Referat frå møte i Studentparlamentet torsdag 23. april på Thon
Transcription
Referat frå møte i Studentparlamentet torsdag 23. april på Thon
Sogndal, 5. mai 2015 Vår ref: Sami Skogstad Referat frå møte i Studentparlamentet torsdag 23. april på Thon Hotel Jølster, Skei. Stad: Konferansesal på Thon Hotel Jølster, Skei. Tid: 16.00 – ca.22.30 Kl. 16:00 7/15 Kl. 16:15 Kl. 17:00 Kl. 18:00 Kl. 18.30 Kl. 19.00 8/15 9/15 10/15 11/15 Kl. 20:00 Kl. 21:30 12/15 13/15 Opprop, val av møteleiar og referent, godkjenne innkalling og referat Orienteringar, inkludert økonomisk rapport Val av nytt parlamentsstyre og leiar (100 %) Resolusjonsforslag. Forslag til endring i stillingsinstruks To-rettars middag på hotellet (med moglegheit for bading i basseng) Val av representantar til styre, råd og utval Ymse og avslutning for StP 2014/2015 Medlemmar av Studentparlamentet til stades: Magne Lima (ASF), Tollak Mikal Kaldheim (ASF), Gaute Silseth (ASF), Ragna Staven (ASF), Sigurd Øygard Dahlen (ALI), Yngve Snarberg (AIN), Elin Seljeset (AHF), Jon Martin Bjørkedal (ASF), Kristin Emanuelsen (AIN), Sofie Stranger Jørgensen (ALI), Sverre Enitch (ALI), Ingrid Hjelmbrekke Holdø (ALI), Tord Bjørnevik (AIN). Totalt 13 medlemmar. Andre til stades: Karl-Erik Strøm Skogseid (styreleiar SISOF og medlem av Kontrollkomiteen), Ingrid Moe Albrigtsen (politisk nestleiar/NSO-representant), Trine Ludvigsen Rygg (vara StP-styret), Mats Simonsen Jahn (studentrådsleiar), Anders Nordstrøm (medlem av Kontrollkomiteen), Synne Skibenes Birkeland (Pedagogstudentene), Bernt-Einar Hogstad, Morten Andre Tryti, Arlene Henneli, Torkel Aannestad, Henrik Brown Halleraker, Adrian Stinessen Haugen, Anders Aarland, Anna Solberg, Oda Kristine Myklebust (ordstyrar), Torbjørn Vederhus, Sami Skogstad (organisasjonskonsulent for StP og referent), Christian Vik (påtroppande organisasjonskonsulent for StP), Therese Eia Lerøen (Fag- og forskningsansvarleg i NSO, påtroppande leiar av NSO). Totalt 31 til stades på StP-møtet. 7/15 Opprop, val av møteleiar, referent, godkjenningar Til referent og møteleiar er det gjort forslag om Sami Skogstad og Oda Kristine Myklebust. Godkjenning av referat frå møte 28.01.2015. Godkjenning av innkalling til møte 23.04.2015. Forslag til vedtak: Studentparlamentet godkjenner forslag til møteleiar og referent. Studentparlamentet godkjenner referat frå møte 28.01.2015. Studentparlamentet godkjenner innkalling. Handsaming: Samrøystes vedteke. 8/15 Orienteringar 1. Styret i Parlamentet v/ leiar Tollak Mikal Kaldheim orienterte om styrets arbeid. Om Handlingsplan 14/15: Varierande resultat på «Helse, velvære og trivsel». Burde hatt meir fokus på fysisk og psykisk helse, men det er veldig bra med fleire studenthyblar i Førde og Sogndal. Gira-tur og Tett På-konferanse arrangert for tillitsvalde (og andre), men burde fått til treff for tillitsvalte. Primært SISOF som har informert om deira eigne velferdstilbod. StP har hatt veldig god kontakt med ulike studentorganisasjonar. «Fag og forsking»: Godt i gang med arbeidet om å etablere fleire linjeforeiningar og har god oversikt over ulike forskingsprosjekt ved HiSF. Burde ha auka trykket på bruk av alternative eksamensformer, fokus på digitale verktøy som supplement i undervisninga og digital eksamen, men Ingrid Moe Albrigtsen heldt eitt strålande innlegg på Fagdagen for tilsette ved HiSF. Val av «Årets førelesar» pågår. Fint bidrag i kvalitetssystemet ved HiSF. StP har vore sterk på «Nasjonalt og regionalt samarbeid». Godt samarbeid med andre studentdemokrati i UH-nett vest, har stilt med deltakarar på alle nasjonale NSO-arrangement, hatt eit godt samarbeid med NSO, og har arrangert lokal konferanse. På NSOs Landsmøte blei Ragna Staven vald til 7.vara i NSOs sentralstyre, medan Ingrid Moe Albrigtsen blei vald til medlem i Prinsipprogramkomiteen (PPK). «Kommunikasjon og politikk»: StP kan heilt klart bli endå meir synleg på høgskulen, men har aktivt nytta media på framifrå vis. Det har vore vanskeleg å finne relevante sakar for å fremja studentanes behov føre kommune- og fylkestingsvalet. StP har hatt ein ganske tett dialog med tillitsvalde og leiing. Sjakkturnering blei halde under VEKAO. Om struktursaka: Stortingsmeldinga «Konsentrasjon for kvalitet» omtrent som forventa. HiSF blir målt etter kvalitetskriteriar: – Årsverk i førstestillingar – Søkning – Gjennomføring – Studentanes tidsbruk – Publisering – Eksterne forskingsinntekter – Størrelse på doktorgradsutdanningane – Internasjonal orientering – Samspill og samarbeid Lenke til meldinga: https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/meld.-st.-18-20142015/id2402377/?docId=STM201420150018000DDDEPIS&ch=1&q= Parlamentet profilerte seg både før og etter stortingsmeldinga; mellom anna var Tollak og Ingrid Moe Albrigtsen i NRK Sogn og Fjordane, radio og Vestlandsrevyen: http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-vestlandsrevyen/DKHO98032515/25-03-2015. Fokuserte på meldingas nedprioritering av Studiebarometeret, og av studiekvalitet. Tollak sende ut pressemelding som han kanskje vil profilere endå meir inn mot stortingsbehandlinga i juni,; Noralv Pedersen i NRK Sogn og Fjordane verka positiv. Økonomisk rapport: Sjå vedlegg «Rekneskap per 10.april 2015» og «Brukt 2014 – endelig». Studentparlamentet har god økonomi, og det vil vere ganske romsleg for haustens aktivitetar. 2. Studentsamskipnaden orienterer v/styreleiar Karl-Erik Strøm Skogseid: Oppsummert strukturmelding for samskipnadsektoren. Tilknyting til ein samskipnad, men kan fråvikast. Blir klårare seinare. SISOF sitt fokus er uansett utfall å sikre studentane i Sogn og Fjordane på beste vis. Kunnskapsdepartementet klare på at der det er hensiktsmessig kan det bli fusjonar, men ingen klare signal førebels. Styreleiar Karl-Erik Strøm Skogseid på orientering på Gardermoen torsdag 23. april. SISOF har hatt styremøte på spørsmål om representantar i styre, råd og utval bør få tilgang til SISOFstyremøte; finn det uheldig for dynamikken i styret. 150 studentbustader skal byggjast i Nedrehagen i Sogndal, og 180 p-plassar over to plan i Nedrehagen. Prosjektet er fullfinansiert, totalkostnad på ca. 120 millionar. Kommunen formelt sett byggherre, Høgskulen med på laget. SISOF skal overta tomten. 16 kollektiv med seks hyblar, 24 leilegheiter av ulike typar, samt familieleilegheiter. Viktig for studentane at Sogndal utviklar seg. Fått på plass dei siste studentbustadane, særs nøgd med det. 34 nye, 10 i Førde, prosjektet har starta. 3. Studentrepresentantane v/Ingrid Moe Albrigtsen, ASF, orienterer om arbeidet i Høgskulestyret: To møte sidan sist, no blir Høgskulestyremøta streama. - Styreseminar 04.-05. februar på Gloppen Hotell. Samrøystes vedtak formulert i struktursaka: Plan A: Sjølvstendig høgskule, men med eit forpliktande samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar. Plan B: Tettare integrasjon mellom høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen, Volda og Universitetet i Bergen med sikte på å etablera eit framtidig «Vestlandsuniversitet». Føresetnad at UiB er med frå start av. - Styret for NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning) si godkjenning av det systemet HiSF har etablert for å kvalitetssikra utdanningane sine er viktig og positivt for høgskulen. - To dagars forskingskonferanse på Grand Hotell i Oslo med tittel «Lærende regioner». Elevar frå Sogn og Fjordane skårar på topp i landet. Direktøren i Utdanningsdirektoratet under opninga: «Når Sogn og Fjordane kan, så kan alle». Styremøte 12. mars, to viserektorar og fire dekanar tilsett, Göran Söderlund med opprykk til professor. - Handlingsplan for FOU vedteken. - Strategi og Handlingsplan for internasjonalisering sendt tilbake, skal integrerast i andre planar (som FOU). - Handlingsplan for reduksjon av mellombelse stillingar, i tråd med kva NSO og studentar bør interessere seg for. - Tildeling av doktorgradsstipend. 4. NSO-oppdatering (etter NSO-landsmøtet) v/Ingrid Moe Albrigtsen, ASF: - - 9/15 Fire LS-møte før LM LM: 4 av 8 resolusjonar vedteke (om studentkultur, media og idrett, om økt kontroll og samarbeid med arbeidslivet og næringslivet, om motstand mot turbostipend og om autorisasjonsavgift). StP sende 4 delegatar utan vara. Rekord på talarstolen, 10 gangar totalt. Delegasjonen synleggjort med svært positivt kulturelt innslag; song «Statistikkvisa» under middagen». Therese Eia Lerøen vald til ny NSO-leiar. Val av nytt parlamentsstyre og leiar (100 %) Sjå vedlegg «150423 Styret Studentparlamentet HiSF 2015-2016» for kontaktinformasjon til det nye styret. Valkomiteen la fram arbeidet sitt v/Ragna Staven. Komiteen har hatt alle kandidatane til intervju, anten via internett eller ved personlig intervju. Alle kandidatane har blitt oppringt anten dei er innstilt eller ikkje. Valkomiteens innstilling: Leiar, innstilt med dissens: Ingrid Moe Albrigtsen Mindretals innstilling: Guro Trøseid Gjerstadberget Nestleiar: Henrik Brown Halleraker med benkeforslag Politisk nestleiar: Arlene Henneli Fag- og forskingsansvarleg: Adrian Stinessen Haugen Velferd- og likestillingsansvarleg: Jon Martin Bjørkedal Kommunikasjonsansvarleg: Magne Lima Vara: Elin Seljeset Vara: Yngve Snarberg Valkomiteen har valt å halde ein varaplass open med tanke på at ein kan få inn ein førsteklassing i haust. Forslag til vedtak: Studentparlamentet vedtar valkomiteens innstilling (som blir presentert på møte) til styre av Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane for skuleåret 2015-2016. Behandling: Det stemmast først over om valkomiteen skal få stemmerett i sjølve valet. Valkomiteen får stemmerett med 7 mot 6 stemmer. Studentparlamentet er samd ved akklamasjon om at kandidatar som ikkje er til stades likevel får stille til val. Christian Vik og Therese Eia Lerøen vald til tellekorps ved akklamasjon. Leiarvervet: Begge kandidatane får presentera seg sjølv. Studentparlamentet er samd ved akklamasjon om at Ingrid Moe Albrigtsen får 2,5 min til sin presentasjon, då Guro Trøseid Gjerstadberget har fått 3,5 min. Guro Trøseid Gjerstadberget får spela av sin valappell (lydfil frå Zambia kor ho oppheld seg no), på 3,5 min. Ingrid Moe Albrigtsen held deretter sin valappell på 2,5 min. Votering. Ingrid Moe Albrigtsen vald til ny leiar for Studentparlamentet ved HiSF 2015/2016 med absolutt fleirtal i tråd med forretningsorden. Nestleiarvervet: Henrik Brown Halleraker er valkomiteens innstilling. Benkeforslag: Yngve Snarberg stiller som motkandidat. Elin Seljeset stiller som motkandidat. Alle kandidatane fekk inntil to minutt til å presentere seg sjølve. Votering. Henrik Brown Halleraker valt som nestleiar med absolutt fleirtal i tråd med forretningsorden. Politisk nestleiar: Arlene Henneli valt med akklamasjon. Fag og forskingsansvarleg: Adrian Stinessen Haugen er valkomiteens innstilling. Benkeforslag: Gaute Silseth stiller som motkandidat. Begge kandidatane fekk inntil to minutt til å presentere seg sjølve. Votering. Gaute Silseth valt med absolutt fleirtal i tråd med forretningsorden. Velferd- og likestillingsansvarleg: Jon Martin Bjørkedal er valkomiteens innstilling. Benkeforslag: Elin Seljeset stiller som motkandidat. Adrian Stinessen Haugen stiller som motkandidat. Alle kandidatane fekk inntil to minutt til å presentere seg sjølve. Votering. Jon og Adrian fekk flest stemmer, men ingen fekk absolutt fleirtal. Ny votering. Jon vald med absolutt fleirtal i tråd med forretningsorden. Kommunikasjonsansvarleg: Magne Lima er valkomiteens innstilling. Magne Lima valt med akklamasjon. Varaverv: StP samd ved akklamasjon om at det bør veljast tre vara, medan valkomiten ønska å halde ein plass open til hausten. Elin Seljeset og Yngve Snarberg er valkomiteens innstilling. Benkeforslag: Adrian Stinessen Haugen stiller som motkandidat. Votering. Adrian Stinessen Haugen vald til 1. vara med absolutt fleirtal i tråd med forretningsorden. Elin Seljeset får nest flest stemmer og StP er samd ved akklamasjon om at ho då blir 2. vara. Yngve Snarberg vald til 3. vara. Styret i Studentparlamentet ved HiSF 2015/2016: Leiar: Ingrid Moe Albrigtsen Nestleiar: Henrik Brown Halleraker Politisk nestleiar: Arlene Henneli Fag- og forskingsansvarleg: Gaute Silseth. Velferd- og likestillingsansvarleg: Jon Martin Bjørkedal Kommunikasjonsansvarleg: Magne Lima 1. Vara: Adrian Stinessen Haugen 2. Vara: Elin Seljeset 3. Vara: Yngve Snarberg 10/15 Resolusjonsforslag Sjå vedlegg: «150423 Stillingsprosent til studentrepresentanten i Førde» StP-leiar Tollak Mikal Kaldheim fremmar forslag om 20 % nestleiar i Førde, for å auke deltakinga og engasjementet der. Forslag til vedtak: Studentparlamentet godkjenner resolusjonsforslag. Behandling: Ingrid Moe Albrigtsen foreslår å endre tittelen til «Stillingsprosent til studentrepresentanten i Førde». Votering. Absolutt fleirtal for å endre tittelen. Resolusjonsforslaget godkjent ved akklamasjon. 11/15 Forslag til endring i stillingsinstruks Sjå vedlegg: « 150423 Forslag til endringar i stillingsinstruks for leiar» StP-leiar Tollak Mikal Kaldheim med forslag om endringar i stillingsinstruks for leiar. Forslag til vedtak: Studentparlamentet legg til grunn gjeldande stillingsinstruks og stemmer over endringsforslag. Behandling: Studentparlamentet godkjenner endringsforslaga ved akklamasjon. 12/15 Val av representantar til styre, råd og utval Sjå vedlegg «150423 Studentrepresentantar til styre, råd og utval HiSF 2015-2016» for oversikt over valte representantar. Det blei foretatt val av studentrepresentantar til følgjande styre, råd og utval: Høgskulestyret FOU-utvalet Utdanningsutvalet Læringsmiljøutvalet Klagenemnda Skikkanemnda Tilsetjingsutvalet Opptakskomiteen Likestillingsutvalet SISOF-styret Alle kandidatar fekk to minutt til å presentera seg sjølve, og innsende forsvarstalar blei oppleste. Valet gjekk føre seg skriftleg og hemmeleg i tråd med gjeldande forretningsorden. Forslag til vedtak: Behandling i tråd med gjeldande forretningsorden. Behandling: Studentparlamentet er samd ved akklamasjon i Kontrollkomiteens utspel om at ein bør tilstrebe mest mogleg kjønnsbalanserte utval (medan det er eit krav i Høgskulestyret). Høgskulestyret: Kandidatar til val som faste representantar: Magnus Nordrum Brøste, Magne Lima, Trine Ludvigsen Rygg og Yngve Snarberg. Elin Seljeset berre til val som vara. Alle kandidatane fekk inntil to minutt til å presentera seg sjølve. Magnus Nordrum Brøste hadde sendt inn forsvarstale frå Tyskland på førehand. Votering. Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg vald til faste representantar. Elin Seljeset og Yngve Snarberg valde til vara. FOU-utvalet: Kandidatar til val som faste representantar: Sverre Enitch og Trine Ludvigsen Rygg Ingrid Moe Albrigtsen og Attila Eserman berre til val som vara. Alle kandidatane fekk inntil to minutt til å presentera seg sjølve. Attila Eserman hadde sendt inn ein forsvarstale på førehand. Votering. Trine Ludvigsen Rygg og Sverre Enitch valde som faste representantar ved akklamasjon. Ingrid Moe Albrigtsen og Attila Eserman valde til vara ved akklamasjon. Utdanningsutvalet: Kandidatar til val som faste representantar: Bernt-Einar Hogstad, Morten Andre Tryti, Martina Søvik Olsen, Esther Haugland. Alle kandidatane fekk inntil to minutt til å presentera seg sjølve. Votering. Bernt-Einar Hogstad og Morten Andre Tryti valde som faste representantar. Ester Haugland og Martina Søvik Olsen valde som vara. Læringsmiljøutvalet: Kandidatar til val som faste representantar: Esther Haugland, Martina Søvik Olsen, Yngve Snarberg, Jon Martin Bjørkedal, Henrik Brown Halleraker, Kristin Emanuelsen. Til val berre som vara: Morten Andre Tryti. Alle kandidatane fekk inntil to minutt til å presentera seg sjølve. Jon Martin Bjørkedal, Kristin Emanuelsen og Henrik Brown Halleraker valde som faste representantar. Morten Andre Tryti, Yngve Snarberg og Esther Haugland valde som vara. Klagenemnda: Kandidatar til val: Mats Simonsen Jahn, Ingrid Moe Albrigtsen, Gaute Silseth, Adrian Stinessen Haugen. Alle kandidatane fekk inntil to minutt til å presentera seg sjølve. Mats Simonsen Jahn og Ingrid Moe Albrigtsen valde faste representantar. Gaute Silseth og Adrian Stinessen Haugen valde som vara. Skikkanemnda: Kandidatar til val: Oda Kristine Myklebust, Elin Seljeset, Henrik Brown Halleraker. Bernt-Einar Hogstad (vara). Oda Kristine Myklebust og Elin Seljeset valde som faste representantar. Henrik Brown Halleraker og Bernt-Einar Hogstad valde som vara. Tilsetjingsutvalet: Kandidatar til val: Magne Lima, Arlene Henneli, Adrian Stinessen Haugen. Magne Lima vald som fast representant, Arlene Henneli som vara. Opptakskomiteen: Elin Seljeset vald som fast representant ved akklamasjon. Tollak Mikal Kaldheim vald som vara ved akklamasjon. Likestillingsutvalet: Elin Seljeset vald til fast representant ved akklamasjon. Yngve Snarberg vald til vara ved akklamasjon. Styret i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF): Kandidatar til val som faste representantar: Karl-Erik Strøm Skogseid, Heidi Sofie Gommerud, Mats Simonsen Jahn (også som vara). Thomas Johan Nilsen, og Anna Solberg som vara. Karl-Erik Strøm Skogseid og Heidi Sofie Gommerud valde som faste representantar. Mats Simonsen Jahn og Thomas Johan Nilsen valde som vara. 13/15 Ymse og avslutning for StP 2014/2015 StP-leiar Tollak Mikal Kaldheim takkar for eit framifrå år, kor StP har fått til mykje. Seier StP er i veldig trygge hendar med Ingrid Moe Albrigtsen som ny leiar og med det nye styret. Organisasjonskonsulent Sami Patrikainen Skogstad ferdig i juli/august, Christian Vik overtek (og var til stades på møtet i dag). Slutt, ca. kl. 22.30.