Produktinformasjon Enivest Mobilt Breiband

Transcription

Produktinformasjon Enivest Mobilt Breiband
Produktinformasjon Enivest Mobilt Breiband
Her finn du informasjon som er nyttig for deg som har tinga Enivest Mobilt Breiband
Privat:
 Leveringstid
 Kundeutstyr
 Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett
 Installasjon, dekning og oversikt over eige forbruk
Har du tinga Enivest Mobilt Breiband som ein del av
ein Fiber-pakke, der Fiber er under sal eller utbygging
av eit større felt, vert MBB normalt levert etter at Fiber
er installert. Dette på grunn av at vi ikkje veit når tid du
får levert Fiber før montør har vore hos deg. Av
praktiske årsakar vert ikkje kunde varsla om dato for
tilkopling lang tid i forkant av leveransen, då det er
mange kundar i området som skal koplast opp i løpet
av ein tidsavgrensa periode. Enivest får varsel om
levering etter installasjon.
Leveringstid
På grunn av lov om angrerett startar Enivest normalt
arbeidet med di bestilling 2 veker etter dato på
bestillinga. Berre i dei høva der du har avtalt med oss,
kan Enivest starte arbeidet før angrefristen er utgått. I
kvitteringa finn du informasjon om dette er avtalt, og i
vedlagt angrerettsskjema i kvitteringa finn du meir
informasjon om dette og angreretten. Om du ynskjer å
annullere di bestilling etter at angrefristen er utgått,
vert du fakturert gebyr for dette etter våre gjeldande
vilkår og prisliste.
Har du tinga Enivest Mobilt Breiband (MBB) kan du
velje mellom eit USB-modem, eit trådlaust modem,
eller eit SIM-kort. Normalt får du utstyret tilsendt med
Posten. Du kan og hente det hjå vårt kundemottak, og
då sender Enivest ein SMS når dette er klart til
henting. Du kan ta i bruk abonnementet så snart du
har det i hende.
Enivest tek atterhald om at det ved stor pågang kan ta
noko lengre tid å handsame di bestilling, og at
leveringstida aukar tilsvarande. Dette gjeld òg om det
er få ressursar tilgjengeleg hjå våre
underleverandørar, til dømes ved ferieavvikling,
høgtider og anna.
Kundeutstyr
Kundeutstyret er Enivest sin eigedom, og består av:

Eit SIM-Kort: Alle SIM-kort frå Enivest knekkast ut i
normal SIM-storleik. Dei kan òg knekkast ut i
Mikro-SIM-storleik, tilpassa telefonar og nettbrett
som nyttar dette (til dømes nyare iPhone og iPad).


Når SIM er knekt ut i Mikro-SIM treng du eit
adapter med normal SIM-storleik for å nytte SIM i
andre telefonar/nettbrett som berre støttar dette.
Eit USB- eller WI-FI-modem dersom du har tinga
eit av desse.
I tillegg får du brukarrettleiing med kontakt-, og
fakturainformasjon, samt teknisk informasjon. Her finn
du rettleiing for innstillingar av internett og epost på
Windows, MAC, iPhone, og anna nyttig informasjon.
Brukarrettleiinga kan du og laste ned frå våre
heimesider.
Når Enivest handsamar di bestilling, vert utstyr
klargjort og du får ein SMS eller epost om dette (med
mindre du har tinga dette saman med Fiber i eit
område under sal eller utbygging). Normalt vert
utstyret sendt med Posten. Samstundes får du ein
SMS eller epost med PIN- og PUK-kodar. Desse
kodane er privat informasjon og må lagrast trygt og
utilgjengeleg for uvedkommande.
Informasjon om vilkår for
leveranse og angrerett
Vi vil alltid forsøke å levere abonnement i vårt
dekningsområde der det er mogleg. Vi kan ikkje
garantere leveranse eller kapasitet på linja dersom
forholda ikkje tillét dette, jf. våre vilkår § 4.
Etter lov om angrerett har du som har tinga ei teneste
hjå Enivest, rett til å gå frå avtala utan grunngjeving
eller kostnad, innan 14 dagar etter at du fekk tilsendt
angrerettsskjema. Skjema som du fekk vedlagt
kvittering då du tinga, kan nyttast om du ynskjer å
angre på di bestilling (du kan òg melde inn dette via
epost, eller telefon til vårt kundemottak).
Har du avtalt med Enivest at vi skal starte leveransen
av tenesta før angrefristen er utgått, og ynskjer å nytte
deg av angreretten, kan vi krevje betaling for den
delen av tenesta som er levert.
Installasjon, dekning og oversikt
over eige forbruk

Vedlagt kundeutstyret får du rettleiing på korleis du
koplar til utstyret du har tinga. Du kan òg laste ned
rettleiinga frå våre heimesider, på
www.enivest.no/kundesenter/rettleiingar

Enivest nyttar ein underleverandør med eit av
Noregs best utbygde mobilnett. Våre heimesider
har eit dekningskart som gir deg meir informasjon
om forventa kapasitet og dekning:
www.enivest.no/privat/mobiltbreiband/dekningskart-mobilt-breiband

Frå våre heimesider har du oversikt over eige
forbruk. Informasjon om korleis du loggar på
denne sida, får du per epost når vi har klargjort
utstyret til deg. Då får du samstundes PIN og PUKkodar. Desse kodane er privat informasjon og må
lagrast trygt og utilgjengeleg for uvedkommande.
www.enivest.no/kundesenter/mi-side-mobiltbreiband
Når datatrafikk overstig 5 GB vert kapasiteten
automatisk sett ned til 128kbit/s. Dette er ein
nasjonal standard alle operatørar må halde seg til.
Maksimal kostnad for datatrafikk utover fast
månadsavgift er kr 599,- per månad.

Similar documents