Saksutgreiing: Nemnda har vurdert det nærliggjande å gje det nye området eit park-namn, då det nye arealet vil inngå i ein heilheit med parkanlegga som allereie ligg på området i dag (Kyrkjeparken og Klatreparken). Omgrepet Park tek vare på riktig og relevante assosiasjonar til bruken av friluftsområdet. Følgjande forslag til aktuelle park-namn vart diskutert og teke med vidare som grunnlag for avgjersle; Strandparken Fjordparken Sagaparken Namnet beskriv plassering (ved sjøen) og eigenskapar; forventingar om kva parken er/byr på. Namnet er relevant og «opplagd», men noko generisk og lite eigenarta. Namnet beskriv plassering (ved sjøen) og eigenskapar; forventingar om kva parken er/byr på. Namnet er relevant og «opplagd», noko generisk og lite eigenarta. Namnet formidlar forventningar om eit utvida innhald og vil styrke eit framtidig Sagastad og aktivitetar rundt dette. Er i tråd med namn som allereie er etablert. Sagaparken Panorama eig domenet «sagaparken» (Kjelde Wikipedia; Saga eller soge (norrønt saga) er ein litterær sjanger frå norrøn tid som særleg er kjende frå Island. Ein eller ei saga er ei prosaforteljing om eit historisk eller mytologisk emne, og handlar typisk om ætter og heltar. Islendingesogene og kongesogene er kjende undertypar av sagaene. Sagalitteraturen bygger i stor grad på munnleg overleverte forteljingar, og blei skriven ned mellom 1120 og 1400-talet. Flikmeldeparken Flikmelde er ein trua plante som veks i strandsona på Eid. Førekomsten i Eid er den nest nordlegaste i Noreg. Delar av Flikemeldebestanden er flytta frå området på, og etablert på 6 nye plassar i strandsona på Nordfjordeid, for å ivareta og utvikle førekomsten. Namnet Flikmelde er eit relevant, men tungt og vanskeleg namn å uttale/hugse. Andre namneforslag: Strandstaden Nordfjordeid har frå gammalt av vore ein strandstad. Strandstad er ein tettstad med avgrensa størrelse med nær tilknyting til sjøen. Med det nye friluftsområdet vil Eid igjen vende seg mot fjorden/sjøen og opne for aktiv bruk av strandsona som leike- og opphaldsplass. Konklusjon; namnet forsterkar vår historie og identitet som ein (fortsatt) vakker strandstad. Enkelte vil assosiere namnet med ein tidlegare pub i nærleiken. Nemnda meiner dette er underordna for evt val av namnet. Fargarbukta Eit namn basert på historie og stadnamn i området. Det nye friluftsområdet ligg i munningen (bukta) ved Fargarelva på Myklebust. Elva som historisk sett har fått namnet etter drift av garveri. Konklusjon; assosiasjonar til drift av garveri og utslepp i elva har ikkje eit positivt forteikn. Ordet bukt vert gjerne assosiert med ein tilbaketrekt og koseleg stad, men også assosierast med ein stad der ting «samlar seg opp». Vurdering: Nemnda meiner namnframlegget SAGAPARKEN er det best namnalternativet. Namnet vil gje området eigenart og identitet, og styrke heilskapen kring historiefortelling og Sagastad-prosjektet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Sagaparken. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL Framlegg frå Per Tore Borgund, Frp: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Fargarparken Framlegg frå Petter Bakke, Krf: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Strandparken Det vart først røysta over dei tre framlegga. Sagaparken fekk tre røyster Fargarparken fekk tre røyster Strandparken fekk tre røyster Sagaparken var vedteke med leiaren si dobbelstemme. TSU-044/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Sagaparken. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Formannskapet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunetyret Saksbehandler: Dag Petter Leite Arkiv: Objekt: Saksnr 045/16 Q14 Saksansv. DPL TNT TNT Arkivsaknr 16/809 Finansiering kryss Fossevegen - Skulevegen Prenta vedlegg: Vedtak KS-sak 191/15 Mandat Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kva saka gjeld: Finansiering av permanente tiltak for ombygging av kryss Fossevegen/Skulevegen og etablering av av-/påstigningslomme, samt nytt fortau ved Eid Eldretun. Saka var teke opp i kommunestyret i KS-sak 191/15. Bakgrunn for saka: Det er trong for betring av trafikktryggleik for mjuke trafikkantar i samband med etablering av ny fleirbrukshall, utviding av bustadfelt, samt utbygging av nytt omsorgssenter. I KS-sak 191/15 vart det vedteke å be administrasjonen å setje i verk hastetiltak, samt å planlegge og finne finansiering for permanente tiltak. Hastetiltaka er utført. Saksutgreiing: Det er laga reguleringsplan som viser korleis krysset ved Eid sjukeheim skal omarbeidast for å gjere det tryggare og meir oversiktleg for mjuke trafikkantar. Ut i frå eksisterande infrastruktur og godkjende reguleringsplanar har ein fått laga kostnadsoverslag. Til det planlagde arbeidet høyrer det også med å etablere ei av-/ påstigningslomme aust for Folkehøgskulen langs vestsida av Fossevegen. Vidare er det også lagt inn kostnad med nytt fortau langs austside av Fossevegen forbi Eid eldretun for å knyte saman fortau frå Holten/Hogaåsen med gangfelt nedanfor eldretunet. Det er vurdert at kryssing av Fossevegen er tryggast nedanfor Eid eldretun framfor kryssing med ny overgang i kryss Myklebuståsen/Holten. I kostnadane er det inkludert utarbeiding av førebelse planar, utarbeiding av endelege planar med planteikning, lengdeprofil, normalprofil, prinsippskisser for kantstein og natursteinmur og utarbeiding av konkurransegrunnlag. Økonomiske konsekvensar: Det er ikkje sett av løyving i budsjett for 2016 for det planlagde arbeidet. Dette prosjektet må finansierast ved låneopptak. Samla kostnad for tiltaket er berekna til kr. 3.105.000,- inkl. mva. Vurdering: Både etablering av ny fleirbrukshall aust for Nordfjordeid skule og utbygging av Hogaåsen bustadfelt vil generere auka trafikk gjennom krysset. Utbygging av nytt omsorgssenter vil i liten grad føre til auka trafikk for området. Administrasjonen vil tilrå å prioritere dette prosjektet med finansiering som beskrive i dette saksdokumentet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket finansierast ved låneopptak. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL TSU-045/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET: Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket finansierast ved låneopptak. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Avgjerd av: Saksbehandler: Asbjørn Tverberg SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 Arkiv: Objekt: Saksnr 046/16 L12 Saksansv. ATV Arkivsaknr 16/246 Endring i føresegner til reguleringsplan for Nordfjordeid sentrum Område F/K/B1 Prenta vedlegg: 1. Framlegg til endring i føresegnene til reguleringsplan for Nordfjordeid sentrum med oppsummering av innkomne merknader og vurdering av konsekvensar av planendringa Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: 1. Plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr. 71 Kva saka gjeld: 1. Søknad om å få heva maks gesimshøgd i F/K/B1 frå 6 m til 12,5 m, jf. punkt 2.4.1 i føresegnene. Det vert ikkje søkt om heving av mønehøgda. 2. Søknad om å få få fjerna krav i punkt 2.4.2 i føresegnene om at bygg skal plasserast inntil formålsgrense mot Eidsgata og mot offentleg trafikkområde i sør. Bakgrunn for saka: Eigar av gnr. 44 bnr. 99 planlegg å sette opp eit bygg på eigedomen. Av omsyn til økonomien i prosjektet, ønskjer søkjar å bygge i 3 etasjar. Krav i TEK10 til isolasjon og takhøgde gjer at søkjar ikkje får bygd tre etasjar med den avgrensinga som er gjort m.o.t. maksimal gesimshøgde og mønehøgde. Søkjar ønskjer også å sette opp nybygget slik at det fluktar med fasaden til Eidsgata 65 (Haavikbygget) mot Eidsgata. Saksutgreiing: Etter varsel om igangsetting av planarbeid, har søkjar fått inn tre merknader – frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, frå Liv Johanne Halsteinslid i Eidsgata 62, og frå Henning A. Langeland i Eidsgata 64. Etter innspelsfrist kom det merknad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune – Plan- og samfunnsavdelinga. Denne er ikkje kommentert av arkitekten. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Ber om at det vert utgreidd kva konsekvensar det kan ha for bakanforliggande eigedomar og nærliggande område at byggehøgda vert auka, og at dette vert vurdert med omsyn til både nær- og fjernverknad. Kommentar frå arkitekt: Eigedomen har tidlegare ikkje vore bygd på. Eidsgata 62 og 64 vil i alle høve misse fjordutsikt, sjølv med mønehøgd 9 m. I tillegg er det under oppføring stort kjøpesenter langs Sjøgata som har fått godkjent høgde som ligg 3 m over det som det her vert søkt om. Liv Johanne Halsteinslid – Eidsgata 62: Ser for seg ein høg fasade tett inn mot Eidsgata, og meiner at denne vil verte svær dominerande og bryte med eksisterande byggesetnad. Meiner vidare at utsikta frå hennar eigedom vil verte sterkt redusert. Ho er også usikker på kva det endring i krav til plassering vil innebere m.o.t. noverande siktsoner. Kommentar får arkitekt: Utbyggar har ikkje planlagt 100 % utnytting av arealet, og ønskjer å plassere bygget heilt inntil tomtegrensa mo Sjøgata, slik at bygget sin fasade mot Eidsgata fluktar med nabo mot nord (Eidsgata 65). Dei fleste eigedomane på vestsida av Eidsgata har høgde opp mot 12 m. Henning A. Langeland – Eidsgata 64: Meiner at å tillate bygg med flatt tak og gesimshøgd 12 m er ei vesentleg endring i negativ retning, og er sterkt imot dette. Han meiner at det bør vere krav at nybygg i dette området og andreområde med tilknyting til Eidsgata har saltak med minimum 40º fall. Han meiner vidare at eit bygg med flatt tak og slik høgde vil skugge for og bryte med bygningane elles i ormådet. Trehusbusetnaden i Eidsgata gir Nordfjordeid stadsidentitet og er eit kulturmiljø som må ivaretakast. Eit bygg med flatt tak og høgd på 12 m vil bryte totalt med den tradisjonelle arkitekturen som regjerer i sentrum. Kommentar frå arkitekt: Det vert søkt om gesimshøgde 12,5 m. Elles som for kommentar til merknad frå Eidsgata 62. Sogn og Fjordane fylkeskommune – Plan- og samfunnsavdelinga: Planframlegget må gjere greie for kva konsekvensar ei auke i byggehøgd og endra plassering har for kringliggande bygg og dei vurderingane som er gjort i sentrumsanalysen som vart gjort i 2013. Økonomiske konsekvensar: Planframlegg og utbygging er privat. Det har difor ikkje økonomiske konsekvensar for kommunen. Vurdering: I varselet som er sendt ut til naboar og offentlege organ, går det fram at «Formålet med endring er å kunne auke byggehøgd med 3,0 m til 12 m, og også kunne endre plassering i forhold til eksisterande formålsgrense.» I plandokumenta som er sendt til kommunen går det fram at gesimshøgd er ønska sett til 12,5 m, og at krav i punkt 2.4.2 i føresegnene om at bygg skal plasserast inntil formålsgrense mot Eidsgata og mot offentleg trafikkområde i sør vert teke ut av føresegnene, slik at nybygg kan settast opp tilbaketrekt frå Eidsgata. Søkjar har m.a.o. auka høgda noko i høve til det som er føresett i varslinga. Varslinga er også noko upresis i høve til korleis utbyggjar tenkjer seg at tomten vert utnytta. Noko som tilsynelatande har gjort at naboane har sett for seg større konsekvensar av auken i byggehøgd enn det utbyggjar ønskjer å legge opp til. Det går ikkje fram av dokumenta kvifor foreslått gesimshøgd vert auka frå 12 m til 12,5 m. Dersom saka hadde vore tilstrekkeleg opplyst for naboar og offentlege organ allereie i varslingsbrevet, kunne ein ha dempa konfliktnivået noko. Kommunen kunne også ha gjort eit vedtak på dette grunnlaget. Etter rådmannen si vurdering, må naboar og offentlege organ få høve til å vurdere planframlegget slik det no ligg føre. Planframlegget må difor leggast ut til offentleg ettersyn før kommunen kan gjere eit vedtak i saka. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Med heimel i § 12-10 i plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr. 71 vert framlegg til endring i område F/K/B1 i reguleringsplanen for Nordfjordeid sentrum lagt ut til offentleg ettersyn. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL Alf Reidar Myrstad bad om å få eigen habilitet vurdert grunna kjennskap til søkjar. Utvalet fann at Myrstad var habil. Fellesframlegg frå utvalet: Med heimel i plan- og bygningslova § 11-12 vedtek teknisk – og samfunnsutvalet å ikkje legge planframlegget ut til offentleg ettersyn. Dette fordi framlegget vil føre til store avvik frå gjeldande reguleringsplan. Tiltakshavar vert oppmoda om å revidere planane, og redusere byggjehøgda. Det er også ønskjeleg at det vert utarbeidd ei skisse som syner korleis bygget skal sjå ut. Fellesframlegget vart vedteke samrøystes. TSU-046/16 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova § 11-12 vedtek teknisk – og samfunnsutvalet å ikkje legge planframlegget ut til offentleg ettersyn. Dette fordi framlegget vil føre til store avvik frå gjeldande reguleringsplan. Tiltakshavar vert oppmoda om å revidere planane, og redusere byggjehøgda. Det er også ønskjeleg at det vert utarbeidd ei skisse som syner korleis bygget skal sjå ut. Åslaug Krogsæter -rådmann-