Arven nr. 2 2016 - Hjartdal Kommune

Transcription

Arven nr. 2 2016 - Hjartdal Kommune
Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal
Nr. 2 - mai 2016
Palmesøndag 20. mars
Gudstenesta i Bondal
Bondølar, hytteturistar og bygdefolk
elles fekk også i år ei fin gudsteneste
palmesøndag i Gamleskulen i Bondal. Sokneprest Lene Skov Opsahl
leia gudstenesta, og Inger Elisabeth
Raastad var tekstlesar.
Etterpå var det servering med
kaffe og kaker, og hyggeleg prat.
Anund Sisjord fortalte interessant frå
Bondal.
Bildet: Ved gangdøra til Gamleskulen, frå v.: Anund Sisjord, Inger Elisabeth Raastad, Lene Skov Opsahl.
- Tekst/ foto: Tone Stuvrud
Søndag 10. april i Sauland
”Ung Messe” med
konfirmantane
Søndag 10. april hadde konfirmantane, frå alle tre bygdene, førebudd gudstenesta i Sauland kyrkje, i
lag med soknepresten. Eit tema i
gudstenesta var ”Ei trygg verd”.
Konfirmantane tok del m.a. med
song, lesing av bibeltekster og bøner, og i utdeling av nattverden. Dei
hadde óg førebudd vandring til fire
stoppestader i kyrkjerommet. (Bildet
under viser ein av dei). Der kunne
ein t.d. tenna ljos, skrive bønelappar,
feste hjarte på ein globus på stader
med folk ein tenkte på, og meir til.
Blant salmene var ei som konfirmantane lærte på konfirmantleiren. - Det
vart ei fin, ettertenksam gudsteneste,
og det var godt med folk tilstades.
Tekst/ foto: FHS
Tuddal kyrkje, palmesøndag 20. mars
Ein ”ettermiddags-matiné” med musikk
Bildet over: Frå v. Bjørn Rugaas, Ivar
Dalen, Wierd Oosterloo, Leif Skoje, Atle
Våle, Lars Opsahl. Bildet i midten: Organist Torild Møinichen Skårdal, ved dette
høvet fløytist, og til høgre gjesteorganist
Doris Ek frå Tinn.
- Tekst/ foto: FHS
Palmesøndag var det ”ettermiddagsmatiné” i Tuddal kyrkje ei fin kveldsstund med musikk
frå siste 200 år i ulike sjangrar,
som t. d. salmer, klassisk og
jazz. (Musikarar: Sjå bildetekst
og bilde). Mellom stykka fortalde Lars Opsahl historikk om det
som vart spelt. Til avslutning
var salma ”Nu solen går ned”
fellessong blant dei frammøtte.
Arven
ønsker lesarane ei god
og velsigna pinsehøgtid!
Frå fasteaksjonen
til Kirkens Nødhjelp
Bildet: Nokre av konfirmantane, foreldre o. a. deltakarar i årets innsamlingsaksjon. Her frå Sauland menighetshus under utdeling av innsamlingsbøsser og ID-kort og tildeling
av roder. Til v. sokneprest Lene
Skov Opsahl og kyrkjeverje Arild
Bjørnstad. Tilsvarande opplegg var
det også i Hjartdal og Tuddal.
Tysdag 15. mars var konfirmantar,
foreldre o. a. ute med bøsser og samla
inn pengar til KN (Kirkens Nødhjelp).
Innsamlinga ga eit flott resultat - tilsaman kr. 26 603,- i dei tre bygdene.
Innsamlarane deltok i den årlege
fasteaksjonen til inntekt for KNs arbeid i land med fattigdom og kriser:
Katastrofehjelp, langsiktig bistand og
påverkning overfor myndigheiter for å
oppnå varig økonomisk o.a. rettferd.
KN er på plass i Nord-Irak, Sør-Sudan, Syria og andre land.. Hjelp til
reint vatn er noko av det hjelpa går til
Tekst/ foto: FHS
INFORMASJON
Sendar/ returadresse (Arven):
Kyrkjeverja, Kommunehuset,
Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND
Nr. 2-2016
ARVEN
Side 2
DEN NORSKE KYRKJA
Hjartdal sokn
Kyrkjelydsbladet
Arven
Utgjevar: Hjartdal sokneråd.
Soknerådet vel kvart 4. år eit
styre for bladet.
Redaktør, redigering/ layout:
Frøydis Hagene Skoje,
Skojevegen 260, 3692 Sauland,
tlf. 350 23011/ 47 05 30 35
Abonnement: Bladet sendast
gratis til husstandane i kommunen. Bladet drivast ved friviljuge gåver. Ein kan få bladet
tilsendt også utanfor kommunen.
Arvens bankkonto:
2699.50.38454,
Hjartdal og Gransh. Sparebank
Etablert: 1949
Opplag: 950 stk.
Trykk: Telemark Trykk AS
Redaksjonen avslutta 24.4.2016
Neste nr. av Arven:
Juni 2016
Stoff må vere innkome til 27.mai
Hjartdal sokn
Tilsette
Prestekontoret (tysdag - fredag):
Sokneprest Lene Skov Opsahl,
Saulandsvn. 553, 3692 Sauland.
Mobiltlf.: 403 19 964
Epost: prestekontoret@hjartdal.
kommune.no
Hjartdal kyrkjelege fellesråd:
Kyrkjeverje Arild Bjørnstad
Kommunehuset,
Saulandsvn. 414, 3692 Sauland
tlf. kontor: 350 28024
mobiltlf.: 996 22 352
Epost: fellesraadet@hjartdal.
kommune.no
Diakon/ sekretær:
Stillinga er for tida ikkje bemanna.
Kyrkjetenar Arild Bjørnstad
mobiltlf.: 996 22 352
Kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde
mobiltlf.: 992 58 790
Kyrkjetenar Ragnar Nørstrud
mobiltlf.: 924 45 911
Organist Torild Møinichen Skårdal
mobiltlf.: 911 97 667
Valde kyrkjelege råd
(nov. 2015 – okt. 2019)
Hjartdal kyrkjelege fellesråd:
Leiar: Anund Sisjord
Hjartdal sokneråd:
Leiar: Anund Sisjord
Andakt til pinse
… lever gjennom alle tider
Femti dagar etter påske opplever
Jesu læresveinar noko rart – noko
mystisk. Dei er saman i Jerusalem på
en jødisk festdag, Shavuot, som slutter
påskefeiringa som eit minne om den
pakta Gud inngjekk med Moses på
Sinaifjellet. Under festen syner det seg
liksom eldtungar, og læresveinane vert
fylte av Den heilage ande. Og dei byrjar å tale språk dei ikkje har lært. Dei
byrjar å tale i tunger det som Anden
gav dei å forkynne.
Denne dagen – pinsedagen - er byrjinga på den kristne kyrkja. Dei overvann redsla si og byrja å prate om Jesus som romarane og jødane hadde
krossfest – det var denne Jesus som
Gud reiste opp. Krafta og motet i læresveinane var sterkt – dei var overtydande i orda sine. Nye truande kom til.
Dei heldt samlingar og skapte eit sterkt
og ubryteleg fellesskap. Dei heldt
gudstenester med brødsbryting og bøn.
Og dei døypte nye truande!
Læresveinane heldt ikkje bodskapet
for seg sjølve, men dei drog ut overalt i
verda på farefulle reiser for å gje det til
alle folkeslag i verda. Frå Jerusalem og
Galilea drog dei ut. Dei gjorde som Han
hadde sagt: ”Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar”. Etter denne dagen
er dei apostlar – ikkje berre læresveinar, men utsendingar – utsendingar i
Jesu Kristi namn.
Pinse er dagen der dei dramatiske
hendingane i påska og frykta og sorga
som læresveinane til Jesus hadde opplevd, vert overvunne.
Det er fantastisk! For Jesu Kristi
Ande er framleis her 2000 år etter –
kyrkja er vitnesbyrd om dette. Guds
Ande er sterk og lever gjennom alle
tider. I dag tyder dette at vi er elska av
Gud, han er vår Far. Han er i oss – vi er
i han. Og no er det vår oppgåve å gje
bodskapet vidare. – God pinse.
Lene Skov Opsahl,
sokneprest
Sauland barnegospel palmesøndag 20.mars med framføring av juleevangeliet før jul). I ei fullFramførte påskeevangeliet sett Sauland kyrkje palmesøndag 20.mars vart påskebodskapet formidla på
ein fin måte gjennom song,
musikk, dans, bilder på
storskjerm, andakt og lesningar.Tidlegare barnegospelmedlem Anlaug Flatland var ôg invitert med
songinnslag. Som avslutning vart salma ”Deg være
ære” sunge som fellessong
av alle som var tilstades.
Bildet til v. er frå formidlinga av krossfestinga av
Jesus.
Sauland barnegospel har nokre år hatt m.a. pås- Barnegospelen har base
kekonsertar, med påskeevangeliet som tema, hos pinsemenigheten Sion,
som ein del av verksemda si. For andre gong er open for alle og famnar
var framføringa av påskekonserten lagt til Sau- breitt blant barn og unge.
land kyrkje (slik dei også hadde konsert i kyrkja
Tekst/ foto: FHS
Bergit H. Våle døydde 12. februar
2016, og vart gravlagd ved Hjartdal
kyrkje. Fødd 24. august 1912 levde
ho soleis til ho var nærmare 104 år.
Arven har fått eit minneord om henne som sambygdingen hennar, Halvor H. Sisjord, har skrive.
Minneord: Bergit Våle
Det er så rart med februar.
Da er mørketida knekt.
Det same sagt frå slekt til slekt:
Tung og mørk er januar,
for mange sola borte var.
Så gråna fram eit morgonlys.
Ei aning mot eit austvendt glas.
I mørkret gamle tuntre frys,
med rim som hekla brurestas
har natta støypt i kjøleg fred.
I tru på frelse er billetten
gjeven av ein blodut Krist.
Beviset på: Han vann att himmelretten
som i syndefallet alle hadde mist.
I februar gjer sola snøen kram og våt.
Bergit Våle, boren innom porten
av slekt og vener slik det var, og er.
Ho var av den seige sorten
og levde lenge her - var hjartdøle,
når sola skein og regnet gret.
Bergit Våle, krøkt og lita, sat ho, låg ho.
Mett av dagar slik me såg ho
i sitt hundre og fjerde år
mot si pute kjølna kinnet.
Takk, for samvær.
Fred med minnet.
Halvor H. Sisjord,
18.02.2016
Nr. 2-2016
ARVEN
Side 3
Bibelen, verdas mest solgte bok gjennom tidene
- Bibelselskapet i Norge er 200 år i 2016
Bibelen i verda - og historisk
1816 – og 200 år i Noreg
Det norske Bibelselskap vart stifta like
etter grunnlovsåret 1814. Til da hadde
biblar, salmebøker og kristen litteratur
kome frå København. No tok Noreg
tak i arbeidet med dette sjølv. På byrjinga av 1800-talet var det også ei utbreidd bevisstgjering i mange land for
å gjere Bibelen meir tilgjengeleg for
det breie lag av folket.
Kva Bibelselskapet gjer
Slekters gang
Hovudoppgåva, litt forenkla sagt, er
produksjon og sal av biblar i Noreg. I
det ligg ôg å syte for oppdaterte oversetjingar (bokmål, nynorsk, samisk).
Språket i ein bibel t. d. frå 1800-talet
ville ikkje vere lett å forstå i dag.
Attåt Den norske kyrkja er det
mange kristne organisasjonar som står
bak Bibelselskapet. I svært mange
land fins det tilsvarande føretak, og
det norske bibelselskapet bidreg m.a.
med økonomisk og fagleg støtte til
enkelte andre land sine bibelselskap.
Eit døme er bistand til bibelselskapet i Egypt, der det tidleg oppsto
kristne menigheiter, men der dei kristne i dag er ein minoritet i landet.
Dei siste 200 år (pr 2011) reknast det
å vere solgt 6 milliardar biblar i verda. 2014 var eit rekordår, med Brasil
på topp. Heile/ delar av Bibelen er
oversett til ca. 3 000 språk (pr des.
2015), heile Bibelen til ca.550 språk.
På andre sida kan det i mange land
vere straffbart å kjøpe biblar, å sitere
frå han, eller gje dei bort, m. a. for eller mellom - dei som ikkje er folkeregistrerte kristne frå fødselen av.
Fagbøker om det historiske ved
Bibelen, om opphavlege manuskript
osv. fins å få kjøpt. Blant dei nyaste
norske er her boka ”Det store puslespillet”, av Hans J. Sagrusten.
Feiringa av 200-årsjubiléet i Oslo
Feiringa skjer i dagane 26.-29.mai,
m.a. med tilstelningar i Oslo konserthus (billettar er å få kjøpt).
Døypte
6/3:
Hjartdal
Mari Andersen
(busett Notodden)
Tuddal
27/3: Anna Opsahl Hagen Olsen
Gravlagde
Sauland
22/3: Olav O. Lia f. 1938
Tuddal
6/4: Tora Solheim f. 1923
Sagt om Bibelen, eit døme:
”Bibelen er fortsatt den viktigste
teksten som er skrevet”.
Gåver til diakonifondet
Karl Ove Knausgård, 2011,
forfattar (bidrog som konsulent
ved bibelomsetjinga av 2011)
FHS/ Kjelde: Bibelselskapets nettside
Takk for gåver, perioden 21.10.2015
- 13.4.2016: Torbjørg Brukås 500.
Ingeborg Kleivane Krøgli 200. Anne
Karin Funner 500. Gunnhild Kaasa
500. F. H. Skoje 1000. Signe H. Olsen 500.
Kontonr.: 2699 11 33363
Bildet til v. (frå Cuba): Frå
Hjartdal sokneråd
informasjonsbladet til Bibelselskapet.
Utdeling av
Rekneskap for Arven 2015 (samandrag)
biblar i ein
I bank 1.1.2015
98 191,46
kyrkjelyd på
Gåver til drifta av bladet
48 150,00
Cuba, døme
Annonseinntekt
5 000,00
på eit land
med stor
Renter
488,95
etterspurnad
Trykking
21 300,00
etter biblar
Porto
19 206,42
i seinare år.
Andre utgifter
10 157,00
Ikkje alle har
I bank 31.12.2015
101 166,99
råd å kjøpe,
151 830,41 151 830,41
og m.a. BibSauland,
8.1.2016
Revidert 12.1.2016
elselskapet
Kjetil Frøland
Hans Hovde
subsidierer
ofte prisen.
Attgløymde ringar o. a.
(Sauland menighetshus)
Tre gullringar (og/ eller
gifteringar) og ein kakespade i sølv er attgløymt
på Sauland menighetshus
gjennom noko tid. Ringane passar helst til kvinner
og er truleg tekne av i
samband med reingjering/
oppvask el. l.
Den/ dei som dette kan
gjelde, kan kontakte kyrkjeverje Arild Bjørnstad
(tlf.nr/ kontor, sjå side 2).
Kyrkjeverja
Gåver til Arven
Gåver frå 16.10.2015 og framover (av
plassomsyn er lista ikkje fullstendig, meir
kjem seinare): Fam. Søren S. Sisjord 300.
Torbjørg Brukås 100. Jan Ewert Østby,
Skedsmokorset 200. Kjetil J. Dybedal 200.
Anne Rui, Svartdal 100. Ragnar Otto Andersen, Kongsberg 200. Ragnhild Tveito,
Kongsberg 200. Olaf Langåsdalen, Gvarv
300. Anne-Lise og Herman Pedersen 200.
Anne og Håvard Våle, Notodden 200. Olav
Stuvrud, Spydeberg 250. Astrid Oddlaug
Wang 200. Liv Johanne Storgård, Kviteseid
200. Gerd og Frank Dahle 200. Tone og Øyvind Fosse 200. Reidar S. Tveiten 200.Anne
Marit Dokka, Grønvollfoss 200. AnneMarie Gulbrandsen, Lørenskog 300. Reidun
Dahl, Notodden 200. Signe Marie Aamaas
200. Aslaug og Torgeir Hagen 400. Gunnar
Tho, Voss 200. Oddvar Funner 250. Ragnar
Hagen, Kongsberg 300. Tone og Sigmund
Brukås 300. Ellen og Bendik Skeie 200.
Gunhild Skoje 200. Unni og Arnfinn Hardang 300. Reidun Kasin Skoje og Halvor
Skoje 200. Tutta og Anund Rue 200. Mary
og Olav Rue 300. Ingjerd og Hans Hovde
300. Torbjørg Kleppen 200. Margit Sveinsson, Gransherad 100. Signe og Jon Flatland
200. Anne-Marie Hansen 200. John H.
Tjønn 200. Tora T. Nordbø 300. Margit og
Torstein Svalestuen 200. Olav G. Mosebø
200.Marit og Olav Asland 200. T. Helleberg, Bolkesjø 200. Gunhild og Eilev Fosse
200. Gro Tråer 200. Torleiv Austad, Oslo
200. Anne Kjersti og Toralf Hjartsjø 200.
Kari og Einar Særsland 200. Anne og
Anund Sisjord 200. Solfrid Småkasin 200.
Takk for gåvene! Red.
Arven gåvekonto nr.: 2699.50.38454
av biblar. Takkoffer til konfirmantarbeidet. - Ta med stol å sitte på.
Kaffe etter gudstenesta.
Ved regn: Sauland kyrkje.
Gudstenester
Søndag 15. mai - pinsedag
Preiketekst: Johannes kap. 14, 23–29
-… Den heilage ande og Kristi fred Hjartdal kyrkje kl. 11:
Gudsteneste. Takkoffer til Acta
(Normisjons barne- og ungdomsarbeid).
Tuddal kyrkje kl. 15:
Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Måndag 16. mai - 2. pinsedag
Preiketekst: Johannes kap. 7, 37–39
- Elvar med levende vatn Sauland kyrkje kl. 11.30:
Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydens misjonsprosjekt i Nepal
(v/ Normisjon).
Tysdag 17. mai - Grunnlovsdagen
Preiketekst: Lukas kap. 17, 11–19
- Den takksame samaritanen Hjartdal kyrkje kl. 10:
Gudsteneste.
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Sauland kyrkje kl. 11.30:
Gudsteneste.
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Tuddal kyrkje kl. 15:
Gudsteneste.
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
22. mai - Treeiningssøndag
Preiketekst: Lukas kap. 24, 45–48
-Tilgjeving for syndene
for alle folkeslagIkkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.
29. mai - 2. søndag i treeiningstida
Preiketekst: Johannes kap. 3, 1–13
- Jesus og Nikodemus Hjartdal sjukeheim kl. 11:
Gudsteneste.
5. juni - 3. søndag i treeiningstida
Preiketekst: Markus kap. 10, 13–16
- Jesus og borna Hjartdal kyrkje kl. 11:
Gudsteneste. Presentasjon av dei
nye konfirmantane, m/ utdeling av
biblar. Takkoffer til Blå Kors.
12. juni - 4. søndag i treeiningstida
Preiketekst: Matteus kap. 9, 35–38
- Grøda er stor Sauland/ Bøhaugen kl. 11:
Friluftsgudsteneste. Presentasjon av
dei nye konfirmantane, m/ utdeling
19. juni - 5. søndag i treeiningstida
Preiketekst: Matteus kap. 18, 12–18
- Sauen som gjekk seg vill.
Bror som syndar. Tuddal kyrkje kl. 11:
Gudsteneste. Presentasjon av dei
nye konfirmantane, m/ utdeling av
biblar. Takkoffer til diakoniarbeidet.
26. juni - Aposteldagen/
6. søndag i treeiningstida
Preiketekst: Markus kap. 3, 13–19
- Jesus kallar dei tolv apostlane Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.
3.juli - 7. søndag i treeiningstida
Preiketekst: Markus kap. 5, 25–34
- Kvinna som tok i Jesu kappe Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.
Vel møtt til gudsteneste!
Gudstenestelista:
Det kan skje endringar med lista
som Arven ikkje fangar opp tidsnok i høve trykking og tid mellom
utgåvene. Vi minner difor om at
gudstenester blir kunngjort også
m.a. i annonser i Telen fredagar.
Samtale- og bønesamlingar
i Sauland
Samlingane består av samtale om tru,
fellesskap og andelegheit og kva deltakarane har på hjartet, og med bøn.
Det er fritt om ein vil delta med bøn.
Samlingane varer vanlegvis 1 time.
Velkommen - også til nye deltakarar!
Ons. 11. mai: Sion kl. 20
Ons. 25. mai: Sauland men.hus kl.20
Ons. 8. juni: Sion kl. 20
Sauland kyrkjelyd (Den norske kyrkja)
og pinsemenigheten Sion Sauland
Hjartdal Normisjon
Misjonshuset i Hjartdal
Tysdag 10. mai kl. 19: Møte.
Tysdag 24. mai kl. 19: Møte.
Normisjons venner, Hjartdal
Juni: Tur
Hjartdal misjonsforeining
(NMS - Det norske misjonsselskap)
Foreininga har møte gjennom året,
i heimar eller på Hjartdal misjonshus.
Tuddal Normisjon
Møte tysdag 21. juni.kl. 17 (sjå plakat
for møtestad). - Velkommen!
Babysong - Sauland
For barn 0-1 år frå heile kommunen, i
lag med ein vaksen. Storesøsken kan
óg følgje. Ein treng ikkje kunne
synge for å delta, men for barnet er
foreldras stemme den vakraste i verda. Enkel servering og sosialt lag
etter babysongen. -Velkommen!
23. mai kl. 11.30: På Hj. sjukeheim
13.juni kl.12:Hos Ann May Krosshus
(Bø-feltet), m/ sommaravslutning.
Ta kontakt ved spørsmål.
Ann May Krosshus
Arr.: Hjartdal sokneråd
Refleks-klubben i Hjartdal
Alle barn og unge frå 4 år og oppover
er hjarteleg velkomne! Barn under
skulealder må ha med seg ein vaksen,
pga. aktivitetane me har. Opplegget
inneheld ponniridning, mekking, div.
aktivitetar, peiskos, bibellesing, song
og kveldsmat. Stad: Bratsberg.
Siste arrangement før sommaren:
Søndag 22.mai: Sommaravslutning
Helsing leiarane, v/ Sissel Bratsberg
(tlf 92402573, ring ved spørsmål)
Finnbekk ungdomsklubb
Klubbkveldar annankvar fredag
på Betel i Hjartdal.
Pinsemenigheten Betel Hjartdal
og Hjartdal Normisjon
Konfirmantfest 20. mai
Konfirmantfest fredag 20. mai kl. 18.
Stad: Sauland menighetshus.
Felles for alle tre bygdene. For årskonfirmantar og 50-årskonfirmantar.
Velkomen også til alle andre som
ønskjer å ta del!
Arr.: Hjartdal sokneråd
Informasjonsmøte om konfirmantleiren sommaren 2016
Onsdag 8. juni kl. 19 er det informasjonsmøte i Sauland menighetshus
for dei nye konfirmantane med foreldre. Det gjeld konfirmantleiren,
som finn stad i veke 26 på Gjennestad i Vestfold.
Soknepresten