Årsplan for Florø barnskole-SFO 2015-2016

Transcription

Årsplan for Florø barnskole-SFO 2015-2016
Årsplan for Florø barnskole-SFO
2015-2016
1. Mål for SFO
Den tida barna er i SFO er barna si fritid.
Å legge til rette for den frie leiken, og barna sine eigne initiativ er difor
eit hovudmål for oss i SFO.
2. Satsingsområde i SFO
 Fysisk aktivitet:
 Base i Eventyrskogen med andre trinn.
 Ball-leik (måndag) – med unge handball-spelarar frå FSK.
 Mini-fysak i gymsalen (onsdag).
 Florø idrettssenter (FIS) (torsdag) – elevar frå FVGS-idrettslina.
 Sunt og godt kosthold:
 Frukost m/heimelaga grovbrød og havregraut.
 Frukt og grønsaker delux (tysdag).
 Smøremåltid (fredag).
 Utemat i Eventyrskogen.
 Mjølk og frukt til kvart måltid.
 Utvikling av sosial kompetanse og vennskap: I frileik og i aktivitetane som er
nemnd ovanfor.
3. Ordensreglar
 I SFO er alle snille med kvarandre og synar respekt for kvarandre
 I SFO seier vi ifrå når vi kjem og når vi går, slik at SFO blir ein trygg plass å vere
 Skulesekk og kle heng/legg vi i hylla vår, slik at vi får eit fint og godt innemiljø
 I SFO er det lov å springe fort eller rope, MEN det må vi gjere ute
 I SFO hjelper vi kvarandre og vi ryddar alltid opp etter oss
4. Rutinar og avvikshandtering
Florø barneskole-SFO her eit internkontrollsystem, med rutinar for SFO med eige
avviksmeldingssystem. Viser her til «Internkontrollrutinar ved Florø barneskole-SFO».
5. Sjukdom hos barn og evt. bruk av medisinbruk
Alle barn som er avhengig av å bruke medikament i løpet av skule- og SFO-dagen, skal fylle
ut eigne skjema, j.fr. «Internkontrollrutinar ved Florø barneskole-SFO».
6. Opningstider, med ferie- og planleggingsdagar
Florø barneskole-SFO føl i utgangspunktet skuleruta.
Ferie-SFO er open to veke etter skuleslutt og to veke før. Det er eigne søknadsfristar for
Ferie-SFO.
Ferie-SFO gir SFO-tilbod til alle som har rett på plass i SFO i Flora kommune
7. Dagsrytme
Før skuletid:
 Kl. 06.45 Kl. 07.15
 Kl. 08.00
 Kl. 08.30
Rolege aktivitetar
Frukost m/ heimelaga brød og havregraut.
Alle går ut saman med ein vaksen.
Barna går på skulen.
Etter skuletid:
 Kl. 12.15 - 13.00
 Kl. 13.30- 14.00
 Kl. 14.00- 15.00
 Kl. 15.00- 16.30
Fast utetid. Dei som vil kan vere lenger ute.
Måltid.
Faste aktivitetar og frileik .
Frileik ute og inne.
 Tysdagar startar SFO opp kl 1310.
8. Dei tilsette i SFO fordelt på basane
Florø barneskole-SFO har om lag 22-25 tilsette kvart år. Dei tilsette vert fordelt på seks ulike
basar kvart år. Vi prøver å få til ei god rullering av dei tilsette tilpassa barna sine behov.
9. Tal barn med gruppe- og romfordeling
Florø barneskole-SFO har 150-170 barn kvart år.
Barna er fordelt på seks basar:
 A-base 2. etg. (rom 202/203)
 B-base 1. etg. (rom 101/102)
 C-base kj.etg.(rom 014)
 D-base i Paviljongen
 EVENTYRSKOGEN
 F-base i Paviljongen (nybygg)
Førsteklassingane føl som regel over i SFO i dei klasseromma dei har i skuletida.
Andreklassingane (2A) som har klasserom i hovudbygget fortset som på same base som dei
gjekk på året før. 2B og 2C vil ha eigen base i klasseromma deira i Paviljongen (nybygg). I
tillegg vil 1/3-del av andreklassingane gå på basen i EVENTYRSKOGEN 1/3-del av
skuleåret kvar.
Tredje- og fjerdeklassingane går på D-basen i Paviljongen.
10. Registrering av barn i SFO og krysselister
Krysselista er den viktigaste reiskapen dei SFO-tilsette har til å ha oversikt over kor mange
barn som er i SFO til ei kvar tid. Registrering av barn i krysselista er ei nøye samspel mellom
dei SFO-tilsette, barna, føresette og skulen. J.fr. «Internkontrollrutinar ved Florø barneskoleSFO».
11. Påkledning (regntøy, ekstra tøyskift, innesko /tøfler osb )
I SFO må barna ha med seg kle tilpassa vær og vind, slik at dei kan delta på aktivitetar ute.
Alle må bruke regntøy når det regner ute og alle barna må bruke innesko når dei er inne.
12. Aktivitetsplan med generell informasjon som leike – og fritidsaktivitetar fordelt på
skuleåret
Florø barneskole - SFO har aktivitetar der ein vekslar mellom at heile basen må vere med, og
aktivitetar som barna sjølv kan velje. T.d. så går alle på Florø Idrettssenter på torsdagar.
Måndagar og onsdagar kan dei barna som har lyst, møtast i gymsalen og ha forskjellige
aktivitetar tilpassa aldersgruppa.
Kvar månad vert det laga plan for dei komande vekene. Denne vert hengt opp utanfor kvar
base. I tillegg vert dei lagt ut på heimesida til Florø barneskole på Filarkiv.
Her er lenkjer til heimesida vår:
 www.barneskolen.no
 http://webfronter.com/sognfjordanegs/flora/FLB/praktisk/filarkiv.html
13. Klubbar i SFO 2015-2016
Dette skuleåret vil det bli arrangert klubbar i SFO slik:
1) Perleklubb-måndag, 2) Snekkarklubb for 3.klassingar-fredag, 3) Kjøkenklubb-onsdag,
4) Sjakk-klubb-torsdag når vi ikkje er på FIS, 5) Mini-fysak-måndag og onsdag og
6) Ball-leik-onsdag.
14. Andre praktiske opplysningar om SFO som telefonnr, mail, søknadsskjema, o.l.
 Besøks- og postadresse: Florø barneskole, Hand Blomgt. 42, 6900 Florø
 Ulike telefonnr.
 Resepsjon:
57756340
 SFO-leiar sitt kontor: 57756343
 A-basen:
57756362
 B-basen:
57756361
 C-basen:
57756360
 D-basen:
57756370
 Eventyrskogen:
41491918
 F-basen:
Informasjon om søknadsskjema til SFO og Ferie-SFO, med fristar, finn du på
www.barneskolen.no , filarkiv.
15. Foreldresamarbeid (møte, kontaktar )
Dei SFO-tilsette har hyppig kontakt med føresette til barn i SFO. Denne kontakten ser vi på
som særs viktig. SFO-tilsette stiller på møte rundt enkeltelever i skule/SFO, på foreldremøte
o.l., der det er behov.
16. Personalsamarbeid (personalmøte, medarbeidarsamtalar, og liknande. )
Florø barneskole-SFO gjennomfører ulike møte slik:
 Personalmøte:
Kvar 6. veke og seks møte i skuleåret.
 Basemøte:
Kvar veke
 Baseleiarmøte:
Kvar veke
 Medarbeidarsamtale: Ein gong i året
17. Teieplikt og politiattest for personalet
Alle som arbeider i SFO (fast/vikarar/lærlingar), har underteikna ei teiepliktsavtale og levert
politiattest.
18. «Rammeplan for Florø barneskole-SFO»
Florø barneskole-SFO har utarbeidd ein eigen «Rammeplan for Florø barnskole-SFO - 20152019». Denne er å finne på heimesida til Florø barneskole, under Filarkiv.
Her er lenkje til heimesida: www.barneskole.no
19. «Årshjul for Florø barneskole-SFO»
Leiar for Florø barneskole-SFO skal, i samarbeid med dei seks baseleiarane, utarbeide eit
«Årshjul for Florø barneskole-SFO». Årshjulet skal utarbeidast på bakgrunn av «Vedtekter
for SFO i Flora kommune», «Rammeplan for Florø barneskole-SFO» og «Årsplan for Florø
barneskole-SFO». Årshjulet skal ligge som eit vedlegg til årsplanen, og reviderast årleg.