Produktinformasjon Enivest Radio

Transcription

Produktinformasjon Enivest Radio
Produktinformasjon Enivest Radio
Her finn du informasjon som er nyttig for deg som har tinga Enivest Radio Privat:
 Leveringstid
 Kundeutstyr
 Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett
Har du tinga Enivest Radio og ynskjer å montere
Radio-mottakar sjølv, klargjer vi mottakar-utstyret til
deg når vi startar handsaming av di bestilling. Har du
ikkje avtalt startdato for ditt abonnement, reknar
Enivest 7 yrkedagar frå vi sender mottakar-utstyret
med Posten, eller ved utlevering av dette hjå vårt
kundemottak, til du vert fakturert for abonnementet.
Leveringstid
Enivest tek atterhald om at det ved stor pågang kan ta
noko lengre tid å handsame di bestilling, og at
leveringstida aukar tilsvarande. Dette gjeld òg om det
er få ressursar tilgjengeleg hjå våre
underleverandørar, til dømes ved ferieavvikling,
høgtider og anna.
På grunn av lov om angrerett startar Enivest normalt
arbeidet med di bestilling 2 veker etter dato på
bestillinga. Berre i dei høva der du har avtalt med oss
kan Enivest starte arbeidet før angrefristen er utgått. I
kvitteringa finn du informasjon om dette er avtalt, og i
vedlagt angrerettsskjema i kvitteringa finn du meir
informasjon om dette og angreretten. Om du ynskjer å
annullere di bestilling etter at angrefristen er utgått,
vert du fakturert gebyr for dette etter våre gjeldande
vilkår og prisliste.
Kundeutstyr
Har du tinga Enivest Radio hos montør for tilkopling av
Radio-mottakar, sender vi bestilling på dette arbeidet
til vår underleverandør når vi startar handsaming av di
bestilling. Normalt har montør kontakta deg for å avtale
installasjonsdato, og tilkopla Radio-mottakar på
leveringsadressa, innan 1 til 2 veker etter at vi har
sendt bestilling til dei.

Når Enivest har fått dato av underleverandør for
tilkopling, sender vi ut kundeutstyret til deg. Dette vert
sendt med Posten til di leveringsadresse om ikkje
anna er avtalt. Normalt vert utstyret sendt innan 2
veker etter at vi har starta leveransen. Ved byte av
leverandør kan det ta opp mot 3 til 4 veker til du får
hentelapp.
Kundeutstyret er Enivest sin eigedom, og består av:

Ein Radio-mottakar med straumadapter som
monterast på yttervegg.
Eit breibandsmodem - med straumadapter,
nettverkskablar.

Brukarrettleiing - med kontakt-, teknisk og
fakturainformasjon, og mellom anna rettleiing for
innstillingar av internett og epost på Windows,
MAC, iPhone og anna nyttig informasjon.
Informasjon om vilkår for
leveranse og angrerett
Vi vil alltid forsøke å levere abonnement i vårt
dekningsområde der det er mogleg. Vi kan ikkje
garantere leveranse eller kapasitet på linja dersom
forholda ikkje tillét dette, jf. våre vilkår § 4.
Etter lov om angrerett har du som har tinga ei teneste
hjå Enivest, rett til å gå frå avtala utan grunngjeving
eller kostnad, innan 14 dagar etter at du fekk tilsendt
angrerettsskjema. Skjema som du fekk vedlagt
kvittering då du tinga, kan nyttast om du ynskjer å
angre på di bestilling (du kan òg melde inn dette via
epost, eller telefon til vårt kundemottak).
Har du avtalt med Enivest at vi skal starte leveransen
av tenesta før angrefristen er utgått, og ynskjer å nytte
deg av angreretten, kan vi krevje betaling for den
delen av tenesta som er levert.