Enivest Fiber

Transcription

Enivest Fiber
Produktinformasjon Enivest Fiber
Her finn du informasjon som er nyttig for deg som har tinga Enivest Fiber Privat:
 Leveringstid
 Kundeutstyr
 Graving på eiga tomt
 Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett
Enivest sender då ut informasjon til alle som har tinga Fiber.
Fram til slik informasjon eventuelt kan sendast ut til deg, eller
når vi har teke ei eventuell avgjersle om å ikkje bygge ut
Fiber, ynskjer Enivest å halde deg jamleg oppdatert på
status i dette området.
Enivest tek atterhald om ulike høve som kan gjere til at
utbygging vert forseinka, der du som kunde og Enivest vert
fristilt frå avtala om vi ikkje kan levere i det heile, eller om det
vert avgjort å ikkje bygge ut heile eller delar av området.

Leveringstid
På grunn av lov om angrerett startar Enivest normalt arbeidet
med di bestilling 2 veker etter datoen på bestillinga. Berre i
dei høva der du har avtalt med oss, kan Enivest starte
arbeidet før angrefristen er utgått. I kvitteringa finn du
informasjon om dette er avtalt, og i vedlagt angrerettsskjema
i kvitteringa finn du meir informasjon om dette og
angreretten. Om du ynskjer å annullere di bestilling etter at
angrefristen er utgått, vert du fakturert gebyr for dette etter
våre gjeldande vilkår og prisliste.
Leveringstida vidare er avhengig av i kva område du har
bestilt Fiber.

Fiber i sals-område: Har du tinga Fiber i eit
område der Enivest sel Fiber med tanke på ei
eventuell utbygging, vert di bestilling levert i
samband med ei eventuell avtale med ein
underleverandør for dette området.
Enivest sender ut informasjon etter at ei avgjersle om
utbygging av Fiber i området der du bur, er vedtatt. Dersom
det blir utbygging, får du informasjon om tidspunkt for
oppstart og tidsperiode for kundeleveransar.
Fiber i utbyggingsområde: Har du tinga Fiber i eit
område der Enivest allereie har teke ei avgjersle om
utbygging, vert di bestilling levert i samband med
vår avtale med underleverandør. Når Enivest startar
handsaminga av di bestilling får du tilsendt
informasjon om tidspunkt for oppstart av
utbygginga, og tidsperiode for kundeleveransar.
Enivest tek atterhald om ulike høve som kan gjere til at
utbygging vert forseinka, der du som kunde og Enivest vert
fristilt frå avtala om vi ikkje kan levere i det heile, eller om det
vert avgjort å ikkje bygge ut heile eller delar av området.
I dei høva der vi har sendt bestilling til underleverandør vert
du kontakta av montør for å avtale dato for installasjon. I
større felt under utbygging, må du rekne med kort frist frå
montør kontaktar deg til du må ferdigstille gravinga. Det er av
praktiske årsakar at kort frist vert gitt, då det er mange
kundar i området som skal koplast opp i løpet av ein
tidsavgrensa periode.
Ved nyetablering av Fiber i din bustad, i område der vi
allereie har bygd ut Fiber, har du litt meir tid på deg til
eventuell graving. Vi vil råde deg til å ferdigstille gravinga så
snart som råd, slik at vår underleverandør kan utnytte dei
ressursane dei har, og slik at du slepp unødig forlenga
leveringstid.

Fiber i utbygd felt: Har du tinga Fiber i eit område
der Enivest allereie har bygd ut Fiber, men der vi
må kople i sentral/legge inn Fiber på di adresse, er
leveringstida normalt 3-4 veker frå vi sender
bestillinga vidare til vår underleverandør. Montør
har med seg naudsynt utstyr til deg ved installasjon.
Enivest tek atterhald om at det ved stor pågang kan ta noko
lengre tid å handsame di bestilling, og at leveringstida aukar
tilsvarande. Dette gjeld òg om det er få ressursar tilgjengeleg
hjå våre underleverandørar, til dømes ved ferieavvikling,
høgtider og anna.
Har du Fiber i bustaden, og linja framleis er tilkopla i vårt
nett, treng du i dei fleste høva berre eit modem som du
koplar til sjølv. Då vil du kunne få Fiber innan kort tid om du
hentar modemet hjå vårt kundemottak. Elles vert modemet
sendt med Posten når vi har handsama di bestilling.
Enivest tek atterhald i tilfelle det ikkje er helt klart om linja
framleis er tilkopla i vårt nett (i vår sentral), og der vi
eventuelt må sende bestilling til underleverandør. Då er den
normale leveringstida 3-4 veker.
Kundeutstyr
Kundeutstyret til Fiberabonnementet er Enivest sin eigedom,
og består av:


Eit veggmontert fiberhus eller ei mediakonverter der sjølve fiberkabelen i dei fleste høva kjem inn i
bustaden (denne er svært ømfintleg, og skal berre
monterast/demonterast av Enivest).
Eit fibermodem med straumforsyning og korte
nettverkskablar.
I tillegg får du brukarrettleiing med kontakt-, og
fakturainformasjon, samt teknisk informasjon. Her finn du
rettleiing for innstillingar av internett og epost på Windows,
MAC, iPhone, og anna nyttig informasjon. Brukarrettleiinga
kan du og laste ned frå våre heimesider.
I dei høva der Enivest skal installere Fiber i heimen, har
montør med seg alt naudsynt utstyr. I nokre høve kan du
som kunde sjølv kople deg til vårt nett, og då får du normalt
tilsendt kundeutstyret per post. Du kan etter avtale med oss,
eventuelt få det utlevert hjå vårt kundemottak i Førde.
Graving på din eigedom
Bur du i eine- eller tomannsbustad, og ikkje har straum via
luftspenn, er du normalt ansvarleg for å grave ned røyr til
fiberkabelen. Kor frå tomtegrensa du skal grave frå vert
anvist av vår entreprenør. Har du ikkje fått anvist stad etter at
utbygginga har teke til, kan du ta kontakt med dei. Du vil få
informasjon av oss per epost om kontaktperson når dette er
klart. Du står fritt til å leige inn entreprenør om du treng hjelp
til å grave på din eigedom.
Er du ein av dei som skal grave vil du sjå dette på kvitteringa
du fekk då du tinga Fiber. Informasjon om korleis graving
skal utførast finn du på våre heimesider eller i epost vi
sender ut når ei eventuell utbygging er klar. Røyr får du av
entreprenøren eller ved å kontakte Enivest.
Informasjon om vilkår for
leveranse og angrerett
Enivest vil alltid forsøke å levere abonnement i vårt
dekningsområde. Vi kan ikkje garantere leveranse eller
kapasitet på linja dersom forholda ikkje tillét dette, jf. våre
vilkår § 4.
Etter lov om angrerett har du som har tinga ei teneste hjå
Enivest, rett til å gå frå avtala utan grunngjeving eller
kostnad, innan 14 dagar etter at du fekk tilsendt
angrerettsskjema. Skjema, som du fekk vedlagt kvittering då
du tinga, kan nyttast om du ynskjer å angre på di bestilling
(du kan òg melde inn dette via epost, eller telefon til vårt
kundemottak).
Har du avtalt med Enivest at vi skal starte leveransen av
tenesta før angrefristen er utgått, og ynskjer å nytte deg av
angreretten, kan vi krevje betaling for den delen av tenesta
som er levert.