Pasientar måler INR

Transcription

Pasientar måler INR
// FRA LABEN
Pasientar måler INR
og doserer warfarin sjølve
Norsk kvalitetssikring av
laboratorieverksemd utanfor
sjukehus (Noklus) tilbyr
opplæring i eigenkontroll av
antikoagulasjonsbehandling
med warfarin til alle 24
helseforetak i Norge. I august
2014 hadde Noklus avtalar
med 10 helseforetak.
TEKST: Toril Ringheim
Gjennomføring av opplæringa
Opplæringa går over 21 veker. Første
kursdag får deltakarane undervisning om
warfarinbehandling, biverknadar og kva som
kan påverke behandlinga. Dei får opplæring
i bruk av instrumentet og pasientane lærer å
stikke seg sjølve i fingeren og måle INR på sitt
eige instrument. Dei første to vekene måler
dei INR kvar dag, seinare måler dei ein gong i
veka eller oftare ved behov.
Andre kursdag er det opplæring i
doseringsprinsipp for warfarin. I tida etterpå
skal pasienten foreslå eigen dosering av
warfarin som må godkjennast av lege/Noklus
laboratoriekonsulent. Pasientane blir etter
kvart tryggare både på måling av INR og
på dosering. Deltakarane møter også ein
brukarrepresentant som deler sine erfaringar.
I heile opplæringsperioden er deltakaren i
kontakt med lege og laboratoriekonsulent
via e-post, telefon eller besøk på kontoret.
Det skal takast venøse prøver til INR målt
på sjukehuslaboratoriet kvar tredje veke
for å samanlikne med pasienten sine eigne
målingar.
Laboratoriekonsulent Noklus Sogn og Fjordane
Tilbod om eigenkontroll
Noklus Sogn og Fjordane har avtale med
Helse Førde om å gje pasientar opplæring i
eigenkontroll av antikoagulasjonsbehandling
med warfarin. Noklus samarbeider
med Lærings- og meistringssenteret
(LMS), medisinsk avdeling og avdeling
for behandlingshjelpemiddel på Førde
sentralsjukehus. Pasientar kan kontakte
fastlegen sin som sender søknad om
opplæring i eigenkontroll til medisinsk
avdeling. Søknaden må godkjennast av
spesialist. Noklus Sogn og Fjordane har to
opplæringskurs i året.
20 //
Foto: Shutterstock
B
ehovet for antikoagulasjons­
behandling er som oftast utløyst av
atrieflimmer, blodpropp i lunge, djup
venetrombose og/eller mekanisk
hjarteklaff. I Norge er det over 90
000 pasientar på slik behandling. Frå januar
2013 vart 3 nye antikoagulasjonsmedikament
godkjent for refusjon på blå resept i Norge,
Pradaxa (dabigatran), Xarelto (rivaroksaban)
og Eliquis (apixaban). Fordelen med dei nye
medikamenta er at monitorering ikkje er
nødvendig. Det er likevel mange pasientar
som ikkje kan behandlast med desse, blant
anna må pasientar med nedsett lever- og/
eller nyrefunksjon vurderast nøye. Pasientar
med mekanisk hjarteklaff må behandlast med
warfarin (Marevan, Warfarin Orion), då
dei nye medikamenta ikkje hindrar danning
av blodpropp på klaffane. På opplæringa i
Sogn og Fjordane er pasientar med mekanisk
hjarteklaff ein relativ stor del av gruppene.
// FRA LABEN
Etter opplæring i 21 veker må alle deltakarane
gjennomføre ein teoretisk prøve. Når denne
prøven er bestått, og dei har gjennomført
ein praktisk prøve med måling av INR,
har dei fullført opplæring i eigenkontroll av
warfarinbehandling.
(f.eks uventa INR-resultat eller symptom som
kan tyde på blødning eller blodpropp).
Betre livskvalitet
Det er stort å få oppleva gleda frå pasientar
som har gjennomført kurs i eigenkontroll.
«Dette er eit veldig fornuftig kurs, g jev
meg betre kontroll og mindre bekymring.
Det sparer meg og helsevesenet for
arbeidstid og unødig ressursbruk»
Kursdeltakar
Etter kurset skal pasienten forsette med
måling av INR om lag ein gong i veka eller
ut frå behov. Fastlegen får informasjonsbrev
(epikrise) om gjennomført opplæringskurs
og ansvaret for pasienten blir tilbakeført til
fastlegen. Vi anbefaler pasienten å kontakte
fastlege 1 til 2 gonger i året for kontroll av
eigen måling av INR, og at dei må kontakte
fastlegen eller legevakta ved uventa hendingar
Pasientane får auka kunnskap om sjukdomen
sin og blir spart for mange legekontorbesøk,
noko som gjer dei friare og fører til betra
livskvalitet. Alderen på kursdeltakarane er
frå rundt 20 til 70 år, så mange av dei er
yrkesaktive. Dermed vil eigenkontroll gje
ein samfunnsøkonomisk gevinst. Her er sitat
frå evaluering til ein kursdeltakar: «Dette
er eit veldig fornuftig kurs, gjev meg betre
kontroll og mindre bekymring. Sparer meg
og helsevesenet for arbeidstid og unødig
ressursbruk».
Eigenkontroll i warfarinbehandling har i fleire
studiar vist å gi betre livskvalitet for mange
pasientar, å føre til meir stabile INR-verdiar
(det vil seie auka tid i terapeutisk område) og å
gi færre komplikasjonar.
Kriterier for å få opplæring
Pasientar som ønskjer å delta i opplæring
i eigenkontroll må vere i stand til og
motivert for å ta ansvar for eigenkontroll av
warfarinbehandlinga. Dei må delta på alle
kursdagar, vere motivert for å måle INR og
ta blodprøvar hyppigare i opplæringsperioden
og følgje opp medisineringa nøye. I tillegg
må dei fylle ut journal og ha tett kontakt med
Noklus i denne perioden.
Interesserte kan finne informasjon om
kurs/opplæring på Noklus si heimeside
www.noklus.no, på helseforetaka sine
heimesider og på Lærings- og meistrings­
sentra. De kan og kontakte fastlege eller
laboratoriekonsulent i Noklus for å få meir
informasjon.
To unike nettstudier:
• Helseadministrasjonssekretær
• Helsekoordinator
Tilpass deg morgendagens helseadministrative utfordringer og
bli fremtidens helsesekretær. Ta fagskoleutdanning via nettet.
Lær mer om den elektroniske hverdagen og
dyktiggjør deg i moderne arbeidsmetoder.
Lånekassefinansiering.
Stu
Mulighet for offentlig støtte.
se dies
pte ta
mb rt
k er
Sø
Les mer på ecademy.no
nå
!
//
21