TILGIN - Enivest AS

Transcription

TILGIN - Enivest AS
Installasjonsguide
for Mobilt Breiband
5 7 0 0 91 00 ( 08 - 18)
ku ndeser v ice@eniv es t . no
ww w. eniv es t . no
I n s t a l l a s j o n s g uide
for fiber
h e i m e s e n t r al
TILGIN
INSTALLASJONSGUIDE
MOBILT BREIBAND
Mobilt breiband
– Surf der du er, når du vil –
•
Med ei datamaskin: SIM-kort (ikkje MicroSIM)
•
Med fleire einingar: SIM-kort + Trådlaus router for
mobilt breiband (ikkje MicroSIM)
•
Med for eksempel nettbrett: SIM-kort (MicroSIM)
Du vel sjølv om du vil kjøpe mobilt breiband frå Enivest med
berre SIM-kort, eller trådlaus router for mobilt breiband.
I denne installasjonsguiden viser vi korleis du kjem deg på nett
med SIM-kort og trådlaus router. Dersom du skal på nett med
nettbrett treng du berre å sette inn SIMkort eller MicroSIM
(brekkast av SIM-kort) – så er du på nett!
Enivest brukar ulike modellar av trådlaus router. Denne
Installasjonsguiden gir deg generell rettleiing for installering. For
detaljar om den modellen du har, kan du sjå brukarrettleiing
som ligg ved i pakken til trådlaus router.
KRAV TIL DATAMASKIN
• Standard USB inngang eller trådlaus tilkopling på
datamaskina.
•
Minimum 100 MB ledig harddiskplass.
•
Minimum 123 MB RAM.
•
Windows 2000, SP4, Windows XP SP2, Windows
Vista, Windows 7, Mac OS 10,4,10,5 eller 10,6. Maskinvara på datamaskina må oppfylle eller overstige dei anbefalte systemkrava for den installerte versjonen av operativsystemet.
•
Skjermoppløysing 800 x 600 eller høgare.
Datamaskiner med innebygd modem brukar eit eige program
for mobilt breidband, programmet skal allereie vere installert.
Enivest si programvare vil ikkje fungere på datamaskiner med
innebygd mobilt breiband. Kontakt forhandlaren der du kjøpte
datamaskina, eller sjekk leverandøren si heimeside for meir
informasjon om programmet og for å laste ned nyare versjonar.
PÅ NETT MED FLEIRE EININGAR – SIM-KORT + TRÅDLAUS ROUTER FOR
MOBILT BREIBAND
1. Opne router og sett inn SIM-kort. Merk deg nettverksnamnet (SSID) og nettverksnøkkelen som du finn på innsida av loket til den
trådlause routeren.
2. Kople routeren til datamaskina ved hjelp av medfølgande kabel, evt. kople den til straumnettet.
3. Finn det trådlause nettverket til routeren og vel «Kople til».
4. Legg inn nettverksnøkkel. Denne finn du på innsida av loket til routeren.
5. Fyrste gong du koplar til vil du få eit val om dette skal vere eit heimenettverk eller eit offentleg nettverk, her vel du heimenettverk.
6. Opne nettlesaren. Om du får spørsmål om å legge inn PIN-kode så legg du den inn her. PIN-koden finn du i velkomstbrevet som
fylgde med routeren.
7. Du kan no velje å gå rett på internett ved å skrive inn ei adresse i adressefeltet.
8. Dersom du ynskjer å logge inn i administrasjonsprogrammet, skriv du inn fylgjande adresse i adressefeltet: http://192.168.1.1
Her kan du logge inn og gjere endringar på det trådlause nettverket, du kan sende SMS, sjå forbruket ditt og gjere endringar på
tilkoplinga mot internett.
Innlogging:
Brukarnamn: admin
Passord: admin
11. For å slå av dataoppkoplinga held du inne av/på knappen på routeren. Dataoppkoplinga forblir avskrudd til du slår på routeren att.
Du finn fullstendig brukarrettleiing i «Quickstart» brosjyren som fylgjer med modemet, blar du til side 20, så finn du Norsk rettleiing.
Surf der
du er, når
du vil!
w w w. eni vest . no