Møtereferat - Kartverket

Comments

Transcription

Møtereferat - Kartverket
REFERAT
Fylkesgeodatautvalsmøte Sogn og Fjordane
Stad: Statens hus i Leikanger
Dato: 24.09.2015 kl 11-15
Referent: Aase Midtgaard Skrede
Til stades:
Part
Fylkesmannen Sogn og Fjordane (leiar)
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (landbruk)
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (GIS)
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statens vegvesen region vest
Telenor Norge A/S
Nordfjordrådet
Energiverka
Kartverket Bergen
Kartverket Bergen
Kartverket Bergen
Representant
Nils Erling Yndesdal
Enisa Saracevic
Tone Reinsnos Knutsen
Jo Tore Kristoffersen
Glenn Heine Orkelbog (vara for Birgit Tansøy)
Sven Arild Fedje
Tove R. Molnes
Roy Cato Hopland (Stryn kommune)
Einar Tefre (Sunnfjord Energi)
Anne Lien
Olav Håvik
Aase Midtgaard Skrede
Fråfall:
Part
Sogn regionråd
HAFS og SIS
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Representant
Bjørn Inge Fossen (Luster kommune)
Stig Tverberg (Hyllestad kommune)
Delia Welle Kejo
Velkommen
Fylkesmannen, representert ved Nils Erling Yndesdal, var vertskap for møtet og ønska
utvalet velkomen. Presentasjonsrunde rundt bordet.
Informasjon frå fylkeskartsjefen
Anne Lien orientere om strategiske satsingsområde, og gjekk gjennom prioriteringar,
mål og organisering, årsmøter, årssyklus og planleggingshorisont for neste 4årsperiode. Viktig med toveis kommunikasjon mellom FGU-representantane og
kommunane. (Presentasjon ligg på heimesida vår).
Geodataplan 2016-2019
Gjennomgang av Geodataplanen i fellesskap. Førsteutkast av planen vart sendt
utvalet 14.september. Endringar og nytt stoff er markert med ulike fargekodar, det
var i hovudsak dette som vart omtala under gjennomgangen av planen.
Kap.2.2 Strategiske val
 NN2000 vert fullført i 2015 og blir tatt bort frå lista over satsingsområde.
Vegvesenet var veldig fornøgd med måten NN2000 blei innført på og Kartverket
er takksame for den gode jobben kommunane har gjort med førebuingane.
 Oppdaterte kart- og registerdata for å gje betre grunnlag for vurdering og
planlegging av tiltak i naudsituasjon. Dette vert diverre meir og meir akutelt i
begge fylka våre og må ha høg prioritet
 Forbetre kvaliteten på digitale plandata, prosjekt ut 2016
 Vegadresser må prioriterast høgare
Kap. 2.5.1 Representasjon i Geodatautvalet


Delia Welle Kejo erstattar Aart Verhage (NVE)
Anne Lien, ny fylkeskartsjef
Kap. 2.5.3 Arbeidsutval for plan- og temadata

Det vert jobba i begge fylka med å få i gang eigne arbeidsutval for plan- og
temadata (PTU). Beredskap vert ikkje ein del av desse arbeidsutvala, då dette
naturleg høyrer heime på høgare nivå. PTU vil jobbe for å få auka kvalitet på
plan- og temadata for å gi eit godt grunnlag til beredskapsarbeidet i fylka.
Kap. 3.3 Det offentlege kartgrunnlaget
 Nytt innhald i heile kapittelet.
Kap. 4.3.1.2 Arealressurskart
 Oppdaterte tal for periodisk ajourhald, «Skog og landskap» er erstatta av
«Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Kap. 4.3.2 Omløpsfoto
 Det er sett i gong pilotprosjekt og forprosjekt for etablering av nasjonal
detaljert høgdemodell. I sesongen 2015 vert det samla inn data i fire
pilotprosjektområde. Her vil ein samanlikne høgdedata frå skanning og
matching som grunnlag for etablering av ein nasjonal detaljert høgdemodell
(http://kartverket.no/Prosjekter/Nasjonal-detaljert-hoydemodell/).

Matching på grunnlag av omløpsfoto frå 2013 er under prøving i prosjektet BKK
laser 2014 i Stølsheimen og i prosjektet Nordhordland 2015 det matching vert
brukt for å framskaffe høgdegrunnlag i FKB-C områder i Vaksdal kommune
Kap. 4.3.3 Matrikkelen
 I 2016 skal det gjennomførast 2 lovkurs og 6 føringskurs i Bergen.
 Oppdaterte tal i tabellar og statistikkar
 Adresser: Sogn og Fjordane er fylket med den minste andelen vegadresser
(41%) og dårlegast framdrift i landet
Kap. 4.3.6 Stadnamn
 Oppdaterte tal frå Sentralt stadnamnregister (SSR).
Kap. 4.3.9. Kystkontur
 Ny kartoversikt (illustrasjon) som også viser kvar det er nye djupnedata.
Kap. 4.3.10 Historiske ortofoto

Nytt kapittel om prosjektet som FGU var stilte seg positive til på felles vårmøte
i april 2015. Prosjektet i fylka våre starta i september 2015 og er berekna å gå
ut i 2017.
Kap. 4.4 Plandata
 Fram til 2017 er det ei målsetjing i Noreg digitalt samarbeiet at alle relevante
arealplanar etter plan- og bygningslova skal vere ført inn i kommunale
planregister i samsvar med Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og
digitale planregister. Geodataplanen inneheld oppdaterte tabellar for
planleveranse, sjå elles nettstaden SePlan.no og oversikt i presentasjon (på
heimesidene våre).
 Kapittel 4.4.1 Kommunalt planregister
o Statusoversikten på SePlan viser at Sogn og Fjordane har god dekning
for planregister
o Berre 4 av 26 kommunar har ikkje planregister, 2 av desse har starta
arbeidet med å lage ein planoversikt.
o Det er no laga ein veileder for forvaltning av kommunalt planregister for
kommunane.
 Kapittel 4.4.2 Kommuneplanar og kommunedelplanar (arealdelen)
o Berre litt under halvparten av kommunane har levert kommuneplandata.
Arbeidet med å få på plass eit komplett nasjonalt datasett over gjeldande
kommuneplanar får endå høgare prioritet i 2016.
 Kapittel 4.4.3 Reguleringsplanar
o Halvparten av kommunane har levert reguleringsplandata, men berre 2
av kommunane (8 %) har levert på nivå R2/R3.
Sjølv om dei fleste kommunane har planregister, er vi eit stykke unna målet med
tilgjengeleggjering av plandata. Kommunal og moderniseringsdepartementet har difor
tilgodesett Kartkontoret i Bergen med ei prosjektstilling for å auke kapasiteten på
oppfølging av kommunane. Marius Flagtveit Smistad begynte i jobben 28.09.15.
Kapittel 4.5.1 Temadata i Det offentlege kartgrunnlaget
 Nytt innhald om DOK – kommunane skal årleg ta stilling til kva DOK-datasett
som skal vere det offentlege kartgrunnlaget i kommunen. DOK-lista vil vere
samansett av nasjonale DOK-datasett og kommunen sine eigne DOK-data
 Malen legg opp til at kvart fylke kan framheve datasett som det vil bli knytta
forbetringstiltak til. Dette arbeidet vil vi jobbe med i dei fylkesvise PTU-utvala,
og vil bli presentert ved neste rullering av Geodataplanen.
Kapittel 4.5.2.1 Tur – og friluftsruter
 Fleire kommunar i begge fylka har fått tildelt midlar gjennom
«Turskiltprosjektet». Det er i samband med dette sett vilkår om at dei merka
rutene skal leggast inn på www.rettikartet.no (Nasjonal database for tur og
friluftsruter). Alle kommunar/organisasjonar som har fått tildelt midlar gjennom
«Turskiltprosjektet» skal følgjast opp i løpet av 2016.

Friluftsrutene er presentert på Norgeskart.no og kan lastast ned frå Geonorge
Kapittel 5 Forvaltning, drift og vedlikehald
 Fylkesmennene og fylkeskommunane vert likevel ikkje FDV part, men bidrar
økonomisk gjennom Noreg digitalt-avtalen.
Kapittel 5.1 Vedlikehald
 Ein skal no måle og få oversikt over det faktiske vedlikehaldsarbeidet innan
byggtema i kvar kommune
 Det skal utviklast rettleiarar og bli halde kur i vedlikehald av byggtema på
tilsvarande måte som for vegnett.
Kapittel 5.2 Forvaltningsløysingar
 Det er starta eit prosjekt i Kartverket for å utvikle ein sentral
forvaltningsløsning for FKB data. Sjå
http://www.kartverket.no/Prosjekter/Sentral-forvaltningslosning-forprimardata/
Kapittel 5.3 FKB-leidningar
 Ved overgang til sosi versjon 4.5 vart det lagt på eigenskapar på dataa som
fortel kven det er som er leidningseigarar.
 Det må takast kontakt med leidningseigarar for å avklare behovet for
geometriforbetring på eksisterande data.
Kapittel 6 Kompetanse
 Ulike kurs og fagdagar blir gjennomført slik det har vore gjort tidlegare år. Nytt
for 2016 er at det også vil haldast kurs i Byggtema.
 Kva skjer ved kommunesamanslåing ? Kommunane ønskjer at vi held dei
oppdatert og sender det som finst av informasjon om dette.
Kapittel 7 Handlingsplan
 Sidan FGU-møtet vert halde så tidleg på hausten er ikkje alle tala på plass i
handlingsplanen enno. Handlingsplanen vil etter kvart verte tilgjengeleg som eit
vedlegg til geodataplanen på nettsidene til Kartverket Bergen.
Kapittel 8 Vedlegg
 Vedlegga vil bli presenterte på Internett saman med Geodataplanen.
Pågåande Geovekstprosjekt 2015 (presentasjon ligg på heimesidene våre)
Status for pågåande geovekstprosjekt vert gjennomgått, det vert vist til oversikt
som ligg ute på www.statkart.no/Om-Kartverket/Bergen/Datatabeller/Nykartlegging
Det kom spørsmål om når data frå Sogndal Aurland Lærdal 2014 vert tilgjengelege.
FKB- data levert ut til partane, Ortofoto er sendt til Norge i bilder og til Darek. Dei
høgtliggande laserområda i Sogndal kommune vart skanna først i 2015, så høgdedata
herifrå vil følgje avsluttande leveranse i dette prosjektet. Kommentar ettter møtet:
Det er no to veker sidan ortofoto vart sendt til Norge i Bilder, så dei bør straks verte
tilgjengeleg her.
4 geovekstprosjekt er igangsett i år, 2 av desse i Sogn og Fjordane:


Bremanger, Vågsøy og Selje 2015
Sunnfjord Høyanger 2015
Planlagde Geovekstprosjekt 2016 - 2019
(FGU-representantar som ikkje er Geovekstpartar fekk høve til å fråtre møtet)
Plan for neste 4-årsperiode vart utdelt og gjennomgått i møtet. Kommentarar til
kartleggingsplanen:
Plan for 2016:
Jølster – Mykje vegarbeid for Vegvesenet langs Jølstravatnet, sannsynleg at dette vert
ferdig og høveleg for kartleggingsprosjekt først i 2018/19. Laserskanning i 2016? Evt.
på initiativ frå NVE.
Balestrand – undersøk behovet med kommunen
Vik – kartlegging i 2016 eller 2018? Avklare behov med kommunen. Kva meiner
kommunen om evt. vente med kartlegging til 2018 eller 2019 når tunnel er ferdig?
Plan for 2017:
Gaular –Uvisst om vegarbeid her vert ferdig til kartlegging som er sett opp i 2017.
Lærdal – aktuelt å flytte til 2018 avhengig av framdrift vegarbeid?
Årdal – undersøk med kommunen behov, evt. utsetje eit år?
Eid og Gloppen er aktuelle i 2016 eller 2017, undersøk med kommunane om behov,
men vent helst til 2017 for å avgrense samla kartleggingsomfang i 2016.
Landbruk/NVE ønskjer laser
Det er for mykje kartlegging sett opp i 2017 i Sogn og Fjordane. Det vert bedt om
innspel på justering av kartleggingsplan. Send tilbakemelding til kartverket på dette;
kva kan utsetjast, framskundast eller minskast i omfang. Kartverket vil justere planen
etter overståande kommentarar, innspel til referatet og kommentarar frå aktuelle
kommunar og kome tilbake med forslag til justert kartleggingsplan.
Framdriftsplan
Utvalet godkjenner Geodataplanen medrekna dei aktuelle justeringane som er
gjennomgått på møtet - med atterhald om at representantane kan komme med
innspel dei neste dagane etter møtet.
Kartverket sender snarast mogleg ut 2.utkastet av planen. Målet er at planen skal
vere endeleg vedtatt 15.oktober og publisert på internett innan 1. november (i
samsvar med årshjulet).
Neste FGU-møte
Fellesmøte Sogn og Fjordane og Hordaland vert arrangert som eit lunsj-til-lunsj møte.
DATO:
STAD:
TEMA:
tysdag 12.april – onsdag 13.april 2016.
Det vart nemnd ulike stader utan at noko vart endeleg bestemt.
Vårmøtet i 2015 vart halde i Hordaland (Myrkdalen, nært fylkesgrensa). I
perioden 2012-2014 var alle fellesmøta arrangert i Sogn og Fjordane, og
utvalet synest difor det var heilt i orden at også vårmøtet i 2016 vert
halde i Hordaland, sjølv om det blir 2 år på rad i dette fylket.
I etterkant av møtet har vi reservert Hotel Ullensvang på Lofthus i
Hardanger.
Forslag om å invitere nokon frå Kartverket sentralt for å informere om
sentral forvaltning av FKB-data.
Send oss gjerne fleire forslag til tema for fellessamlinga til våren. Meir informasjon og
program for samlinga vil kome etter kvart.
Møteplanen var ferdig gjennomgått og møtet vart avslutta klokka 14.45.