Enivest Installasjonsguide
Transcription
Enivest Installasjonsguide
5 7 0 0 91 00 ( 08 - 16) kundese rvi c e @e n i ve st . n o www. e n i ve st . n o I n s t a l l a s j o n s g uide I n–s thael l iams e j osnesngt uide r al ff o o rr ff ii b be e rr h e i m e s e n t r al TILGIN HG 1551 TILGIN T ILGIN OPPKOPLING AV HEIMESENTRALEN Montør koplar opp heimesentralen ved levering av Enivest FIBER. Fiberkabelen vert kopla mellom veggboks og WAN på heimesentral. Han må handsamast varsamt, slik at han ikkje vert øydelagd. TEKNISK INFORMASJON OM HEIMESENTRALEN Heimesentralen kjem ferdig konfigurert slik at det ikkje er naudsynt å gjere endringar på modemet. Ditt fiber-modem er konfigurert med følgjande IP-adresse og brukarnamn/passord: Heimesentral: Ikkje kople fiberkabelen ifrå utan at du har fått beskjed av Enivest om å gjere det. Ikkje sjå direkte inn i fiberkabelen eller inn i fiberporten bak på heimesentralen, då laseren kan gjere skade på auge. Viktig! Utstyret er ømfintleg for overspenning. Vi anbefalar difor at utstyret vert kopla til overspenningsvern. IP: 192.168.80.1 Nettverksmaske: 255.255.255.0 Brukarnavn: admin Passord: admin DNS-tenarar (namnetenarar) vert tildelt automatisk. Adressene til desse er som følgjer: DNS 1: 62.50.161.166 DNS 2: 217.149.113.30 Dersom du har behov for å opne portar i dette modemet, kan du logge inn på http://192.168.80.1 med brukarnamn og passord. Dersom du her gjer endringar som medfører at internettilkoplinga ikkje fungerer lenger, vil Enivest fakturere deg for konfigurasjon og utsending av nytt modem. Sjå Enivest sine sals- og leveringsvilkår. OBS! Det er viktig at du ikkje trykker inn reset-knappen på modemet. Du vil då miste kontakta med Internett. Du vil også miste summetonen på telefonen og TV-signala dersom du har desse tenestene frå Enivest. Dersom du har problem med modemet eller med FIBER-linja, prøv først å slå av og på modemet, og la modemet kvile eit minutt og prøv på nytt. SLIK KOPLAR DU UTSTYRET DITT TIL HEIMESENTRALEN Internett tilkopling: På heimesentralen (fiber-modemet) er portane LAN A, LAN B, LAN C, LAN D, LAN E, LAN F og LAN G alltid opne mot Internett for oppkopling av PC, trådlaus ruter, svitsj eller anna datautstyr. Har du Get Digital-TV blir nokre portar reservert for dette. Sjå avsnitt om TV-tilkopling nedanfor. LAN A er alltid open mot internett. Trådlaus tilkopling: Heimesentralen har mulegheit for trådlaus tilkopling til PC’ar eller anna utstyr som er mottakeleg for trådlaus tilkopling. Heimesentralen er sikkerheitskryptert, og du finn passord og namn på nettverk på undersida av modemet (WPA-nøkkel og SSID). Du kan slå trådlaus funksjon av/på ved hjelp av WLAN-knappen på framsida av heimesentralen Telefon tilkopling: Porten Phone1 blir nytta til å levere breibandstelefoni. Har du Enivest Breibandstelefoni koplar du ein analog telefon til denne porten. TV tilkopling: Har du tinga GET Digital-TV får du tilsendt ein GET HD dekodar. Vi anbefalar at denne står ved TV. Mellom TV og dekodar koplar du HDMI eller komponent og du får glede av HD-kvalitet. Mellom heimesentralen og GET-dekodar må det vere minimum ein kat. 5 data-kabel (maks 90m lengde). Denne kabelen koplar ein i port LAN G på heimesentralen og i porten RJ45 i GET-dekodar. Portane LAN E, LAN F og LAN G vert i denne rekkefølgje satt av til TV ein og ein, om ein tingar nye TV-dekodarar. Bilete syner baksida av heimesentralen og oversikt over oppkopling av internett, samt telefon og TV dersom du har bestilt desse tenestene av Enivest. LAMPENE PÅ HEIMESENTRALEN / FIBERMODEM Lampe Forklaring Power Denne lampa skal lyse fast grønt og syner at det er straum på modemet. Blinkande raudt lys tyder på at modemet restartar eller held på å oppdatere seg. Dersom det blinkar sakte raudt, kan det tyde på feil på modemet. Internet Fast grønt lys tyder at modemet er tilkopla internett. Lampa lyser raudt dersom det ikkje er internettilkopling. WLAN Lampa lyser grønt når trådlaus funksjon er aktiv, og er av dersom trådlaus funksjon er deaktivert. Bruk knapp på framsida for å skru av og på. Phone 1 & 2 Desse lampene lyser fast grønt dersom telefon er aktivert. Blinkande grønt lys kan tyde på at det er feil på telefontilkoplingane; kontakt då Enivest kundeservice. Link Fast grønt lys tyder at modem er tilkopla sentralen.