Vedlegg 4: Boka vår - Nasjonalt senter for kunst og kultur i

Transcription

Vedlegg 4: Boka vår - Nasjonalt senter for kunst og kultur i
Rocketrollet
som vart
skorpetrollet
Bringedalsbygda barnehage er ein tre-avdelings barnehage som er inspirert av Reggio Emilia
der vi jobbar ut ifrå at eit barn er fødd med hundre språk til å uttrykke seg med. Ved at vi i
personalgruppa lyttar til kva ungane er opptatt av og at vi følgjer ungane sine uttrykk får ungane vera med å medverke til barnehagen sitt innhald.
Fagområdet Språk ,tekst og kommunikasjon har dei siste åra vore i fokus hos oss. Personalet
ser samanhengen mellom korleis språk, leik og sosial status heng saman. Språket er ein viktig
nøkkel til ein god barndom.
Dei to siste åra har vi samarbeida med Nynorsk senter i Volda. Vi har fått bøker på nynorsk,
jobba mykje med og i språkstunder, brukt spel i ulike sjangarar og hatt fokus på begrepslære. Dette har stimulert ungane våre på språksida. I vår fekk vi kr 15.000. til å vidarutviklinga språkarbeidet i barnehagen. Vi fann ut i haust at vi ville bruka desse midlane til
noko heilt spesielt, noko som berre var vårt. Det har blitt til ei barnebok om det lokale Skorpetrollet vi har i bygda.
Gjennom vinteren har vi hatt eit stort prosjekt på gang . Tre avdelingar har fått kvar si
oppgåve til å bidra med. Blåklokkene som er småbarnsavdelinga har laga songtekstar om
Skorpetrollet. Solsikkene som er avdeling frå to til fire åringar har rima og leikt seg gjennom vinter. Denne gruppa har hatt fokus på rim, reglar og dikt. Villvettene som er førskuleungane våre har laga sjølve fortellinga om Skorpetrollet. Dette har blitt til ei forteljing
som er spennande og fantasifull på ein måte som berre fem til seks åringar kan fortelja ein
forteljing på. Boka er sett saman etter avdelingane sine bidrag. Det er ungane som har illustrert boka med sine arbeid innan ulike prosjektarbeid.
Til slutt må vi senda ei stor takk til :
Nynorsk senteret i Volda for midlar, kurs og støtte til bokprosjektet.
Alle ungane og personal i Bringedalsbygda barnehage som har jobba flittig med bokprosjektet.
Det har vore ei stor glede å vera ein del av dette arbeidet
Prosjektleiar og styrar Solveig Vik
Herøysundt 26.03 2012
HER KJEM
VILLVETTENE
SI
HISTORIE
OG
TEIKNINGAR
Ein gong for minst 100 år sidan, var det eit troll som heitte Isidisi. Han
drøymde om å spela i eit rockeband.
Han var eit rocketroll
frå Island som kunne
telja til tjueti. Han
hadde piggsveis, to naser,
fira bein og ein
kjempe-laaaaaaang hale.
Han bestemte seg for å
reisa ut i den store verda
for å leita etter rockevener.
Sidan han var eit troll måtte han hugsa å berre vera ute på kvelden og natta.
Som du sikkert veit vert troll til stein i sollys.
Han gjekk ut for å snakka med bestevenen sin, Eddy. Han var nemlig ein dinosaur som kunne fyka. Eddy blei i fyr og flamme og syntest det var ein kjempegod
idé. Isidisi henta rockegitaren og sette seg oppå Eddy og fauk av garde.
Fyrst reiste han til Kina. Der trefte han ein panda som ville læra han karate,
men veit du kva som skjedde der? Han skjønna ingenting av det pandaen sa, det
var jo heilt kinesisk!!!!!!
Isidisi lurte litt på kor
han skulle reisa no?
Eddy foreslo at dei kunne
reisa til Amerika,
for der hadde Eddy vore før
og ete kjempegode hamburgarar.
Isidisi åt minst tretten hamburgarar, mens Eddy klarte berre tre. No ville Isidisi og Eddy køyra karusell. Det gjekk kjempefort og stakkars Isidisi vart kvalm
og han spydde over heile Disneyland.
Reisa fortsette vidare, og dei sette kursen over havet. Då dei hadde flydd langt
og lengre enn langt, kom det brått eit vindkast så Eddy og Isidisi vart kasta ned
på ei øy.
Der landa dei midt i
ei svær maurtua.
Etter å ha rista av seg
mauren gjekk dei på
oppdagelsesferd. Dei traska over steinar og
kratt. Då dei hadde gått ei
stund, såg dei lysskinet frå ei
bål. Rundt bålet satt det ein
bjørn, ein ulv og ein rev.
Bjørnen: ”God kveld, kven er de?”
Eddy: ”God kveld. Eg er fyke-dinosauren Eddy, og dette er Isidisi og han er eit
rocketroll. Vi kræsjlanda på denne øya, og vi lure på kor vi er komen til?”
Ulven: ”No har de landa på øya Skorpo. Kvifor er de ute og reiser på denne
tida?”
Isidisi: ”Eg har reist rundt i verda på leit etter nokon å spela i band med.”
Reven: ”Kult!!!! For vi er nemlig Bjørn-bjelle, Fløyte-reven og Ulve-trommis, og
du kan spela gitar og kanskje Eddy kan syngja?”
Isidisi: ”Jepp, så kult!”
Bjørn-bjelle: ”Høyr på denne songen:”
Rocken roll.
Skorpetroll.
Flydde på ein dinosaur,
landa i ein haug med maur.
Fekk seg nye venner,
alle med skarpe tenner.
O yeah……….
(melodien til Rockenroll fiskeboll)
Dagane
og
åra gjekk.
På Skorpo
stortreivst
både Eddy og
skorpetrollet.
Dei spelte i rockebandet og fiska. Av og til sneik dei seg oppi båtane og stal
sokkar som Isidisi brukte til å pynta hola si med.
Fløyte-reven:
”Hei, du kan jo
heita skorpetroll du!!!”
Ja, dette syntest Isidisi
høyrtest tøft ut,
og var strålande nøgd
med at han hadde funne
seg eit rockeband.
Skorpetrollet hadde fått seg kjærast, og ho var ofte på reisetur til Syden for
å skremma folk.
MEN så ein dag
då Skorpetrollet venta
kjærasten sin heim,
synst han at det tok så grådig laaaaaaaaaang tid før ho kom.
Skorpetrollet ville gjerna
sjå ut i fjellsprekka etter
kjærasten. ”NEI!” ropte Eddy
, ”sola står snart opp, og du veit kva som kan skje då?”
Men Skorpetrollet ville ikkje høyra på Eddy, og kva trur du som skjedde?
aaaaang
Ba
Akkurat i det Skorpetrollet stakk hovudet ut, trefte den fyrste solstråla han
midt i panna, og han vart til stein.
Enda sit Skorptrollet fast i fjellsprekka og speidar etter kjærasten sin.
Kanskje har du og sett Skorpetrollet?
SOLSIKKENE
RIM
REGLER
DIKT
OG
GULLKORN
OM
SKORPETROLLET
NÅR VI KJEM FORBI FINN VI SKOPETROLL,
SKORPETROLL- DORPETROLL
SKORPETROLLET ER LAGA AV STEIN,
STEIN- BEIN- KEIN- SKEIN
HALEN TIL SKORPETROLLET ER PÅ FJELET,
FJELL-PELL- GAMLE SKJELL
HAN HAR MANGE TENNER,
TANN- BANN- BRANN-SKANN
SKORPETROLLET SEIER WRÆÆ….
Troll
Boll
Stein
Bein
Kein
Skein
Tann
Bann
Brann
Skann
Troll
Polle
Auge
Sjauge
Ni – Pi
Skorpetroll sang,
PASSAR PÅ BÅTANE
skorpetroll dam,
Monsteret i fjellet,
Vatn- patten- statten
Ploppekoll sang.
tek båtane.
Vatn- patten- statten
Skorpetroll sint,
Då hjelper Skorpetrollet,
Hatten
skorpetroll dint,
båtane laus.
rimt.
Skorpetrollet passar på båtane som
køyrer,
Skorpetroll stor- Skorpetroll mor- tror
ETE-DETE-PETE
Hola dola sita,
ETE-DETE-PETE
hola dola sita,
Skorpe
SJETE-NETE-KRETE
dita nita.
Dorpe
TROLL- ROLL-ROCKENROLL- SKROLL
TROLL-ROLL-ROCKENROLL- SKROLL
MEIN-BEIN
SINT- PINT- GAMLE GRINT
SINT- PINT- GAMLE GRINT
LINT- RIMT
GAMLE SKINT
Torpetoll torpetoll
Forbi.
Korpe
SKORPETROLLET SIT FAST
Norte
Skorpetrollet sit fast, alltid.
Rolte
For han grev seg inn i fjellet, heile dagen.
Vi kan ta Skorpetrollet ut med ein, spade.
SKORPETROLLET ER OG SVOLTEN…..
“ Skorpetrollet et skorper, han har fått store sprettmusklar”
Han ete skorper og båt,
han drikke sjø…
«Det er små haiar i vatnet, dei seier mamma»
…han tygge skorpe,
fjell og steinar…
“Det har ni tenner og seier WRÆÆ”
…da ete båtane,
tre og gjerde…
“Halen til skorpetrollet er i fjellet”
…og så ete han hjorta
og sånn…
“Fotspor som snike seg rundt på malinga er skorpespor”.
“Kven sine spor e da? “Da e Donald Duck sine”
LEI AV Å BYGGJA ALEINE
Skorpetrollet er lei av å byggja i fjellet,
“Skorpetrollet har prikkar på kinnet sitt, han har fått vannkoppar”
aleine.
Han byggjer i fjellet og det kjem,
“Viss eg et skorper er eg Skorpetrollet”
hjelp.
“Når eg var i sjøen fekk eg ikkje sjå det for me måtte bytta plass”
REDDA AV EIN PARAPLY
Monsteret og Skorpetrollet ringjer på klokka,
så dett dei ned i vatnet.
Skorpetrollet drukna,
men så vart det redda av ein paraply.
Songar om Skorpetrollet
laga av
Blåklokkene
Vi har hatt Skorpetrollet som tema, songane
er dikta ut i frå det barna har sagt
SKORPETROLLET
(Kan syngjast med same melodien som Bæ, bæ lille lam)
Re – re Skorpetroll budde i eit fjell.
Hadde ingen hender, bare skarpe tenner.
Re – re Skorpetroll budde i eit fjell.
SONGEN OM SKORPETROLLET
(Kan syngast med same melodi som Mikkel Rev)
Skorpetroll, Skorpetroll stal ei lita skorpa
Æ-Æ-Æ
Pass no på, pass no på, alle dine skorper
Æ-Æ-Æ
Alle små vil no sjå, alle dine tenner
Æ-Æ-Æ
Fordi me er, fordi me er, alle dine venner
Æ-Æ-Æ
Skorpetroll, Skorpetroll, henger oppe i fjellet
Æ-Æ-Æ
Og du må, passe på, alle dine fisker
Æ-Æ-Æ
Desse har medverka til boka vår:
Solsikkene
Villvettene:
Personalet :
Blåklokkene
Julie Nielsen
Amanda Støle
Blåklokkene:
Storm Edin Hylland Gabrielsen
Rikke Sætre Bjelland
Alea Flodsand
Margunn Kjærland
Eline Bjørke Ljostveit
Alva Nyrud Uppheim
Sham Sami
Åse K Sahr
Magnus Romarheim Gausvik
Angelica Petterson Fjelland
Aurora Langeland
Britt Iren Hjelmeland
Vendela Andersen
Angelica Andersen
Siri Aasgard
Katrine Hareide
Andrei Bringedal
Mariell Bruntveit
Vegar Joleik
Tobias Sætre Bjelland
Erik Aakre
Anasophia Godinez
Solsikkene:
Martin Nielsen
Geir Hillestad
Michael Løland
Hildegunn T Rusten
Brynjard Sund Helvik
Cecilia Skålnes Fausk
Martin F Smith
Reni Johannessen
Lotta Nilsen Mathisen
Trym Kvandal
Mathias Veastad
Lise Karin E Hanssen
Åshild Kolle
Vilde Reime
Jonas Naterstad
Anne Helen Kaldestad
Ealhab Thomas Isaac
Julian Tveit Ribe
Teodor Flodsand
Brage Kvandal
Anna Hjelmeland Naterstad
Adrian Tveit Ribe
Nathalie Stoknes
Nora Kortilla Haugen
Eimund Kolle
Mohammed Haider Hadi
Elias Hjelmeland Bjelland
Evy-Ann Seljelid Joleik
Nifthalem Ammanuel Debesay
Villvettene:
Anne Grethe Veastad
Line Valstad
Renate Svindland
Heidi N Uppheim