skriv-og-meldingar-øh-senger-sunnhordaland

Transcription

skriv-og-meldingar-øh-senger-sunnhordaland
- Fremme helse og livskvalitet
Stord kommune
Postboks 304
5402 STORD
Att. Prosjektleder Kjell Nesbø
Dykkar ref:
Vår ref:
2011/222532028/2014
Leif Terje Alvestad, tlf 52732955
Haugesund,
13.01.2015
Lokalisering av legevakt og snøgghjelps døgntilbod
Helse Fonna syner til møte mellom representantar i frå Stord, Bømlo og Fitjar kommune røyrande
etablering av ei framtidig legevakt og snøgghjelps døgntilbod i nærleiken av Stord sjukehus.
I møtet ble partane einige om at Helse Fonna skulle gje innspel til spesielle høve som må takast omsyn til
i det vidare arbeidet. Helse Fonna føreset at prosjektleiar vidareformidlar desse moment til aktuelt
arkitektfirma.
Føretaket føreset vidare at ein legg til grunn at eit framtidig bygg blir plassert på noverande
parkeringsplass (i tråd med opphavleg plan) alternativt mellom K-blokka og car-port.
Føretaket ønskjer at følgjande forhold blir teke omsyn til i det vidare arbeidet:
1) Pasientbussen – denne må ha naudsynt tilgang for å hente pasientar ved Stord sjukehus. Dersom det
vert tak mellom bygga, vil bussen kunna kjøra som i dag. Dersom ein skulle velje ei løysing med
innebygd korridor, må vegen leggast på utsida av nytt bygg.
2) Vurdere moglegheit for å etablere eit venteområde/sone for personar/pasientar som skal med
pasientbussen til Bergen.
3) Komprimator – dagens plassering av komprimator er svært gunstig. Dersom det vert naudsynt å
omplassere denne må dette gjerast slik at den blir lett tilgjengelig for tilsette og for firmaet som er
ansvarlig for henting/tømming (HMS aspektet for tilsette må ivaretakast).
4) Parkeringsplassar – føretaket forventar at tal på parkeringsplassar aukar tilsvarande den meirtrafikken
som blir på området etter at legevakt/ snøgghjelps døgntilbod er etablert. Det vil være ein fordel om
ein får til ein netto auka i tal på parkeringsplassar.
5) Riksantikvar – Arkitektfirma må utarbeide naudsynt søknadsgrunnlag til Riksantikvar. Føretaket skal
gjennomgå/godkjenne søknaden før den blir sendt til Riksantikvaren.
Helse Fonna
P.Boks: 2170
5504 Haugesund
Foret.nr: 983 974 694
Bank. 5082.08.47218
Kontaktinfo:
Sentralbord: 05253
Telefaks: 52 73 20 02
[email protected]
www.helse-fonna.no
Fakturaadresse:
Helse Fonna HF
Rekneskap, Postboks 2170
5504 Haugesund
Tlf: 05253
6) Tilkomst til helikopterlandingsplass – framtidig løysing må være slik at ambulansekjøretøy har god
tilkomst til dagens landingsplass når ein skal hente/levere pasientar.
7) Tilkomst til K-blokk og noverande bustadar må takast omsyn til i ei framtidig løysing.
.
Helse Fonna HF
_____________________
Leif Terje Alvestad
Direktør
Intern service
Intern kopi:
Reidun Rasmussen Mjør
Vidar Støyva
Robert Eddie Holmstrøm
Side 2 av 2