Vedtak FPL 020616

Comments

Transcription

Vedtak FPL 020616
SAKSPROTOKOLL
Arkivsak-dok.
Arkivkode
Saksbehandler
16/00676
Bernt Eilev Aalvik
Behandla av
1 Utval for formannskap/plan og økonomi
2 Kommunestyret
Møtedato
02.06.2016
Saknr
43/16
Økonomiplan-2017-2020
Utval for formannskap/plan og økonomi har behandlet saken i møte 02.06.2016
sak 43/16
Møtebehandling
Arne Mosefinn, Krf, Daniel Mossefinn, Raudt og Knut Kvissel, Frp tok sete.
Repr. J. Ytrefjord kom med slikt framlegg:
1. «Kommunestyret vedtek ramer for driftsbudsjettet i 2017-2020 som foreslått av
rådmannen, men jamfør likevel fylgjande komentarar.
2. Kommunestyret vil vurdera økonomisk utvikling framover med tanke på endra
ramer/tiltak i 2017 for driftsbudsjettet.
- Styrking bemanning barnehage og skule ( 2.17 og 2.18)
- EM tiltak ( 2.23/2.24)
- Tiltak for reasfaltering/bruvedlikehald (6.1)
- Velferdsteknologi : nærmare vurdering av utvida bruk (3.02)
- Utvida kulturskuletilbod ( 5.07 / 5.08)
- Tiltak for næringsutvikling
- Klima – og miljøtiltak , f.eks vektleggja energiøkonomiske tiltak ved nybygg i Voss
Kommune
3 Utarbeidast langsiktig plan i forhold til Barnevern, helsestasjon- og
skulehelseteneste, PPT med tanke på arbeid med førebygging, integrering. Dette bør
gjerast også med tanke på framtidig samlokalisering av areal og fagmiljø.
4 a) Kommunestyret tek føreslåtte investeringsråmer og tiltak til etterretning, og vil
koma attende til investeringar i budsjettet for 2017 når det føreligg vedtak om nytt
symjeanlegg/basseng i Kommunestyret i juni 2016.
4 b) Me vil likevel peika på behov for ny barnehage på Nyre/flytting eller utviding av
Gjernes barnehage.( p 48) Tilrettelegging for barn i sentrum( p 57) . Redusera
investeringar i Velferdsteknologi (11/25/29) Forskriftsmessig legevaktsbil (8) og
interkommunal legevakt og kortidsplassar (52)»
Repr. I. Schau Johansen kom med slikt framlegg:
1. Bustadpolitikk
1.1
Investering i hardbruks-bustadar. Føremål: Å spare kostnadar til
vedlikehald, og korte ned tida bustadane står tomme og ventar på
oppussing før ny brukar kan flytte inn.
1.2
Sjølvfinansierte bustadar for unge vaksne med funksjonshemming. Aktuell
tomt: I bak-kant av Tinghusplassen, med utsyn mot Vangsvatnet og
Prestegardsmoen.
2. Ungdomsskule: Behovet for ny ungdomsskule i sentrumsområdet må
kartleggjast. Det er viktig å planleggje for framtida. Dersom kartlegginga syner
at det bør byggast ny skule i løpet av dei neste åra, må det takast omsyn til
dette i økonomiplanen for 2017.
3. Barnehage:
3.1
Barnehagestrukturen i Voss kommune må gjennomgåast med tanke på ei
omlegging til barnehage-einingar som gjev utgangspunkt for meir effektiv
drift, og dermed fleire barnehageplassar innanfor noverande rammer.
3.2
Kommunen skal arbeide for å inngå nye rammeavtaler som opnar for at dei
kommunale barnehagane kan handle inn formingsmateriell og anna som
dei treng der dei til ei kvar tid finn det gunstigast, slik dei private
barnehagane har høve til å gjere.
4. Helse og fritid
4.1
Helsesysterfunksjonen skal vernast mot kutt.
5. Universell tilrettelegging: Møterom og kommunestyresal i Voss Tinghus skal
ha teleslynge eller annan tilsvarande teknologi som legg til rette for at
personar med nedsett hørsel kan delta aktivt i politiske møte og andre møte
som finn stad her. Tiltaket blir finansiert med tilsvarande reduksjon i
kommunestyret sin reservepost.
Votering
FPL vedtok samrøystes å leggja ut framlegg til Økonomiplanen 2017 – 2020 med
innkomne framlegg til offentleg ettersyn.
Vedtak
Økonomiplan 2017 – 2020 vert lagt ut til offentleg ettersyn fram til handsaming i
kommunestyre 16.06.2016.
2

Similar documents