ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Transcription

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG
ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG
STYRET:
Tove Aurdal Hjellnes, leiar
Ståle Mek, nestleiar
Heidi Thöni Sletten, kasserar
Frode Pilskog, styremedlem
Ann-Elin H. Bjørkedal, styremedlem
Ottar Bjørneset, 1. vara
Arve Bjørkedal, 2. vara
Erlend Helset, 3. vara
VALNEMND: Nils Ola Skuset og Rune Husevåg
REVISOR: Olav Eidseflot
MEDLEMSUTVIKLING: 109 medlemmar ved årsskiftet. 96 for eit år
sidan.
MØTER:
Årsmøtet vart avvikla på Ungdomshuset på Bjørkedalen laurdag 21. april
2012. Arne Andreassen, leiar i Forbundet Kysten var på besøk.
Styret har hatt tre styremøter og elles diskutert saker via e-post.
REPRESENTASJON OG AKTIVITET
Søndag 19. februar arrangerte vi søndagsmiddag med kulturelle innslag i
grendahuset på Straumshamn. Det vart servert bacalao. Roar Sporstøl
heldt foredrag om historia til båten. Jorun Marie Kvernberg spela fele og
song, med hjelp på kontrabass av Øyvind Espe. Omlag 80 frammøtte.
12. mars besøkte vi Austefjord museum/Årsetøy-samlingane. Nils Håvik
fortalde om Årsetøya og samlingane. Omlag 20 tok del.
Heidi Thöni Sletten representerte kystlaget på Forbundet Kysten sitt
seminar om bord i Hurtigruta 23. – 25. mars. Tove Aurdal Hjellnes var der
som vara til landsstyret.
Sparebank1 løyvde 25 000.- kr i prosjektmidlar til båtane i hamna
(utbetalt først i 2013).
Årsmøtefesten på Ungdomshuset 21. april, servering av klippfisk og
kornøl.
På Kystens dag 9. juni arrangerte vi rostemne på Bjørkedalsvatnet. Jakob
Helset stilte båtar og anlegg til disposisjon for kystlaget. Mellom 150 og
200 var innom, 5 lag rodde i vikingskip og 2 i færingar. Middag og fest i
vertshuset om kvelden.
Vi samarbeidde med Austefjord museumslag om å søke midlar via
landbrukskontoret for å restaurere eit naust på Årsetøya. Kutteren Trygve,
bygd på Folkestad i 1909, står i dette naustet. Naustet var gammalt og
trong vøling. Orkanen ‘Dagmar’ i jula 2011 gjorde sitt til at dette ikkje
kunne utsettast lengre. Museumslaget gjorde det praktiske arbeidet. Vi
fikk ein del av overskotet 
Laurdag 28. juli var elleve stykker på dugnad og la torv på
Gregersenhytta i Movasslida.
Vi deltok på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik med ‘Troll’ og ‘Nordlys’. Fleire av
medlemmane var der med eigne båtar.
Laurdag 25. august arrangerte vi Skog- og handverksdag i samarbeid med
Volda/Ørsta skogeigarlag, Bjørkedal skogeigarlag og Bjørkedal
båtsamlingar. Vi markerte også Allskog sitt hundreårsjubileum. Omlag 250
var innom. Dei fleste kom for å sjå oppgangssaga, men det gjekk med
mykje lapskaus og mange sveler.
Forbundet Kysten lanserte i samband med markeringa av
grunnlovsjubileet i 2014, ein kampanje dei kallar ‘Adopter eit
kystkulturminne’. Etter ein runde med innspel og forslag frå medlemane,
valde styret båtdraging som Bjørkedal kystlag sitt kulturminne. Dette
omfattar heile prosessen med å få båtane frå båtskota og ned til sjøen,
også historia om korleis Stortinget løyvde midlar til veg, bru og båtvogn
på 1870-talet.
I samband med opninga av Dalsfjord fyrmuseum i november, var Bente
Foldvik, radaktør i Kysten på besøk. Ho lagde ein stor reportasje om
båtbygginga i Bjørkedalen, Bjørkedal båtsamlingar og kystlaget, som sto
på trykk i Kysten i nr 1/2013.
Tove Aurdal Hjellnes skreiv en artikkel til Voldaminne om Bjørkedal
båtsamlingar, Bjørkedal kystlag, dei viktigaste båtane og husa i
båtsamlingane.
Heidi Thöni Sletten har begynt arbeidet med å registrere fartøya til
kystlaget og båtsamlingane i tradisjonsbåtregisteret på
lokalhistorewiki.no.
FARTØYA:
Nordlys: Er i bra stand, krev berre vanleg vedlikehald. Samling/dugnad
om bord kvar måndag frå 16. april til det vart for mørkt utpå hausten. Vi
kjøpte ny redningsflåte til 22000.- kr. Høgskulen leigde Nordlys til å
transportere studentar frå friluftslivslinja til Yksnøya både våren og
hausten 2012. Skal på slipp i mai 2013.
Troll: Er også i bra stand. Motoren svikta på veg heim frå Trebåtfestivalen
i Ulsteinvik. Ikkje gjort noko med dette.
Havdrønn: Flytta til båtsamlingane.
Ina Kristin: Jakob Helset undersøkte båten. Det viste seg at den var meir
råten enn vi trudde. Den vart derfor kondemnert hausten 2012.
Volda 21.04.13
Tove Aurdal Hjellnes
Ståle Mek
Heidi Thöni Sletten
Ann-Elin Haugland Bjørkedal
Frode Pilskog