Brosjyre og ruteskildring for Bergsliløypa (PDF)

Comments

Transcription

Brosjyre og ruteskildring for Bergsliløypa (PDF)
BERGSLIKUNSTNARANE
Husmannsgutar som vart banebrytarar i
norsk nasjonalkunst
Dei tre kunstnarane Knud, Brynjulf og
Nils Bergslien er alle fødde og oppvaksne på Voss.
Dei er kjende både i inn- og utland, og fleire av
kunstverka deira har vorte til nasjonalsymbol.
Kunstmålaren Knud Bergslien (1827-1908)
Knud Bergslien byrja i soldatteneste 18 år gamal, men den
­uvanlege teiknegivnaden hans vart snart lagt merke til, og ­etter
eit par år som elev ved kunstmålaren Hans Reusch sin teikneskule i Bergen drog han til utlandet og studerte både i Antwerpen
og Paris. I åra 1855-1869 arbeidde han i Düsseldorf. Han flytta
så attende til Noreg, og frå 1871 dreiv han Bergsliens Malerskole
i Kristiania saman med Morten Müller. Her vart han lærar for
ein heil generasjon norske kunstmålarar, mellom andre ­Harriet
Backer og Edvard Munch. Knud høyrde til ­Düsseldorfar-skulen
og var god ven av kunstmålarane Adolph Tidemand og Hans
Gude. Gjennom Knud fann Tidemand ­nokre av sine beste ­motiv
for portrettbilete av bønder på Voss. I dag er Knud mest kjend
som historiemålar. Mellom dei mange arbeida hans må særleg
nemnast nasjonalikonet Birkebeinerne på Ski over ­Fjeldet med
Kongsbarnet frå 1869, Kong Sverre på Vossefjeldene, og ­biletet
som han fekk Wasa-ordenen for: Kong Oscar II’s ­kroning i
­Nidarosdomen. Det var likevel som portrettmålar og pedagog
han nådde lengst.
Bilethoggaren Brynjulf Bergslien (1830-1898)
Alt som barn fekk Brynjulf Bergslien undervisning i stempelskjering av morbroren, den kjende kartteiknaren Aad Gjelle.­
I 18-årsalderen kom han i gravørlære hjå gullsmed Jacob
­Tostrup i Kristiania. Sidan studerte han ved Kunstakademiet i
København, og i 9 år arbeidde han hjå nokre av dei mest kjende
bilethoggarane der. Etter studieopphald i fleire av dei europeiske
landa reiste han i 1861 heim att til Kristiania, der han busette seg
og stifta familie. I 1864 fekk han kunstnarstipend, og i 1868 vann
han den første tevlinga om eit norsk monument: ryttarstatuen i
bronse av kong Carl Johan, som vart avduka på Slottsplassen i
Kristiania i 1875. Etter dette vart Brynjulf ein kjend bilethoggar.
Han hadde ein stor produksjon, mellom anna laga han monumenta
av Henrik Wergeland, Peter Chr. Asbjørnsen og Johannes Brun.
Men det er Carl Johan-statuen som er hovudverket hans. Han
underviste også, og han var den første læraren til Gustav Vigeland.
Brynjulf var ein festleg og omgjengeleg person med mange vener,
godt kjend i kunstnarmiljøet i Kristiania og ei sentral drivkraft i
Kunstnerforeningen.
Kunstmålaren Nils Bergslien (1853-1928)
Nils Bergslien viste tidleg i oppveksten rik kunstnargivnad, og
farbrørne Knud og Brynjulf kappast om han skulle verta kunstmålar eller bilethoggar. Målarkunsten vann, og 16 år gamal byrja
Nils kunstutdanninga si ved onkelen sin målarskule i Kristiania.
Seinare studerte han i München, Dresden og Wien. Denne tida
var han mykje saman med kunstmålaren Christian Skredsvig, som
seinare skildra Nils i ei av bøkene sine. Etter at han kom heim att til
Noreg, arbeidde han nokre år i Kristiania, før han tidleg i 1880-åra
reiste til Hardanger, gifta seg og slo seg til i Eidfjord. Her vart han
buande til han døydde. Nils hadde ein stor produksjon av målar­
stykke med frodige folkelivsskildringar og humoristiske bilete av
huldrer, nissar, kjærleikspar - og vestlandsnaturen. Størst givnad
viste han som landskaps- og portrettmålar, men folkelivsbileta var
nok dei som selde best. Givnaden som bilethoggar fekk han syna då
han laga monumentet Ola Mosafinn og Ridande Vossabrudlaup og
portrettrelieffa til monumentet i Bergsliparken på Voss.
Bergsliløypa
Ei vandring gjennom Vossevangen
til stader som har tilknyting til dei tre
Bergsli-kunstnarane
Bergsliløypa
BERGSLIMINNE
Stiftinga Bergsliminne er
ei offentleg stifting som vart
skipa i 2001 av Voss kommune,
Voss Folkemuseum, Stiftelsen
Dagestadmuseet, Voss Kunstlag,
Voss Sogelag og Voss Ungdomslag.
Stiftinga har til føremål å ta vare på
Bergslitræet i Voss, og å utvikla eit
dokumentasjonssenter for dei tre
Bergsli-kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils,
og andre kunstnarar med tilknyting til Voss.
På Bergslitræet står framleis huset som brørne
Knud og Brynjulf Bergslien rundt 1860 fekk
bygd til faren, Lars, i staden for den gamle
husmannsstova hans, som då var til nedfalls.
Bergslihuset ligg som ei perle i naturområdet
Prestegardsmoen og vitnar om blømingstida for
nasjonal­romantikken i norsk kunst. Huset var
dekorert utvendes og hadde innvendig dei gildaste
tapetane, som berre var å finna i borgarhus i
Kristiania på den tida. Ei slik ”husmannsstove”
har knapt nok vore bygd i landet korkje før ­eller
sidan. Her budde Bergsli-folket heilt til Lars
Bergslien døydde i 1880-åra i høg alder.
Huset er sidan påbygd og omvølt,
og nå tilrettelagt som utstillingslokale for Bergsliminne.
Ola Mosafinn og
Ridande Vossabrudlaup
Reist i 1921 på Lindehaugen til
minne om meisterspelemannen Ola Mosafinn (1828-1912)
og tradisjonen med ridande
vossabrudlaup. Notane er til
”Bjølleslåtten”, ofte spela i slike
høve. Monumentet er teikna av
Magnus Dagestad. Nils Bergslien har laga relieffet. Det vart
flytta hit i 1984.
Bergsliparken
Reist i 1928 til minne om dei
tre Bergsli-kunstnarane Knud,
Brynjulf og Nils. Magnus Dagestad gjekk i brodden for å
reisa dette monumentet, og det
er han som har teikna det. Nils
Bergslien har laga relieffa.
Voss Ungdomshall
Bygd 1897 som samlingsstad
for ungdomslaget ”De unges
Forbund” – seinare Voss Ungdomslag. Eit mykje nytta kulturhus på Vossevangen. Her
finn vi kunst av dei tre Bergslien-kunstnarane: to bilete
måla av Knud, fleire portrettmedaljongar laga av Brynjulf,
og sceneteppe og fane måla av
Nils.
Bergslitræet
Husmannsplass under Voss
Prestegard, rydda av Lars
Bergslien i 1820-åra. Fødestad og barndomsheim til
sønene Knud og Brynjulf.
Huset som står i dag, sette
dei opp til faren rundt 1860.
Det vart seinare påbygd og
omvølt.
Norsk Kunsthand-
verkskule
Magnus Dagestad og Hordaland Ungdomslag grunnla Norsk Kunsthandverkskule i 1920. Målet var å
fremja den nasjonale stilen i
norsk prydkunst og husbunad. Magnus Dagestad teikna bygningen, og han var
styrar ved skulen fram til
1935. Tidlegare hadde han
ein verkstadbygning her,
som Vestlandske Kunstindustrimuseum i åra 1905-13
nytta til snikkar- og treskjerarskule. Magnus Dagestad
var styrar og lærar også ved
denne skulen. Kona Helena
Bu Dagestad underviste i
rosemåling og dekorasjon.
Like ved sida av ligg huset
Tintrabakken, som ekteparet kjøpte i 1902 og bygde
om til sin heim.
Dagestadmuseet
Magnus Dagestad (18651957) var ein gåverik treskjerar, teiknar og formingskunstnar. Han var oppteken
av og arbeidde for norsk
form og folkekunst. Dei tre
Bergsli-kunstnarane var
nære vener og inspirasjonskjelder. Ein del av kunsten
han skapte, er samla her.
Voss Prestegard
Her låg den gamle prestegarden på Vossevangen fram til
brannen i 1940. Midt i tunet
stod årestova, der mange
ulike kulturhendingar og
festlege samkomer fann
stad. Sommaren 1897 vitja
Brynjulf Bergslien Voss for
siste gong, og han heldt
då ein stor avskilsfest for
venene sine her.

Similar documents