KYrKJEBlAd For HJElMElANd • STrANd • ForSANd

Transcription

KYrKJEBlAd For HJElMElANd • STrANd • ForSANd
Preikestolen
Nr. 1, FEBRUAR 2014 • 75 årg.
KYRKJEblad for HJELMELAND • STRand • forsand
Nr.1 / 2014
Fasteaksjonen..............................................3
Adresse:
Postboks 188,
4126 Jørpeland
Neste nummer av
Preikestolen kjem ut
ca. 2. april
Frist for innlevering av stoff
er 10. mars.
Redaksjon:
Redaktør Annbjørg Strøm Haukalid
Tlf. 99476436
[email protected]
Ein latinamerikanar frå Helgøy....................4
Min song.......................................................6
Då Jesus møtte dei frivillige
medarbeidarane...........................................7
Har du plass til en til i familien din?..........8
Møte med ein gravar..................................10
Ferie med mening......................................12
Grunnlovsjubileet.......................................14
Anbjørg Røyneberg Hia
Magne Nag
Elise Norland Sørheim
Liv Åse Gaard
Anita Grødem
Olav Frantzen
Siv Fossan
Yvonne Langeland Meltveit
Geir Øy
Færre døyper borna sine ........................16
Kyrkja sin
kontaktperson:
Liv Åse Gaard
[email protected]
Misjonsprosjekta i Forsand kyrkjelyd.....20
Om det er nokon som
ikkje får PREIKESTOLEN
i postkassa, kan ein kontakte
posten eller kyrkjekontora.
Side
4
Norsk gospel...............................................18
Side
10
Endeleg trusopplæringsmidlar.................19
Diakon til Strand?.......................................19
Kortversjon av Alpha.kurset....................20
Side
18
Eit steg nærare bygging......................21
Andakt................................................21
Slekters gang.............................................22
Oppslagstavla....................................23
Frivilleg abonnementpris
pr. år kr. 200,Bankgiro: 3205.30.06158
Grafisk formgjeving:
Anita Grødem
[email protected]
Trykk:
Gunnarshaug Trykkeri
Opplag: 6300
Framsidefoto: Konfirmanter 2013
Godt nytt år til alle lesarane av Preikestolen!
Andakten i dette nummeret har overskrifta ”Min nåde er nok for
deg!”
Det er det Gud som seier til meg og deg i vårt strev etter å leva som
me skulle kvar dag eller ha det slik me skulle ynskja.
Les og sjå om du finn noko som er til deg på sidene utover! Noko
som kan gleda, gje engasjement eller gjera deg oppdatert på noko
du ikkje kjende til frå før.
Lukke til med livet!
Annbjørg Strøm Haukalid
2
Blir du med på fasteaksjonen,
bidreg du til at folk kan reise seg
og få eit betre liv
På same måten som Kirkens Nødhjelp treng Wejdan
som jobbar med traumatiserte born frå Syria, treng
organisasjonen at du gjev tid og pengar og brukar
stemma di for å skape forandring.
Står saman
Kirkens Nødhjelp jobbar for at så mange som råd er, skal få
sjansen til å overleve katastrofar. Krigsflyktningar frå Syria
er ein del av dei du støttar ved å delta i fasteaksjonen. Då
står du saman med Wejdan Jarrah i arbeidet hennar med å gje
syriske flyktningar håp i ein desperat situasjon. Wejdan er
spesialist på å møte folk som har opplevd gruelege ting:
– Her i Zataari har alt for mange opplevd å sjå søsken og
foreldre bli drepne på bestialsk vis framfor augo deira. Men
viss eg kan bidra til at dei i det minste ser håp om ei betre
framtid, har eg den mest meiningsfulle jobben i verda, seier
32-åringen som er frå byen Ibrid i Jordan, og har master i
psykososialt arbeid.
– Innan fagfeltet mitt kallar vi arbeidet vi utfører for psykososial førstehjelp. Det er akkurat det det er; mange treng
naudhjelp også psykisk. Mange hadde hatt bruk for individuell hjelp vidare, men vi har ikkje meir kapasitet enn det vi
har, seier Wejdan. Sjølv om ho har den rette utdanninga og
erfaringa, er det verkeleg hardt arbeid:
– Det er klart det går inn på meg. Eg møter så mange lagnader at eg ofte må jobbe med eigne tankar etter lange arbeidsdagar, og arbeide med dei for å ruste meg opp til ein ny dag i
leiren, seier ho.
Godt å gjere noko
Fasteaksjonen er eit høve for oss i Noreg til å gjere noko konkret med alt det vonde vi høyrer om i nyhenda. Vi kan bidra.
Det vi gjer, tel for at hjelpa skal nå flest mogleg. Pengane vi
samlar inn til årets aksjon, går som vanleg til heile Kirkens
Nødhjelps arbeid.
Syria
Akkurat no pågår eit stort arbeid for syriske flyktningar. Dei
får reint vatn og trygge sanitære forhold, i tillegg til at anna
naudhjelpsarbeid blir utført i samarbeid med kyrkjelege
partnarar som blant anna Det Lutherske Verdsforbundet.
Filippinene
Men Kirkens Nødhjelp arbeider også med gjenoppbygging og
klimaførebyggjande tiltak på Filippinene. Pengane som kjem
inn i fasteaksjonen, gjer det mogleg å handle raskt i katastrofar, som etter tyfonen på Filippinene.
Generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland,
ønskjer å rette ei stor takk til alle kyrkjelydane landet rundt
som deltek, alle frivillige som går med bøsse og alle som gjev
pengar:
– De utgjer ein skilnad, og eg er stolt og imponert over at så
mange blir med på denne dugnaden for rettferd. Innsatsen
dykkar gjer det mogleg for oss å vera tilstades i katastrofen,
seier Helland.
3
Ein latin-amerikanar frå Helgøy
Berit Helgøy Kloster er ein sjeldan blomst frå Ryfylke-naturen. Ho har gjennom mange år
hatt eit svært breidt arbeidsfelt.
Tekst: Geir Øy
No har ho fylt 67 år. Ho ser tilbake på
lærargjerning på Kongsgård vidaregåande skole i Stavanger, år som misjonær
i Sør-Amerika, år i politikken, som leiar
i bispedømmerådet i Stavanger bispedømme, talar på kristne møte i Norge og
i utlandet, og eit stort engasjement for
det ho kallar for teltmakar-misjon. Nokre engasjement er avslutta. Andre held
ho framleis varme. Preikestolen har besøkt henne i heimen hennar i Kvernevik
i Stavanger, og det er framleis ein svært
engasjert pensjonist me møter.
-På besøk hos ein
fattig familie i jungelen i
Equador.
4
Arven frå Ryfylke
– Kan du nemna ei god ballast du fekk
med deg frå Ryfylke?
– Å ro over Helgøysundet, seier Berit
etter å ha tenkt seg om nokre sekund.
Dette er ein av dei få gongene ho treng
å tenke seg om i løpet av samtalen vår.
– Sidan eg vaks opp på Helgøy, måtte
me ro til skulen. Eg lærte då at me ikkje
kan gje oss før me kjem over, uansett
kor mykje vinden står på. Det har eg fått
bruk for mange gonger. Eg vil ikkje gi
opp. Eg vaks opp i eit kvardagsmiljø der
kristendom og misjon stod sentralt. Og
eg lærte meg då at – har du ein visjon,
så står du på.
Berit har gode minne frå barndomsheimen sin på Helgøy. Ho minnest også at
det var eit fint fellesskap mellom folka
på øya. Sjølv om ikkje alle hadde like
mykje med kvarandre å gjere, blei alle
inviterte til særskilte dagar.
Gjennom mange aktive år, har Berit
besøkt meir enn 60 land og statar. Heimenaturen fylgjer henne som bakgrunnsteppe.
– Har du opplevd folkemylderet i Asia,
lovprisar du Ryfylkefjordane, seier ho.
Misjonær-gjerning
Etter lærarutdanning og Misjonsskulen
på Fjellhaug, fekk den unge læraren
spørsmål om å bli rektor på ein skule i
Etiopia. Slik skulle det ikkje gå.
– Eg hadde kjend ei dragning mot SørAmerika. Eg kontakta Santalmisjonen
som sende meg til Equador i 1971. Eg
trudde eg skulle arbeide blant studentar
der, men enda opp med å arbeide i slummen. Først etter eitt år fekk ho kontakt
med ein student.
Byen Guayaquil var ein veldig utrygg
by. Det var 10 mord i byen kvar natt!
Og der gjekk ho åleine som ung blond
kvinne. Ho fortel at det gjekk bra.
– Men eg hadde aldri late mine eigne
barn dra dit, når eg no tenker tilbake,
seier ho. I Equador var ho med og bygde opp ein kyrkjelyd i slummen, samt
starte det nasjonale kristne studentlaget.
Mange av dagane gjekk med til å gå på
husbesøk rundt i dei enkle husa der.
Sidan vart det nokre få år for henne og
familien i nybrotsarbeidet for Misjonsalliansen i La Paz, Bolivia.
Berit saman med ei student-bibelgruppe på Den Dominikanske Republikk.
Lektor på Kongsgård
Vel heime var det nok nokon som tenkte
at Berit ville arbeide som lærar på bibelskule eller liknande. – Eg ville ha elska
det, seier ho. – Men eg ville heller arbeide på ein vanleg arbeidsplass, og søkte
meg difor som lærar på Kongsgård vidaregåande skole i Stavanger. Ei erfaring
for meg var at det me overgir til Gud, det
brukar han, og det gjeld både arbeidsplass, eigedom, tid og krefter. Sidan eg
hadde fått visjonen om å vera kristen på
ein vanleg arbeidsplass, var dette ideelt.
Berit har hatt, og har, eit varmt hjarte for
elevane sine. Me har vore i kontakt med
ei mor til ein av elevane hennar. Sonen
hennar kom heim ein dag og sa at no forstod han kva som var forskjellen på kristendommen og dei andre religionane.
Berit tok også spansk-klassane sine med
på turar til Sør-Amerika, og det gjorde
sterkt inntrykk på elevane.
Teltmakarmisjon
Det laga seg ikkje med ei lang misjonærteneste i Sør-Amerika. Etter at ho vart
gift, ordna det seg ikkje med godkjent
arbeidsløyve for mannen hennar, som
var utdanna lege. Men vel heime i Norge
la ho ikkje bort misjons-engasjementet.
Generalsekretær Gunnleik Seierstad i
Santalmisjonen inviterte henne tidleg
på 80-talet inn i ei arbeidsgruppe for såkalla teltmakarmisjon. Visjonen frå dette arbeidet har vore ei drivkraft i henne
sidan.
– Då apostelen Paulus reiste til Europa,
livnærte han seg med å sauma telt. Når
han drog på misjonsreisene sine, hadde
han også eit kvardagsyrke, der han tente til livets opphald. I tillegg kom han
i samtale om evangeliet med kollegaer
og kundar. Han var også klar over at han
var eit forbilde andre kunne fylgja.
Når Berit snakkar om teltmakarmisjon,
blir ho fort varm i trøya. Ingenting har
opptatt henne så sterkt, fortel ho.
– I mange land får ikkje teologar lov til
å arbeide. Kristne med eit anna yrke kan
derimot reise dit og utføre sitt arbeid,
vinne respekt, få venner og snakke naturleg om si tru. Dette gjer at teltmakarmisjon er veldig strategisk, også her
heime. I vår globale tid kan vi nå alle
unådde folkeslag der ein praktiserer sitt
kvardagsyrke. Dette må forkynnast i
kyrkjer og bedehus, seier ho. – Der sit
det mange potensielle teltmakarar i dag.
Berit er oppgitt over at biskopane i Den
norske kyrkja og misjonsleiarar har vore
lite engasjerte i å spreia teltmakarvisjonen. Sjølv har Berit tatt stort ansvar i
dette arbeidet. Her heime var ho med og
bygde opp eit nasjonalt nettverk, kalla
TENT. Sidan har ho reist til alle verdsdelar for å delta på konferansar og store
møte. I tillegg har ho vore verdsleiar i
den internasjonale organisasjonen for
teltmakar-misjon.
– Eg har brukt mykje tid og pengar på
dette, og eg angrar ikkje, seier ho.
Bønesvar
Berit har mange gonger opplevd at Gud
har vore tydeleg tilstades i livet hennar.
Ho har opplevd klare bønesvar. Me ber
henne trekke fram ei av desse opplevingane, og for andre gong i intervjuet må
ho vere stille og tenke seg litt om.
– Eg vil gå tilbake til den første gongen eg opplevde dette. Faren min var
kreftsjuk, og me visste ikkje kor lenge
han ville leve. Eg kjente på eit misjonærkall, og grua meg for å fortelje om
planane mine til han. Ved sjukesenga
fortalde då far meg om den gongen han
var på veg heim frå eit møte i Årdal. På
vegen over fjellet kom det sterkt for han
at han skulle knele ved ein stor stein og
be om at dei barna han og mor så sterkt
ynskte å få, ville dei stilla til Guds disposisjon. Nokre veker tidlegare hadde
bestemor meddelt meg at også ho hadde
fått misjonskallet, men sidan ho ikkje
kunne reisa, hadde ho då bedt til Gud
om at nokre av barnebarna hennar måtte
bli misjonærar.
Der, ved sjukesenga, stadfesta Gud både
for far og meg at han stod bak kallet! Det
var fyrste opplevinga av at det vi overleverer til Gud, det brukar han. Om denne
opplevinga og mange andre, seier Berit:
– Han har vore raus med meg. Gud har
vore spesiell og spandert mykje på meg.
Samstundes fortel ho om motgang og
harde slag i livet også for henne. Men
ho har opplevd at Gud har vore med i alt.
Held fram på neste side...
5
Latin-amerikanar
Jorun Eiane Brunstad, som er oppvaksen ved Jøsenfjorden, skreiv bok om
Berit for nokre år tilbake. Ho var nyleg
med Berit til Sør-Amerika, og vart slått
av kor Berit var i sitt ess når ho kom dit.
Dei ho møtte, sette stor pris på henne.
Når ho talte på gudsteneste og møte,
eller underviste, sat tilhøyrarane som
fengsla.
Etter fleire år med skuleturar til Equador
og Bolivia, meinte skulen at ho måtte
lage billegare reiser. Valet fall då på Den
dominikanske republikk i Det karibiske
hav. Berit hadde ein kontakt der frå før,
og det blei starten på eit nytt kapittel.
– Eg kjende frå før ein kristen studentarbeidar på Den Dominikanske Republikk. Gjennom kontakten med henne
har det sidan blitt til at eg har hatt kurs
og kristen undervisning for andre student-arbeidarar der. No har eg og mannen min bestemt oss for å bruke krefter
der i pensjonist-alderen. Sidan me begge
kan spansk, er det enkelt. Dessutan kan
mannen min, som nettopp har blitt pensjonist, arbeide som lege for dei mange
frå nabolandet Haiti som framleis er uregistrerte arbeidarar.
Desse får ikkje tilgang til helsetenester,
og Svein Erik er invitert med i eit hjelpe-
arbeid blant desse. Me har fått kjøpt oss
eit hus der, og der bur no kristne universitetsstudentar.
– Me har no kjøpt billettar til ny tur dit
nå ganske snart. Me skal ha teltmakarkurs i huset vårt med deltakarar frå fleire
land, fortel ho engasjert.
Berit held fram i tilværet som pensjonist, som ho har gjort gjennom åra som
yrkesaktiv. Ho har stort engasjement.
– Eg kan strikka, og gjer det av og til.
Men det passar liksom ikkje heilt for
meg. Eg har ikkje greidd å ro teltmakarvisjone heilt over sundet enno. Det vonar eg å gjera før enn årane vert lagt inn,
seier ho.
På Machu Pichu saman med ein spansk-klasse frå Stavanger.
MIN SONG
Berit talar ofte på gudstenester og
møter.
Av siv fossan
Kom inn til meg
Tekst: Lennart Jakobsson. Omsetjing til norsk: Vidar Kristensen
Kom inn til meg du menneske,
kom inn til meg.
Du finner hvile i min favn,
kom inn til meg.
Jeg skapte himmel, hav og jord,
nå dekker jeg for deg mitt bord.
Kom inn med all din hunger,
jeg vil mette deg.
Kom inn til meg med tvilen din,
kom inn til meg.
Når ingen utvei viser seg,
kom inn til meg.
Et evig liv er gaven min,
jeg selv er himmelveien din.
Kom inn med all din uro,
jeg gir fred til deg.
Kom inn til meg med sorgen din,
kom inn til meg.
Når tunge byrder er din lodd,
kom inn til meg.
6
Jeg bar engang et kors for deg,
så dyrebar er du for meg.
Kom inn til meg min kjære,
jeg skal bære deg.
Kom inn med dine nederlag,
kom inn til meg.
Når synden har forledet deg,
kom inn til meg.
Jeg vet nøyaktig hvem du er,
jeg kjenner deg og har deg kjær.
Kom inn til meg, min venn og
jeg skal lege deg.
Er himlen målet for din gang,
kom inn til meg.
Vil du ta del i Lammets sang,
kom inn til meg.
Til bryllupsfesten får du gå
med min forsoningskledning på.
Da skal du i all evighet ha
plass hos meg.
Dette er ein song eg er glad i og
som ofte tonar i mitt hovud. Eg
tykkjer den seier så mykje om
kven Jesus vil vera i livet mitt.
Han kjenner meg, og veit akkurat
korleis eg har det. Songen
utfordrar meg til å ikkje gløyma
kven som er kraftkjelda i trua
mi. I uro, i sorg, i glede, i tvil, i
nederlag, ja gjennom alt det som
møter ein.
Det var Han som sa:
Kom til meg, alle de som slit og
har tungt å bera; eg vil gje dykk
kvile! (Matteus 11.28)
Det gjeld framleis!
Då Jesus møtte
dei frivillige medarbeidarane
Av Ingebjørg Vik Laugaland
Ei av forteljingane om då
Jesus metta 5000, finn me i
kap.6 i Markus-evangeliet.
Det er også ei forteljing om Jesus som leiar, og særleg i møte
med dei frivillige medarbeidarane sine.
Det heile tek til med at apostlane;
medarbeidarane, samla seg igjen hjå
Jesus og fortalde han om alt dei hadde
gjort og alt dei hadde lært folket. Eg
legg merke til at det kan virke som det
er regelen og ikkje unntaket å møtast
for å dele erfaringar. Det står ingenting
om at Jesus bad dei om berre å nemne
det viktigaste, tre punkt, eller at dei
hadde dårlig tid. Alt dei hadde gjort, alt
dei hadde lært folket, fortalde dei Jesus.
Hadde Jesus verkeleg tid til å høyre på
det? Tydelegvis. Responsen medarbeidarane får er denne: «Kom med meg til
ein aud stad der vi kan vera åleine og
kvil dykk litt! For det var så mange som
kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å
eta eingong.» Kor mange har ikkje opplevd liknande? For travelt – for mykje
som står på!
Som sagt, så gjort. Planen om å dra på
retreat vert sett ut i livet, og snart er dei
i same båt på veg til «ein aud stad for
å vera åleine». Ikkje ulikt kvardagane
våre, dukkar endringar opp like snart
som planar vert sett ut i livet. I dette
høvet var det snakk om folk som også
ville ha tak i Jesus, og fann den aude
staden på 1-2-3. Eg kan ikkje sjå føre
meg at medarbeidarane såg lyst på korleis situasjonen utvikla seg! Kva gjer
Jesus –leiaren – då?
Han gjer seg til å undervisa dei frammøtte om mange ting, for han hadde
inderleg medkjensle med dei. Han la
merke til at dei var hjelpelause som
husdyr utan tilsyn. Eg skulle likt å vite
kva tema Jesus tok opp då han lærte dei
«om mange ting». Handla han spontant? Analyserte han situasjonen? Tok
val? Og kva tenkte medarbeidarane om
vendinga retreaten tok? Kva var fokus?
Kanskje var dei i ferd med å gi opp
heile håpet om litt tid med Jesus i fred
og ro. Eller dei prøver å redde kvelden,
i det minste. For langt på dag minner
dei Jesus på at folk må ha mat, og det
er langt til butikken.
Då er Jesus klokkeklar: «De skal gje
dei mat». Ingen skal seia at denne
leiaren tvilte på medarbeidarane sine!
Medarbeidarane stiller klargjerande
spørsmål: Skal me kjøpa brød så dei
kan får seg mat? Her tykkjer eg Jesus
er genial: I staden for å «ta dei» for å
vere tvilande og egoistiske, held Jesus
fokus og avgrensar oppgåva han gir
dei: «Kor mange brød har de? Gå og
sjå etter». Det er ikkje for vanskeleg,
og dei kjem tilbake med informasjonen
Jesus bad om; «5 brød og 2 fiskar».
Neste oppgåve er liknande: «Set folk i
matlag». Nok ei grei oppgåve. Medarbeidarane får ei kjensle av å vere ein
sentral og praktisk del av noko stort, og
tenkjer kanskje: «Me gjer som leiaren
vår seier. Det verkar som han har ein
plan og løyser denne utfordringa også».
Og slik vart det. Jesus velsigna det dei
hadde av mat, og medarbeidarane fekk
nettopp vere ein sentral og praktisk del
av noko stort då dei delte ut mat til alle.
Kva trur du den enkelte, frivillige
medarbeidaren tenkte om det han hadde
vore med på då han la seg den kvelden?
7
Har du plass til en til i familien din?
Nesten alle barn har foreldre
som tar seg av dem. Men det
fins foreldre som av ulike
årsaker ikke klarer å gi barna
sine tilstrekkelig omsorg.
Disse barna kan trenge et fosterhjem, og din familie kan være
til hjelp!
Samtale med Mallin Østerhus og klipp
fra Bufetat sine nettsider: Anita Grødem
Mallin Østerhus fra Tau er leder av fosterhjemsrekrutteringen i region vest.
Hun forteller at det er mange fosterforeldre i Rogaland som gjør en flott innsats.
Behovet for fosterhjem er imidlertid
økende. I Rogaland er det nå mellom 30
og 40 barn som venter på en ny familie.
I tillegg er det det mange saker som er
under behandling.
Det er nettopp kommet en ny fosterhjemsundersøkelse som viser at fos-
88
terforeldre opplever oppgaven som
meningsfullt, forteller Mallin. 8 av 10
fosterforeldre sier at de vil anbefale andre å gjøre det samme.
Fosterbarn er som alle andre barn. Forskjellige. Felles for alle er behovet for
voksne som kan gi trygghet, omsorg og
kjærlighet.
De tre viktigste grunnene for det er:
1. Gleden ved å se positive endringer
hos barnet.
2. Berikende å hjelpe et barn
3. Tilstrekkelig oppfølging og
veiledning.
For barna handler det ofte om det mange
tar for gitt. Å ha noen som hjelper med
leksene, som følger på fotballtrening og
heier fra sidelinja. Noen som sier ”god
natt” og som gjør at du sover godt, hver
natt. Det handler om å være trygg, å vite
at noen bryr seg.
Hvorfor vil de
ta imot et nytt barn?
glede å kunne
- Det gir meg mye
gen enklere for
hjelpe/gjøre hverda
de som trenger det.
t å følge utvik- Spennende, kjek
kler det på en
lingen, våre barn ta
barn og glad i å
super måte, glad i
hjelpe.
spennende og
- Dette er en utrolig
givende jobb!
viklinga til
- Fantastisk å sjå ut
barnet!
gir meining
- Å jobbe med barn
med livet...
En god oppvekst varer livet ut. Har du
rom for et fosterbarn, skal du vite at det
er behov for deg.
Ulike barn trenger ulike fosterhjem
Det alle fosterhjem har til felles, er at de
består av voksne med god omsorgsevne
og overskudd til barna.
Flere fosterhjem består av en enslig fostermor eller fosterfar. Du som er enslig,
kan ha ressurser som gjør nettopp deg
godt egnet. Dersom du er den eneste
voksne i familien, bør du ha et godt nettverk av støttespillere rundt deg.
Flerkulturelle familier som ønsker å bli
fosterhjem er viktige ressurser. Det er i
mange tilfeller ønskelig å plassere barn i
et fosterhjem med samme religiøse eller
kulturelle bakgrunn.
Det er også behov for fosterhjem for
enslige mindreårige som i dag bor i asylmottak eller på institusjon. Disse barna/
ungdommene er ofte ressurssterke og
har vokst opp med trygge voksne i tidlig alder.
Familiemedlemmer og slektninger som
tanter, onkler og besteforeldre er ofte
også godt egnet som fosterforeldre.
Veiledning og hjelp
Barneverntjenesten i kommunen har
ansvaret for å gi fosterhjemmet nødvendig råd og veiledning i forbindelse med
plasseringen av det enkelte barn - så
lenge plasseringen varer.
De har også ansvaret for å hjelpe og
støtte det enkelte barn og for å iverksette
tiltak eller foreta nødvendige endringer.
Generelle krav til fosterhjem
Fosterforeldre må tilfredsstille noen
krav. Du må ha:
• God vandel og legge frem politiattest.
• Interesse og overskudd til å gi barn
et trygt og godt hjem.
• Stabil livssituasjon.
• Alminnelig god helse.
• Gode samarbeidsevner.
• Økonomi, bolig og sosialt nettverk
som gir barn rom for livsutfoldelse.
.
PRIDE-kurs
Alle som skal bli fosterforeldre må gjennomføre PRIDE-kurs. PRIDE (Parent
Resources for Information, Development, and Education) er et opplæringsprogram som gir deg mulighet til å vurdere om det å være fosterhjem er noe for
deg.
Det finnes ulike typer PRIDE-kurs
• PRIDE grunnkurs: Opplæring for
fosterforeldre
• PRIDE grunnkurs for slekt og
nettverk
• PRIDE grunnkurs for plassering
av ungdom
Dette er noen av de som
venter på en ny familie:
«Lukas 11 år»r meg?
«Lise 15 år»
Kan dere passe fo
Trenger nytt hjem
«Shala 16 ÅR»
Kan jeg få komme og bo hos deg/dere
«Terje 11 år»
Trenger fosterfam
ilie
«Linda 16 ½ år»
Kan dette være noe for deg?
Fosterhjemstjenesten har rådgivere du
kan snakke med. De informerer blant
annet om hva det innebærer å være fosterhjem, hvordan det påvirker hverdagen
din, økonomiske godtgjørelser og eventuelle konsekvenser for din arbeidssituasjon.
Det er flere måter å få informasjonen på:
• Du kan kontakte din lokale fosterhjemstjeneste via kontaktskjema
eller e-post.
• Du kan ringe oss.
• Du kan møte oss på kontoret vårt.
• Du kan være med på et informasjonsmøte hos oss.
• Vi kan komme hjem til deg for en
samtale.
Ta kontakt med fosterhjemstjenesten i
Stavanger for mer innformasjon:
Telefon: 466 19 694
Trenger fosterhjem
«Emil 11 år»
Er du klar for et spennende omsorgsoppdrag?
«Jens 14 år»
Jeg trenger dere!
«Trine 17 år»
Trenger nytt hjem
«Truls 4 1/2 år og Didrik 6 år»
To forsiktige brødre som trenger å få bo i samme hjem
«Arja 15 år» flyktning - ønsker nytt hjem
Enslig mindreårig
«Miriam 9 1/2 år»
Kan jeg få bo hos dere?
«Gunn 8 år»
Positiv, faglig flink
og trenger struktu
r
«Kåre er 11 år og har Downs syndrom»
Kåre er en spesiell gutt som er lett å bli glad i
«Petter 17 år»
Kjekk gutt som øn
sker fosterhjem
«Ruben 2 år»
En herlig gutt
«David 13 ½aåfar»milie» og nytt hjem
Trenger en «ekstr
Mallin Østerhus forteller om et stort behov for nye fosterhjem i Rogaland.
Du kan lese mer på:
http://www.bufdir.no/Fosterhjem/
99
MØTE MED EIN
GRAVAR
Åsmund Thomsen har vore gravar og kyrkjetenar
sidan 1965, og held han ut til neste år, så vert
det 50 år i jobben. Han er ein institusjon, ein
kjent skikkelse i Hjelmeland, ja, kanskje i heile
Ryfylke. Bonde, eller kårkall no, med gard
sentralt på Fister, kyrkjetenar i Fister kyrkje og
gravar i Hjelmeland. Han har ein finger med i
mykje av det som skjer «på land og sjø», og er
alltid i aktivitet.
Tekst: Leif Ole Terøy
Eg møter Åsmund til ein samtale på
Fister bedehus. Det er måndag og
«Mekke-klubb». Mekkeklubben er ein
møtestad for ungdom i Hjelmeland
som er interessert i «å skru». Der har
Åsmund sin naturlege plass, både fordi
han er ein alt-mulig-mann, og fordi han
har godt lag med ungdommen. I tillegg
er han leiar i bedehusstyret, og godt
i gong med renovering av kjellaren.
Det skal bli ein god plass å møtast, for
ungdom og andre.
17 år og nytilsett gravar
Det var i 1965 at Johannes Skår,
dåverande leiar i soknerådet, tok
kontakt med Åsmund og bad han ta
jobben som kyrkjetenar og gravar i
Fister sokn. Åsmund var 17 år, og hadde
lite lyst på jobben som gravar, men
Johannes overtydde han. «Det er om
lag ei grav årleg, så det greier du godt!»
Det året, det første, var det 10 graver å
grave opp, frå mai til desember. Det er
truleg rekord for Fister.
I 1965 måtte det gravast med handmakt,
traktorgravar hadde dei ikkje. Det
kunne ta to dagar å grave ei grav.
Enkelte stader på kyrkjegarden er det
svært hard jord og tungt å komme ned.
Andre stader er det fin sand, og lettare.
I ei av dei første gravene han grov, fekk
Åsmund problem. Han var komen ned,
1,80 meter den gong, og skulle støtte av
veggene, men var uheldig og fekk alt
over seg. Grava raste saman. Han vart
10
ståande bom fast med berre hovudet
over grusen, og kunne ikkje røre seg.
Der vart han ståande i om lag to timar,
til faren Einar sakna han og kom for å
sjå kor det blei av han. Kyrkja låg meir
isolert den gong, før bustadfeltet kom,
og det nytta lite å rope etter hjelp. Det
var ingen i nærleiken som høyrde det.
Dei første åra fekk han 100 kroner for
kvar grav, og måtte sjølv krevje dei
inn. Fast løn fekk han først då han vart
tilsett som gravar i heile kommunen i
1986. Åsmund har ikkje nøyaktig tal
på kor mange graver han har laga, men
trur det er om lag 1.500.
Mobilt gravarverkstad
med plass til papegøye
Noko av det første han gjorde etter at
han vart tilsett i kommunal stilling,
var å dra av garde og kjøpe ein lastebil
med overbygg. I den har han traktor og
alt utstyr som trengs for å gjere jobben,
ein mobil «gravarverkstad».
I mange år hadde familien Thomsen
ein papegøye, Manollo. Den kom til
gards etter ein diskusjon om familien
skulle kjøpe fjernsyn eller papegøye.
Det vart papegøye! Fjernsyn kunne dei
jo sjå i «kårstova» like ved, hos farmor.
Manollo sat ofte i eit tre, rett ved vegen
ned til kaia. Mange var det som stoppa
for å «slå av ein prat», i alle fall prøve å
få han til å seie noko. For snakke kunne
han, men helst til damene!
Ein gong det skulle vere gravferd på
Sandanger gravplass, og Åsmund
samstundes skulle rette opp ein
gravstein, tok han med seg Manollo i
lastebilen. På Randøy var det ein gut
som hadde bede Åsmund om få sjå
papegøyen, og han vart difor med.
Manollo var sett på gjerdet ved
kyrkjegarden, og der vart han sitjande
medan Åsmund ordna med steinen som
skulle rettast opp, og gjorde klar grava.
Arbeidet med steinen tok noko lenger
tid enn Åsmund hadde rekna med, og
brått kom gravfølgjet opp bakkane.
Åsmund fekk det travelt med å skifte
klede; han brukar alltid mørk dress
slike gonger, og gløymde Manollo
som framleis satt på gjerdet. Akkurat
då Åsmund gjekk fram for å senka
kista, høyrde dei tydeleg frå gjerdet:
«Ha det, ha det, ha det». Manollo var
jo vane med at når det gjekk folk forbi
så ville dei ha han til å seie noko, til
dømes «Ha det».
Utsikt
Sandanger gravplass på Randøy ligg
fint til, og eg meiner det var her biskop
Sigurd Lunde ein gong uttalte: «Her
vil eg ligge, her var det fin utsikt!»
Og det er ikkje ei ukjent utsegn for
Åsmund. Han møter dei pårørande
ofte både før og etter ei gravferd.
Mange er opptekne av nettopp dette; at
ein kan sjå sjøen, eller at ein t.d. kan
sjå heim. Det skal vere fint der eins
kjære skal liggje. Og dette er Åsmund
særleg opptatt av, å gjere det fint både
før og etter gravferda. Det har eg fått
høyre av fleire: «Vi er heldige som har
Åsmund, han steller det så fint til».
Eg konfronterer han med ei utsegn
han skal ha kome med då han hadde
vore gravar i 25 år: «Eg likar å grave
ned folk eg kjenner!». Det er ei utsegn
han ikkje heilt kjenner seg igjen i,
men innhaldet gjeld framleis: Han
likar å stelle det skikkeleg til etter at
kista er sett ned. Han droppar gjerne
minnemøtet etter gravferda, sjølv
for nære kjente eller slektningar, for
sjølv å legge igjen grava og ordne til
etterpå. Det skal gjerast med respekt,
for den avdøde, for dei etterlatne og for
gravplassen.
I mørk dress
Det er med denne haldninga, å opptre
med respekt for den jobben som skal
gjerast og dei den skal gjerast for, at
han alltid har med mørk dress i bilen.
Så når han ein gong i mellom må av
garde for å kjøpe ny dress, må han
alltid høyre om den kan krøllast og
tåler hard medfart! Det kan jo vere at
når han ein siste gong før gravferda
sjekkar grava for å sjå om alt er i orden,
så har det falle ned ein stein, eller andre
ting som gjer at han må ned i grava for
å reinske opp. Då er det greitt å ha ein
dress som tåler litt. «Du er ikkje verdig
å ha ein mørk dress,» sa ein seljar ein
gong når han forklarte korleis han ofte
måtte arbeide i dressen.
I møte med pårørande
Arbeidet som gravar omfattar og anna
førefallande arbeid på gravplassane.
Det er 8 av dei i Hjelmeland, og det
hender og at han må ta eit tak t.d. i
Strand. Då er det ikkje sjeldan at han
møter folk som går rundt og leiter etter
graver. Det kan vere ein fjern eller nær
slektning, eller dei av andre grunner
er interessert i å finne ei bestemt grav.
Då er det godt å kunne ha ein å spørje.
Når ein har mista nokon, kan det vere
godt å få gå til grava, kanskje pusle litt
med nokre blomar, eller berre vere der ei
stund. Nokre vil vere åleine med sorga,
andre vil ha nokon å snakke med. Då
vert oppgåva for gravaren ikkje berre
å stelle med anlegget, men og å kunne
slå av ein prat med dei som ønskjer det.
Sjølv har Åsmund for vane alltid å
gå på gravplassen der han kjem på si
ferd, for å sjå og for å lære. Dei eldre
gravsteinane er og interessante. «Det
er ein viktig del av kulturen, noko som
vil gå tapt om vi sletter alle graver etter
kvart som festetida går ut, og ingen
lenger vil betale for dei,» seier han.
Dette med sletting er eit ømtåleg tema
for dei pårørande; det er viktig å kunne
gå og finne grava til oldefar, eller enno
eldre slektningar. «Kulturhistorie,»
seier Åsmund.
Elles ser han og eit og anna litt morosamt
på sine turar rundt på kyrkjegardane.
Ein stad fann han to store steinar. På
den eine stod i tillegg til namnet,
tittelen «Kyrkjesongar», og på den
andre steinen «Kyrkjesongarkone».
Ein livsstil
Når ein har grove 1.500 graver, meir
eller mindre, og ein god del av desse
er graver som har vore nytta før, så
har han sjølvsagt sett eit og anna som
kanskje ville sett ein støkk i nokon
kvar av oss. Det har blitt ein vane, på
same måte som ein i andre yrke ser
og arbeider med saker som oppleves
spesielt for andre. «Det har blitt ein
livsstil,» seier Åsmund, og har i
tankane heile situasjonen, ikkje berre
det å lage graver, men alt arbeidet på
gravplassane og møte med menneske i
ulike livssituasjonar.
Ein livsstil, ja, det må det vel etter kvart
kunne seiast å ha blitt når ein har vore i
jobben i snart 50 år! I 2015 vil det vere
50 år sidan han grov si første grav, på
Fister, 17 år gamal.
Åsmund Thomsen er opptatt av å gjera det fint både før og etter gravferda
11
Ferie med mening
Folk reiser mer enn før og
mange drar også på ferie til
utlandet. Ferie er å slappe
av, men også å oppleve noe
annet enn det man gjør
hjemme i hverdagen.
Mange ønsker også å få
være med på noe meningsfullt.
Av Anita Grødem
Jeffrey Huseby forteller at NMS
starter et tilbud som kalles «Ferie
med mening». Her kan enkeltpersoner eller familier fra norske menigheter reise til et misjonsland og
kombinere ferie og frivillig arbeid
i en virkelighet som er annerledes
enn her hjemme. - Dette er helt nytt
og vi starter med et tilbud om å
reise til Kamerun eller Kina sommeren 2014. Senere vil vi legge til
rette for at folk kan reise til andre
misjonsland, sier Jeffrey.
- Hva kan en slik tur inneholde?
- En familie eller enkeltpersoner kan
dra til misjonsstasjonen vår Ngaoundéré i Kamerun og være med i
arbeidet der i 1-3 uker. Oppholdet
kan kombineres med en ferieuke ved
kysten, safariturer eller noe annet.
Arbeidet en deltar i kan være veldig
mye forskjellig. Det kan være innen
helse, radioarbeid, arbeid blant barn
i barnehage eller skole, eller forefallende praktisk arbeid.
- Hvorfor vil NMS gi dette
tilbudet?
- Vi ønsker å legge til rette for dette
fordi vi ønsker å gi folk en opplevelse av hva arbeidet på misjonsfeltene går ut på. Vi håper samtidig at
dette skal motivere og inspirere og
gi et større misjonsengasjement når
folk kommer hjem. Vi tror at egne
Jeffrey Huseby er generalsekretær i Det Norske Misjonsselskapet
Kanskje du har lyst å bidra i søndagsskolearbeidet
for de aller minste barna i Ngaoundéré?
12
Har du teknisk erfaring, og kan tenke deg å bidra
på radioen Sawtu Linjiila i Kamerun?
erfaringer vil få ringvirkninger inn
i menighetene som folk kommer fra.
- De som reiser betaler tur og opphold selv. I Ngaoundéré får man en
plass å bo der man kan ordne seg
med mat selv, eller gå ut på byen
og spise. På misjonsstasjonen er det
svømmebasseng som man kan kose
seg i. NMS har et reiseselskap,
Ravinala,som kan legge opp turen
og komme med forslag til ferieopphold i tilknytning til turen.
Høres dette spennende ut så kan du
ringe NMS sitt informasjonssenter
på 51516100. Da kan du få mer informasjon og se om dette kan være
noe for deg.
NMS har også et tilbud om kortidsmisjon for deg
som er i alderen 18 - 40 år. Nå har du mulighet
til å få være med på noe stort, internasjonalt og
voksende.
En av NMS sine samarbeidspartnere i Hongkong,
Cell Church Mission Network (CCMN), har drevet
med korttidsmisjon til Asias nasjoner siden 1997.
Nå ønsker vi å benytte oss av samarbeidet for å få
unge voksne ut på misjonsfeltet - jobbe sammen
med andre nasjoner og andre kulturer og vokse i
sin kristne tro med Gud.
Sommeren 2013 ble 302 unge voksne sendt ut fra
Hongkong - fordelt på 25 team til 15 land. Dette
er et arbeid og konsept som vokser. Her var det
kristne fra Hongkong, Japan, USA, Taiwan,
Canada, Brasil, India og Norge.
Sommeren 2014 ønsker vi at Norge skal være
godt representert på teamene. Her får du muligheten til å tjene en lokal menighet i et annet land, og
få internasjonal erfaring og nye venner. Opplegget går ut på å reise til Hongkong, få opplæring,
bli inspirert, bli kjent med de andre på teamet og
utsendt i løpet av 3 dager. Etter 7-8 dager, returnerer teamet til Hongkong for erfaringsutveksling
og debriefing. Du reiser inspirert hjem til Norge mange opplevelser rikere til fordel for deg og din
lokale menighet. Registreringen begynner 3. mars
2014.
Bli med på en misjonsopplevelse
25. juli - 6. august 2014!
Å bidra med ferieaktiviteter for
barn kan også være aktuelt i
Ngaoundéré.
Mer informasjon? Besøk
nettsiden til NMS: http://
www.nms.no/ktm/
13
Av Olav Frantzen
Førstkommande søndag, den 23. februar, vil mange kyrkjelydar feira festgudsteneste. Også i Hjelmeland kyrkje vert det
markert at det er 200 år sidan den danske statthaldaren prins
Christian Fredrik meddelte biskopane i Norge at alle kyrkjelydane skulle samlast i kyrkjene til ein ekstraordinær bededag
den 25. februar 1814.
På denne gudstenesta for nokså nøyaktig 200 år sidan fekk
kyrkjelydane høyra at prinsen hadde overteke styret av landet,
og at folket kunne berga sin fridom ved å avleggja eid på at
dei ville slutta opp om han. Etter eidsavlegginga var det val av
valgmenn som deretter skulle velja utsendingar til riksforsamlinga som skulle koma saman på Eidsvoll den 10. april. Dei
som vart valde, fekk med seg fullmakter signert mellom anna
av presten.
1814 vert gjerne kalla mirakelåret i norsk historie. Kort fortalt
er historia slik: Heilt frå 1380 hadde Norge vore ein del av det
eineveldige kongeriket Danmark-Norge, men i 1814 skjedde
det store ting som la grunnlaget for utviklinga av det norske
demokratiet. I løpet av dette året var alt endra. Danmark-Norge vart trekt inn i Napoleonskrigane – på den tapande sida.
Med Kiel-traktaten av 14. januar 1814 måtte danskekongen
Fredrik den 6. avstå Norge til den svenske kongen. Den danske prins Christian Fredrik var sterkt imot dette, og saman med
stormennene bestemte dei at fredsavtalen i Kiel ikkje skulle
godtakast, og erklærte i staden Norge som sjølvstendig stat.
Stormennene ønskte at Christian Fredrik ikkje skulle hevda sin
rett til å bli norsk konge, men heller at det skulle utarbeidast
ei norsk grunnlov, og at kongen skulle veljast av folket. På eit
møte på Eidsvoll 16. februar vart det bestemt at slik skulle det
bli. Etter at valmennene hadde valt dei 112 representantane til
Riksforsamlinga, starta arbeidet med Grunnlova den 10. april,
og den 20. mai reiste «Eidsvollmennene» heim igjen etter fullført arbeid.
Bededagsgudstenesta fredag 25. februar handla først og fremst
om val av desse valmennene. Etter gudstenesta skulle ein av-
14
leggja eid og skriva under på ei fullmakt som skulle leverast på
Eidsvoll. Kyrkjene og prestane var heilt sentrale og nødvendige for å få gjennomført dette i 1814. Det var sokneprestane
som utforma fullmaktene som hadde form av høgtidelege brev
stila til prins og regent Christian Fredrik personleg. Det var
totalt 430 slike fullmakter, og omlag 350 av desse stamma frå
val i kyrkjene. Blant dei 112 valde representantane på Eidsvoll
finn me 14 prestar og 7 andre geistlege.
Bededagsgudstenesta 25. februar var for så vidt ikkje noko
spesielt i 1814. Etter Kirkeritualet av 1685, vart det ofte halde
slike gudstenester på onsdagar og fredagar gjennom året. Det
spesielle bønepreget som desse gudstenestene hadde, kan ha
vore ei medverkande årsak til at nettopp denne dagen vart valt.
Biskop Julius Beck i Oslo, som var ein av Eidsvollmennene,
omtalte gudstenesta slik i eit brev til prestane sine: «…en almindelig festlig Bededags Helligholdelse i Anledning af Fædrelandets nuværende viktige stilling».
Då kyrkjegjengarane denne dagen skulle avleggja eid til regenten, så skulle det skje ved at presten frå preikestolen stemte
i, og kyrkjelyden samla sa fram desse orda: «…. at vove Liv
og Blod for det elskede Fædreneland. Det sverge vi, saa sandt
hjelpe os Gud, og hans hellige Ord». Deretter skulle presten
preike over Davids salme nr. 62, vers 8 og 9. «Hos Gud er min
frelse og min ære.» Den føreskrevne epistelteksten var henta
frå Romarbrevet kap. 13 der det m.a. står i vers 4: «For styresmakta er Guds tenar, til beste for deg».
For styresmakta var det sjølvsagt heilt naturleg at kyrkja spelte
ei så sentral rolle i det som skjedde vinteren og våren 1814.
Guds Ord var rettesnora, og når ei så viktig hending for folk
og land skulle gjennomførast, så var det ikkje andre måtar å nå
ut til folket på enn å samla dei i kyrkjene.
Resultatet av prosessen som starta den 25. februar 1814 vart
Europas friaste grunnlov. Sjølv om dei fleste nordmenn ikkje
hadde stemmerett, så gav grunnlova oss trykkefridom og talefridom, forsamlingsfridom og tankefridom.
Edvard Hoem har i samband med 200-års
jubileet skrive ein prolog som er vel verdt å lesa:
Dette er landet vårt. Her er vi heime.
Her mellom fjell og fjord lyser Guds kjærleik.
Her skal vi tryggja vår fridom og rett.
Her skal vi takke og ære vår Gud,
vi som er borgarar av ei større verd,
og deler framtid med alle menneske.
To hundre år er gått sidan Napoleonskrigane endte.
Kong Frederik den sjette av Danmark avstod
landet vårt, som ingen fiende før hadde teke,
til Sveriges tronarving. Forlatne og svikne kjende vi oss.
Så snudde alt.
Den danske kronprins Christian Frederik
skreiv eit brev som vart lese frå preikestolen
i alle Noregs kyrkjer.
Han bad folket sverja fedrelandet truskap.
Og folket svarte:
Det sværge vi, saa sandt hjælpe os Gud, og hans hellige Ord!
Ein myndig ordre følgde brevet.
Alle distrikt skulle velja talsmenn
som skulle møte på Eidsvoll den 10. april 1814.
for å gjeva landet ei grunnlov.
Bodet kom på bededagen 25. februar.
Grunnlova vart vedteken 17. mai 1814.
Slik fekk dette landet Europas friaste grunnlov.
Men enno var verket uferdig. Mykje stod att.
Berre eit fåtal av alle norske menn deltok i valet.
Kvinner, husmenn,
eigedomslause og arbeidsfolk var ikkje med.
Jødar og jesuittar var utestengde frå riket.
Men trykkefridom og talefridom,
forsamlingsfridom og tankefridom
opna ein veg mot eit samfunn
med større rettferd.
Framtidslandet kunne vi skimte,
morgondagens land, der fleire og fleire
fekk hand om sin kvardag og fann ord for å krevja sin rett.
Stortinget valde regjering, ein ny rettsorden vart skapt.
Røysterett vart innført, steg for steg.
I 1905 vart Noreg eit uavhengig rike
blant Europas frie nasjonar.
Mykje er enno uferdig. Mykje er enno ugjort.
Verda er komen til oss, og vi er heime i verda.
Alt som hender av krig og ulykke kjem oss ved.
Alt som tenner håp og ber bod om framgang, kjem oss ved.
Saman med alle menneske av god vilje
skal vi forvalte rikdomen på jorda.
Dette er landet vårt. Her er vi heime.
Her mellom fjell og fjord lyser Guds kjærleik.
Her skal vi takke og ære vår Gud,
han som har gitt oss landet i gåve,
vi som er borgarar av ei større verd,
og deler framtid med alle menneske.
15
Færre døyper borna sine i kyrkja
Strand og Jørpeland sokn opplever ein nedgang i dåpstala på
ca.10 prosent frå 2002 til 2012.
– Dette er urovekkande, men
i samsvar med utviklinga i
bispedømet og landet elles,
seier Asbjørn Salthe, som har
skrive ei masteroppgåve om
medlemsutviklinga i Den norske kyrkje.
Tekst: Trond Hjorteland
Asbjørn Salthe er til dagleg sokneprest i
Kampen menighet i Stavanger. Nokon i
Strand kjenner han kanskje frå ein kort
periode som prestevikar på Jørpeland i
1999, men dei siste par åra er han nok
mest kjent rundt om for masteroppgåva
han har skrive om medlemsutviklinga i
Den norske kyrkja (Dnk).
I oppgåva, som var ferdig i 2012, tar
han utgangspunkt i dåps- og konfirmasjonstala i tre kyrkjelydar i Stavanger.
Her påviser han at ein stor del av kyrkjemedlemmene ikkje døyper borna
sine, og at dåpsstatistikken viser ein
klar knekk rundt år 2000. Det er med
andre ord ikkje utmeldingar som gjer at
andelen medlemmer i Dnk går ned, men
”lekkasje” av medlemmer som ikkje
døyper borna sine.
10 % nedgang i Strand og Jørpeland sokn
På bakgrunn av funna i masteroppgåva,
har Preikestolen bede Salthe om å sjå på
dåpstala for Strand og Jørpeland sokn i
tidsrommet 1996–2012, og å samanlikna desse med tal som ligg føre på landsog bispedømmenivå. Og hovudkonklusjonen hans er klar:
– Det kan sjå ut som om både Strand og
Jørpeland sidan tusenårsskiftet har hatt
eit fall i dåps-oppslutning på om lag 10
prosent. Dette må seiast å vera samsvarande med den utviklinga som samstundes har skjedd både på landsplan og i
Stavanger bispedøme, seier Salthe, som
også påpeiker at det er ein viss skilnad
i utvikling for Strand sokn og Jørpeland
sokn.
16
Ill.foto: Anita Grødem
– Det er ikkje anna enn ein kan forventa
at dåpsoppslutninga på Jørpeland over
tid har vore noko lågare enn i Strand.
Som eit industrielt bysamfunn med
sterkare frikyrkjelege innslag, er nok
dette ei naturleg utvikling. Jørpelandssamfunnet vart dessutan etablert som
eit kyrkjelaust, industrielt lokalsamfunn
tidleg på 1900-talet.
Denne tettstaden sin kyrkjelege identitet
vart dermed svakare enn i Strand, som
har svært lang tradisjon som kyrkjestad.
Kommentarar til sokna:
Strand:
• Fram til år 2000 var dåpsoppslutninga
blant kyrkjemedlemmene rundt 100 %.
Høgare enn dette kan den aldri ha vore!
• Ti år seinare er dåpsopplutninga ti prosent lågare (rundt 90 %) og tilsynelatande fortsatt fallande.
Jørpeland:
• Mot slutten av 90-talet kan det sjå ut
som om dåpsoppslutninga blant kyrkjemedlemmene var rundt 95 % (og på veg
ned mot 90 %). Dette er faktorar som
forklarer at dåpsoppslutninga på Jørpe-
land nok alltid har vore noko lågare enn
i Strand
• Ti år seinare er dåpsoppslutninga på
veg ned mot 80 % og fallande.
Utviklinga på landsplan
Dei beste tala Salthe har tilgjengeleg
gjeld for alle barn som har blitt fødde i
landet (då er både Dnk-medlemer, katolikkar, muslimar og human-etikarar o.a.
tekne med). Då er utviklinga slik:
• Frå 1960 til 1990 fall dåpsoppslutninga med 14 prosentpoeng (frå 96 %
til 82 %)
• På 90-talet var dåpsoppslutninga stabil
(fall frå 82 % til 81 %; det er å rekna for
ingenting.)
• Frå 2000 til 2012 fall dåpsoppslutninga med 18 prosentpoeng (frå 81 %
til 63 %)
Dette meiner Salthe er dramatisk. Det
betyr at etter tusenårsskiftet har dåpsprosenten falle meir enn i heile tidsrommet 1960–2000!
Utviklinga i Stavanger
bispedøme
Når det gjeld dåpsoppslutning blant
barn av kyrkjemedlemmer, har Salthe
Dåpsstatistikk Hjelmeland,
Årdal, Fister statistikk for heile Stavanger bispedøme
for tidsrommet 2002–2011:
Total- Døypte Prosent
antal*
døypte
2013
2222100 %
2012
272696 %
2011
232191 %
2010
363597 %
2009
363392 %
Her har oppslutninga falle med om lag
10 prosentpoeng på ti år – og ser ikkje
ut for å ha stabilisert seg (er fortsatt fallande).
Dåpsstatistikk Forsand
Årsaker
– Det er grunn til å tru at ein aukande
andel av dei barna som vert fødde, har
berre éin forelder som er kyrkjemedlem. Den andre av foreldra kan t.d. vera
frikyrkjemedlem, eller – kanskje vel
så sannsynleg – innvandrar med ikkjekristen bakgrunn. Me veit at ved slike
”blandingsforeldreskap” vil dåpsoppslutninga vera lågare enn der kor begge
foreldra er kyrkjemedlemmer, seier
Salthe.
– Me må nok rekna med at dåpsoppslutninga er fallande òg der kor begge
foreldra er kyrkjemedlemmer. Me veit
t.d. at dåpsoppslutninga er lågare blant
sambuarar enn blant gifte, og det er kanskje grunn til å tru at andelen av ugifte
foreldre har auka både i Strand og Jørpeland i denne perioden.
– Eg trur også det er ein samanheng
mellom konfirmasjon og dåp. Dei som
ikkje er kyrkjeleg konfirmerte, vil med
mindre grad av sannsynligheit velja å
døypa eigne barn. Det går gjerne 5–15
år frå konfirmasjonsalder til ein tek til
å verta foreldre. Det er derfor grunn til
å tru at ein ”knekk” i oppslutning om
kyrkjeleg konfirmasjon vil dukka opp
igjen som ein ”knekk” i dåpsoppslutning 5–15 år seinare, meiner han.
I tillegg reknar Salthe med at nedgang i
dåpsoppslutning òg har sin grunn i mindre religiøs interesse blant folk, svakare
kyrkje-identitet etc. Dette har nok òg å
gjera med post-modernisme, fragmentering, globalisering, mobilitet og individualisering.
Vegen vidare
Salthe trur at lågare dåpsoppslutning
over tid vil føra til minkande oppslutning om kyrkja si trusopplæring og
Asbjørn Salthe seier det er grunn til å
vera uroleg over dåpsutviklinga, både
lokalt og på landsbasis. Foto: Beate
Eckhoff Dagestad
kristent barne- og ungdomsarbeid, minkande oppslutning om kyrkjeleg konfirmasjon og minkande oppslutning om
dåp i neste generasjon.
– Minkande dåpsoppslutning kan altså
visa seg å vera ein negativ spiral som
får akselererande effekt. Kanskje er det
noko slikt me opplever over heile landet
no etter tusenårsskiftet, undrar Salthe.
Han meiner at varsellampane bør blinka
for alvor i Den norske kyrkja over denne utviklinga. Salthe etterlyser derfor
eit større fokus og engasjement frå sentralkyrkjeleg hald for å finna mottrekk
til medlems-svinnet.
– Eg meiner me bør gjennomføra ein
stor dugnad i heile kyrkja vår for å finna
ut kva me skal gjera. Og det hastar, for
den negative utviklinga ser ut til å forsterka seg.
– Når det gjeld Strand og Jørpeland,
trur eg det vil vera avgjerande å sikra
god konfirmantoppslutning i åra framover. Det vil ganske sikkert visa igjen
på dåpsstatistikken om 10–15 år. Og så
er det viktig å få god oppslutning om
trusopplæringstiltaka. Eg trur ikkje me
skal vera nøgde med trusopplæringa
vår før me har minst 50 % oppslutning
på kvar aktivitet. Det kan kanskje vera
eit konkret mål å strekkja seg mot, nå
som ein har fått trusopplæringsmidlar,
avsluttar Salthe.
2013
15
15
100 %
2012
10
10 100 %
2011
191684 %
2010
151387 %
2009
1616100 %
Dåpsstatistikk Strand
2012
645688 %
2011
575189 %
2010
706390 %
2009
534891 %
2000
706897 %
1996
6565100 %
Dåpsstatistikk Jørpeland
2012 106
90
85 %
2011
796582 %
2010 101
85
84 %
2009 103
91
88 %
2000
928491 %
1996
706694 %
* Døypte + tilhøyrige (døypte
foreldre). Dåpstala i Strand og Jørpeland sokn for 2013 er ennå ikkje
klare. Tala for åra 1996 og 2000 er
tatt med for Strand og Jørpeland for
å synleggjera den utviklinga Salthe
peikar på.
17
Norsk gospel med
divisi og Anders Berglund
Av Therese Steinskog
Lørdag 29.mars er det klart for gospelkonsert i Jørpeland Kirke! I flere år har
Anders Berglund vært en musikalsk
bidragsyter i Ryfylke, både som organist i Jørpeland kirke – og det siste året
som rektor i kulturskolen på Forsand.
Mange har kanskje også friskt i minne
en flott julekonsert med prosjektkor fra
Jørpeland under ledelse av Anders. Nå
ønsker han å presentere norsk gospel
sammen med sitt eget kor, divisi.
De siste ti årene har mange norske kor
vist at de er dyktige innenfor gospelsjangeren. Men det meste som har
blitt utgitt i denne perioden, har vært
på engelsk. Høsten 2011 satte divisi og
Anders i gang et prosjekt som skulle
ende med en cd som inneholdt helt nye
gospelsanger skrevet på norsk. CD-en,
som har fått navnet ”Du Er”, inneholder
sanger skrevet av blant annet Anders
Berglund selv, tidligere dirigent Halvard Aase og Ingelin Reigstad Norheim.
Kordirigent Anders Berglund.
- Med tre musikere fra Norge satte vi
kursen mot Chicago i USA for å spille
inn musikken til cd-en sammen med to
amerikanske musikere. CD-en ble utgitt
sommeren 2013 på ImF sin generalfor-
Koret divisi kommer til Jørpeland kirke 29.mars
18
samling i Lyngdal, og ble svært godt
mottatt. Formidlingen av Guds budskap
har alltid stått sentralt i divisi sitt virke,
og derfor er også mange av tekstene
hentet fra Bibelen. Når koret stort
sett har sitt publikum i Norge, var det
veldig viktig for oss å synge på norsk,
selv om vi ønsket å komme så nært et
”ekte” gospeluttrykk som mulig, forteller Anders.
divisi er tilknyttet Bildøy Bibelskole og
Indremisjonsforbundet. Koret består av
30 erfarne sangere fra hele Sør-Norge. I
år har koret 30-årsjubileum, og gjennom disse årene har koret spilt inn over
10 CD-er og turnert landet på kryss
og tvers. Anders Berglund har vært
dirigent og musikalsk ansvarlig i koret
siden 2011.
Med seg har divisi de dyktige musikerne Frode Mangen (tangenter), Halvard
Aase (bass) og Thomas Gallatin (trommer), og det blir lovet både varsomme
ballader og skikkelig gospeltrøkk.
divisi er på turne i Rogaland hele helgen 28.-30. mars, med konserter i Salem i Stavanger fredag kl. 20, Jørpeland
Kirke lørdag kl. 20 og i Riska Kirke på
Hommersåk søndag kl. 18 sammen med
ungdomskoret KraftFôr.
Endeleg trusopplæringsmidlar
til Strand, Hjelmeland og Forsand
Diakon til
Strand?
Strand og Jørpeland kyrkjelydar
har nå håp om endeleg å få på plass
ein diakon i arbeidet sitt.
Tekst: Trond Hjorteland
Strand er nå, etter det me forstår, den
største kommunen i fylket (etter folketal) som ikkje har diakon. Nå har begge
kyrkjelydane i kommunen vedtatt å gå
inn på eit spleiselag for å finansiera ei
100 % stilling.
Kyrkjelydane går inn med til saman 25
%. Diakonistiftelsen Rogaland bidrar i
tillegg med 25 % (over tre år), og ein
håpar på ja frå Stavanger bispedømmeråd som har lyst ut midlar til
50 % diakonstilling. Dette er nye, statlege diakonmidlar som er løyvde over
statsbudsjettet for 2014. Til saman blei
det sett av midlar til 10 nye diakonstillingar i heile landet, og nå håpar me altså at Strand kan vera blant dei 10 som
denne gongen får midlar.
Ill.foto: Anita Grødem
Meir enn ti år etter at trusopplæringsreformen blei vedtatt,
har endeleg Strand, Hjelmeland
og Forsand nå blitt tildelt statlege trusopplæringsmidlar.
Tekst: Trond Hjorteland
livssynsfaget KRL (nå RLE). Poenget med reformen var at kyrkja sjølv
skulle bli sett i stand til å ta seg av
trusopplæringa, og gjennom eit forlik
i Stortinget blei dei folkevalde samde
om at dette skulle finansierast frå statleg hald.
Saman med Karmøy prosti, Vindafjord og Ryfylke prosti (som også
inkluderer Sauda og Suldal) har kommunane i Søre Ryfylke nå fått tildelt
trusopplæringsmidlar. Dette er statlege, øyremerkte pengar som skal gå til
trusopplæringstiltak for alle døypte
mellom 0 og 18 år.
I løpet av våren blir det avklart kor
stor sum kvart sokn får til dette. I alle
tilfelle vil midlane komma særs godt
med til å utvida og utvikla barne- og
ungdomsarbeidet rundt omkring i
kyrkjelydane.
Trusopplæringsreformen blei vedatt
av Stortinget i 2003, og den var ein
direkte konsekvens av at kristendomsundervisninga var blitt redusert
i skulen, og innføringa av det nye
I 2014 er reformen endeleg fullfinansiert. Det vil seia at alle dei sokna i
Norge som fram til nå ikkje har fått
midlar, vil få det i løpet av første
halvår i år. Sjølv om sokna i Søre Ryfylke er blant dei siste i landet som får
nyta godt av denne reformen, er det
også ein fordel å vera sistemann ut.
Nå kan me trekkja lærdom av andre
stader i fylket og landet der ein alt har
fått midlar, og meisla ut gode tiltak og
planar på bakgrunn av det.
I heile Ryfylke prosti vil tildelinga bli
på ca. 1,7 millionar kroner årleg. Fram
mot sommaren vil både fordelinga av
midlane og kva dei skal brukast til
bli avklara i tett samarbeid med sokneråda, fellesråda, samt frivillige og
tilsette i kyrkjelydane.
Det har vore eit stort ønske i mange år
å få ein person som kunne ha ei fagleg,
utadretta og koordinerande hand over
det diakonale arbeidet i kyrkja. Mange
ivrige, frivillige krefter bidrar alt godt
med ulike diakonale oppgåver, men ein
trur at ein diakon kan utløysa ein endå
større frivillig ressurs til teneste.
I kontakten med Diakonistiftelsen Rogaland, som har bidratt til finansiering
av fleire diakonstillingar i Rogaland,
blir det opplyst at ei diakonstilling utløyser i snitt ca. 20 årsverk i frivillig
innsats. Noko som syner kor sentral ein
diakon er i kyrkjelydane sitt arbeid, og
er ein spore til innsats for å få ei diakonstilling på plass.
Dersom bispedømmerådet på møtet
sitt i mars seier ja til å finansiera 50
% av stillinga, er det sannsynleg at ein
diakon kan vera på plass like over sommaren. Nokre av hovudoppgåvene til
diakonen i Strand vil vera arbeid blant
psykisk utviklingshemma, rusomsorg
og integrering av flyktningar og asylsøkjarar.
19
Bli med gjennom
ein kortversjon av
Alpha-kurset
Misjonsprosjekta i
Forsand kyrkjelyd
Det er totalt 14 leksjonar i kurset. Dei gjer innblikk i dei viktigaste sidene av den kristne trua.
I Preikestolen vil me skriva om
nokre emne i kvart nummer.
ALPHA-kurset er for:
- dei som ynskjer å undersøkja kva den kristne trua er.
- dei som har ei tru dei ynskjer å børsta støvet av.
- nye kristne.
- nye i kyrkjelyden.
No er me komne til den femte leksjonen: Kvifor og
korleis lesa Bibelen?
Likar du å lesa (og det gjer eg), er Bibelen ei interessant og levande bok når du fyrst kjem inn i ho. Det som
forstyrra meg før, var alle tala som står der. For omlag
kvar fjerde line dukka eit tal fram for å markera verset.
Boka minna meg mest om ei matematikkbok! Men no har
eg fått hjelp: Av den nye omsetjinga (frå 2011) er det ei
utgåve UTAN inndelinga i vers.
Den nye omsetjinga er dessutan ikkje på eit gamaldags
og tungt språk. Den unnskyldninga held ikkje lenger.
Eit heilt team av nolevande forfattarar (m.a. Karl Ove
Knausgård – han med Min kamp) har vore med i arbeidet
og vaska språket.
Men likevel: Bibelen er eit verk på nokre tusen sider, og
dei forskjellige delane er skrivne av svært forskjellige
forfattarar og over mange hundre år. Det kan vera ein god
idé å få ei bruksrettleiing, anten du er på jakt etter Guds
stemme eller vil lesa eit spanande epos. Og det får du på
eit Alpha-kurs.
Sjette leksjon: Korleis leier Gud oss?
Før eg gjekk på det fyrste Alpha-kurset mitt, var eg svært
skeptisk til dette emnet. Eg såg for meg Gud som dirigerte
meg – trekte i trådane som på ein sprellemann – og eg
måtte sprella med. Men på kurset møtte eg andre som
hadde ei heilt anna haldning:
Du er ikkje sprellemann, sa dei, men Gud gjer deg
tips undervegs i livet. Tipsa handlar ikkje om neste
Lottorekkja, men om kva du kan gjera for andre, eller kva
du sjølv kan gjera for å leva eit rikt liv. Men når me seier
«rikt», er det ikkje pengar me snakkar om.
Leksjonen kunne kanskje like godt heite: Lær å lytte til
Guds stemme. Synest du det kunne vera interessant å læra
om det, så fylg med i Preikestolen kva tid eit Alpha-kurs
startar.
20
Jon V. Engeland
Gi evangeliet vidare!
Av Siv Fossan
Frå 2014 er det litt endring i misjonsprosjekta i Forsand
kyrkjelyd. I staden for to prosjekt i Etiopia, som me har hatt
ein del år, har me no fått eit prosjekt i Etiopia knytta opp til
NMS og eit prosjekt i Bangladesh knytta opp til Normisjon.
Prosjektet me støttar i Etiopia, heiter «Gi evangeliet videre
i Blånildalen». Kyrkjelyden vår har i mange år støtta
evangelieformidling i dette området. I dette området bur
ulike folkeslag og religionsgrupper som det ofte er spenning
mellom. Det er stor mangel på prestar og evangelistar,
og dei få som er, har mykje å gjera. Prosjektet satsar
derfor på å utrusta fleire gjennom utdanning. Det blir
gitt stipend til teologisk utdanning og til kursopplegg for
søndagsskuleleiarar, ungdomsarbeidarar og frivillige.
Prosjektet støttar også kyrkjebygging og eit ungdomssenter.
Du kan lesa meir om dette på www.nms.no
Prosjektet me støttar i Bangladesh er «Martin Luther college». Dette er ein nesten ny vidaregåande skule som
blei etablert hausten 2010. Det starta opp som eit samarbeidsprosjekt mellom Normisjon og Kristelig Gymnasium,
KG, i Oslo. Her får ungdom frå diskriminerte minoritetsgrupper betre moglegheit til å ta utdanning. Skulen tilbyr
internatplass og tilrettelagde stipendordningar. KG samlar
inn pengar til drift av skulen, medan Normisjon har ansvar
for stipend og internatdrift. Denne delen er det me skal få
vera med å støtta.
Ønskjer du å lesa meir om skulen kan du gå inn på
www.normisjon.no
Eit steg nærare bygging!
Etter eit gledeleg vedtak i kommunestyret i Forsand i desember 2013, der det
blei sett av midlar til utbygging 2015,
er me nå i gong med vidare planlegging
og innsamling til påbygget ved Forsand
kyrkje.
Teikningane som ligg føre må gjennom
ei justering for å bli endeleg godkjent av
bispedømmerådet. Dette vil bli gjort i
samarbeid med arkitekt, kyrkjekonsulent og saksbehandlar for nyare kulturminner i Fylkeskommunen. Justeringane vil gå på fasade og materialval.
Forsand sokneråd har som mål at alt
skal vera ferdig planlagt og godkjent i
løpet av hausten 2014. Dette er ei stor
satsing for kyrkjelyden, ikkje minst på
grunn av den delen soknet har forplikta
seg til som eigeninnsats i form av dugnad og innsamling.
Ved nyåret hadde me samla inn 400.000
kr. Nå inviterer me deg til å vera med
for å få i hamn resten av finansieringa.
Alle gåver, store og små, kjem vel med!
Gevinsten blir eit godt og tenleg bygg
for bygda vår.
andakt
Min nåde er nok for deg!
Paulus fortel at han lever med ei stor
plage i livet sitt som han kallar ein torn
i kroppen. Han har bede Gud fleire gonger om å bli kvitt denne lidinga utan
at noko har skjedd. Dette kan me alle
kjenna oss igjen i. Gud svarar ikkje alltid slik som me vil.
At me ikkje kan vera heilt sikre på kva
Paulus meiner med tornen i kroppen,
kan i grunnen vera like greitt. Då kan
me tenkja på det me sjølv har å stri med,
det som du og eg gjerne såg var annleis
i våre liv. Me har alle noko me gjerne
ville at Gud gjorde noko med. Det er
godt at me kan koma fram for Gud og
leggja all vår naud i hans hender, både
den lekamlege og den åndelege. Jesus
har bede oss om å gjera det.
Men kva så når det ikkje går vår veg?
Då er det ei trøyst å sjå at den store apos-
Det blir eit godt og romsleg
«kyrkjetorg» til kyrkjekaffi og
andre samlingar.
Konfirmantarbeidet,
søndagsskulen, søndagsgjengen
og andre trusopplæringstiltak får
gode undervisningsrom.
Universell utforming.
Det blir toalett innomhus.
Ny rømningsveg frå galleriet.
Grupperom, samtalerom.
Betre arbeidsforhold både for stab
og alle frivillige som er med i
kyrkjelydsarbeidet.
Frå 2014 har staten auka frådragsbeløpet
til frivillige organisasjonar, livs- og
trussamfunn til kr. 16.800 per år. Dette
er viktig å ta med seg når ein vurderer
å gi gåve.
av ole dagfinn østhus
telen erfarte akkurat det same: At Gud
kunne seia nei. Ikkje nei til å høyra på
oss. Han høyrer oss alltid, men han kan
seia nei til det svaret me bed om. Kvifor
det er slik, skjønar me ikkje alltid. Det
kan bli gåter me må leva med.
Men av og til ser me og, akkurat slik
som Paulus, meininga med Guds nei.
Når Paulus måtte leva med tornen i
kroppen, så hadde det ei meining. At
han ikkje skulle bli hovmodig, stolt.
Hovmod vert i Bibelen sett på som noko
som stengjer menneske ute frå samfunnet med Gud. Hovmod heldt mennesket
borte frå å søkja Gud og representerer
samstundes alltid ein fare for å koma
bort frå Gud.
I kyrkjelyden som dette brevet er retta
mot, hadde Paulus fleire gonger påtala
hovmodet deira. Det førte til mykje innbyrdes strid og manglande respekt for
Gud og hans gode vilje. Paulus går i ret-
te med dette. Men han ser og at han sjølv
må vakta seg for ikkje å bli hovmodig.
Det me kritiserer andre for, rammar så
umerkeleg fort ofte oss sjølv. Gud måtte
få vera Gud i Paulus sitt liv og. Derfor
ser han at Gud har noko å seia han gjennom tornen i kroppen.
Om denne bad eg Herren tre gonger at
han måtte vika frå meg. Men Herren sa
til meg: Min nåde er nok for deg, for
krafta blir fullenda i veikskap.
2.Kor.8-9.
Han måtte ikkje gløyma at han var avhengig av Gud og hans nåde. Det må
heller ikkje me. For: Gud står dei stolte
imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
1. Pet. 5,5
21
Slekters gang
Hjelmeland
08.12.
15.12.
Jo Hauge Tednes (Jøsenfj. kapell)
Torjus Krokedal
07.11.
30.11.
26.01.
Signe Laugaland
Karl Theodor Breiland
Astrid Tuntland
Årdal
17.11.
Marius Riskedal
27.11.
10.01.
Einar Staurland
Trygve Riskedal
Fister
12.01.
Daniel Iversen-Imlach
Liam Iversen- Imlach
06.12.
06.12.
Bjarne Øvrehus
Berta Karina Bergøy (Sandanger)
Forsand
01.12.
12.01.
02.02.
Sivert Varnes Nygård
Anine Espedal Gjøse
Stein Helge Magnussen Nygård
07.12.
23.01.
Ingebret Stein
Borgny Rettedal Fossan
Strand
Jørpeland
17.11.
01.12.
31.12.
05.01.
12.01.
19.01.
Luca Martinius Førland Morken
Nathalie Johnsen Østerhus
Lillia Holta
Mathea Krumsvik-Amdal
Luke Emilio Meltveit-Bjor
Synne Eriksen Idsøe
Hjalmar Kristiansen
Malin Vasstveit
Marielle Alsvik
Ella Hole
Lucas Kristensen Moen
02.11. 05.11. 23.11. 13.12. 08.01. 18.01. 23.01. Toralf Østerhus
Leo Gutubakken Brekke
Kari Rønnevik
Torger Fiskå
Johannes Anfinsen
(gravlagd Lagård)
Olina Kvame
Olav Runestad
24.11.
01.12.
19.01.
Henrik Emil Barkved Hetle
Elisa Idsø
Isabell Halvorsen Lodden
Tomine Norland
Mikal Naustvik Lilleland
Elio Barka
Carla Jakobsen Hjelmen
06.11. 19.11. 28.11. 05.12.
22.12. 23.12. 28.12. 30.12. 02.01. 05.01. 06.01. 18.01. 26.01. Sveinung Wenberg
Sigrid Tungland
Liv Mosgren Jøssang
Lars Helge Solheim
Oskar Oliver Langeland
Eli Helene Selvær
Svein Gjerde
Evy Karin Vee Jones
Gerd Torunn Tengesdal Melberg
Per Eilif Jørpeland
Laura Kalsås
John Vadla
Oluf Spencer Vastveit
.RUOHLVKDUGXGHW
(,*(17/(*"
.ULVHWHOHIRQ
6260HOGLQJZZZNLUNHQVVRVQR
626&KDWZZZVRVFKDWQR
(,T MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
22
OPPSLAGSTAVLA
Giroblanketten
I dette nummeret av Preikestolen ligg
det ved ein giroblankett for abonnements-betaling.
Me er takksame for at så mange er med
og betalar det frivillige abonnementet.
Det gir oss moglegheit til å laga kyrkjebladet vårt slik det er nå.Takk til kvar
enkelt som bruker blanketten!
SPOR–2014
Palmehelga 12. og 13. april går kulturløypa SPOR–2014 av stablen i Forsand.
Det vil koma ut eiga infobrosjyre om
dette, men ein av postane vil bli Forsand kyrkje, som vil vera open kl. 11–17
begge dagane.
Kvardagskonsertar
i Forsand kyrkje to onsdagar i vår:
12. februar og 2. april kl. 19.30.
Forsongargruppa og andre lokale aktørar deltek.
FORSAND BEDEHUS
23. febr.: Temakveld NMS/Normisjon
27. febr.: Bibeltime NLM
6. mars: Nattverdmøte
7. mars: Misjonsbursdag
8. mars: Laurdagskafé
16.mars: Temakveld NMS/Normisjon
19.—23. mars: Møteveke NLM
30. mars: Konfirmantfest
3. april: Nattverdmøte
5. april: Basar NMS
5. april: Laurdagskafé
24.—26.april: Bibeldagar NLM
27. april: Temakveld NMS/Normisjon
Misjonsbursdag
med fokus på Etiopia fredag 7. mars
kl. 19 på Forsand bedehus.
Dette er både ein misjonsfest og bursdagsfeiring for vår kjære kyrkjetenar,
Bodil Rettedal, som runda 70 år i slutten av januar.
•
•
•
•
Besøk av Kes Soboka, prest
og kyrkjeleiar i ein stor
kyrkjelyd i Addis
Etiopisk mat
Song av Forsangargruppa
Gåve til arbeidet i Etiopia
Ta med deg nokon og kom!
Arr: Forsand kyrkjelyd
Bispevisitas i mars
Biskop Erling Pettersen kjem på bispevisitas til Strand, Jørpeland og Forsand
sokn i tidsrommet 11.-16. mars. Det er
lagt opp til eit variert program på kvar
plass med ei felles visitasgudsteneste i
Strand kyrkje som avslutning søndag
16. mars.
Blant anna skal biskopen møta dei tre
sokneråda, stabane i kyrkjelydane og
kommuneleiingane i høvesvis Strand og
Forsand. Det blir også invitert til eit ope
dialogmøte tysdag 12. mars, om kvelden, på Jørpelands Brug der ulike trussamfunn er inviterte til å diskutera korleis me saman kan skapa eit best muleg
lokalsamfunn i åra som kjem. Biskopen
vil også besøka den nystarta ruskafeen
i Folkets Hus på Jørpeland og delta på
bønevandring rundt Krossvatnet på
Tau. Førre bispevisitas i Strand og Forsand var hausten 2008. Den gongen var
det fungerande biskop Berit Andersen
som kom på vitjing.
Møte i ungdomsforeninga,
Forsand
1. mars
22. mars - fellesmøte på Jørpeland
12. april
26.april - hjulskiftedag.
3. mai
31. mai
14. juni
Me skal og ha ein skidag. Dato blir
bestemt seinare.
På hjulskiftedagen 26. april skal me
skaffa pengar til Etiopia-prosjektet
vårt.
KRIK Forsand
i Forsandhallen
kl. 19 - 20.50 desse søndagane:
2. febr.
9. febr.
2. mars
16. mars
6. april
27. april
11. mai
25. mai
15. juni
22. juni
Litt statistikk
Hjelmeland:
Offer i jula: 23.258 kr.
Samla offer heile året: 249.570 kr.
Strand:
Offer i jula:
77.347 kr.
Samla offer heile året: 598.257 kr.
Forsand:
Offer i jula:
22.230 kr
Samla offer heile året: 188.676 kr.
Palmelaurdag kl. 16 innbyr Forsand kyrkje til påskekonsert med
«Ryfylkeklang»
Gruppa består av fire medlemmer der alle har ei sterk tilknyting til Ryfylke: Ingebjørg Vik Laugaland, Kristin Sandvik Halgunset, Kristin Bringaker Kleppa og
Anne-Berit Rinde Bjelland. Saman byr dei på ei unik blanding av song, ulike instrument og eigne tekstar.
23
JØRPELAND
Jørpeland
Åpningstider: 8-22 (9-20)
Alt innen elektroarbeid - Varmepumper
Eltervaag Elektro as
Tungland, 4100 Jørpeland
tel. 51 74 83 70 - 918 60 895 - fax. 51 74 91 91
Vi er til hjelp ved gravferd og minnestund. Vi har utstilling av
gravsteiner i kontoret. Audun Ingvaldstad og Berit Nag.
Ryfylkeveien 1986, 4120 TAU. Tlf.51 74 87 00
Vi har kun én, vi skal gøre glad...
www.revisjonryfylke.no
Tlf 51 74 90 40
Hos AutoMester har vi kun én, vi skal gøre glad. Dig. Derfor har vi lavet AutoMester
ServiceSikring i samarbejde med forsikringsselskabet Lloyd’s of London.
Hvis du har spørgsmål om AutoMester ServiceSikring, er du velkommen til at ringe til
AutoMester’s hovedkontor på tlf. 63 41 89 88. Du kan også besøge vores homepage på
Horvath
Piano Service
Internet. Adressen er www.automester.dk.
Vi glæder os til at gøre dig til en gladere bilist. Velkommen.
AutoMester
Flere glade bilister
Tlf. 51 74 14 40 - www.jorpelandservice.no Ryfylkevegen 953 (v/Esso)
24
SCHWEITZER · LARSEN & KNUDSEN 01.02
Årdalstunet
Telefon: 51 75 11 50
Jørpeland tlf. 51 74 91 95
SKO OG MOTE FOR UNG
OG VOKSEN DAME
®
Byggefirma med lange og gode tradisjoner.
Prøv vår nye byggshop i Krossen
på Forsand.
Tlf 51 70 31 12
Istvan Horvath
-Pianostemmer
-Tekniker
-Pianoentertainer
Hjelmeland Tlf. 924 24 098
Stein mek.
verksted as
Tlf. 51 70 38 55
Fax 51 70 39 52
Lørd. 09.00-13.00Mob. 416 23 896
Salg av traktor og redskaper:
Sven Lenaal • 991 68 MALER
435
Trenger du
maler?
Traktorer,
Traktorer, redskaper,
redskaper,
Ring
verksted,
m.m.
verksteder,motorsager
motorsager m.m.
Ryfylke Malerservice
4137
Årdal
4137 Årdal
telefon 957 93 757
Telefon51
5175
7526
264040
Telefon
Helge Barka
Gaver til alle anledninger
SJØTRANSPORT
landbruk
OLJE
SKYSSBÅT AS
Er tanken tom?
Tlf. 51 75 95 00
Jon Arne Helgøy
[email protected]
www.hjelmeland.com
4167 Helgøy
Tlf. 90 10 35 55
Oveoljeprodukter
Breiland
Alt iTerje
olje og
tlf 51 75 11 21/ mob 920 51 661
e-post: [email protected]
Terje Ove Breiland
Alt51
i olje
og 21
oljeprodukter
Tlf.
75 11
- 920 51 661
[email protected]
Bygdaposten a.s.
4130 Hjelmeland
Tlf. 51 75 07 03 / 51 75 07 44
Vakttelefon: 99 55 50 65
E-post: [email protected]
Barka, Jørpeland
Tlf. 51 74 71 70/975 38 175
• disel • fyringsolje
74 73
• Tlf.
parafin51
• koks
• smøringsolje
• reperasjoner
• plast• båtlagring
- Godt gjort er bedre enn godt sagt!
Jørpeland Servicenter as
Tlf 51 74 14 40 - www.hagia.no
Alt i innramming
Årdal
Rammeverkstad
tlf. 51752636
Begravelsesbyrå
Ditt
sagbruk
Tlf 51 lokale
74 77 45
Sandnes
0410
0410Visittkort
VisittkortJorunn.pdf
Jorunn.pdf 20-04-10
20-04-10 11:00:46
11:00:46
Spesialsag som tilbyr
trelast i de fleste
dimmensjoner
TANGO HÅR OG TERAPI
TANGO
TANGO
HÅR
OGTERAPI
TERAPI
OsaHÅR
bru
- 4130OG
Hjelmeland
Preikestolvn. 7
Jørpeland
404 58 012
Osa
Hjelmeland
Osabru
bru- 4230
- 4230
Hjelmeland
Jorunn
Alvær
Hauge
Alvær
Hauge
Jorunn
Alvær
Hauge
TlfJorunn
51752210
- mob
90571332
[email protected] www: jossangsag.no
Ådnanes
4100 JØRPELAND
Tlf: 412 86 086
Tlf. 51 74 83 71
Mob. 901 99 055
Skog og hagebruk
Tannlege
Finn Middelthon
• Regnskap • Firmaregistrring
• Årsoppgjør • Datatilkobling
• Scanning av bilag
Jørpeland - 51 74 14 00
Årdal - 51 75 42 50
Stihl-butikken
Jørpeland - 51 74 99 10
Tau
- 51 74 68
35 Jørpeland
Ådnaneset,
4100
Telefon- ring
41251
8674086
Vi bringer
99 10
Din lokale
VELKOMMEN
Refleksolog
SAG & Refleksolog
Healer
HØVEL BEIS I HealerFrisør
Frisør
HOVDA
Tlf: 51 74 33 00
Kraftfôr – tilskuddsfôr – gjødsel
– såvarer – ensilering - plantevern
58
Tlf.:
Tlf.:51
5175
7522
2210
10
Mob.:
Mob.:905
90571
71332
332
Kontonr.:
Kontonr.:32111001471
32111001471
E-post:
E-post:[email protected]
[email protected]
Moderne sag - matrialtørke - høvel
Magnus Hovda
tlf. 51 75 28 40 - 976 23 237
www.hovdasagoghovel.no
Alt innen
elektroinstallasjon
Johannes Egeland 415 35 245
Georg Breiland 415 35 246
Jan Kontor
E. Bjørnstad
Forsand og Tau
Lokal kontaktperson:
Kjetil Jakobsen 975 58 994
Selge bolig?
solskjerming • gardin • voksduk
tapet • maling • gulvbelegg
låseFinn smed
ein skatt
PÅ NMS GJENBRUK
Har du låseproblemer?
bank og
eiendomsmegling
Bilverksted - bildeler - rekvisita
TÅLER FROST
Din lokale
Murmester
Jørpeland Bilverksted as
Din4100
lokale
Jørpeland
Tlf 51 74 08 80
TJÆRALIN
brannvarsling
DinElotec
lokale
Montering av varmepumper
blikkenSivilingeniør
Murer
SK Langeland as slager
Telefon: 51 74 48 80
Kvalitetssikring
[email protected]
Sentralgodkjenning
www.tf-regnskap.no
Hjelmeland
Autorisert
regnskapskontor
Vår kunnskap – dine muligheter4130
Tlf. 51 75 03 65 - 992 40 907
[email protected]
KULDA!
Pynteting, bruksting,
bilder m.m.JANS LÅSE &
Jans Låse & Sikringsservice
SIKRINGSSERVICE
Varer kan leverast
i butikken
Opningstider på TAU:
måndag - fredag 10.00-17.00 laurdag 10.00 - 14.00
Lån og finansiering
Sparing - Forsikring
4137 Årdal
Tlf. 51 75 24 06
Mob. 416 23 896
25
PrOSt
Sigrid Sigmundstad
Telefon kontor: 40439245.
Mobil: 90871457.
Kontor: Hjelmeland kyrkjekontor Epost: [email protected]
Hjelmeland, Fister og Årdal sokn
Kyrkjeverje:
Trond Hjorteland
Kontortider: Måndag - fredag
09.30-14.00
Strand kyrkjelyd
Kyrkjeverje:
Kontor:
Kontortider: Olav Frantzen
Bankbygg 2, 2. etasje
Tysdag-fredag 09.00 – 14.00
Telefon: e-post: Nettside:
404 39 240
[email protected]
www.hjelmeland.kyrkja.no
Sokneprest:
Ole Dagfinn Østhus
mob. 415 56 705
FORSAND KYRKJEKONTOR
Strand og Jørpeland sokn
Telefon: 51 74 11 30
Telefaks: 51 74 11 31
e-post: [email protected]
Nettside:www.strand.kyrkja.no
Hjelmeland KYRKJEKONTOR
Kantor: Anne-Berit Rinde Bjelland
Diakon/Trusopplærar: Ingebjørg Vik Laugaland
Oppsynsmann:
Åsmund Thomsen
Kyrkjetenar Hjelmeland: Ola Dale
Kyrkjetenar Årdal: John Leikvar Nessa
Kyrkjetenar Fister: Åsmund Thomsen
Kyrkjetenar Jøsenfjorden: Bente Tednes Gjil
Soknerådsleiar Hjelmeland: Trygve Brandal
Soknerådsleiar Fister:
Anne Berit Verpe
Soknerådsleiar Årdal:
Gunnar Vika
Strand KYRKJEKONTOR
Sokneprest: Adm.leiar: Organist: Kateket: Ungdomsarbeidar: Kyrkjetenarar: Soknerådsleiar: Martin Ivar Arnesen
Liv Åse Gaard
Geir Arve Helvig
Bodil Sande Turøy
Anita Grødem
Jan Guttorm Sædberg og
Wenche Krogevoll
Harald Nesvåg
Jørpeland kyrkjelyd
Sokneprest: Bård Boye
Menighetsforvaltar: Gro Wersland Nag
Organist: Ragnvald Kristian Sørensen
Kateket/
Ungdomsarbeidar:
Mia Christina Raustein
Trusopplærar:
Edel Kvindesland
Kyrkjetenarar Jan Guttorm Sædberg og
Wenche Krogevoll
Soknerådsleiar: Jon Vogt Engeland
Beredskapstelefon for prest: 948 32 880
for å få kontakt med prest mellom kl.17.00-08.00
Forsand sokn
Kyrkjeverje: Kontortider: Telefon: Telefaks: e-post:
Nettside: Siv Fossan
Månd. - fred. 09.00-14.00
51 70 01 70
51 70 00 06
[email protected]
www.forsand.kyrkja.no
Forsand kyrkjelyd
Sokneprest: Kyrkjelydsarbeider: Organist: Ungdomsarbeider:
Kyrkjetenar: Soknerådsleiar: Ole Wollert Meyer,
mob. 415 61 737
Irene Idland Thu
Hege Tungland Langbakk
Monica Persen Lerang
Bodil Rettedal
Ragnhild Rettedal
Kyrkjeskyss: Ring Per Hagen tlf. 99513384
26
Preiketekstar
Søndag 23. febr. – Kr.forkl.dag: Matt 17,1-9
Søndag 2. mars – Fastelavnssøndag: Joh 17,20-26
Søndag 9. mars – 1.s.i fastetida: Matt 4,1-11
Søndag 16. mars – 2.s.i fastetida: Matt 15,21-28
Søndag 23. mars – Maria bodskapsdag: Luk 1,26-38
Søndag 30. mars – 3.s.i fastetida: Luk 11,14-28
Søndag 6. april - 4.s.i fastetida: Hebr 4,14-16
Søndag 13. april – Palmesøndag: Joh 12,12-24
Torsdag 17. april – Skjærtorsdag: Matt 26,17-30
Fredag 18. april – Langfredag: Joh 18,1-19,42
Søndag 20. april – Påskedag: Luk 24,1-9
Måndag 21. april – 2.påskedag: Luk 24,13-35
Søndag 27. april – 2.s.i påsketida: Joh 21,1-14
Gudstenester i Hjelmeland
HJELMELAND KYRKJE
ÅRDAL KYRKJE
FISTER KYRKJE
Søndag 23. februar
Gudsteneste v/ Østhus. Markering
av grunnlovsjubileet.
Hjelmeland kyrkjekor deltek. Offer
til KRIK.
Søndag 9. mars kl. 11
Gudsteneste v/ Østhus. Nattverd.
Offer til Opne dører.
Søndag 2. mars kl. 11
Gudsteneste v/ Østhus. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Søndag 30. mars kl. 11
Familiegudsteneste v/ Sigmundstad.
Offer til Søndagsskulen.
Onsdag 26. mars kl. 19.30
Fastegudsteneste m/ skriftemål v/
Østhus. Nattverd.
Langfredag 18. april kl. 11
Gudsteneste v/ Østhus
Skjærtorsdag 17. april kl. 18
Gudsteneste v/ Østhus. Nattverd.
Offer til Sandomstiftelsen.
Søndag 16. mars kl. 11
Gudsteneste v/ Østhus. Nattverd.
Offer til misjonsprosjektet
Søndag 23. mars kl. 11
Familiegudsteneste v/ Østhus. Offer
til Søndagsskuleforbundet
Søndag 27. april kl. 11
Gudsteneste v/ Østhus og konfirmantar. Offer til KRIK
Onsdag 2.april kl.19.30
Fastegudsteneste m/skriftemål v/
Østhus. Nattverd.
Påskedag, søndag 20. april kl. 11
Høgtidsgudsteneste v/ Østhus. Nattverd. Offer til Misjonsprsojektet.
JØSENFJORDEN BEDEHUSKAPELL
Søndag 2. mars kl. 16.30
Gudsteneste v/ Østhus. Nattverd. Offer til Menighetsfakultetet
Palmesøndag 13. april kl. 11
Gudsteneste v/ Sigmundstad. Nattverd. Offer til misjonsprosjektet.
Med atterhald om endringar
Sjå også våre heimesider: www.hjelmeland.kyrkja.no
Full distribusjon
Returadresse:
Preikestolen
Pb. 188
4126 Jørpeland
Gudstenester i Strand og Forsand
STRAND KYRKJE
JØRPELAND KYRKJE
Søndag 2. mars kl.11:
Gudsteneste v/Arnesen. Dåp, nattverd.
Søndag 23.februar kl.11:
Gudsteneste v/ Boye. Nattverd.
Søndag 9. mars kl.11:
Gudsteneste v/Sigmundstad. Dåp.
Søndagsskule.
Søndag 9. mars kl.11:
Gudsteneste v/Boye. Dåp.
Søndagsskule.
Søndag 16. mars kl.11:
Visitasgudsteneste.
Biskop Pettersen og sokneprest
Arnesen.
Nattverd. Strand Soul Children deltar.
Søndag 16. mars kl.11:
Visitasgudsteneste i Strand kyrkje.
Biskop Pettersen og sokneprest
Arnesen.
Nattverd. Strand Soul Children
deltar.
Søndag 23. mars kl.19:
Kveldsgudsteneste v/Østhus
Nattverd.
Søndag 23. mars kl.11:
Fellesmøte i Klippen.
FORSAND KYRKJE
Søndag 16. februar kl. 19.30:
Kveldsgudsteneste v/Ole Wollert
Meyer.
Nattverd. Offer til Bibelselskapet.
Søndag 9. mars kl. 11.00:
Familiegudsteneste v/Ole Wollert
Meyer.
Utdeling av barnebibel til 1. klasse.
Offer til Norsk Søndagskoleforbund.
Søndag 30. mars kl. 18.30:
Deltakingsgudsteneste v/Ole Wollert
Meyer og konfirmantane.
Offer til NKSS – Laget. Konfirmantfest på bedehuset etterpå.
Onsdag 2. april kl. 19.30:
Kvardagskonsert.
Søndag 30. mars kl.11:
Familiegudsteneste v/Turøy.
Dåpsskulen deltar.
Søndag 30. mars kl.11:
Gudsteneste v/Boye. Dåp.
Søndagsskule
Søndag 6. april. kl.11:
Gudsteneste v/ Arnesen. Dåp.
Søndagsskule.
Søndag 6. april. kl.11:
Gudsteneste v/ Boye. Nattverd.
Søndagsskule.
Skjærtorsdag 17. april kl.11:
Gudsteneste v/Østhus. Nattverd.
Palmesøndag 13. april. kl.11:
Familiegudsteneste v/ Arnesen. Dåp.
Langfredag 18. april kl.19.30:
Kveldsgudsteneste v/Boye
Skjærtorsdag 17. april kl.20:
Kveldsgudsteneste v/Boye. Nattverd.
Skjærtorsdag 17.april kl. 19.30:
Kveldsgudsteneste v/Ole Wollert
Meyer.
Nattverd. Offer til Misjonsprosjekta i
Etiopia og Bangladesh.
Påskedag -søndag 20. april kl.11:
Gudsteneste v/Arnesen. Dåp/nattverd.
Konfirmantdeltaking.
Langfredag 18. april kl.20:
Kveldsgudsteneste v/Østhus.
Langfredag 18. april kl. 11:
Gudsteneste v/Ole Wollert Meyer.
Påskedag - søndag 20. april kl.11:
Gudsteneste v/Boye. Nattverd.
1.påskedag 20. april kl. 11:
Høgtidsgudsteneste v/Ole Wollert
Meyer.
Preikepose til borna. Offer til
Misjonsprosjekta i Etiopia og Bangladesh.
Søndag 27. april kl.11:
Gudsteneste v/Arnesen. Dåp.
Barnekoret Tryfena deltar.
Søndagsskule.
Søndag 27. april kl.11:
Gudsteneste v/Boye. Dåp.
Søndagsskule.
Søndag 6. april kl. 11.00:
Familiegudsteneste v/Ole Wollert
Meyer. Avslutning dåpsskulen.
Nattverd. Offer til Menneskeverd.
Med atterhald om endringar
Sjå også våre heimesider: www.strand.kyrkja.no og www.forsand.kyrkja.no