Les hele artikkelen (pdf)

Transcription

Les hele artikkelen (pdf)
22 TORSDAG 06. NOVEMBER 2014 VIKEBLADET VESTPOSTEN
år dag
[email protected]
85 år
Johanne Blindheim,
Hareid, fyller 85 år fredag 07.11.
Lilly Skeide,
Bølandet, fyller 85 år fredag
07.11.
giftarmål
Vi giftet oss i Sjømannskirken i
Stockholm 27.10.14.
Eli Skaatun og Ståle
Herland.
for 30 år sidan
Arbeidsutvalet Hareid Ungdomsskule
Samarbeidsutvalet ved Hareid Ungdomsskule har hatt møte
og valt Kjell Arne Utgård til formann, Jan Magne Røyset til sekretær og Kjell Arne Utgård og Kari Hjørungdal som representantar til Samarbeidsutvalet.
-Arbeidsutvalget ynskjer at det også i år må bli arrangert velkomstfest for 7. klassingane med foreldre. Utvalget satsar på
fredag 23. november. Utvalget ynskjer at elevar må lage lysestakar som kan nyttast til slike arrangement.
-Arbeidsutvalget ser det ikkje nødvendig å starte med mjølkesalg no.
Vestposten onsdag 7. november 1984.
Dei eldre og alkoholen
– Det blir ofte klaga på ungdomen, men no vil eg gje den vaksne og eldre generasjon eit skot for baugen, seier ein ung mann
til Vestposten.
– Kva gjeld det?
– Jau, laurdag stod eg ved samfunnshuset i Ulsteinvik mot
slutten av gammaldans-kvelden. Då var det vemodig å vere
vitne til framferda hos eindel av den vaksne, eldre generasjon:
dei var overstadig berusa, kasta flasker i kring seg og ropa og
snakka tull. Eg tykte situasjonen nærma seg faretruane «Will
West».
– Men dei unge då?
– Ein såg nok at somme av dei også var alkoholpåverka, men
det var ei heilt anna framferd hos desse. Det store fleirtalet av
ungdomen var elles lys edru. Og det er meir enn ein kan seie
om dei vaksne og tilårskomne. Var det nokon som snakka om
«eksempelets makt» - ? undrast vår unge heimelsmann.
Vestposten fredag 9. november 1984
sudoku
12. november 1964
På møte i sogenemnda i kveld leverte eg frå meg bankboka som
Ulstein hadde gitt til begge sogelaga, kr. 348,-. Ein kveld no nyleg høyrde eg eit ordskifte i radio om kulturarbeid mellom folket, særleg i skulane og i studieringar. Stein Fossgard fortalde om
opplæringsgrunnlaget i Folkehøgskulen. Der vert det lagt vinn på å
rettleide og få dei unge til å tenkje sjølve. Alle som var med i programmet rundt bordet tyktest vera samde om at ein skal ikkje prøve presse
eit visst livssyn inn på dei unge, men hjelpe dei til sjølve å forme sitt
eige livssyn. Ellest heldt Simen Skjønsberg sterkt fram at samfunnet el
fram berre gjennomsnittsmenneskje.
BENDIK BONDE
(Ludvik N. Holstad)
Dagboknotatar
Ulsteintilsette fekk
klokker og medaljar
Heile 21 av medarbeidarane i Ulstein
Group har arbeidd samanhengande for bedrifta i 30 og 31 år.
Sist fredag var dei samla på hotellet i Ulsteinvik og fekk heider for lang og tru teneste.
Konsernsjef Gunvor Ulstein
delte ut gullklokke, medan
ordføraren i Ulstein, Jan Berset, delte ut Norges Vel sin
medalje.
– Eg har arbeidd ved Ulstein i
mange fleire år enn dette, kommenterer arbeidsleiar på plate,
Harald Løvoll, ved Ulstein Verft
si avdeling i Vanylven. Løvoll
starta karrieren som snikkar
ved Hatlø verft i Ulsteinvik i
1968, og tok i 1973 til ved verftet si avdeling i Vanylven. Etter
eit kort arbeidsopphald på Bergen mekaniske tok Harald til
att ved avdelinga i Vanylven i
mai 1984. Han fekk medaljen
saman med kollega Angeir Idar
Berge som arbeider på lageret/
vedlikehald i Vanylven, og som
starta på avdelinga i juni 1984.
– Vi har arbeidd saman i
mange år, både i Vanylven,
men også i Ulsteinvik, når det
har vore mindre å gjere på vår
eiga avdeling, fortel Harald.
Hundrekronersslipset
Ein kar som fekk særleg merksemd på festen, var Kristian
Fikkan, som jobbar på teknisk
avdeling i Ulstein Verft. Han
hadde bestilt seg nytt slips for
høvet, og mønsteret på slipset
var den nye hundrekronarsetelen med X-Bow-skip på.
– Gunvor likte særs godt slipset mitt, seier Kristian nøgd.
Norges Vel sin medalje har
lange tradisjonar, og vart oppretta for å synleggjere og
verdsetje menneske sin innsats
i arbeidslivet. Gunvor Ulstein
hadde nokre ord å seie til kvar
einskild, og takka for den gode
innsatsen som er lagt ned.
Ulstein Group starta aktiviteten i 1917 og er i dag arbeidsgjevar for om lag 800 personar,
dei fleste av desse på Sunnmøre.
Heidra for trufast teneste: Første rad, frå venstre: Kjell Petter
Ertesvåg (Ulstein Verft), Ove Johan Blindheim (Ulstein Verft) og John
Flø (Ulstein Elektro Installasjon). Andre rad: Angeir Berge (Ulstein Verft,
avd Vanylven), Aase Skeide (Ulstein Verft) og Turid Håheim (Ulstein
Group). Tredje rad: Kristian Fikkan og Marit Moldskred (begge Ulstein
Verft). Fjerde rad: Helge Hustadnes (Ulstein Verft), konsernsjef Gunvor
Ulstein. Femte rad: Harald Løvoll (Ulstein Verft, avdeling Vanylven) Per
Svein Brekke (Ulstein Verft). Sjette rad: Olav Hasund ,Jon Breiteig og
Lidvar Lillerovde (alle Ulstein Verft). Sjuande rad: Trygve Strandabø,
Ulstein Verft, Tor Bigset (Ulstein Elektro Installasjon). Åttande rad:
John Pedersen (Ulstein Elektro Installasjon), Rolf Birger Hasund,
Ulstein Verft. Bakerst frå venstre: administrerande direktør Kristian
Sætre i Ulstein Verft, Tore Svoren (Ulstein Verft) og ordførar Jan Berset
i Ulstein kommune . Bjørn Olav Dybhavn i Ulstein Power & Control og
Bjørn Engenes i Ulstein Verft var ikkje til stades. FOTO: JAN HENRIK
DJUPVIK