blad nr 4 2015

Transcription

blad nr 4 2015
Varhaugbuen
BLADET FOR BYGDA VÅR • NR. 4 2015
Bygdekvinnelaget 80 år
Side 2-5
Tragisk
hending i
bygda
Side 10-11
Julekonsert
i løå
Side 12
Julegrana
tennes
Side 13
Lerbrekk skule
Sidene 14-15
Framsidefoto: Brit Obrestad
Gåvmilde dugnadskvinner i 80 år
Tre gonger tre hurra for Varhaug
Bygdekvinnelag som har tent
bygda vår gjennom 80 år!
Markeringa gir eit høve til ei
lett tidsreise tilbake til tida før
facebook, nettbrett og asfalterte
vegar med hevja gangfelt og
rundkjøring i Prestakrysset.
Me skal starta reisa lenge før
Buevegen, Ingridtunet og
Bratlandsmarka med eksklusiv
penthouse-panorama. Me skal
gjera eit stopp midtvegs i eit
dystert tiår med arbeidsløyse,
konfliktar, konkursar, fattigdom
og ekstremisme. Me skal tilbake
til ein månemørk og regnfull
torsdagskveld på Varhaug, 28.
november 1935.
Fedrelandssalmen foryttå
Det starta med ei salme og
ei bøn. Gud signe vårt dyre
fedreland, song drygt 50 vaksne
sjeler, dei fleste kvinner, som
reiste seg frå dei kalde benkane
på Varhaug Forsamlingshus. Folk
song utan å få teksten opp på
veggen med hjelp av datamaskin
og videokanon. Folk på Varhaug
kunne fedrelandssalmen foryttå
(utanåt) i 1935.
Dei som sat nærast den torvfyrte
omnen kjende lunken, dei som
sat lenger bak var kalde under
sjal, kufter og kjolety. Det dampa
diskret av fuktige ullklede og
dogga bak tjukke brilleglas
og enkle vindaugsruter. Ute
var det stiv, nordvest kuling
og 5 grader. Det klirra og
slo i verkapannene på taket.
Takpannene på forsamlingshuset
bestod av venstrepanner og
høgrepanner. Ikkje for å få ein
slags politisk balanse, men for
å kunna leggja pannene slik at
færrast mogleg bles av i storm og
kuling. Det var masse storm og
kuling på Varhaug, då som no.
Forskjellen var at det ikkje var
store bygningar, byggefelt eller
livdbelte som dempa stormkasta.
Det var ikkje eit einaste tre eller
busk eller hekk på Varhaug i
1935.
Første kurset
Guri Ånestad
Barske tider
Dagen før var tre lokale fiskarar
funne omkomne i Øyren ved
Hårr, etter at fiskebåten deira
gjekk rundt i uvêret. Den
tragiske hendinga illustrerer at
det var ei beintøff tid for dei
som skulle syta for mat, klede
og husrom for sine. Ute i verda
vitna hendingane om at vondt
skulle bli verre. Raselovane frå
Nürnberg, som vart vedtekne
i september 1935, hadde
begynt å få følgjer. Stavanger
Aftenblad fortel om tyske jødar
som vart arresterte og fengsla
for banale bagatellar. Det var
barske tider og vel anvendt tid
å begynna stiftingsmøtet, til det
som i åra før krigen vart kalla
for Varhaug Kvinnelag, med
fedrelandssalmen.
Lokalkjendis på
stiftingsmøtet
Kvinnesak stod neppe høgt på
dagsorden på Varhaug i 1935.
Det var ikkje meir enn 22 år
sidan kvinnene fekk stemmerett
i Norge. På stiftingsmøtet
til Varhaug Kvinnelag, laget
-2-
formelle titlar. Dei var «berre»
alminnelige solide koner frå
Varhaug utan behov for å sminka
seg med fru- eller frøken titlar:
Hanne Varhaug, Anna Lerbrekk,
Kristina Voll, Johanna Husveg og
Ingerd Aanestad.
som etter krigen vart heitande
Varhaug Bondekvinnelag, var
mannfolka med. Karane var gode
å ha. Greitt å vera på sikra sida.
God kvinnelist å la mannfolka
få inntrykk av at dette var noko
dei også var med på. Peter
Ommundsen Vagle, var ein av
karane som var med. Ånestadbonden sa nokre velvalde ord
om nytta av å stifta eit kvinnelag
– og at laget vart stifta etter
initiativ frå bondelaget. Elles så
var det konene som dominerte
kvelden. Fint folk var inviterte,
den utflytte, fargerike og
fritalande frøken Guri Aanestad,
svigerinna til Peter Vagle, kom
med toget like frå Stavanger.
Ho var vel det næraste ein kom
ein superkjendis med røter frå
Varhaug i 1935. Vidare kasta to
andre tilreisande bygdekvinner
glans over arrangementet, fru
Jakobine Tjensvoll og fru Anna
Sandved.
Frøken og fru var det då. Det
rare er at dei som vart valde
inn i det første styret i Varhaug
Kvinnelag ikkje hadde slike
Å formidla 80 år på nokre få
liner, er umogleg. Det blir eit
slags resymé, farga av han som
skriv. Eg tok meg sjølv i å smila
litt overberande der eg sat og
las om desse kvinnepionerane
i bygda vår, som i 1936 samla
seg til vevkurs med 14 elever og
Sofie Auestad som lærar.
Kvinnene sat ved vevestolane
og vevde ty til kjolar og dressar,
gardiner, dukar og serviettar.
Og, berre for å minna på korleis
det var i 1936. Det fanst ikkje
papirserviettar. Ikkje dopapir
heller. Rivne flak av avissider
vart hengde på ein rusta spiker på
utedoen og blei brukt til slikt.
For bygdekvinnene på 30-talet
var det å bøta sokkar og lappa
klede tvingande nødvendig.
For dei 14 var høvet til å gå på
kurs og veva nytt kledestoff
ein luksus. Etter at kurset var
ferdig var det fest med utstilling
av handverksarbeidet der 100
bygdefolk møtte fram.
Lastebiltur til Fajansen
Det fanst ikkje el-syklar eller
bilar med elektrisk oppvarma
seter i 1936. Det var ikkje
mogleg å handla på M44 eller
Kvadrat eller Jærhagen. Men då
konene reiste på den aller første
turen i lagets historie i september
var det ein handletur. Så koner og
handling er ikkje nytt for dei som
måtte leva i den villfaringa. Den
første turen gjekk til fajansen
i Egersund der medlemmane
handla billeg steinty. Korleis dei
reiste? Med lastebil sjølvsagt. Eit
lass med Varhaug-koner under
ei presenning på eit spinkelt
lastebilplan på humpete grusveg
til Egersund. Kor mange grinder
som måtte opnast veit eg ikkje.
Korleis dei greidde å humpa
seg heim på stive fjører under
lastebilpresenningen utan å
knusa skjøre suppetallerknar
og mjølkemuggar veit eg heller
ikkje.
Men eg har ein sterk mistanke
om at konene på Varhaug
hadde mjuke og varme og
støytdempande fang, då som no.
Og, då som no: Kaffi og mat var
uendelig viktig – som det står i
einejubileumsskrivet: For å få
drøset godt i gang.
Kjoletøy, opplesing og
nabobesøk
Historia til våre mødrer, besteeller oldemødrer vekkjer undring,
varme følelsar, takksemd og
respekt for ein generasjon som
levde i ei tung og vanskelig
brytningstid. Som levde i ei
tid der folk flest strevde med
konstant mangel på kontantar. Ei
tid der naudsynte kolonialvarer
som sukker, mjøl, salt og kaffi
kunne betalast med egg – for
dei som hadde høve til å fø
ein flokk med høner. Historia
handlar om ei tid der rikdom og
luksus var ein tur til Egersund.
-3-
Varhaugbuen
Desse laga står bak Varhaugbuen:
Varhaug bondelag, Varhaug bygdeungdomslag, Varhaug bygdekvinnelag, Svala 4H, Varhaug Misjonshus,
Varhaug Bedriftsforening, Varhaug
Skulemusikkorps, Varhaug Fråhaldslag og Vennelaget for Lerbrekk Skule
og Elgane Motorsykkel klubb.
Styret for Varhaugbuen er:
Leiar
Jon Harald Håland, bedriftsforeninga
Nestleiar
Brit Obrestad,
Vennelaget Lerbrekk skule
Sekretær
Per Arvid Jakobsen, misjonshuset
Styremedlem
Aud Bratland Bø, bygdekvinnelaget
Styremedlem
Olav Varhaug, Bygdeungdomslaget
Varamedlem
Kjartan Aanestad, skulekorpset
Varamedlem
Runar Odland, bondelaget
Redaktør
Liv Hobberstad
Me har valgt å ha med det gamle
kapellet på Varhaug som eit
”kjennemerke” for bladet. Kva passer
vel betre då enn å ta med eit av versa
om kyrkje­garden av vår store poet
Elisabeth Reiestad - 1906-1978.
”Det ligg ein kyrkjegard ved hav
i still og einsam ro.
og graset legg om namnlaus grav
ein gløymsleklednad god.
Men ein og annan merkestein
held fast eit minne enn
der han står vakt om deira bein
som levde i vår grend ”
Ei tid der kvalitetstid og ekte
gleda var eit møte ei kveldstund
i kvinnelaget med underhaldning
i form av opplesing og ein
kopp kaffi med ein sukkerbit
på Forsamlingshuset. Ei tid der
lukke og velstand var to meter
tøy til konfirmasjonskjole til
dottera. Ein kjole som kunne
syast om til bryllaupskjole og
seinare dåpskjole. Me kan smila
av dei som levde i ei tid der eit
møte der dr. Lende fortalde frå
arbeidet i Kina, vart definert som
eit underhaldningsmøte. I 1938
var forresten bygdekvinnene,
eller kvinnelaget, i Egersund
igjen. Det vart mindre handel
denne gongen. Målet med den
eksotiske reisa var å sjå på
sildefisket. Det er lov å smila.
Etter stelletid, måndag 1. april
1940, åtte dagar før Varhaug vart
ein del av verdskrigen og eitt
år før kvinnelaget vart nedlagt
i protest mot den pågåande
nazifiseringa, svinga det inn ein
lastebil framføre inngangen til
Varhaug forsamlingshus. Det var
Vigrestad Kvinnelag som kom
på besøk. Eit billass med koner
frå Vigrestad. Den som kunne
fått vore ei flua på veggen på det
møtet!
Sviskesuppe i Låglia
Ein episode frå 1946 må med.
Sjølvsagt burde eg fokusert på
at det vart samla inn drygt 1600
kroner til Nasjonalhjelpa dette
første fredsåret. Eit betydelig
beløp som vitnar om både
dugnadsånd og sterk omsorg for
medmenneske i materiell naud
etter krigens gru.
Men det er noko anna som
fangar merksemda. Igjen er det
ein sosial biltur. Denne gongen
til Låglia i
juni, etter
våronna og
torvskurden.
Me må ha
i mente at
dette var i
tida då ferie
og fritid var
framandord.
Ei tid der
Bondekvinnelaget på tur til Hommersåk i 1960
det å reisa
aksjonar, fjåge, raude, sveitte
for å oppleva var noko det
ansikt over bakstebordet med
engelske aristokratiet og styrtrike kvite mjølflekker i pannen på
amerikanarar styrte med. Men
Varhaugmarken. Kaffi, lefsa og
Varhaug Bondekvinnelag braut
nybakte flatbrød med heimekinna
med tradisjonane og reiste.
smør.
Til Låglia på ein feriedag utan
-Ver så god og forsyn deg – ta
ungar og mann og svigermor og
eit stykke til og vil du ha ein
kvardagens strev.
fløyteskvett i kaffien. Ikkje ver
Ingen vart bilsjuke, men
blyge. Går me lens for kaffi, kan
mange var redde, står det.
me koka ein ny kjel.
Setninga seier vel det meste om
vegstandarden. For pyser har
Før eg prøver å landa denne
bygdekvinnene frå Varhaug aldri
reisa, er det berre eit par ting
vore. Ein eineståande detalj til frå
til eg må kommentera for å
føresommardagen i Låglia høyrer
illustrera mangfaldet, motet og
med: Kaffikjelen vart alt for liten.
engasjementet. Igjen med eit
Dei måtte improvisera og koka
smil. I 1956 arrangerte Varhaug
kaffi i ei stor gryte. Seinare på
Bygdekvinnelag kurs i banking
dagen vart det kokt sviskesuppe,
av aluminiumsfat. På det kurset
poteter og pølser, så ingen leid
ville eg ikkje vore ei flue på
naud. Tenk sviskesuppe i Låglia.
veggen eller på fatet. I oktober
Den som kunne fått vore ei flua i
1962 var Tordis Hansen frå
den suppetallerkenen!
Egersund på møte i Varhaug
Bondekvinnelag og snakka om
Lag med meining
helsekorsett. Der kunne eg vore
Varhaug Bygdekvinnelag.
flue på veggen …
Desse to orda osar av tryggheit
og soliditet og solidaritet. Det
Ti år seinare var vår eiga kjære
er berre å plukka fram orda:
helsesyster fru Else Ekeland på
Omsorg og omtanke. Kaffilukt og eit medlemsmøte og snakka om
gjærbakst. Dugnad og breie smil. personleg hygiene, medan vår
Trivsel og inkludering. Foreining eigen lektor og bonde Eirik J.
med meining. Innsamling av ull.
Varhaug, på same møtet, snakka
Handarbeid, kvikke fingrar med
om odelslova. Det er absolutt
halvsokkaspøtet. Innsamling
ingen som kan påstå at dette laget
av pengar til naudlidande.
som i år rundar 80 år har vore
Rausheit. Bøsseberarar til TVsmalspora!
-4-
Kornband og kålrabi
80 år på sporet, kan vera ei
overskrift. På sporet av det som
bygda og samfunnet har hatt
behov for. Bygdekvinnene har
ikkje vore særleg opptekne av
PR og merkevarebygging. Dei
har arbeidd i det stille. Då broren
min vart døypt i Varhaug kyrkje
i oktober 1964 haldt fadderen
hans på å gå over ende oppe ved
alterringen.
– Eg haldt på å snubla i
kålrabi og kornband, sa
onkel Jonas Bratland etterpå.
Det var hausttakkefest, og
bygdekvinnelaget hadde pynta
kyrkja til fest, slik dei har gjort
opp gjennom åra.
Sju år seinare var eg i mi første
gravferd. Eg opplevde det som til
då var den vondaste og tristaste
dagen då bestemor vart seinka
i jorda. Det eg sjølvsagt ikkje
visste då var at seinkeapparatet
og mykje av kyrkjepynten er
gåver til kyrkja og kyrkjelyden
frå Varhaug Bygdekvinnelag. No
i haust fekk kyrkja to dåpskjolar
frå varhaug Bygdekvinnelag – til
fritt utlån til nybakte foreldre
som ønskjer å døypa ungane sine
i kyrkja.
Frå Kamerun til
Klokkargarden
Det eg prøver å formidla er at
Bygdekvinnelaget har hatt ei
viktigare rolle i samfunnet vårt
enn dei fleste er klare over. Den
vidgjetne Bondefesten kvar
haust, har dessverre blitt eit
arrangement som har gått over
i historia. Festkvelden var ein
årleg snakkis blant bygdefolket.
Utan bygdekvinnelaget hadde det
aldri blitt arrangert ein einaste
bondefest.
Det er skummelt å begynna
å ramsa opp alle dei gongene
bygdekvinnene har gått
rundt med bøsser, arrangert
innsamlingar, arrangert
tilstellingar, hatt basarar og
gitt rause pengegåver, det er
for lett å gløyme noko, men
eg tar med: engasjementet for
landsbygdesamfunn i Kamerun,
Klokkargarden her på Varhaug
og, i si tid, gamleheimen på
Hårr, vidare engasjement
for Varhaugmarken, 4H og
Musikkorpset.
Takk til eldsjelene
Varhaug Bygdekvinnelag handlar
om folk. Om eldsjeler som
opp gjennom åra har gitt tid
og overskott til bygda. Eg har
bestemt meg for å ikkje nemna
namn. For eg vil ikkje gløyma
nokon. Eg vil heller på vegne
av meg sjølv og på vegne av
bygda takka for varme, rause
hender, ekte smil og mjuke fang i
gjennom 80 år. Takk for omsorga
og omtanken. Takk for dei trygge
smila og den alltid gode kaffien.
Me som er så heldige å ha hatt
eit bygdekvinnelag i bygda har
ikkje lide naud! Takk til dei
dei som gjekk føre og som den
månemørke kvelden i 1935
reiste seg og song Gud signe
vårt dyre fedreland foryttå. Det
var ei god bøn i jærsk ånd og ein
sterk song under den blåsvarte
stormhimmelen.
- Og lat det som hagen bløma,
song dei.
Og bløming fekk me til gagns.
Takk skal de ha, gratulerer og
signe arbeidet vidare!
Sjur.
-5-
Frå
redaksjonen
Det gjekk nok for fort i svingane då sist blad skulle ut. Eg
var på ferie, og bladet gjekk i
trykken då eg var i England.
Seier meg lei for at ikkje Sjur
Håland sitt namn kom med
under stykket hans, og at det
stod Varhaug bondekvinnelag
med store bokstaver på ei side.
Dette var ikkje Oddbjørg sin
feil, men min. Eg hadde skrive
litt om på stykket til Oddbjørg,
og skreiv bondekvinnelaget av
gamal vane. Dette var nå ikkje
akkurat dei sttore feila, men eg
vart gjort merksam på begge av
lesarar. Håper det ikkje vert slike
«brølarar» denne gongen.
Me har hatt ein utruleg fin haust
med god temperatur. Men er
det ikkje rart; med ein gong det
vert ruskever, så klager me over
veret. Dei fine dagane er nok i
fleirtal. Men det med ver, enten
det er fint eller stygt, så er det
noko folk snakkar om. Og det
er i grunnen ganske greitt og,
for då kjem ein utruleg fort i tale
med ein person, enten du sit på
tog eller buss, eller berre i ein kø.
«Skal seia me har hatt fint ver i
det siste, eller «nå er eg ganske lei
denne vinden og regnet» Plutseleg er det noko du kan snakka
med ein framand om.
Takk til alle de som kjem med
innlegg til bladet, og ikkje minst
for alle bileta. Berre så synd at
det ikkje alltid er plass til alle,
men det er jo eit luksusproblem.
Sjølv om me ikkje er kome
lenger enn midt i november, vil
eg likevel ynskja lesarane ei fin
julehelg og eit godt nytt år.
Liv.
Varhaug bygdekvinnelag markerte 80 år
Varhaug Bygdekvinnelag hadde møte i Lensmannsløa
torsdag 29. oktober der dei markera 80 år.
Oddbjørg Skrettingland ønskja 43 damer velkommne,
og særleg velkommen til Rådmann Anne Berit Berge
Ims, Ordførar Jonas Skrettingland og Sjur Håland. Opna
med Bygdekvinnelaget sin song.
Rådmann Anne Berit Berge Ims tala om “Identitet og
tilhørighet”. Las diktet “Å være i Livet” av Haldis
Moren Vesaas.
Nytt styre i bygdekvinnelaget
Oddbjørg Skrettingland ny leiar i Varhaug
bygdekvinnelag
Det er haust, og nett i dag ruskar vinden ute og nokre
regn bøyer kjem. Likevel var me 12 damer som stilte
opp til gå turen i dag. «Det gjære så godt».
Felles tanke, og så var det tid å skriva i bygda bladet.
Sidan sist eg skreiv, har me gjort unna årsmøtet, og nå
er styret slik:
Leiar: Oddbjørg Skrettingland
Nestleiar: Aud Bratland Bø
Kasserar: Bjørg Reime Håland
Sekretær: Gerd Marit Mattingsdal
Studieleiar: Mari Madland
Styremedlem: Liv Johnsen Reiestad
Vara medlem: Grete Skretting
Sekretær og studieleiar er heilt nye både i styret og i
laget elles. Dette er to unge , kjekke damer som ikkje
har vore medlem så veldig lenge. Likevel var dei
positive og sa ja då valnemnda spurde etter folk. Og
dette skal det verta kjekt å bygga laget vidare på.
Varhaug bygdekvinnelag er 80 år.
Dette vart markert med ein vellukka kveld i
Lensmannsløå, med både ordførar og rådmann som
gjest. Og ikkje å gløyma Sjur Håland, som heldt eit flott
kåseri, der han tok oss med 80 år tilbake i tid. Utruleg
gildt og veldig interessant, ikkje minst for alle dei nye i
laget. Her kom låtten fram meir enn ein gong. (Kåseriet
finn de fremst i bladet)
Synd at ikkje fleire av medlemane fekk med seg dette.
Me er tross alt 90 medlemar, men berre halvparten var
med oss. Me veit det var andre arrangement og denne
kvelden, og ein kan ikkje få med seg alt. Kanskje me
kan samarbeida litt meir om kva som skal skje i bygda,
kva me eit oppslag der ein kan finna ut kva som skal
skje for å unngå «kollisjon». Varhaug bygdekvinnelag
har i alle år hatt sine møte siste torsdag i månaden.
Nyvalgt ordførar Jonas Skrettingland gratulerte
Varhaug Bygdekvinnelag med dagen. Held fram det
gode arbeidet som Bygdekvinnelaget har gjordt og gjer
nasjonalt og internasjonalt. Takka særleg for at dei har
gitt 2 dåpskjoler til kjyrkja, som dåpsbarn kan låne på
den store dagen.
Sjur Håland heldt kåseri om historia til Varhaug
Bygdekvinnelag på ein framifrå måte. Der han fortalde
i frå den dagen Varhaug Bondekvinnelag blei starta, 28.
november. 1935. Då var både kvinner og menn tilstades.
Ims, Jonas Skrettingland, Sjur Håland og Brit Obrestad
i staden for blomar ein flott “kålerabioppsats” med ulike
grønnsaker. Fin erstatning for blomstar då Hå kommune
er ein landbrukskommune.
Liv Hobberstad og Kjellaug Ånestad Kvia fortalde om
deira tid i Varhaug Bygdekvinnelag då ordet blei gitt
fritt.
Oddbjørg Skrettingland orienterte om julemøtet 26.
november. Der det blir manekengoppvisning og tips til
borddekking fra “Livs Klær og Gaver”.
Elles orienterte ho om programmet fram til Mai. Minna
også om lefsekurs tirsdag 3. november og flatbrødkurs
13. november.
I staden for utloddning denne kvelden, kunne ein gje ein
gåve til “Kreftforeningen”, blei samla inn 5.100 kr.
Kvelden vart avslutta med songen “Kveld på Jæren” av
Tobias Skretting.
Oddbjørg Skrettingland takka alle for godt lag.
Brit Obrestad spelte til songane denne kvelden.
Gerd Marit Mattingsdal
Blei servert smørbrød, mange gode kaker og kaffi.
Oddbjørg Skrettingland overrekte Anne Berit Berge
Siste laurdag i oktober og alle laurdagane i november,
lagar me mat og serverar til dugnadsfolka, som er på
idrettsplassen.
Onsdag 2. desember skal me baka julekaker på
Klokkarhagen. Me starter kl. 10.00, og alle er velkomne
til å stikka innom for å smaka.
Er det noko du/de «brenn for» for laget vårt, så
ta kontakt med ein i styret. Me tek i mot tips med
TAKK.
Ynskjer alle bygdefolket ei fin adventstid og God Jul
utan stress.
Oddbjørg Skrettingland
-6-
-7-
Varhaug sykkelklubb
Elgane
Rittene for 2015-sesongen er over
Nok ein god sesong for klubben
Selv om rittene for 2015-sesongen
er over, er det syklister som trener
jevnt og trutt gjennom hele høsten og
vinteren. VSK har også i år inngått en
god klubbavtale med VarhaugPulsen
om spinning-treninger i lokalene
deres i Stuelandbygget. Håper mange
medlemmer nytter seg av dette!
Vi har behov for flere engasjerte
medlemmer i klubben, både i styret og
som «vanlig» medlem. Ta kontakt med
oss på [email protected] hvis du har
noe å bidra med!
Plantegning: 10019/2/1 Bad 2 etg. - Alternativ - 1
Prosjekt: Mong, Vidar
Skrevet ut: 24.08.2015
Vi har mye sykkelklær, hansker og
drikkeflasker på lager, så ta kontakt
med oss hvis du trenger julegaver! ☺
Til slutt vil vi ønske Hå Regnskap AS
velkommen som ny sponsor for VSK!
Kjempeflott at mange av de lokalene
bedriftene stiller opp!
Einar O. Moi var èn av flere VSKere som syklet de 15 milene mellom
Lysebotn og Bryne i 2015. (Foto: Trond Viggo Gravdal)
Plantegning: 10019/2/1 Bad 2 etg. - Alternativ - 1
Prosjekt: Mong, Vidar
Me er og stolte av at vår egen Mathea Selebø er tatt ut
til landslaget i motocross. Mathea er ei tøff jente fra
Sokndal som kjører fra dei fleste guttane.
Skrevet ut: 24.08.2015
4200
700
500
400
445
500
500
500
2855
400
500
100
200
I skrivende stund arrangerer me crossløp på
speedwaybanen, dette har vore kvar tirsdag i november,
men det er for tidlig å koma med resultat ennå. Følg
med på elganemk.no eller vår facebookside.
800
0071130
400
1800
2200
0080410
2
0070107
0005220
700
100
2200
1600
1200
200
1
4
Om vinteren er det ganske rolig på anlegget, men vi
holder åpent for trening kvar sundag frå 1200 – 1600.
Ellers bruker me vinteren på ulike vedlikeholdsprosjekt,
både innomhus og på banen så langt veret tillet det.
200
100
300
677500008
3
1400
900
100
900
2800
500
900
100
1400
Elgane Motorsykkelklubb kan nå sjå tilbake på nok
ein god sesong for klubben. Alle arrangement har blitt
godt gjennomført, me har fått gode tilbakemeldinger
fra tilreisende og har heldigvis ikkje hatt noen alvorlige
skader eller hendelser på banen.
800
Før jul, nærmere bestemt 12.12 kl. 1200 arrangerer
me vår årlige julebasar. Me er så heldige at det lokale
næringsliv er gavmilde med gevinster til oss, dette til
tross for harde tider for mange firma.
Det blir servert grøt, saft, pepperkaker og me vil og ha
åresalg med egne smågevinster. Me synes alltid det er
greitt å dele ut noen gevinster til dei som trofast møter
opp på basaren.
Alle velkomne!
Dersom du har ei son eller dotter som kunne tenka seg å
starta med motorsport, enten det er speedway, motocross
eller ATV, er det bare å ta kontakt med oss i styret.
Vil med dette takke alle som har vore med å støtta
klubben i 2015, uten våre gode støttespillere og
dugnadsvillige medlemmer hadde me ikkje klart å drifta
klubben så bra som me gjer!
Elin Hobberstad
2800
4200
Skala: Tilpasset ramme
4200
700
500
400
500
445
500
500
2855
400
100
500
LINN BAD
200
Ingrid
800
200
1800
2200
2
Opstadveien 621, , 4360 VARHAUG
Telefon: 51798310 Mobil: Fax:
Organisasjonsnr.:
E-Mail: [email protected]
Hjemmeside: www.rorlegger-team.no
Kunde:
Mong, Vidar
,
v/ Heidi Dubland Bø
Tlf Tlf.priv.
Mobil Fax
E-Mail
MERK: Tegningen er bare retningsgivende. Dybdemål er ekskl. skapdører. NB: Kontrollmål må foretas
Vår ref:
677500008
Føttene trenger også fagfolk !
200
ILLINGSSALG
1400
100
900
2800
500
900
2800
4200
Skala: Tilpasset ramme
100
1400
Mandag og torsdag 15 -19
Tirsdag og fredag 9 - 15
møllevn. 12, 4360 Varhaug • 51 79 85 79
3
900
R Å D H U S G T. 3 , VA R H A U G • T L F. 5 1 4 3 1 0 1 8
800
-8-
Solarium
”Det er stor helsegevinst
med et godt D-vitamin-nivå”
Side:1 (1)
betongarbeid - trearbeid
100
300
Grå HG
Rørlegger
Team A\S
Nytt bad? Vi hjelper gjerne med
planlegging
og prosjektering
0070107
0005220
1200
1600
4
0080410
700
2200
100
400
0071130
1
-9-
Nord-Varhaug. (Bestefar til Ingfrid, Oddny og Ragnar).
Hadde lyst å ta med litt meir om farbror Ole. Han var
født 15.april 1901.Foreldre var Anna, f.Bratland og
Sivert Varhaug. Døypt 12. mai 1901 i den gamla kyrkja
på Varhaug. Faddarar: Lods Erik O. Varhaug og kåna
Bergine J. Varhaug. Gardbrukar Ole Olsen Varhaug.
Jørgen Jeremias Lerbrekk og Olava S. Bratland – syster
til farmor mi,- seinare gift med Hans R. Hobberstad, -(
på garden der Liv Hobberstad bur i dag. )
Ole vart konfirmert 1. august 1915.Ein festlig
anmerkning presten har notert i kyrkjeboka, når det
handla om kristendoms-kunskapen til Ole: «Næsten
meget godt.»
Ei 90 år gamal hending i Varhaug-bygda
Rett på sørsida av kyrkja på Odland står det to
gravminne, som eg er innom av og til. På den eine står:
Ole S. Varhaug, død 19. sept. 1925. Han var min farbror.
På den andre står: Helmik Hobberstad, død 19. sept.
1925.
Kva var det som hende 19. sept. 1925? - Dette er frå
tida då dei dreiv med opphogging av «vraka» båtar på
Nord Varhaug ( dei såkalla «kunstige strandingar.») - I
1909 vart det skipa eit opphoggningslag (lutlag), som på
denne måten gav arbeid til folk i bygda.
I 1925 hadde laget då kjøpt inn ein stor amerikansk
trebåt, som heite «POILU».Den var såpass stor at den
ikkje hadde kome «heilt inn»,derfor vart det bygd opp
stillas kring båten. Denne dagen, 19. sept 1925, var Ole
S. Varhaug, Helmik Hobberstad og Rasmus A. Varhaug
på stillaset.Det var ein del «landsjø» (grov sjø) og
plutseleg gav stillaset etter for krafta i sjøen. Tri mann
ramla i vatnet.-Ingen eg har snakka med, veit sikkert
kva som hende, - men eg tenkjer at dei to som omkom
slo seg i svime mot steinane, og vart liggjande for lenge
i sjøen, medan Rasmus A. Varhaug klarte å koma seg
på land.
Dokter Teig vart budsendt frå Nærbø, men slikt tok tid,
den gong. For ein tragedie i bygda. – Og for ein smerte
og lidelse i dei fameliane og heimane det råka. Ole
vart 24 år. Helmik vart 52 år,og døyde frå kåna, Rakel
Gurina, og 12 barn,- den minste, Helga, var 10 månader
gamald.
Mi farmor (mor til Ole)har fortalt: Det skjedde noko
underleg om morgonen, den dagen ulukka hende.Han
Ole var på veg til Nord- Varhaug som vanleg. – Men då
han var komen mest ned til «Postvegen» (Rv 44),snudde
han og gjekk heim att,stansa utføre stoveglaset, la
andletet innåt og bare såg inn, sa ikkje eit ord til nokon.
Så snudde han att og gjekk til Nord- Varhaug for å ta
fatt på arbeidet. Eg trur han har kjent på ein uro, - då
han såg sjøen, og visste korleis arbeidsforholda var.
Nokre timar seinare, i kveldinga, kom der eit fylgje ned
i vegen, mot Komlavodl, med hest og kjerre. Oppi den
kjerra, låg han Ole,-død. Far min som då var 12 år, har
fortalt: Me ante ingen ting før dei stod i tunet med han
Ole. Det var ein grusom dag for meg. Eg såg alltid så
opp til han , og plutseleg var han ikkje meir.
Ole hadde ingen ettekomarar,- men frå Hobberstad har
det breidt seg ut ei stor slekt. Men for ho Rakel Gurina
vart det nokre tøffe år etter det som hadde hendt.- Rakel
Gurina og Helmik hadde bygdt ny løa i 1924, så kom
ulukka, og alt «ramla saman». Etter kvart vart det då
nye eigarar på garden.- Men etter nokre år klarte eldste
sonen, Erik å skaffa nok kapital til å ta att fars- garden
på odelen.
Denne historia om ulukka på Nord- Varhaug hadde eg
tenkt å skriva om for eit år sidan, - men fann fort ut at
eg kunne alt for lite om dette, så eg la det bort. Men så
har eg og snakka med ein del folk etter kvart, og det
synte seg at denne hendinga er lite kjent. Likevel har eg
vorte oppfordra av fleire til å skriva. Og så er det altså
90 år i haust, sidan det hendte. Så nå har eg prøvd å
gjera så godt eg kunne.
Denne hendinga står så vidt nemnd i boka: Hå, NærbøVarhaug, 1837- 1937, side 217.
La oss til slutt minna kvarandre om Ivar Aasen sine
kjente verselingjer:
Lat oss ikkje forfedrane gløyma,- under alt som me
venda og snu.
Dei har gitt oss ein arv til å gøyma,- han er større enn
mange vil tru.
Sigbjørn Varhaug
Det kom eit fylgje med hest og kjerre til Hobberstad
også.Han som styrte hesten den vegen var Rasmus R.
• interiørkonsulent
• golvlegger
• systue
• gave og interiør
Vi har utvalget som passer deg!
• solskjerming
• maling
• tapet
Helmik Hobberstad
- 10 -
Ole S. Varhaug
• parkett
FARGERIKE HALVORSEN
Skulegata 13, VARHAUG • Telefon 51 43 61 00
E-post: [email protected]
Mandag-fredag 7.00-18.00 • Lørdag 9.00-14.00.
- 11 -
Julekonsert i Løa
Kathrine Håland Varhaug er ein av
Varhaugbygda sine dyktige songarar og ho har
spreidd mykje glede med songen sin. Ho har
hatt julekonsertar på Varhaug og i andre bygder
på Jæren i mange år.
OBS - OBS!
Og slik vert det dette året også! I samarbeid
med Kultur i Løå vert det julekonsert oppe i Løa
på Lensmannsgarden torsdag 17. desember kl.
19.00. Kathrine har også denne gongen med seg
dyktige songarar og musikarar på konserten:
Bygdekvinnelaget har fått spørsmål frå Anny Hagesæter Håland, som er engasjert i Frivilligsentralen i Hå og
arbeidet med flyktningar. Desse treng aktivitetar der dei kan læra språket. Kan bygdekvinnelaget gjera noko her?
Anny har planar om å ha samling med flyktningane i Løestova kvar torsdag frå kl. 10.00-14.00 i 10 veker frå
januar, der ein skal laga mat, strikka eller driva med spel av ymse slag, som ein del av språklæring.
Onar Paul Varhaug- song
Her er det vel mange som har lysst og kan vera til hjelp? Dei som kan ein torsdag eller fleire på nyåret, ta kontakt
med underteikna i tlf. 991 04 254 – Oddbjørg Skrettingland.
Njål Omland- piano
Kenneth Ueland- keyboard
Helge Ask- trommer
Johannes Håland- gitar
Eldbjørg Håland- bass
Gunnvor Refve- korist
Julekonsert
Kathrine m/venner
Cecilie Middelthon Skretting- korist
Nigel Wilson- korist
Håvard Varhaug - lyd
Oppe i Lensmannsløa
tor. 17 des. kl. 19.00
Billett: Voksen 100 kr,
barn under 16 år gratis
Selges på Mix Bø`en storkiosk
Overskuddet går til veldedig formål
Det er sal av billettar på Bøen. Oppe i løa er det
ikkje isolert, så hugs å kle dykk ekstra godt! Og
ta gjerne med eit teppe/pleidd!
Det vert også sal av gløgg og peparkaker.
Set av kvelden, kom på konsert og lat dykk fylle
med juletonar og kom i julestemning!
SLÅING • RAKING • PRESSING
DIREKTESÅING
ÅNESTAD
MASKINSTASJON
Jarle 97 67 03 63 • Erlend 90 08 14 10
Varhaug
Dublandsv. 35A, 4360 Varhaug
Tlf. 51 43 59 00 - www.vph.no
E-post: [email protected]
- 12 -
[email protected]
- 13 -
Det skjer på Lerbrekk
Kunst & Kult på Lerbrekk skule
I haust har det vore så mykje aktivitet at det var
vanskeleg å finna dag til lefsebakinga. Men så kom dei
endeleg i gang tysdag 3. november. –Me må jo halda på
tradisjonen. Her har dei det kjekt. Eg kjenner bakelukta
utanfor, og går inn i eldhuset. Krist og Johannes, Berit
og Harald, og Ingunn i full sving med å mylla eple, kna
i mjøl, trille ebne, kjevla og steikja. Og i kjøkken er
Astrid og Torill i full sving med klining. Sigbjørn fyller
opp fryseboksen og har ansvaret for middagen som er
pølsa, eple og gulerøter. Olav reparerer ein dørlås, og
Ingvar passar på eplå så dei ikkje kokar sund. 52 lefser,
og det er tid for middag. Sigrid kjem med sviskegrauten,
og alt smakar godt saman med den gode drøsen. Ingen
tvil om at Lerbrekk er ein triveleg plass.
Sundagskafeen første sundag i månaden er populær.
Rett nok ikkje like godt besøkt kvar gong, men den 4.
oktober var det mykje folk innom. Litt mindre nå den
1. november, men så var det jo gode gang helga før
då Kunst & Kult hadde utstilling. Det er ikkje kafé i
desember og januar. Så neste gong det er open kafé vert
sundag 7. februar 2016.
JULATREFESTEN vert måndag 28. desember 2015 kl. 18.00
God, gamaldags julatrefest med posar til ungane.
Kaffi og lefsa til dei vaksne. Gaute Øgreid Rasmussen
vert med oss og har andakt. Gang rundt juletreet med
trekkspelmusikk av Agnes og Olav. Inngangspengar.
Heile familien er VELKOMNE, også besteforeldre.
Helga 24. og 25. oktober var det igjen utstilling på
Lerbrekk. Denne utstillinga som i 2009 vart starta opp
av Liss Mona Wammer-Pettersen og Viola Krause
Mellemstrand. I år var det med ni ulike utstillarar.
Vennelaget Lerbrekk skule hadde også i år kafé i
lærarbustaden. Det var god gang heile helga der det
gjekk med ca. 72 egg til vaffelrøre, og kaffi vart kokt på
gamlemåten i gamal bedehuskjel. Alle skrøytte av den
gode kaffien. Ei stund strøymde det på med så mykje
folk at dei snudde i døra då det ikkje var plass til å setja
seg ned. Men stort sett gjekk det greitt. Litt mindre
folk i år enn rekordåret i fjor, men utstillarane var godt
nøgde med besøk og sal. –Det er den kjekkaste plassen
me har utstilling, seier Liss Mona Wammer-Pettersen. –
Her er eit spesielt miljø, og me vert så godt mottekne av
Vennelaget. Det er godt at Vennelaget har ansvaret for
kafeen, så kan me konsentrera oss om utstillinga, seier
dei.
Her var litt for ein kvar smak med fletta ting av pil,
såper, måleri, barneklede og vaksne klede. Fuglar i
keramikk, filt, kort og ikkje minst Krims og Krans med
dekorasjonar som er så fint arrangert ute, i inngangen og
vedskjulet. Her lyser Velkomen imot oss, og gjer at her
får me lyst både til å sjå og til å handla. Heile miljøet
gjer det heimekoseleg og lunt.
Nytt i år var Fredholm hageopplevelser som var med
på sundagen. Helen Fredholm er ei hageglad dame som
har ein fantastisk hage på Toten. Ho fotograferer og har
hagen open for vising på sommaren. Om vinteren reiser
ho rundt og held foredrag og kurs. I sommartida held
ho seg stort sett i hagen. Av fotografia lagar ho kort og
bøker.
Me ynskjer KUNST & KULT velkomen att neste år.
Minner om at Vennelaget Lerbrekk har eiga side
Facebook der me legg ut informasjon om det som skal
skje.
Brit
- 14 -
- 15 -
Brit Obrestad
Haustfest i Svala 4H
Aspirantar fødde i 2004
Ei rørt May Helen mottek 1 rose frå kvar av dei 65
medlemmane
Aspirantar fødde i 2002
Aspirantar fødde i 2000
Aspirantar fødde i 2005
Aspirantar fødde i 2003
Dei fleste medlemmane samla etter at dei har levert blomar til May Helen, som takk for dei 9 åra ho har gitt til
Svala 4H.
Fredag 16.oktober kl.19:00 var det duket for haustfest
i Svala 4H på idrettshuset. Dette året var det heile
65 utstillarar. Det kom 300 stk på festen.Mange
medlemmar stilte med underhaldning til festen i form
av leker og sketsjer. Det blei servering av lapskaus
frå Skrettingen. Iris Odland Knutsen fra SR-bank
Sparebank 1 og Ingonn Søyland Bø fra Rogaland 4H
stod for merkeutdelinga. Prosjektet «Vi baker» fekk
pengepremie fra Bygdekvinnelaget. Åvar Skretting
fekk pokal fra BU for prosjektet «Bakeren». Aasbjørn
Aasland fekk pokal fra Bondelaget for prosjektet «Ku
og kalv».
geit for prosjektet –husdyra-sau. Det blei åresalg der me
gav noko av inntekta til 4H sitt arbeid i Sambolabo og
noko til Rosa Sløyfe Aksjonen. Medlemmane i Svala
4H takka også May Helen Skrettingland for alt ho har
gjort for Svala, med å gje ho ei rose pr. Medlem.
Ingvild Topdal Sæland fekk pokal fra Sør-Jæren sau og
Oversiktsbilete av utstillingane
Oversiktsbilete av festpynta sal
Aspirantar fødde i 2001
- 16 -
- 17 -
5år!
Fix it frisør er 5 år og dette feirer vi
med gode tilbud og kake og kaffe:
Førjulstida i Stuelandsbygget
Fredag 27. november:
Kl. 17.45: Oppvisning av Varhaugspulsen
Etter oppvisninga: Minikonsert av Varhaug skulekorps
• Sminker fra Glo minerals
• Produkter fra Goldwell
• Joico glattetang
• Alle klær fra Iis of Norway
For mer detaljer om priser og tilbud følg med på vår facebookside Fix it frisør
Vi har bli ny konkurranse – sjekk vår facebookside Vi skal ha mannekengoppvisning lørdag den 28. november kl. 12:00
Til alle frisører som ønsker nye utfordringer, vi har ledig stilling til deg, sjekk vår facebookside
Åpningstider denne helgen:
Fredag 27/11 – 09:00 – 19:00
Lørdag 28/11 – 09:00 - 14:00
Kl. 18.00 og utover: Asbjørn serverar tante Liv sin julegløgg
Laurdag 28. november:
Kl. 10.00-11.30 : Treningsmix av VarhaugsPulsen i kjellaren
kl. 11.00 og utover: Pianomusikk
Kl. 12.00: Mannekengvisning av Fix it Frisør
Kl. 11.00 – 13.00: Gordon vil selja grøt
Spar får mest ny butikk
Etter 5 år i den nye butikken, tykte
Gordon tida var komen for endring.
Alltid gildt med noko nytt, tenkte han,
og sette i gang. Etter ombygginga er
Arild Austrått
butikken nå omtrent som ny,
og Gordon og co er klar til å ta
i mot kundane.
I samband med dette vert det mange
gode tilbud i veke 48 i tillegg til
demonstrasjon av ymse varer.
- 18 -
Me ynskjer alle ei fin julehelg
og eit godt nyttår!
- 19 -
Skisesongen 2015/16
Det går mot vinter og snødekte fjellvidder; Guds
skaperverk i finaste kledning.
Skigjengen kan gleda seg til mange fine treningsøkter
og mange spennande turrenn. Nokre går helst
bare lokale turrenn, t.d. Sirdal skimaraton (eller
halvmaraton),Stavløpet og kanskje Vigelandsløpet.
Andre går gjerne Holmenkollmarsjen, Birkebeinerrennet
eller Skarverennet. Ein del av skigjengen reiser i år
til Lahti i Finnland og går renn der. – Lars Madland
er reiseleiar og «primus motor» for det meste av
skiaktivitetane for «Varhaugsgjengen».
Sesilåmi
Dette rennet er høgdepunktet for skisesongen for dei
fleste. I år opplevde me rennet i nydeleg vinterver. Gode
skispor og godt tilrettelagt for ploging i unnabakkar
gjorde sitt til at me fekk 52km med triveleg turrenn.
Alle i gjengen fullførde på fin måte, også dei som gjekk
rennet for første gong. Nokre av oss i «Varhaug-bussen»
gjekk dessutan ekstra fort. Bodil Høiland vart nr. 2 og
Liv Lende Olsen vart nr. 4 i sine klassar. Av mannfolka
vann Tormod Åsli sin klasse, med Kjell Tjemsland som
nr. 2 og Håkon Reinås som nr. 3. Fleire andre av oss
kom mellom dei raskaste i sine klassar. – Mitt eige mål
var å fullføra mi Sesilåmi nr. 31, og det greidde eg, rett
nok med eit par kraftige fall.
og overnatting fekk me i Valle. Dyktige buss-sjåførar
og fin buss er med på å gjera Sesilåmi-turen til ei fin
oppleving.
Dagen etter var me klar for innsats i skisporet. Der
opplevde me norske flagg, bjelleklang og oppmuntrande
tilrop frå publikum både på Setesdals-sida og Sirdalssida. På 2. matstasjon fekk me herleg havregrynsuppe,
på 3. og 4. matstasjon både varm drikke og banan. I mål
vart me mottekne av trufaste arrangørar og hjelparar,
ofte dei same folka år etter år. Røde kors sitt nærvær
sikra tryggleiken.
God forvaltning av kropp og helse
Eg oppfordrar både yngre og eldre til fysisk aktivitet
av eitt eller anna slag. Fysisk styrke gir og psykisk
styrke og balanse, noko som er til nytte for eiga
helse, familieliv og arbeidsliv og kanskje ekstra stort
overskudd til samfunnsnyttig engasjement i nærmiljøet.
Turrenn, t.d. Sesilåmi, kan vere døme på gode
treningsmål.
Dessutan er det gildt!
Alle er velkomne til å vera med på skitrening/
rulleskitrening. For å sikra plass i bussen til
Sesilåmi, ta kontakt med Mindor Håland i god tid.
Lukke til!
I «Varhaug-bussen» har me godt sosialt fellesskap med
god drøs, eit par intervju og litt allsang. God middag
Hallbasar 2015
Sundag 29. november kl. 13.00
12.45 Dørene åpnar
13.00 Idrettsskulen (2006&2007-kulla) opptrer
13.15 Turnen opptrer
13.25 Servering av gratis grøt og saft
14.10 Minikoret opptrer
14.30 Trekning
Mange flotte gevinstar – vel møtt!
Den årlige basaren
på Elgane
Helsing Eirik J.
vert laurdag 12. desember kl. 12.00
Alle velkomne
Refleks…Refleks…Refleks…
Det er mørketid. Husk difor lys på sykkelen, refleks på kleda eller
aller helst refleksvest når du ferdast ute i mørkret.
Mindor Håland vell i mål etter
Sesilåmi
Håkon Skretting vell i mål etter
Sesilåmi
- 20 -
Siri Skretting før Amerikanske
Birkie
- 21 -
Vennelaget for Lensmannsgarden presenterer: 19/11
Kjærleik på Lykteland i Lensmannsløa
Fyrste skikkelige haustkveld på Jæren, var
Lensmannsløa fullsett av eit forventningsfullt publikum.
Jon har visst teke seg «vatn øve håve» med alle desse
kvinnfolka som plutseleg kjem til gards.
På progammet stod Kjærleik på Lykteland, ei
folkekomedie av Torvald Tu, skriven på 30-talet.
Stykket blei framført av teatergruppa Fantefølge.
…ein kan trygt seia at graset ikke alltid er grønare på
andre sida.
Det at stykket no vart spela på løa, med «vår eigen»
Brigt Skrettingland som ein av skodespelarane, var
ekstra stas.
Kjærleik på Lykteland er ein herleg, morosam,
hjartevarm og gjenkjenneleg historie. Den handla om
Jon Lykteland, ein gardbrukar som er busett på Jæren.
Jon har det fint. Han har ein stor og flott gard, gardsgut,
gode vener og ei jente, Jenssine, som steller for han.
Likevel føler han at det er noko som manglar. Løysinga
for han blir å setja «lysning i aviså itte kåna»
Dette blir det sjølvsagt forviklingar av. Mange herlige
komplikasjonar og morosame situasjonar.
Med dyktige skodespelarar, var det lett å la seg riva med
i stykket. Fleire lattersalver og godlyd i løa vitna om at
publikum kosa seg.
Stor applaus til dyktige og tydelege skodespelarar
avslutta ein kjekk kveld.
Karin Hauge
Kulturkveld med m.a sal av etiopisk mat NB:18:00
Vennelaget for Lensmannsgarden presenterer: 17/12
Julekonsert med Katrine Håland Varhaug og vener.
19/11
Billettsal på Bøen. Overskotet går til eit veldedig føremål.
Kulturkveld med m.a sal av etiopisk mat NB:18:00
21/1
Konsert med Olav Larsen and the Alabama Rodeo Stars og
17/12
Julekonsert
Håland Varhaug og vener.
SkankeVelanmed
somKatrine
support.
Billettsal på Bøen. Overskotet går til eit veldedig føremål.
17/3
"En Herrlig Aften" Med Klippenberg & Petersson
21/1
Konsert med Olav Larsen and the Alabama Rodeo Stars og
21/4
SkankeVelan
som
support. presenterer Gospeldronninga Mahalia
Koret
Korall frå
Randaberg
Jackson gjennom ord og tonar.
17/3
"En Herrlig Aften" Med Klippenberg & Petersson
Programmet oppdateres på plakater, facebook, sms og mail.
21/4
Koret Korall frå Randaberg presenterer Gospeldronninga Mahalia
Jackson
ordkan ogdtonar.
For å få påminning på gjennom
SMS og mail, ere melde dere inn i vennelaget (gratis) ved å sende SMS med navn og e-­‐post adresse til: 976 88 571 oppdateres
på plakater, facebook, sms og mail.
"LIK" Kultur Programmet
i Løå på Facebook
For å få påminning på SMS og mail, kan dere melde dere inn i vennelaget (gratis) ved å sende SMS med navn og e-­‐post adresse til: 976 88 571 "LIK" Kultur i Løå på Facebook Abonnering på Varhaugbuen
Bladet går gratis til alle innbyggarane på Varhaug, der frivillige køyrer rundt i bygda med desse.
I det første nummeret kvart år legg me ved ein giro, der folk kan betala inn det dei har lysst til. Mange har og
betalt for familie og venner som bur utanfor Varhaug. Får me inn kr. 200,- eller meir frå ein med adresse utanfor
Varhaug, reknar me denne som abonnent, og dei får bladet sendt i posten. Nå viser det seg at det nok er fleire som
har fått bladet tilsendt “av gamal vane”og utan at dei har betalt noko. Dette vil me skjerpa litt inn på, det kostar
over 30 kroner å senda eit blad. Me kjem til å laga nye adresselister etter 1. utgåve i 2016, når me ser kven som
har betalt på giroen. Me tykkjer det er veldig gildt at folk utanfor Varhaug og liker bladet, og dei får 4 nummer i
året tilsendt dersom dei betaler inn kr. 200,- kvart år.
- 22 -
- 23 -
Nytt frå
Misjonshuset
Hå Lions
Ottar Varhaug, Harald Aanestad og Ingebret Gausland
«Lions Clubs International er en verdensomspennende
organisasjon med 45 000 klubber og 1.35 millioner
medlemmer i over 200 land og geografiske områder
verden over. Dette gjør klubben til den største
humanitære serviceorganisasjonen i verden. (Wikipedia)
Den ble grunnlagt 7. juni 1917 av Melvin Jones, og
hovedkvarteret ligger i Oak Brook, Illinois, USA.»
I Rogaland er det 40 klubbar, og ein av desse er
Hå Lions, som vart stifta i 1978. Klubben har i
dag 38 medlemar frå heile kommunen, derav 8 frå
Varhaug. Ingebret Gausland på Bø i Nærbø er for tida
«president». Med seg i styret har han: Tobias Aanestad,
Albert Moe, Per Ivar Lillesand og Håvard Skrettingland.
Det er eit godt samhald i klubben, og her er det ikkje
mykje av det gamle sør/nord problemet.
Ottar Varhaug, som eg har snakka med, trur det er 2-3
nye medlemar «på gang», men det er plass til fleire. Så
føler du at dette er noko for deg når du har lese stykket,
så berre ta kontakt med ein i styret.
Hå Lions har eit møte i månaden, unnateke juli og
august. Dei har 4 «innemøte» med program av ymse
slag og 6 utemøte/bedriftsbesøk, slik som mellom anna
Nortura og Tine. Nå er det Rogaland Pelsdyrforlag som
står for tur.
Det som eg tenker mest på når det gjeld Lions, er
juleneka. Og her gjer medlemane eit stort arbeid.
Dei både sår og haustar kornet, og når det er klar for
skurd, vert dette gjort med eigen sjølvbindar. Denne har
klubben fått av bror til Albert Moe, som bur i Suldal.
Klubben har mange flinke og nevenyttige i styret, som
syt for at denne maskinen alltid er i tipp topp stand. Hå
Lons Hå har ca kr. 50.000 netto på juleneka. Desse vert
etter skurden lagra i den gamle løa til Tobias Aanestad.
Då eg var oppom heldt dei på å flytta neka til løa til
Ingebret for «plastpakking», før dei skal rundt på dørene
og selja dei.
I tillegg til neka har Hå Lions og ein stor tulipanaksjon
der dei største kjøparane har vore bedrifter rundt i
kommunen. Pengane dei får inn her; 15.- 20.000 går til
Ungdom mot narkotika.
Klubben har og ein venskapsklubb i Danmark,
nærare bestemt Hvorslev, som er den gamle
venskapskommunen til Hå. Dei siste 10 åra har nokre av
medlemane reist dit, og vore med på den store julemessa
på Ulstrup slott første helga i desember. Her har dei selt
norske varer slik som flatbrød, ost, prim og spekemat.
Alt dette er sponsa av næringslivet i Hå!. Dei har vorte
innkvartert privat, og på den måten og fått seg mange
gode vener i Danmark. Gjengen frå Varhaug har selt
norske varer der nede for ca. 8.000 kvart år. Og desse
pengane gir dei til Lions Danmark.
Tida går fort,- snart er det jul att. No når dette bladet
kjem er julemessene ferdige. Og når hausten er slutt vert
det advent og «vi synger jula inn» sundag 13. desember,
der er korps og alle songkora med.
For dei som er ungdomar, vert det annendagsfest og
nyttårsfest. Og fredagar og laurdagar er det ope hus og
samlingskvelder på ungdomsloftet.
For «me over 60» er det to onsdagar i månaden treff på
Misjonshust kl 14. Og så er det den store middagen som
vert 13. desember.
Sjå program på oppslag og i annonsar og følg med på
internettsida til Misjonshuset, www.varhaug-misjonshus.no, der ein kan finne
program og planlagde ting framover.
Ønsker du å tinga rom på Misjonshuset for f.eks
konfirmasjon, er det enno plass for neste år, og for 2017
er det trekning kring 1. mai 2016.
Eg gjer merksam på kontortida på misjonshuset
måndagar og torsdagar kl 2000-2100, og telefon
er 51430808. Det er no berre 1 time, men ein kan
tinga rom ved bruk av internett, sjå internettsida til
misjonshuset. E-post kan sendast til [email protected]
Gateadressa er Ånestadvegen 21, postadresse er boks
103, 4368 Varhaug
Velkomen til Misjonshuset.
Med helsing, Per-Arvid
Son nemnt er Lions ein humanitær organisasjon, og har
DU noko du brenn skikkeleg for: Ta kontakt med Hå
Lions. Kanskje kan ideen din vera noko dei kan arbeida
vidare med.
Har du lyst på julenek , ta kontakt med Harald Aanestad
eller Ottar Varhaug. Samstundes som du støttar ei god
sak, vil sikkert både du og fuglane få glede av dette i
mørketida.
Eg seier takk for drøset med Ottar, og ynskjer Hå Lions
lukke til med nok ei julemesse i Danmark.
PS. Håpar Ottar kjem innom med julenek, slik som i
fjor. Liv
- 24 -
- 25 -
Roleg tid for skulekorpset
Hå skulesjakk
Det var kjekt å treffe ein annan klubb,- så utpå våren vil
me invitere Skadberg ss til Hå for å spele lagsjakk.
Det ser ut til at sjakk fortsatt er ei guttegreie. Me hadde
to jenter med på speling på Vigrestad i haust, men den
eine har flytta og da slutta den andre å koma óg.
I KM (krets mester skap) fekk klubben Kretsmester
i gruppe D, spelarar født i 2003. Det var Oskar Feed
Jakobsen som vann den klassen. Frå Hå skulesjakk
deltok 7 spelarar i KM, KM er kvalifiserande for
å vere med i NM, og 6 spelarar frå HÅ er påmeldt
NM i Bergen 13-15. november. I neste nummer av
Varhaugbuen vil me ha litt frå NM.
På Vigrestad speler me sjakk på torsdagar kl 17301845 på ”kulturtorget Vigrestad” som ligg ved sidan av
Misjonshuset, rett ved jernbanen. Første dag etter jul
vert 7. Januar
På Varhaug speler me no på onsdagar kl 1730 – 1845,
og spelestad er «stadlen» på lensmannsløa. I haust har
det ikkje vore så mange på samlingane,- kan tenkast at
onsdag er en dårlegare dag enn tysdag,- kanskje meir
fortball då.?! Etter jul startar me opp 6. januar.
Laurdag 1. november var klubben invitert til Skadberg
skolesjakk på Sola, til sjakkseminar med tidlegare
Norgesmeister i sjakk, Line Jin Jørgensen, pizza og
lynsjakk turnering. Me hadde to fulle biler med spelarar
og deltok med utstyr som klokker, brett og brikker.
Turneringa vart ikkje ferdig- så me måtte reise tilbake
onsdagen etter for å spele ferdig.
Fleire av klubbmedlemmane har også i haust deltatt
på turneringar og gjort det bra. Sist var det BGP på
Smeaheia. Her var me 4 spelarar og eg var med som
domar i klasse for nybegynnarar. I alt 105 spelarar
deltok. Bilder er m
Med sjakk helsing frå Per-Arvid
Hå sjakk for vaksne
Det med sjakk for vaksne har ikkje tatt heilt av. Me
hadde håpa å få til ein sjakklubb for vaksne – så me
kunne delta i turneringer og dermed får rating!
Dette året speler me sjakk på Varhaug på
onsdagskveldane etter at skulesjakken er ferdig, dvs kl
1900. Staden er lensmannsløa.
Medlemar i reine skulesjakklubbar (Som er tilslutta
Ungdomens Sjakkforbund) får ikkje rating unntatt i
eit par turneringar, ein må vere medlem i en sjakklubb
registrert i Norges sjakkforbund for å kunne delta i
såkalla «ratede» turneringer.
Og me vonar at me kan få grunnlag til å starte ein ny
sjakklubb, Hå sjakklubb.
(Magnus Carlsen er på topp i rating med 2853, medan
beste speler som har vore med i Hå Skulesjakk og
har vorte Norgesmeister, er Martin Nilsen med 2141 i
rating)
Fleire av oss i Hå skulesjakk er innmeldt i Sandnes
sjakklubb for å kunne spele i turneringer der ein får
rating ut frå resultat.
Oppmøtet har variert, fleire av dei beste i skulesjakken
deltar,- og nokre tidlegare skulesjakkspelarar kjem.
Dersom du som les dette har lyst til å spele sjakk,- så er
du velkomen. Me har hatt uformelle små lynturneringar
til nå.
Med sjakk helsing frå Per-Arvid
- 26 -
Det har vore ein roleg haust sidan det ikkje vart noko
Stavanger Open. Det passa ikkje for nokre av nøkkelpersonane, og då nyttar det ikkje å stilla opp i konkurranse.
Men korpset øver jamt og trutt, så framover mot jul vert
det nok dei vanlege speleoppdraga. Elles skal me vera med
på eit arrangement i Lensmannsløå i november.
BU
Advents - kafe
Bygdeungdomslaget har alt begynt å tenka på Varhaugmarken. Då ha dei planer om å arrangera Olabil løp.
Alle er velkomne til den tradisjonelle advents kafeen i
garasjen på Kydland hos Solfrid og Berge lørdag
5. desember kl. 11.00-17.00. Det vert sal av grøt og mykje anna god mat. Også glutenfritt. Det vert og basar
og lynlotteri, og pengane går uavkorta til stiftinga «Hjelp til Russland»
Kjartan
Elles så har medlemane gjort eit stort arbeid med riving av
den gamle garasjen på Internatet samt fått ny kledning og
dør i buå.
Husk varme klede, då kafeen er ute i garasjen
Hå Hagelag
Gammaldansen
Me starter nyåret med møte i Lensmannsløå torsdag 4. februar kl. 19.00.
Er framleis «still going strong», og øver annankvar tysdag
på Ungdomsskulen.( oddetalsveka)
Då vert temaet «Frå frø og stikling til blomar og planter»
og det er Karl Johan Bø som skal snakka om det.
Nå vert det endeleg liv i gamle banken
Som de kunne lesa i Jærbladet nyleg, er det like før opning
av smådyrklinikk i Stasjonsvegen. Og dette vert den
einaste klinikken mellom Egersund og Tu.
kan vel neppe verta større. Marius skal driva klinikken
saman med 2 andre, og i tillegg skal det koma ein hundefrisør.
Reidar Skretting har gjort avtale med Marius Usvaltas,
veterinær frå Liauen om leige av 80m2 i gamle banken.
Marius har vore i Norge i 6 år, og har lenge tenkt å starta
noko for seg sjølv. Då Marius jobba i Litauen, hadde han
ansvaret for helsa til 200 kyr, så overgangen til smådyr
Varhaugbuen vil skriva meir om dette i neste blad, når
klinikken har kome vel i gang.
Håper at bygdefolket støttar godt opp om dette nye
tiltaket i stasjonen. Dette kan kanskje vera med på å få liv
i gata at?
Kortspel, bingo, seniordans
Gjengen som tidlegare samla seg på Mødeplassen i Sentrumsgården, har nå fått ein ny møteplass; eit møterom i kjellararen på idrettshuset (der den gamle kafeen var før i tida)). Dagen er den same: måndag kl. 12.00
for kortspelet og kl. 15.00 for bingoen.
Det er plass til fleire, så kom og vær med oss enten på
speling eller bingo, eller de seier som Ole Brum «Ja. Takk begge deler».
Synd at ikkje fleire av bygdefolket støttar opp om dette.
Bingo var ein god ting å starta med, tykte me, og så
kunne det kanskje koma andre ting etter kvart når me fekk høyra kva folk ville ha av aktivitetar.
Seniordansen er og flytta til Iden. Dei dansar tysdag kl. 11.00.
- 27 -
Varhaug fotoklubb
Har i dag alt fått 18 medlemar.
Klubben har fast møtekveld;
første mandagen i månaden i
Lensmannløa. Her har dei hatt
lærerike møte med mellom anna
Stavanger Foto i tillegg til utstilling
av bilete. Dei har og vore på
ekskursjon til Ogna. På møta er alle
velkomne til å koma og vera med
oss, både for å sjå på fine bilete,
men ikkje minst for kanskje å læra
noko om fotografering. Her betyr
det ingen ting om du er ung eller
gammal, alle er like velkomne.
I tillegg til dei faste møta, har og
klubben engasjert seg i å støtte
kreftsaka, ved å selja ein kalender.
Her ser de Ingvald Aase med
framsida av kalenderen der det
står:»Støtt vår innsamlingsaksjon til
fordel for trivselstiltak for pasienter
ved Poliklinikken for blod- og
kreftsykdommer på SUS: Kjøp en
kalender for kr. 200, og beløpet går
uavkortet til formålet»
Alle utgifter til trykking av
kalenderen har Fotoklubben fått
sponsa av Jæren Sparebank, SrBank, Kruse Smith og Allkopi. Så
alt som vert selt går rett til formålet.
Ting sjukehuset ynskjer seg er
abonnement på tidsskrift for damer
og menn, radio eller iPad. Dette
er ting som kan vera med og gjera
ventetida på sjukehuset litt lettare.
26. november vil medlemane gå
rundt i bygda og selja kalenderen,
som harmange fine bilete med
Jærmotiv, og de vil og finna ein
trausk. Kanskje dette nettopp er
julegåva til utflytta Varhaugbuar?
Varhaug Fotoklubb slår her 2
fluger i ein smekk; dei støttar ei
god sak samstundes som bygda får
kjennskap til kven dei er.
Ingvald Aase med framsida av
kalenderen.
Ingvald håpar alle vil ta vel imot
kalenderseljarane når dei kjem på
døra.
Åsmund Susort
Asle Haukland
Bente Vigre
Ingvald Aase
- 28 -
- 29 -
Nok ein gild kulturkveld i Løå
(Nå er det berre å gleda seg til Minikonserten dei skal ha i
Stuelandsbygget 27. november)
Etterpå fekk Sjur Håland ordet, Han snakka om arbeidet
med den nye boka “Varmen frå myra”. Det var høve til
åkjøpa boka og samstundes få denne signert av Sjur.
Så var det sal av mat. Og her kunne vel ikkje kontrastane
vore større. Sjur snakka om og synte oss, noko verkeleg
urnorskt; torv. Og maten me skulle kjøpa var ein nasjonalrett frå Eritrea; Enjera. Denne hadde Sinat og Mimmi
brukt mange timar på å i stand. Begge har vore 13 år i
Norge. Mimmi har budd på Varhaug i 2 år, men bur nå
på Nærbø, der ho er kjøkkenassistent på Tryggheim.
Sinat bur på Varhaug, og ho arbeidar i Klokkarhagen.
Det er ikkje så enkelt å forklara kva denne retten er, men
det er nokre svampaktige pannekaker ein et saman med
kylling og okse i ganske sterk saus med mykje løk og
krydder oppi.(Dette er kjempegodt, og det er ein rett me
har servert mange gonger på den internasjonale middagen
i kommunekjellaren på Nærbø, i regi av Frivilligsentrtalen).
Ikkje nok at me fekk Eritreisk mat, me fekk og Eritreisk
kaffi. Den koka Sinat inne på golvet i løå på ei spesiell
kokeplate og i ei spesiell kanne. Den serverte ho etterpå
i ganske små kopper. Etter den gode, mektige og sterke
maten, var det veldig godt med denne spesielle kaffien
Ein stor takk til Vennelaget for ein gild kveld. Det kom
folk frå Brusand, men alt for få frå Varhaug. Alle kan då
ikke vera i Syden?Trudde ikkje det skuille ha noko å seia
av kvelden starta kl. 18.00.Vennelaget som legg ned eit så
stort frivillig arbeid her, hadde fortent meir publikum.
Liv
- 30 -
Foto: Kjetil Skrettingland
Vennelaget hadde fått til eit godt program, der skulekorpset starta med fengande musikk. Korpset er ikkje stort,
men dei får det til å svinga.
- 31 -
Inne krokket
King of the swing
King of the swing er ei danse tevling mellom 9. klassane I Hå, og vart i år halden på Vigrestad. Det var 22 par som starta,
6 gjekk til finalen, og Eline Vold og Jøran Solberg Håland frå Vigrestad vann. Ikkje nok med det; dette var 3. året at
Vigrestad vann, og sikra dermed vandrepokalen. Det er Hå kulturtorg, som står for dansetevlinga, som vart arrangert for
8. gong. Elevane har hatt eit 6 vekers swing-kurs. Jøran hadde aldri dansa tidlegare, men Eline hadde dansa litt. (Jøran
Håland er barnebarnet til Jon Harald Håland, og Varhaugbuen gratulerer!)
Iris Odland Knudsen fra SR-Bank
kom med gavesjekk
Far og son Odd og Stig Varhaug ventar spent på å koma i gang.
9. november var det opning av den nye krokketbanen
på låven i Lensmannsløå. Her var både unge og dei litt
eldre samla saman med ordføraren, som skulle stå for den
offisielle opninga med snor klypping. Vennelaget serverte
nysteikte lappar og kaffi, og folk kosa seg. Med det same
den røde snora var kutta, var gjengen i gang med spelet.
Og dette var folk som hadde vore borti ei krokket kule
før.
Ungdoms klubben har nok fått eit gildt tiltak, men banen
skal og brukast av alle dei krokket interesserte som fins
på Varhaug og i området elles.
KULLSYREMASKIN
JulegAvetips
VI HAR
GODKJENT
JulegAvetips BILVERKSTED:
ted • 51 43 02 33
FRA AGA
799,JulegAvetips
inkl. patron
Arild Austrått ny mobilbutikk 2.etasje Stuelandsbygget
499,799,- 799,inkl. patron
EU kontroll •
inkl. patron
Hjulstilling •
Service •
259,Tilhengerservice •
Flotte nisser fra 259,- pr. stk.
byttepatron
269,-Alle julevarer
byttepatron ÷20% Alle julevarer
149,Salg
av dekk •
Flotte nisser fra 259,pr. stk.
149,149,byttepatron
Alle julevarer Dekkhotell •
Varhaug Servicenter A/S÷20%
Godkjent bilverksted • 51 43 02 33
149,÷20%
ny patron
ervicenter A/S
Jeg har drevet med mobiltelefoni siden 1987. I 1995 startet jeg min egen virksomhet i Meieriveien på Varhaug, og i 2003 flyttet jeg til Bratland. Nå er det 20 års jubileum og har funnet ut at jeg skal prøve å drive i Stuelandsbygget. Nå er det opp til bygda Varhaug, om det går an å drive mobilbutikk. Jeg oppfordrer alle til å bruke de lokale
butikkene vi har i bygda.
Jeg selger mobiltelefoner og reparere knuste skjermer på Iphone og Samsung og enkelte andre produkter.
Jeg har ikke faste åpningstider, men avtal tid på mobil: 91351790 eller mail arild.austraatt@online
Mvh. Arild Austrått
- 32 -
Flotte nisser fra
pr. stk.
bytte av patron
Varhaug Servicenter A/S
Godkjent bilverksted
• 51 43 02 Servicenter
33
Varhaug
A/S
Godkjent bilverksted • 51 43 02 33
- 33 -
g
u
a
h
r
a
V
Stoff-frist
Varhaug er smikkfullt av ressurser!
Noko av dette kan me vel få til?
Den 21.juni arrangerte Varhaugbuen eit motivasjonsseminar for alle lag og organisasjonar i bygda. Glimrande
motivatorar som Tom Åge Myhren, tidlegare statsråd i
fantasidepartementet i Lucky Næroset, landsbygeneral i
Randaberg, Svein Sørnæs og ordførar Mons Skrettingland.
Dette kan enten sendast direkte
til: [email protected] eller legga
det i postkassa til Liv.
• Livsglede dagar (jan-febr)
• Samla og koordinera aktivitetar
• Få ei inkluderande bygd
Sender du Word dokument
må bildene vedlegges som
egne filer i JPG format.
• Felles tiltak for å bevara handelen her
Tom Åge Myhren varta opp med eit forrykande føredrag,
der deltakarane lo så dei grein og levande såg føre seg alt.
Opplevinga kan ikkje beskrivast, det må opplevast sjølv!!
Viss de nokon gong får moglegheita til å koma på eit føredrag med den kroppen, må de slå til!!
• Konsertar på Torget sumarstid
• Livd mot vinden på torget
• Glastak over torget
• Aktivitetar på torget
• Sommarfest i Bodle, kanskje med kafè
Alt i alt handla det om å sjå moglegheitene og gjera noko
positivt av det ein har i ei bygd, anten det er ein underjordisk flyplass eller humpar i vegen…
• Uformell møteplass, som kan samla folk
Landsbygeneralen gav deltakarane mange praktiske og
jordnære tips til korleis Varhaug kan stoppa handelslekkasje og skapa stolthet i bygda si. Han delte erfaringane frå
Randaberg, som har arbeidd målretta for å stoppa handelslekkasjen til Stavanger.
• Samarbeid med alle som driv handel
Ordførar Mons Skrettingland, snakka om Hå kommune
generelt og Varhaug og frivillige organisasjonar spesielt.
• Meir samarbeid mellom bedrifter og lag
Til slutt hadde me eit gruppearbeid der me såg på ressursane i Varhaug og kva me ynskjer skal skje i bygda.
Stoff frist for neste blad er
24. februar
• Gjera meir ut av Varhaugmarken
• Få folk til å svinga innom Varhaug
• Oppstillings plass for Bubilar i Bodle, Madland hamn
og Varhaug gamle kyrkje mot betaling
• Utvida ryddinga av sentrum til bygdene
• Levande sentrum
Styret frå venstre: Per Kristian Skrettingland Haarr, Magnus Ånestad,
Thomas Vagle, Framme:Lene Iren Rangen og Lenita Salte.
Magnus Ånestad ny leiar i Varhaug bondelag
Geir Erik Aanestad, som har vore leiar dei 2 siste åra, ynskte ikkje attval. Difor hadde valnemnda forslag om Magnus Ånestad, som hadde hatt sekretærjobben i tida med Geir Erik, som ny leiar. Han vart einstemmig valt.Med seg
i styret får han ein ny, Per Kristian Skrettingland Haarr. Dei andre er kjende
frå ifjor: Lene Iren Rangen, Thomas Vagle og Lenita Salte. Positivt med eit
ungt styre.
Dette var ein del av idane som fram under gruppearbeidet. Me kan ikkje gripa tak i alle med ein gong, men det
hadde vore gildt med innspel og meiningar frå lesarane.
Årsmeldinga synte eit aktivt år for laget, med brukbar økonomi. 23. september var det 263 medlemar i Varhaug bondelag. Det er 4 færre enn same tida
året før.Det har vore 9 utmeldingar og 7 nye medlemar frå 1.1.15 – 23.9.15 .
Den nye arbeidplanen legg opp til aktivitetar kvar månad, minus juli. Medlemsverving er det heile året.
Men ein ting kan me vel i alle fall nå einast om: Me skal
støtta opp om eldsjeler, frivillige og alle «galne» og kreative må samlast. Me må prøva å få til eit levande sentrum
med ymse aktivitetar.
I desember er det skulefrukost på ungdomsskulen og i januar det årlege stormøtet i idrettshallen med SRbank og alle bondelaga i Hå.
Til sist eit hjartesukk frå avtråppande leiar; Me er veldig mange medlemar.
Det hadde vore gildt om fleire av dykk møtte opp på arrangementa våre, eller
tek kontakt med styret med tankar/idear de er opptekne av.
Årsmøtet vart halde på Lerbrekk skule, og både styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg og me andre var vel nøgde med både møtet og ikkje
minst maten som Astrid og Sigbjørn serverte oss.
Sammen får vi ting til å skje.
- 34 -
- 35 -
Internatet
Skal ha årsmøte måndag 30. november. Eigarlaga har fått innkalling.
Karaten
Kjem meir neste nummer!
GRØFTE?
adsign.no
Vi tilpasser
også sandfangkummer
Ring Bjarte på 991 61 373
for pris på drensrør!
FK BUTIKKEN VARHAUG
HAALAND BILVERKSTED
Vi er bilverkstedet for alle vanlig forekommende bilmerker. Vi har kompetansen til å gjøre det
beste for akkurat din bil - og din lommebok.
Hvis bilen din har garanti, vil den fortsatt gjelde etter et besøk hos oss. Det er fordi vi alltid utfører service og
reparasjoner i henhold til produsentenes instruksjoner - og at vi bare bruker reservedeler i henhold til foreskrevet kvalitet. Enten du er ute etter reparasjon eller service, kan du føle deg trygg ved å levere bilen til oss.
MECA-STEMPEL I SERVICEBOKEN FORTELLER AT DU TAR GODT VARE PÅ BILEN DIN.
OPSTADVEGEN 647, 4360 VARHAUG
TLF. 90 50 65 66
- 36 JÆRPRINT