Referat

Transcription

Referat
Referat frå regionalt samordningsmøte
Tid og stad: 12. november kl. 12.00-14.00, Statens hus og videostudio
Deltakarar: Fylkesmannen, KS, fylkeskommunen, NAV, UDI, IMDi, Husbanken, Bufetat,
politiet og Helse Førde
Fylkesmann Anne Karin Hamre ønskte velkomen. Målet for møtet var å bli betre kjent med
kvarandre. Vi kjem til å møte kvarandre mange gonger og står framfor ei stor og akutt
oppgåve. Hjå Fylkesmannen vert mykje lagt til sides med det mål å kunne hjelpe til med å
samordne aktivitet regionalt, og særleg samordne informasjonen til kommunane.
1. KS – kva er viktigast for kommunane framover
 Kommunane opplever å få ein tung «trøkk». Gjer så godt dei kan, men føler seg litt på sidelinja og
er uroa for å ikkje klare å tilby tenester. Saknar meir dialog i prosessen med kartlegging av
bygningar; kva vil eigne seg osv. Gir opplysningar frå seg men høyrer ikkje meir før dei eventuelt
vert kontakta av operatørar. Ønskjer dialog om kva stader som kan høve best.
 Nokre er uroa for å få fleire mottak
 Fleire kommunar diskuterer om dei bør drive mottak i eigen regi
 KS-konferansen vil dreiast meir mot tema asyl og flyktningar
 Enormt behov for dialog og informasjon, om omfang av busetjing m.m.
2. Orientering frå andre om situasjonen
UDI











Ekstraordinær situasjon, glade for initiativ til eit slikt møte
Stor forståing for informasjonsbehov, situasjonen endrar seg heile tida og gjer
informasjonsarbeidet krevjande
Det er folkemøte i kommunen ved oppretting av mottak. UDI sjølv slit med kapasiteten til å stille.
Operatøren er alltid til stades.
Ser mykje engasjement i mange kommunar og opplever å få mykje gode tilbakemeldingar, det
skjer mykje positivt for tida
Etablert 3 000 akuttmottaksplassar i Rogaland og Hordaland på 14 dagar
Kjem snart anbodskonkurranse for 30 000 plassar (historisk høgt tal)
5 000-6 000 EMA i inneverande år, ei enorm auke.
Trong for ansvarsavklaring: UDI har ansvar for asylmottak, medan IMDI har ansvar for busetjing
av flyktningar i kommunane
Om lag 75 % av dei som søkjer om asyl vil få busetjingsløyve
Stadig fleire kommunar vil få to mottak, og det skal busetjast stadig fleire flyktningar.
Er forplikta til å lyse ut konkurranse jf. lov om off. anskaffelser
o Kan ikkje diskutere med partane før tilbodsfristen går ut
o Kan ikkje gå ut og påverke kvar det vert mottak
o Kan gå i dialog om direktekjøp av EMA- og akuttplassar
o Vil prioritere deltaking på KS-konferanse i Sogndal neste veke
o Fått 15 tilbod om EMA-mottak, 6 av desse i fylket. Må sjekke ut om løyve er i orden og
forhandlast om pris. Skal vere klart for å gå vidare og gjere avtalar om lag 20. november
Hovudkontor
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Telefon: 57 64 30 00
Telefaks: 57 65 33 02
Org.nr 974 763 907
Landbruksavdelinga
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Postboks 14, 6801 Førde
Telefon: 57 64 30 00
Telefaks: 57 82 17 77
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/sfj
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/6

Kva er akuttmottak (spørsmål frå politiet):
o Det liknar mest transittmottak
o Forenkla drift med døgnbemanning i regi av driftsoperatør, hotell eller liknande.
o Vert etablert for å tilby tak over hovudet, seng og mat under korttidsopphald fram til plass
i ordinært mottak.
o Dei som kjem skal vere registrert og røntgenundersøkt. Har fått melding om nokre glippar
i systemet i nord.
o Kan måtte vente lenge på asylintervju. I nord konsentrerer dei seg no om dei som ikkje
har asylbehov.

Spørsmål/innspel til UDI frå fylkeslegen
o Mange definisjonar i bruk (t.d. ankomstmottak, akuttmottak, pre-transitt). Uheldig å
operere med ulike namn, då mange rettar og plikter er bunde opp til dei ulike fasane.
o Kommunar melder om stort tal personar som kjem til ordinære mottak utan å ha blitt
tilstrekkeleg undersøkte. Det er vanskeleg å sjå kven som har økonomisk ansvar for
gjennomføring av helseundersøkingar, og kommunane har så langt dekka dette.
o Journal/informasjon om screening kjem ofte 2-6 veker etter at asylsøkjaren kjem til
ordinært mottak. Risikerer dobbeltarbeid, og kostnader som kommunane burde fakturert
UDI for.

UDI har nær dialog med Helsedirektoratet (Hdir), og rutinar knytt til undersøkingar av dei som
vert sendt ut i mottak er i forståing med Hdir. Det har skjedd nokre glippar knytt til mottaket i
Høyanger (bebuarar var ikkje ferdig undersøkte). Det er veldig viktig at dette fungerer, og at UDI
får rask tilbakemelding når det ikkje gjer det. UDI bør òg få melding når Fylkesmannen
rapporterer til Hdir om ting som ikkje fungerer.
IMDi




Det er viktig med busetjing for å avlaste UDI/mottak.
Nyleg møte i det nasjonale busetjingsutvalet: tal busetjingar neste år er sett til 18 000
o 4 400 av desse er EMA (den største utfordringa) - i år 700
o Sender ut oppmoding til alle kommunar neste veke
o Det sit 70-80 % einslege i mottak, viktig jobb framover å få kommunane til å fatte vedtak
ut frå det IMDi ber om (utan klausular som nasjonalitet og familie). Ikkje mange
kommunar i Sogn og Fjordane som har busett mindreårige.
Det er viktig at offentlege aktørar er med på å formidle denne bodskapen. IMDi prioriterer
familiar når dei vel ut kvoteflyktningar.
Innspel frå KS: Det er eit informasjonsbehov. Viktig å flagge på KS-konferansen at kommunane
må fatte vedtak ut frå IMDi sine behov og unngå klausular.
Bufetat






Det er berre eitt omsorgssenter i fylket (Flora).
Det er stor trong for å etablere bufellesskap og å betre rekrutteringa av fosterheimar.
EMA skal busetjast innan tre månader, og det er svært vanskeleg å oppfylle dette kravet for alle
Ønskjer at kommunar skal intensivere innsatsen for å få oppretta bufellesskap, og at dei som
allereie har slike opprettar fleire når dei er fulle.
Jobbar òg for å finne fosterheim, pågangen har vore stor i det siste. Desse kan potensielt vere i
andre kommunar enn dei som buset. Bufetat vil informere kommunane der dette blir aktuelt, og
håper kommunane vil busetje.
I 2015: busett 12 barn på landsbasis. Berre førre veke kom det 57 EMA i denne gruppa til landet.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
3/6



Innspel frå KS: Det er eit stort informasjonsbehov for å løyse denne utfordringa òg.
Innspel frå Fylkesmannen: Dette er eit arbeid der alle kan bidra men vi treng
informasjonsgrunnlag for å bidra til formidling mot kommunane.
IMDi kjem til FMSF si samling for kommunane 16.-17. desember. Bufetat gjer det dei kan. Møte i
desember for fosterheim, treng òg fleire bufellesskap.
Fylkesmannen








Verjemål: Fylkesmannen skal oppnemne representant og verje, lærer opp desse. Det har kome
relativt mange mottak på kort tid i fylket. Så langt har det gått greitt med rekruttering, mange gode
tilbakemeldingar. Har nok verjer pr. dags dato. Må snu seg raskt dersom det vert fleire EMAmottak.
Bruk av fri rettshjelp kjem til å auke
Rettleiing og tilsynsansvar (m.a. barnevern, introduksjonslova og helse)
Hatt to telefonmøte med kommunane i samband med kartlegging av innkvartering. Der har det
kome spørsmål om andre tema som Fylkesmannen har kanalisert vidare.
Fylkesmennene sitt arbeidsutval har hatt møte med nasjonalt nivå i UDI, Bufetat, DSB og IMDi.
Det blir jobba med å få på plass ei informasjonspakke, og Fylkesmannen bidreg med å samle
spørsmål frå kommunane inn i dette arbeid. Det har òg kome forslag om online rettleiarteneste for
kommunane, og dette innspelet er meldt vidare.
Statusmøte (lync) med UDI, Hdir, IMDi og Udir kvar veke
Kjem til å ha merksemd på busetjing, t.d. opplæringa av nye folkevalde og i plannettverk (korleis
få temaet inn i kommunalt planarbeid)
Tolketenester kan bli ei utfordring framover.
o Fylkeslegen: godkjenning m.o.t. helsekompetanse
o Fylkeskommunen: Innkjøpsavdeling arbeider for tida med rammeavtale for tolketenester
o Helse Førde: ser det som ein slags unntakstilstand, må finne alternative/forenkla
løysingar. Viktig å ivareta pasienten sine interesser, teieplikt osv.
o IMDi: det er ikkje nok tolkar, og det er allereie tilrådt å ta inn ekstra plassar på
tolkeutdanninga, jobbar med å auke opp på sikt
o UDI: fungerer stort sett greitt med ringetolk. Brukar òg tolkeassistentar (ressurssterke
bebuarar på mottaka som kan vere mellommenn på enklare/praktiske ting). Opplever
nokre problem, har meldt dette til IMDi som har ansvar for tolkeportalen.
o Politiet: meir utfordrande å få tak i tolk no
Politiet





Politiet har ei tredelt rolle;
o Registrere asylsøkjarar som kjem direkte (normalt 2-3 personar i året, og så langt ser ikkje
det ut til å auke)
o Forvaltning; effektuere vedtak, behandle opphaldsdokument m.v.
o Politimessige oppgåver (orden, etterforsking). Må leggje til grunn at det vert med
asylsøkjarar som med folk flest; nokre (få) vert ei utfordring
Det er viktig at politiråda fungerer. Dei vil vere ein god arena for kommunane å ta opp tema
undervegs og tenke førebygging
Politiet lagar planverk for ulike scenario.
Innspel frå Fylkesmannen til politiet: Fylkesmannen har vidareformidla scenarioanalyse (laga av
DSB) til kommunane. I metodeskildringa vert det lagt til grunn at kommunane òg bør involvere
politiet. Sender informasjon om dette til politiet.
Innspel frå UDI: Helseføretak og politiet er alltid med når det vert tatt avgjerd om nye mottak.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
4/6
NAV






Den viktigaste oppgåva er å få dei som skal busetjast ut i arbeid. Veldig viktig å ta godt i mot dei
som kjem, få til arbeidsretta introduksjonsprogram, få lære mest mogleg norsk dei to åra dei har
undervisning.
Ønskjer gjerne å få vere med inn i introduksjonsprogramma, og ha eit godt samarbeid med
Fylkeskommunen (som prosjekt i Gloppen - helsefagarbeidarar)
Uroa for at mange vil bli gåande lenge på «tomgang» før dei får fylt livet med innhald
Regionalt partnarskapsmøte, dialog med rådmenn mfl., interessante og krevjande diskusjonar.
Får større handlingsrom frå 2016; kan tilby norskopplæring og opplæringsløp for mange fleire enn
før. Frå 2016 kjem òg ei ungdomssatsing med eit toårig kvalifiseringsløp. Prosjekt som i Gloppen
(helsefagutdanning) hadde ikkje kome i gang utan NAV. Vil prioritere denne type opplegg
framover. Ønskjer langsiktige gode løysingar.
Innspel frå fylkeskommunen til NAV: ser positivt på at det vert «mjukt opp» rundt midlar. Fleire
bransjar skrik etter arbeidskraft, ønskjer at nokon tek ei koordinerande rolle inn i bransjane for å
sjå kva som blir behovet framover. Aldersgruppa 21 – 25 år står utan rettar, må vente til dei blir
25 år før dei kvalifiserer seg til VGS, vil sjå kva som kan vere mogleg å få til.
Fylkeskommunen





Tannhelse: lovpålagte tenester EMA (til 18 år). God kontroll, godt samarbeid med verjemål hjå
Fylkesmannen. Alle som ikkje er innanfor prioriterte grupper har rett til akutt behandling.
Ser at det vil bli eit behov for tannhelsesekretærar grunna stort tal tilsette i aldersgruppa over 60
år. Har tidlegare hatt samarbeid med NAV om arbeidsinnvandring for tannlegar.
Opplæring: rett til opplæring etter over tre månader i mottak. Viktig å få varsel i god tid om dei
det gjeld. Har nokre utfordringar knytt til skyss.
Godt samarbeid mellom kommunar og vidaregåande skular. Det gjeld t.d. i Høyanger, der
norskopplæringa held til på den vidaregåande skulen. Det er positivt å legge slik opplæring til eit
miljø med meir vaksne personar.
Viktig med god/rett vurdering av grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring for den
enkelte, språklege ferdigheiter avgjerande. Fylkeskommunen kan eventuelt vere med og finansiere
grunnskuleopplæring. Får ikkje tilstrekkeleg og tidleg informasjon/oversikt. Kanskje er ikkje
skillet mellom grunnskule og vidaregåande opplæring er klart nok for mottaka.
Innspel frå UDI til fylkeskommunen: UDI vil gjerne ha konkret informasjon om kva
kommunar og mottak det gjeld, slik at dei kan ta tak i dette.
Husbanken



Ulike tiltak i samband med busetjing av flyktningar. Husbanken har årlege oppfølgingsmøte med
kommunar med kommunar som deltek i bustadsosialt velferdsprogram, i år deltek òg IMDi i alle,
og Fylkesmannen ved høve.
Ser på korleis dei kan støtte/hjelpe kommunane
o Gjennomgang av eksisterande bustadmasse, nye bustader, startlån, tilskot til etablering
m.m., for å auke gjennomstrøyming i eksisterande bustadmasse.
o Må sjå meir på korleis ta i bruk private bustader, vil prioritere busetjing ved t.d. tilskot til
utleigebustader
Snakke meir med kommunane om bufellesskap for EMA
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
5/6

Vurdere fordeling av tilskot til utleigebustader mot oppmodingar om busetjing som IMDi sender
ut til kommunane

Innspel frå UDI til Husbanken: svært mange ledige bygg som dukkar opp i prosessane. UDI
oppmodar utleigarar om å kontakte kommunane direkte. Dersom UDI får systematisert listene, og
ser alternativ som kan eigne seg til busetjing, kan det verte ei kjelde til moglege bustader.
Fylkesmannen oppmoda UDI om å formidle oversikt til kommunane og la vidare arbeid vere opp
til dei.
Helse Førde








Ser at det kan bli utfordringar med kapasitet, utan å ville hause opp situasjonen.
Viktig å få god info, t.d. kor mange skal ha røntgenundersøking
Har røntgenutstyr fire stader i fylket, vil bruke alle desse. Undersøke denne gruppa pasientar på
slutten av dagen i puljar. Oppteken av smittefare på mottak der folk bur tett.
Skal lage retningslinjer saman med kommunehelsetenesta, ønskjer å ha med fylkeslegen
Ønskjer elektronisk registrering frå første kontakt med helsevesen
Rapportering kvar dag til Hdir, men saknar informasjon tilbake (har fått det frå UDI)
Handtering i beredskapslinja (føretaksleiing + beredskapssjef), har fagutval som gir råd
Samordnar og hentar kompetanse/erfaring frå dei andre føretaka
Migrasjonshelseseminar i Flekke (UWC) 26. og 27. januar 2016
3. Regional samhandling framover







Fylkesmannen har etablert eiga side på fylkesmannen.no/sfj
o Kan vidareformidle informasjon relevant for fylket
o Lenker til relevante sider hjå ansvarlege etatar der det ligg oppdatert informasjon
UDI får kanskje låne ein ressurs frå Fylkesmannen i Hordaland som skal ha merksemd på
informasjon
Jamlege møter framover mellom Fylkesmannen og kommunane
o Informasjon frå andre etatar kan formidlast her
o UDI kan delta på denne type møte
o IMDi, Bufetat og Husbanken vil kunne vere aktuell etter kvart
Regionale samlingar, KS-konferanse, eigne samlingar osv.
Snakke kvarandre si sak
KS minna om sin kanal ut til kommunane òg
Videomøte sparar mykje reisetid, det fungerer greitt sjølv om det ikkje er ideelt. Dei som ser at
det kan vere trong for møte må kontakte Fylkesmannen, som kan rigge møteplass
Anne Eide/referent
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
6/6
Deltakarar i møtet:
Fylkesmannen:
Anne Karin Hamre, Haavard Stensvand (fylkesberedskapssjef), Jacob Andersen (fung.
fylkeslege), John Ole Vange (utdanningsdirektør), Henriette Klingenberg (verjemål), Heidi
Sandvik (miljøavd./plangruppe), Eline Orheim (beredskap), Anne Eide (beredskap), MagneBjarte Hatlem (stab)
KS:
Jenny Følling, leiar KS (fylkesordførar)
Fylkeskommunen:
Clara Øberg (konst. direktør tannhelsetenesta), Tor-Einar Holvik Skinlo (ass. Fylkesdirektør
opplæring)
NAV:
Sara Johnsborg (leiar tenesteutvikling)
UDI:
Atle Berge (regiondirektør)
IMDi:
Bente Blytt (regiondirektør)
Bufetat:
Marianne Kildedal (avd.leiar) og Øistein Søvik (regiondirektør)
Husbanken
Siri Erdal (avd.dir øknomiske verkemiddel) og Ane Mengshoel (bustadsosialt arbeid)
Politi
Ronny Iden (Politimeister)
Sissel Furesund (Utlendingsforvaltning)
Helse Førde
Terje Olav Øen (beredskapssjef)