KYRKJEPASS

Transcription

KYRKJEPASS
KYRKJEPASS
På kyrkjeveg i Valdres
Valdres har ei stor samling av kyrkjer bygd frå 1100-talet og
fram til det siste 10-året. Kyrkjene er som skattekister; her er
mykje å oppdage som ein kanskje ikkje ser ved første augnekast. Arkitektur, kunst og historie er spennande å bli kjent med.
Den geografiske plassering av kyrkjene, sentralt i bygda eller
høgt til fjells er interessant i seg sjølv. Bygningane appellerer til
å ta i bruk våre sansar. Kjenne duft av tjære i ei stavkyrkje, la
lydar som er i bygget kome til ein, kjenne på steinar i gamle
kyrkjemurer, sjå utsmykking og biletkunst som er laga med stor
kunstnarleg innleving. Nokre gonger kan ein nærme seg ei kyrkje aleine, andre gonger er det gudstenester eller konsertar eller
kyrkjelege handlingar med mykje folk til stade. Bygga står der
og tar imot menneske i alle situasjonar.
Det er fint å sette seg i ei kyrkje og tenkje over sin eigen tilvære,
eller kanskje på alle menneska som har kome dit i tidlegare
tider. Kva tenkte dei, kva opplevingar hadde dei, korleis var trua
ei hjelp i deira kvardag som var så heilt annleis enn no? Ei kyrkje skal inspirere og utfordre oss som heile menneske til bruk
av vårt sanseapparat, fantasi, tankar og tro.
Den kortfatta orienteringa i kyrkjepasset er utarbeida av kyrkjene sjølv. Det er eit håp at passet kan skape ei interesse for meir
kunnskap og djupare oppleving av kyrkjebygga og dei mangfaldige verdiane som kyrkjene representerer.
Motiva på stemplane er utforma frå noko karakteristisk ved
kvar kyrkje.
Prestane i Valdres
Kyrkjepasset i bruk
I kyrkjepasset for Valdres er det 33 vigsla kyrkjer og ein kyrkjeruin. Ved kvar kyrkje er det sett opp ei kasse med stempel. Når du
besøker kyrkja kan du sjølv sette stempel i kyrkjepasset ditt. Du
kan alternativt få signaturen til prest eller guide ved kyrkja.
Kyrkjene i kyrkjepasset er delt i 4 grupper som ein kan sjå på
kartet i midten:
6 Stavkyrkjer frå mellomalderen
2 steinkyrkjer frå mellomalderen
1 kyrkjeruin
27 kyrkjer og kapell bygde mellom 1735 og 2006
Langs pilegrimsvegen frå Hedalen stavkyrkje til St.
Tomaskyrkja er det 14 kyrkjer, og for desse kan passet
kan brukast som eit ”pilegrimspass”. Dersom du har
vore ved alle mellomalderkyrkjene, kan du få du ein
premie! Vis kyrkjepass med stempla på eit av kyrkjekontora i Valdres, eller på Valdres turistkontor på Fagernes, og mota ein premie. Dersom du har besøkt
alle dei 34 kyrkjene, blir du med på trekninga av ein
flott kunstbibel før jul. Skriv namn og adresse her, få
signatur av ein tilsett ved kyrkjekontor eller turistinformasjon og lever kopi av denne sida.
GOD TUR!
Namn:……………………………………………………………………………..
Adresse:……………………………………………………………………………
Tlf:……………………………………………………………………………………
Godkjend av.:……………………………………….. Dato:………………..
HEDALEN KIRKE
Hedalen stavkirke er fra ca 1163 og er kanskje den eldste stavkirken i Valdres, der skipet utgjør den opprinnelige stavkirken. I
gammel tid var det en kirken der man gav gaver i bønn omeller med takk for hjelp (pilegrimskirke). Hedalen stavkirke har
uvanlig mye katolsk inventar fra middelalderen, blant annet et
relikvieskrin. Det mest spesielle er kanskje ei original madonnaskulptur. 1699 ble kirken bygd om til korskirke i lafta tømmer.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
BEGNADALEN KIRKE
Kirken ble bygget i 1964 til erstatning for den gamle Begnadalen kirke, som brant i 1957. Den gamle kirken var fra 1859. Arkitektfirmaet Arnstein Arneberg sto for tegningene til den nye
kirken. Altertavlen er malt av Anders Ragnvald Andersen. Motivet er fra da Johannes Døperen døpte Jesus i Jordanelven. Dette var også motivet på altertavlen i den gamle kirken.
Kirken har meget god akustikk, og er etter manges mening den
kirken i Valdres som er best egnet til kirkekonserter.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
BAGN KYRKJE
Tømmerkyrkje frå 1736. Bygd som korskyrkje. Preikestol og altartavle med treskjerararbeid i akantusstil av Johannes Segalstad. Rosemåling av Peder Aadnes.
1833-35 vart det bygd galleri i sideskipa. 1879 vart kyrkja måla
utvendig, og i 1965 fekk kyrkja den varme raudfargen ho har i
dag. Sokneråda i seinare tid har skaffa kyrkja lysglobe og prosesjonskross i tillegg til messehakel og stola i grønt og fiolett.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
LEIRSKOGEN KYRKJE
Vigsla 1924. Altartavla er måla av Tidemann Gjørud. Han og
broren Kristoffer har elles måla ei rad bibelske motiv i kyrkja.
Opphavleg var kyrkja eit kapell under Bagn sokn. No er Leirskogen eige sokn med eit par hundre innbyggjarar.
Kyrkja har lysglobe og prosesjonskross.
Attmed kyrkja er sett opp ei tenleg kyrkjestugu med eit vakkert
bårerom.
Leirskogen kyrkje har 10-12 gudstenester i året.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
REINLI STAVKYRKJE
Reinli stavkyrkje er lik Hedalen stavkyrkje, utan frittståande
søyler i kyrkjerommet. Her er søyler i hjørna, og fordi kyrkja er
så lang, er det også søyler i langveggane. Kyrkja er ei einskipa
langkyrkje med kor og halvrund koravslutning bak altaret
(apsis) i same breidde som skipet, med innelukka svalgangar
og ein liten takryttar. Opphavleg var kyrkja eit rektangulært rom
med skip og kor i same breidde og høgde. Kyrkja er truleg rive
heilt ned og bygd opp att, kanskje i 1326, og nokre stokkar i
kyrkja er datert til 1272 og 1310. Reinli stavkyrkje er einaste i
Noreg som har alle dei 12 vigslingskrossa.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
REINLI KAPELL
Kapellet vart vigsla i 1965, og er reist for at kyrkjelyden skal ha
eit gudshus å samlast i når det er for kaldt å vera i stavkyrkja.
Arkitekt var Kolbjørn Sukke. Altartavla er laga av valdreskunstnaren, bilethoggar Gunnar Rørhus. Tavla framstiller Jesus som
velsignar borna.
I kapellkjellaren er det menighetssal, og kapellet har tilbygg
med eit mindre møterom. Reinli har 18-20 gudstenester i året,
og sidan stavkyrkja er i bruk berre om sumaren, blir dei fleste
av gudstenestene haldne i kapellet.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
VESTÅSKAPELLET
Kapellet vart bygd i 1968, og er teikna av arkitekt Harald Hille.
Bygget vart reist som ei vidareføring av den gamle skikken med
setergudstenester. Eigarar er Bagn sokn og Reinli sokn, og kapellet har eit eige styre oppnemnd av dei to sokneråda.
Nokre av dei faste gudstenestene i bygda har vore flytta til kapellet. I påska er det regelmessig halde gudsteneste palmesundag og skjærtorsdag. Om sumaren er det halde 3 – 5 gudstenester, ofte ved hjelp av pensjonerte prestar.
Foto: Tore Samuelsen
Stempel/signatur:
Dato:…………….
BRUFLAT KYRKJE
Kirken er ei tømra, barokk korskyrkje med to galleri, innvigd i
1750. Altertavla (1789) og døypefonten er laga av Kvite-Sjugurd.
Det svært sjeldne oblatjarnet har 41 små runde brød med bilete
av den korsfesta Jesus. Den eldste av dei fire klokkene i tårnet
er frå 1100-talet.
Foto: Marit Slettum
Stempel/signatur:
Dato:…………….
NORD ETNEDAL KYRKJE
Kyrkja er innvigd i 1866. Preikestol og døypefont frå 1866. Altertavle frå 1916, truleg samansett av fragment frå tidlegare tavler.
Prosesjonskorset er kopi av korset som var brukt før altertavla.
Orgelet måtte ha belgetrøar til 1979.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
AURDAL KIRKE
Aurdal kirke er en tømret korskirke fra 1737, bygget i barokkstil.
Kirken har vært gjennom mange endringer, men framstår i
hovedtrekk slik den ble bygget. Altertavla er fra 1792. Krusifikset, lysestakene, prekestol og underdelen av døpefonten er fra
den gamle stavkirken på Sørei. Brudestolene er skåret av treskjærer Nils Leine. Kirkeklokkene kommer fra henholdsvis Olsen Nauen klokkestøperi i 1927, og Nederland i 1752. Orgelet er
bygd av Norsk Orgel- og harmoniumfabrikk i Snertingdal i
1972. Prost Peder Landt er begravet under kirkegulvet.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
TINGNES KIRKE
Tingnes kirke, som er en sekskantet tårnkirke, ble viglset i 1972.
Kirkens arkitekt var Karl Stenersen. Den er sognekirke for Leira
og Fagernes. Kirken er en treenighetskirke, noe som tydelig
vises i alterteppet av Kari-Bjørg Ile. Tingnes kirke er en arbeidskirke med møterom og kirkestue i kjelleren. Brudestolene er
skåret av Ottar Sæther. Smijernsarbeider av Ole Sofienlund og
Arne Wardberg. I kirken finnes også malerier av Ralph Styker.
Orgelet er bygd av orgelbygger Ernst Junker fra Sandefjord i
1990, og har i dag 18 stemmer.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
TISLEIDALEN KIRKE
Tisleidalen kirke er en langkirke i stavkirkestil, vigsla i 1958.
Arkitekten var Karl Stenersen. Kirken har 130 sitteplasser og
galleri. Altertavla og seks stoler er en gave fra skipsreder Anders Jahre. Altertavla av kunstmaler Gunnar Haukebø viser Jesus som vanlig menneske og stigen som fører opp til himmelen. Døpefonten er formet som et kornnek og skåret av Olav
Rudi. Olav Belgum har laget, og Ivar Bakken malt prekestolen
Orgelet er fra Norsk orgel- og harmoniumfabrikk.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:………………
STRAND KYRKJE
Svenes kirke på Strand ble bygget på Svenes i 1735 etter at stavkirken fra middelalderen var revet. I 1860 ble kirken flyttet til
Strand og fikk den formen den har nå. Opprinnelig stod tårnet
over hovedinngangen på kirken. Kirken fikk nytt alterbord 1851.
Ny altertavle ble laget av sløydlærer Olav K. Rudi i 1944.
Prekestol er fra 1702. Døpefont skåret av treskjæreren Thomas
Blix omkring 1700. I kirken henger i dag én kirkeklokke. Den er
støpt i 1894.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
ULNES KYRKJE
Ulnes kyrkje er ei steinkyrkje frå om lag 1265, omtala skriftleg i
1307. Grunnplanen er eit rektangulært skip og eit smalare rett
avslutta kor. Kyrkja var i mellomalderen utan tårn, tilbygg og
store vindauge. Altertavla frå 1850 har ein rundgang øvst, der
dei tre heilage kongane med snortrekk kan dreiast rundt Maria
og barnet. Dette er den einaste altertavla i Noreg med ein slik
rundgang.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
SKRAUTVÅL KYRKJE
Skrautvålkyrkja er ei krossforma timberkyrkje, vigsla i 1785, men
ferdig og nytta ein del år føreåt. Byggmeister var Svein
”kyrkjebyggar” frå Fåberg (Svein Tråset). Nokre materialar frå
stavkyrkja på Åbol er nytta i kyrkja. Av utstyr derifrå er òg underdelen av døypefonten, dørlås og dørring, nattverdskalk, lysestakar og ein forsvunnen runeplanke som dansken Ole Worm teikna av på 1600-talet. Innskrifta fortel at Elin Nridsdotter er gravlagd i kyrkja. Kyrkjeklokkene var opphavleg frå stavkyrkja, men
vart omstøypt på 1800-talet.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
AURDAL FJELLKIRKE
Aurdal fjellkirke ble bygget i 1966 etter initiativ og innsats fra
hytteeiere på Aurdalsåsen i nært samarbeid med folk i bygda.
Arkitekt Harald Hille har tegnet kirken inspirert av stavkirkestil.
Kirken har eget styre, med hytteeiere og representanter fra bygda, og en av kommunens prester og drives med private midler
fra blant annet de 850 hytteeierne i området. Kirken rommer ca
200, herav 100 sitteplasser. 11 gudstjenster i året, i tillegg til
vigsler og barnedåper. 1 kirkeklokke (1966), fra Olsen Nauen,
med innskrift «Stillhet og tillit. Esaias 30,15.»
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
RØN KIRKE
Røn kyrkje vart vigsla i 1749 og er ei lafta kyrkje. Ho vart bordkledd og måla utvendig i 1860 og kledt innvendig i 1908.
Døypefonten er truleg sett saman av to forskjellige døypefontar
frå mellomalderen og er av kleberstein. Ein kan tenkje seg at
dette er arv frå ei eller kanskje to gamle kyrkjer i same området.
I våpenhuset står ein stavkyrkjeplanke, datert til 1200-talet,
truleg frå stavkyrkja som sto på Fystro.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
ØYJAR KAPELL
Øyjar kapell vart tatt i bruk 1964. 8 år hadde det tatt sidan tanken på å byggja eit kyrkjehus i tilknytning til kyrkjegarden, som
er frå 1300-talet, vart lagt fram. På 1300-talet lå Øye stavkyrkje
på denne plassen, og kyrkjeklokka i tårnet på Øyjar kapell og
klokkene i stupulen er frå denne kyrkja. Preikestolen er òg frå
stavkyrkja og er kome ”heim att” etter eit opphald i Røn kyrkje.
Foto: Elisabeth Myhre
Stempel/signatur:
Dato:………………
MO KIRKERUIN
Mo kyrkjeruin vart graven ut og restaurert i 1972–1977. Kyrkja er
frå om lag 1215. Grunnplanet er eit rektangulært skip og eit
smalare rett avslutta kor. Dette er i dag kanskje Noregs minste
frittståande steinkyrkje frå mellomalderen. Tre delar av mellomaldergravsteinar frå om lag 1200 er no på Valdres Folkemuseum. Desse er romanske hjulkross frå Gudbrandsdalen. Det er
funne beslag og ein del av ei messeklokke frå mellomalderen
og ei bjørneklo. På nordsida av kyrkja fann ein skjelett etter fem
yngre kvinner. Ei stor kyrkjekiste står i Slidredomen.
Foto: Ole J. Liodden
Stempel/signatur:
Dato:………………
SLIDREDOMEN
Slidredomen er den gamle hovudkyrkja i Valdres, frå sist på
1100-tallet i romansk rundbogestil. Her heldt prosten i Valdres
til i mellomalderen, den fremste lokale representant for biskopen i Stavanger. Maria-kyrkja i Slidre vert nemnt skriftleg fyrste
gong i eit pavebrev i 1264. I tillegg til ei rekkje mellomalderinventar har Slidredomen eit stort kalkmåleri på austveggen takmåleri frå f 14- og 1250-talet i koret.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
LOMEN STAVKYRKJE
Lomen stavkyrkje er datert til om lag 1192. Denne kyrkja er
svært lik og truleg bygd kort tid etter Høre stavkyrkje. Den eldste mynten som er funne vert datert til kong Sverre 1177-1202.
Dette er ei søylestavkyrkje, med fire frittståande stavar eller
søyler i kyrkjerommet, dei andre stavane ender på himlingsnivå. Søylene ber eit opphøgda midtparti. Stavane har kapitel
midt på og ansiktsmasker øvst. Andreaskors og halvboger bind
stavane saman. I 1750 vart kyrkja utvida og mellom anna takkonstruksjonen vart endra. Kyrkja har fleire mellomalderlege
portalar med treskurd og dyreornamentikk.
Foto: Ole J. Liodden
Stempel/signatur:
Dato:…………….
LOMEN KYRKJE
Lomen kyrkje er bygd av kvitkalka murstein. Ho var innvigd
olsokdagen 1914. Allerede i 1903 vart gravplassen tatt i bruk, og
då vart spørsmålet om kyrkje på same plass reist. Kyrkja er
bygd etter arkitekt Jürgensens teikningar og er spesiell med sitt
”kompakte” tårn. Kyrkja er open og lys. 3 glasmåleri av laga av
Emanuel Vigeland, motiv: Den heimkomne sonen, dannar altertavla. På altaret ligg Lomisteppet, ein kopi av eit teppe frå
1200-talet.
Foto: Elisabeth Myhre
Stempel/signatur:
Dato:…………….
ROGNE KYRKJE
Rogne kyrkje sto ferdig og vart innvigd 2. oktober 1857. Ho er
teikna av arkitekt C.H. Grosch og er einaste kyrkje i Valdres
med eit åtte-kanta skip med eit fire-kanta kor og sakristi og
klokketårn midt på taket. Altertavla kjem frå Rogne gamle kyrkje
og er måla av Ole H. Berge i 1780. I skipet heng ein kopi av
Tidemanns ”Opstandelsen”, måla av Bruun i 1916. På kyrkjedøra heng ei dørring frå rundt 1150-talet. I våpenhuset heng ei
anna gamal kyrkjedør. I 1912 fekk kyrkja eit romantisk orgel,
bygd av Olsen&Jørgensens orgelfabrikk.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:………….
VOLBU KYRKJE
Volbu kyrkje vart bygd kring år 1830 på same tufta som den
gamle stavkyrkja stod. Denne vart truleg bygd midt på 1100talet, og vigsla til St. Blasius. Ein del veggplankar, stavlegjer og
sperrer frå den gamle kyrkja er no i det vesle Stavkyrkjemuseet.
Antemensalet (altarforstykket) frå den gamle kyrkja er no i den
nye kyrkja. Det vart måla fyrst på 1300-talet, og Volbu kyrkje er
den eine av to kyrkjer i heile landet som enno har det opphavelege antemensalet i bruk. Altartavla vart måla på 1790-talet av
Ole Hermundsen Berge. I kyrkja heng m.a. eit gamalt røykjelseskar. Våpenhuset er dekorert av Sigmund Årseth. Orgelet frå
1960-talet og er bygd av Norsk orgel- og harmoniumsfabrikk.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:………………
HEGGE STAVKYRKJE
Dei fyrste skriftlege kjeldene frå Hegge kyrkje er frå 1327, men
kyrkja truleg er bygd rundt 1216. Døypefonten er frå 1100-talet,
og derfor trur vi at det har vore ei eldre kyrkje i nærleiken. Stavkyrkja har opphavleg hatt halvrund koravslutning bak alteret,
takryttar, svalgangar, runde vindaugsgluggar, spontak og inngang frå vest og sør til skipet. Kyrkja er bygd om fleire gonger.
Eit nytt kor og våpenhus er bygd, og veggene i skipet er flytta ut
på svalgangen sin plass. Øvst på stavane er det ansiktsmasker.
Ei av desse har eitt auge, som på Odin.
Foto: Ole J. Liodden
Stempel/signatur:
Dato:…………….
LIDAR KYRKJE
Kyrkja vart innvigd som kapell under Hegge sokn i 1932,
medan gravplassen blei innvigd 30 år tidlegare, i 1902.
Lidar kyrkje er lafta, og blei utvendig kledd med panel i
1956. Altertavla er laga av treskjeraren, diktaren og målaren Olav Rudi, medan Knut Ø. Rudi står for treskjeringane på preikestolen.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:………………
LYSKAPELLET
Lyskapellet ved Helsesportssenteret på Beitostølen er reist og
drevet av stiftelsen ”Anna og Erling Stordahls minne”. Kapellet
ble i 2000 økumenisk vigslet. Glassmaleriet er formgitt av Ferdinand Finne etter visjon ved Kirsten Rostbøll. Det er tegnet av
tømrer Herbert Mollenhauer som sammen med byggmester
Kjell Arne Båtevik har bygget kapellet. Sigmund og Kjell Arne
Årseth utførte sammen med Kirsten Rostbøll dekorasjon og
maling i Kapellet. Lyskapellet er et åpent, stille rom for brukere
på Helsesportssenteret og mennesker ellers som ønsker en
stille stund.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:………………
FJELLKAPELLET
Fjellkapellet på Beitostølen ble vigslet vinteren 2006. Det er en
kopi av et russisk kapell som står ved veien inne på taigaen i
Arkhangelsk. Ute på taigaen, er det mange slike kapeller, små
og store, som ligger langs veier og stier som knytter landsbyene sammen; bygget for ly, vern, en liten bønn, eller pause og
hvil. Håpet er at slik vil også Fjellkapellet fungere for vandrerne
på Beitostølen. Spør etter veien til kapellet på turistinformasjonen, Bergo Hotell eller SAS Blu.
Foto: Carl Ph. Weisser
Stempel/signatur:
Dato:………………
HØRE STAVKYRKJE
Høre stavkyrkje er frå om lag 1179, datert ved ei svært uvanleg
runeinnskrift. Kyrkja er ei søylestavkyrkje med fire frittståande
staver i kyrkjerommet. Dei andre stavane ender på himlingsnivå. Stavene ber eit opphøgda midtparti, i dag dekka av ei himling. Stavkyrkja vart endra i 1822, mellom anna den halvrunde
koravslutninga vart fjerna, kyrkja vart utvida mot vest, og veggane i skipet flytta ut på svalgangen sin plass. Runene på staven inne i preikestolen fortel tømmeret vart hogd den sumaren
Erling Skakke fall i Nidaros. Høre stavkyrkje har ein rik treskurd.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
HEENSÅSEN KYRKJE
Heensåsen kyrkje blei vigsla 1902. Det var eit gamalt ønskje å
få eiga kyrkje ”austsida”. Med mykje pengeinnsamling og dugnadsarbeid kunne kyrkja bli bygt. Kyrkja er ei langkyrkje teikna
av arkitekt John Meyer. Kyrkja vart dekorert med sjablongmaling som var populært på starten av 1900-talet, og noko er
framleis tatt vare på etter oppattmålinga i 1977. På toppen av
altartavla er eit særs fint krusifiks skoren av Endre O. Lien.
Foto: Oddvin Almenning
Stempel/signatur:
Dato:…………….
VANG KYRKJE
Vang kyrkje er ei korskyrkje bygt i tømmer med borkleding utapå. Kyrkja vart vigsla 9. April 1840. Altartavla er ei fin katekismustavle frå 1620. I sørre vengen av kyrkja heng ei altartavle
som var i bruk frå 1922 til 1940. Det var Ola Sparstad som skar
tavla og Julie Gjessing som måla altarbiletet. Stavkyrkja frå slutten av 1100-tallet blei tatt ned og seld til kong Frederich Wilhelm av Prøysen. Ho vart sett opp att i 1844 og står framleis i
Karpacz i Polen.
Foto: Carl Ph. Weisser
Stempel/signatur:
Dato:…………….
ØYE STAVKYRKJE
Kyrkja er truleg bygd sist på 1100-talet som ei søylestavkyrkje
med fire frittståande søyler i kyrkjerommet. Øye stavkyrkje skil
seg frå dei andre stavkyrkjene i Valdres og er mest lik Vang
stavkyrkje (no i Polen). Stavkyrkja forsvann, men vart funne
1930-åra under kyrkjegolvet til nye Øye kyrkje og gjenreist i
1964. Kyrkja har svalgangar og halvrund koravslutning, ope
skip med benker berre langs veggene og ei svært smal opning
inn i koret slik det var vanleg i før-reformatorisk tid.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
ØYE KYRKJE
Øye kyrkje stod ferdig i 1747. Til då hadde dei nytta den gamle
stavkyrkja som sto nede på marka nær Vangsmjøsa. Øye kyrkje
er ei langkyrkje, lafta og sidan bordkledd. Rundt slutten av 1800
-talet bygde dei på våpenhus og sakristi.
To bilete i altartavla og eit bilete på sørveggen kjem frå
St.Tomaskyrkja. I kyrkja står ein trestatue med motiv engelen
som trøystar Jesus i Getsemane. Den blei utskoren i Oberammergau på 20-talet med tanke på plassering i St. Tomaskyrkja.
Foto: Hans Enger
Stempel/signatur:
Dato:…………….
ST. TOMASKYRKJA
St. Tomaskyrkja er reist på staden der det sto i lita stavkyrkje frå
slutten av 1100-talet fram til ho vart riven i 1808 etter kongeleg
påbod. Ho er bygt i betong og tre og teikna av arkitekt
Lindstrøm. Ideen til kyrkja er bygget på stavkyrkjeprinsippet, og
kan i form minne om ei kyrkjeklokke. Særeigen altartavle med
motiv Jesu krossfesting og livets tre. Kyrkjeklokker, inventar og
kopi av relikvieskrin frå den gamle stavkyrkja.
Foto: Carl Ph. Weisser
Stempel/signatur:
Dato:…………….
WWW.VALDRES.NO
Besøk alle mellomalderkyrkjene
og vinn ein premie! Besøk ALLE kykjene og og bli
med i trekninga på ein kunstbibel!
Kontaktinfo
Valdres Natur og Kulturpark:
Valdres turistkontor:
Valdres prosti:
tel. 61359470
tel. 61359410
tel: 61359095
Eller ta kontakt med kyrkjekontora i ditt distrikt
Spør også etter dei andre guidane våre:
• Vardevandring
• Temaguide
• Sykkelguide
• Turguide