Årsmelding 2011/12 PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord

Transcription

Årsmelding 2011/12 PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord
PEDAGOGISK PSYKOLOGISK TENESTE FOR
YTRE SOGN OG -SUNNFJORD
Årsmelding
2011/12
PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord
Kap. 1
Innleiing
side
2
Kap 2
Distriktet
2
Kap. 3
Administrativt fagråd
5
Kap. 4
Organisering
5
Kap. 5
Personalet
6
Kap. 6
Arbeidssituasjonen
7
Kap. 7
Arbeidsmåtar
7
Kap. 8
Statistikk
10
2
Kap. 1 Innleiing
Denne årsmeldinga omhandlar PPT-arbeidet i dei 8 kommunane Askvoll, Balestrand, Fjaler,
Gulen, Hyllestad, Høyanger, Masfjorden, Solund og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
PPT samarbeidet inneber :
 at PPT både er ei sentralisert og ei desentralisert teneste: i tillegg til dei tilsette på
”styrkingskontora” i Fjaler og Gulen, er det tilsett fagpersonell i kvar av dei 8
samarbeidskommunane,
 at det er felles fagleg leiing for PPT i Ytre Sogn og –Sunnfjord,
 eit Fagråd som representerer eigarane og handsamar og gjev innstilling i viktige saker,
 at 2 PPT-styrkingsstillingar, jfr. Stortingsmelding 23, kjem heile regionen til nytte,
 at kontorsekretæren ved basekontoret i Dale yter hjelp til alle dei tilsette,
 at regionen er delt i 3 arkiveiningar med ein arkivansvarleg for kvar eining,
 felles arkivsystem (PPT-HK) for journalføring av saker, og felles system for
journalføring av post m.m,
 fagleg samarbeid mellom alle fagpersonane i regionen.
Kap. 2. Distriktet
I dei 8 kommunane var det i skuleåret 2011/2012 desse skulane og barnehagane:
Askvoll:
Askvoll skule
Bulandet skule
Atløy skule
Gjelsvik skule
Stongfjorden skule
Holmedal montessoriskule
Røverompa barnehage
Bulandet barnehage
Nipa barnehage
Gjelsvik barnehage
-og Gjerdesmetten barnehage
Holmedal barnehage
Havbrisen barnehage
Balestrand: Sagatun skule
Nesse oppvekstsenter
Fjordtun oppvekstsenter
Sagatun barnehage
Hyllestad:
Hyllestad skule
Leirvik barnehage
Øn barnehage
Åfjordalen barnehage
Fjaler:
Dingemoen skule
Fjaler ungdomsskule
Flekke skule -og barnehage
Våge skule
Yksnebjør barnehage
Elvetun barnehage
Guddal skule -og barnehage
Våge barnehage A/S
Hellevik barnehage
3
Gulen:
Brekke barnehage og skule
Byrknes barnehage og skule
Dalsøyra skule
Dalsøyra barnehage
Eidsbotn barnehage (avd. under Dalsøyra bhg.)
Eivindvik skule
Eivindvik barnehage
Haveland barnehage (avd. under Eivindvik bhg.)
Sande barnehage
Lovisendal barnehage
Høyanger:
Høyanger skule
Lavik skule
Vadheim skule
Kyrkjebø skule
Bjordal skule
Masfjorden: Matre skule
Nordbygda skule
Sandnes skule
Solund:
Hjetland barnehage
Olderdalen barnehage
Lavik barnehage
Vadheim barnehage
Kyrkjebø barnehage
Bjordal barnehage
Indre Masfjorden barnehage
Nordbygda barnehage
Sandnes barnehage
Hardbakke skule/
Hardbakke barnehage
Solund ungdomsskule
Ytre Solund oppvekstsenter
Sogn og Fjordane fylkeskommmune
Dale vidaregåande skule:
Dale vidaregåande skule hadde i skuleåret 2011/12 170 (199) elevar. Skulen hadde desse
studieretningane:
Vidaregåande Vg. 1:
Studiespesialisering
Helse- og sosialfag
Teknikk og industriell produksjon
Bygg og anleggsteknikk
Vidaregåande Vg. 2:
Studiespesialisering (Vg2 og Vg3)
Byggteknikk
Helsearbeidarfag
4
Høyanger vidaregåande skule:
Høyanger vidaregåande skule hadde i skuleåret 2011/12 183 (164) elevar. Skulen hadde desse
studieretningane:
Vidaregåande Vg1:
Studiespesialisering
Elektrofag
Design og håndverk
Helse- og sosialfag.
Teknikk og industriell produksjon
Vidaregåande Vg2:
Studiespesialisering (Vg2 og Vg3)
Frisørfag
Energi
Industriteknologi
Ambulansefag
Helsearbeidarfag
STATISTIKK 2011/12
Tal born og ungdom under 20 år.
Tal henta frå Statistisk Sentralbyrå syner at i dei 8 kommunane var det samla talet på born og
unge under 20 år pr. 1. jan. 2012: 4427 Dette er 76 færre barn/unge enn for eitt år sidan.
Askvoll
Fjaler
Hyllestad
Høyanger
0 - 5 år
171 (166)
177 (175)
63 (72)
243 (252)
6 - 12 år
259 (255)
230 (214)
138 (140)
396 (404)
13 - 15 år
126 (123)
106 (106)
60 (57)
182 (196)
16 - 19 år
168 (180)
283 (310)
80 (85)
243 (245)
724 (724)
796 (805)
341 (354)
1064 (1097)
Balestrand
Gulen
Til saman
Solund
Masfjorden
0 – 5 år
81 (81)
130 (123)
42 (51)
103 (96)
6 – 12 år
110 (113)
196 ( 205)
68 (63)
132 (141)
13 – 15 år
53 (61)
104 ( 106)
33 (31)
77 (84)
16 – 19 år
87 (82)
138 ( 136)
45 (46)
103 (104)
Til saman
331 (337)
568 ( 570)
188 (191)
415 (425)
5
Kap. 3 Administrativt fagråd
For valperioden 2011 - 2015 er desse valde til å vere med i det administrative fagrådet for PPT:
Askvoll kommune:
Balestrand kommune:
Fjaler kommune:
Gulen kommune:
Hyllestad kommune:
Høyanger kommune:
Masfjorden kommune:
Solund kommune:
Sogn og Fjordane fylkeskommune:
Ola Bolstad
Kari Rønnestad
Marit Hammer
Jan- Ove Einebærholm
Kjersti Søvik
Bjørn Hjelmeland
Alf M Strand
Gunnlaug Olsvoll Røed
Ottar Hjetland
I tillegg har PPT-leiar og nestleiar vore med på Fagrådsmøta.
Bjørn Hjelmeland er leiar og Marit Hammer nestleiar i Fagrådet.
Det administrative fagrådet hadde i skuleåret 2011/12 2 møte og handsama 10 saker. I tillegg
hadde PPT-leiar/nestleiar ved fleire høve møte med leiaren for Fagrådet.
PPT-leiar har vore på tenesteleiarmøte i Fjaler kommune.
Kap. 4. Organisering av PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord
PPT for Ytre Sogn og –Sunnfjord er delt i tre ulike arkiveiningar.
1. PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord, «Basekontoret» har hovudansvaret for kommunane Askvoll,
Fjaler, Hyllestad og Høyanger.
2. PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord, Gulen-, Masfjorden og Solundkontoret («Styrkingskontor».)
3. PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord, Balestrandkontoret.
Balestrandkontoret har ein tilsett og er ei eiga sjølvstendig arkiveining.
Samarbeid mellom arkiveiningane.
Når PP-tilsette gjer arbeidsoppdrag utanfor eiga arkiveinig, vert arbeidet journalført i arkivet for
eininga der eleven høyrer til.
Elektronisk journalføringssystem PPT-HK.
Det er bygt ut felles elektronisk arkiv for PPT-arbeid i nettverk mellom dei 8
samarbeidskommunane. Det elektroniske arkivet er ei god hjelp for å få til det faglege
samarbeidet i PP-regionen.
6
Kap. 5. Personalet
Personalet i PP-tenesta var i skuleåret 2011/2012:
Leiar:
Nestleiar:
Herfinn Takle.
Trygve Stensland.
Basekontoret i Fjaler:
Sekretær Solaug Einen
100 % stilling
Psykolog Arve Ese
100 % stilling
Psykolog Birgitta Hagenlund
100 % stilling
Sosionom Kjell Stien
100 % stilling
Logoped m/mastergrad Åse Søgnen
20 % stilling
Logoped m/mastergrad Gudrid Pedersen
70 % stilling
Spesialpedagog/nestleiar Trygve Stensland
100 % stilling
(Trygve og Gudrid har kontor ved Oppvekstetaten i Høyanger.)
Gulenkontoret:
Spes.ped. m/mastergrad/leiar Herfinn Takle
100 % stilling
(Herfinn har kontor på Brekke barnehage og skule)
Logoped/PP-kliniker Gro Sandnes
50 % stilling
(Gro har i tillegg 50% i Masfjorden)
Vakant fagstilling
Askvollkontoret:
Spesialpedagog Laila Furnes
100 %
60 % stilling
Balestrandkontoret:
Logoped/leiar Åse Glans Urdahl
100 % stilling
Fjalerkontoret:
Spesialpedagog med mastergrad Åse Søgnen
60 % stilling
Hyllestadkontoret:
Spesialpedagog Inga Sørebø
60 % stilling
Høyangerkontoret:
Spesialpedagog m/mastergrad Elfrid Nessestrand 100 % stilling
Solundkontoret:
Spesialpedagog Anne Lerpold
30 % stilling
Masfjordenkontoret:
Logoped/PP-kliniker Gro Sandnes
50 % stilling
(Gro har i tillegg 50% i Gulen)
7
Kap 6. Arbeidssituasjonen
Einskildsakene det har vore arbeidd med skuleåret 2011/2012 fordeler seg slik:
Basekontoret:
Gulenkontoret:
Balestrandkontoret:
484
163
44
mot
mot
mot
512
147
52
året før. (eksl. 15 saker frå andre team)
året før. (inkl. Masfjorden og Solund)
året før
Tal born/unge tilmeldt PPT:
I heile regionen, 8 kommunar, vart det til saman arbeidd med 691 saker. I høve til samla tal barn
og unge (4427) utgjer dette 15,6 %.
Tal saker pr fagstilling (Tal fagstillingar: 10 ): 69
Tal tilrådingar om einskildvedtak:
Dei PPT-tilsette har sett det som ynskjeleg at tilhøva vert lagt til rette slik at dei fleste elevane
kan få fullverdig hjelp utan at det vert trong for tilråding om
spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp (§§ 5,1 og 5,7). Dette samsvarer med signala frå
eigarane og frå utdanningspolitisk leiing.
Ikkje ventelister
Med få unntak vart arbeidet med nytilmelde saker starta opp innan det hadde gått 4 veker. Men
på grunn av mellom anna vakanse og stort arbeidspress, er det aktuelt å opprette eit system for
saker på vent.
Kap. 7. Arbeidsmåtar
Samarbeidet med skular, barnehagar.
PP- tenesta ser det som viktig å vere synlege og nær brukarane. Utgangspunktet for å få det til
skulle vere godt, i og med at tenesta er representert i alle samarbeidskommunane. Gjennom
samarbeid prøver ein å gjere praksis betre.
I starten av skuleåret vart det sendt ut informasjon til alle skulane og barnehagane om PPtenesta, kven som er kontaktperson (ar) ved skulane/barnehagane, om klasselærarmøte m.m..
Kontaktpersonar i PPT.
Kvar av skulane og barnehagane har sine faste kontaktpersonar i PP-tenesta. Desse har
hovudansvaret for kontakten mellom PPT og skule/barnehage. Organiseringa av samarbeidet
med skulane/ barnehagane varierer litt frå kommune til kommune.
Kontordagar på skulane.
Desse fungerer slik at skulen i samråd med kontaktpersonen(ane) legg opp program for dagen.
Oppdrag kan t.d. vera oppfølging av einskildelevar som alt er i systemet, men like ofte er det
observasjon i klasserommet og samtale om - og refleksjon over - ulike problemstillingar og
alternative løysingsmåtar. Formål: PPT vert ein naturlig del av skulen og vert brukt mykje i
førmeldingsprosessar - mange ”saker” unngår på den måten å verte saker.
8
På dei vidaregåande skulane deltek PPT på jamlege møter i spes.ped.team kvar veke/annan kvar
veke.
Klassemøte med PPT.
Ved dei fleste skulane er PPT (kontaktpersonen(ane)) med på årlege evt. halvårlege klassemøte
saman med rektor og kontaktlærar(ane.) Tilsvarande møte finn stad i barnehagar med styrar og
avd.leiar.
Målet med møta er å ha eit forum der lærarane kan ta opp eventuelle pedagogiske spørsmål med
PPT- t.d. om eleven si faglege/ sosiale utvikling gjer det naturleg med nærare kartlegging frå PPtenesta.
Desse møta er og eit godt forum for drøfting av ulike tilnærmingsmåtar til utfordringar ein har i
klassen.
Tilvisingsskjema.
PPT har tilvisingsskjema som skal nyttast når skulen / barnehagen i samråd med foreldra ynskjer
at PPT skal starte direkte arbeid (t.d. utgreiingsarbeid eller å ha samtalar med barnet).
I skuleåret har PPT utarbeidd nytt tilvisningsskjema for einskildsaker. Dette vert teke i bruk frå
skulestart hausten 2012. I den samanheng har Fagrådet utarbeidd og vedteke mal for pedagogisk
rapport. Denne skal brukast når skulen skal vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av
opplæringa. I tillegg har HAFS- skuleregion utarbeidd rutinar for skulane sitt arbeid før
tilmelding.
Erfaringa er elles at det ofte er fullt mogeleg for PPT å samarbeide med skulen/barnehagen om
kartlegging / hjelp til born utan at barnet vert tilvist.
PPT har eige tilvisingskjema for systemsaker, d.v.s. når skulen / barnehagen ynskjer at PPT skal
samarbeide om systemarbeid, t.d. utviklingsprosjekt, kompetanseutvikling m.m..
Inntaksmøte.
Etter at PPT har motteke ei tilvising, vert denne handsama i Inntaksmøtet for arkiveininga. Det
vert her bestemt kven av dei tilsette som vert ”saksansvarleg.” Nokre gonger vert to fagpersonar
sette til å arbeide med saka, men ein av dei vil alltid ha hovudansvaret.
Sakkunnig vurdering.
PPT har ein felles mal som vert nytta i samband med sakkunnig vurdering. Eit av punkta i malen
handlar om korleis ein kan hjelpe på eleven sine vanskar innanfor det ordinære
opplæringstilbodet. Dette gjev rom for å seie noko om endringar som kan gjerast – i tillegg til
meir generelle pedagogiske tiltak. Det vil komme fleire elevar til nytte.
Ressurssøknad.
I samband med gjennomgang av ressurstrong / organisering av undervisning, er det tett dialog
mellom skuleleiing(rektor/insp)/ og PPT. Her prøver ein å finne fram til alternative
løysingsforslag for å gje den einskilde eleven eit best mogeleg opplæringstilbod - både fagleg og
sosialt -og der ein ser eleven i den samanhengen han høyrer til. Slike løysingsforslag vert seinare
i samarbeidsmøte med elev/foreldre presenterte med von om å finne andre løysingar enn
9
spesialundervisning. Ein føresetnad for å finne slike løysingar er at rektor, t.d. i jan – mars
månad, har oversikt over kor stort rammetimetal skulen vil ha frå hausten.
SYSTEMARBEID
Samarbeid mellom hjelpeinstansar i kommunen.
PPT deltok i alle kommunane i ulike samarbeidsforum mellom hjelpeinstansane til dømes:
Barnevern (BV), skulehelseteneste, fysioterapeut, psykiatrisk sjukepleiar.
Det er og møte mellom ”tverrfagleg gruppe” og skular/barnehagar. Organiseringa av møta kan
variere- men ein modell er at kvar eining eller skulekrins får eitt eller to møte i semesteret. Om
nødvendig kan det vere fleire. Einingane legg fram- anonymt- bekymringar dei har i høve til
barn/unge. Einingane kan og ta opp meir generelle problem dei ønskjer å drøfte. Ein drøftar fram
tiltak og vegen vidare.
”Fjaler på tvers”
Dette er eit tverretatleg team i Fjaler kommmune. Aktuelle deltakarar i teamet er representantar
for helsestasjon, legetenesta, fysioterapi, Bistand og omsorg (Bio), NAV, barnehagar, skular,
Oppfylgingstenesta (OT), PPT og barnevern.
Nettverksmøte ungdomsskule / vidaregåande skule (VGS).
Også dette året vart det halde ”nettverksmøte” mellom elevar (med trong for særskilt
tilrettelegging), foreldre, avgjevarskule, vidaregåande skule og PPT. Nettverksmøta fungerer
svært godt. Dei bidreg til at overgangen mellom ungdomsskulen og VGS kjennest tryggare for
elevane, og VGS vert betre kjend med arbeidsmåten i ungdomsskulane. Konklusjonar frå
nettverksmøta vert seinare ein svært viktig del av innhaldet i PPT-tilrådingane om
spesialundervisning (vedlegg 1) og fagleg tilrettelegging (vedlegg 2) i VGO.
Oppfylgingstenesta (OT.)
OT-koordinator i Høyanger Astrid Andersen hadde ansvar for ungdom i Høyanger, Gulen og
Solund. Rolf Kleiven hadde ansvar for kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad.
PPT saman med NAV Arbeid har vore nær samarbeidspart med begge OT-koorinatorane.
PMTO (Parent Management Training – Oregon model).
PMTO er ein arbeidsmåte for rettleiing til foreldre med born med åtferdsvanskar. Dette er eit
samarbeid mellom Atferdssenteret i Stavanger, BUFetat, Førde og Barnevernstenesta i
kommunane der PPT fekk tilbod om å verta med.
Kjell Stien og Mette Byrkjeland frå HAFS-barnevern er sertifiserte PMTO-terapeutar og har hatt
fleire oppdrag med hjelp til familiar.
Det har vore gjennomført faste rettleiingar med PMTO- rådgjevarar – to grupper: ei i Høyanger
og ei i Masfjorden.
Arbeid med klassemiljø.
På nokre skular har PPT arbeidd med klassemiljø/ klasseleiing.
10
Innlegg på møte m.m.:
Dei PPT-tilsette har hatt innlegg på foreldremøte, personal- og lærarmøte.
Kap. 8. Statistikk (einskildsaker) (Vedlegg)
Sluttord.
Dei tilsette i PP-tenesta for Ytre Sogn og -Sunnfjord ynskjer å takke alle samarbeidspartane for
godt samarbeid. Særskild takk til Fagrådet og kommunane som har lagt arbeidstilhøva godt til
rette for oss.
Dale/Brekke, 10. oktober 2012
----------------------Herfinn Takle
Balestrand, 10. oktober 2012
------------------ ----Åse Glans Urdal